EPISODE · Jun 1, 2026 · 1H 20M
Men størst av alt er usikkerheita
Korleis leve livet i ein verden som går av hengslene, og kva kan Afghanistan-veteranar lære oss om usikkerheit? Det spør eg Andreas Espetvedt Nordstrand om. Han er psykologspesialist, førsteamanuensis, kommandørkaptein (og long time klatre- og diskusjonspartner) - og dagens tema er usikkerheit, og å forstå framtida.Beredskap beredskap beredskap.Ordet har gått som eit refreng dei siste åra.Det starta med pandemiberedskap i 2020.Den var så som så.Så forsatte det med militær beredskap i 2022 – då Russland invaderte Ukraina.Den var heller ikkje god. Så har det kome på rekke og rad:Cyberberedskap, klimaberedskap, beredskapslager.For ikkje å snakke om energiberedskap – i det Iran strupa verdas forsyning av olje og laga furore på stortinget. Og det i år – 2026, som til alt overmål er totalberedskapsåret.Og det er ikkje for å feire at beredskapen vår er så god – for å seie det slik. Berre for ti år sidan hadde vi rista på hovudet – no må ein slappe litt av her.Kva er det eigentlig som har skjedd? Vel, det har skjedd ganske mykje dei siste 10 åra.Vi skal på ingen måte oppsummere alt – det held med nokon stikkord.Koronapandemien viste kor sårbare og lite budde samfunna våre er på lammande naturkatastrofar.Putin sin angrepskrig i Ukraina var eit vendepunkt for Europa.Og vi må i dag leve med eit aggresivt og potensielt ustabilt Russland.Trump sitt kleptokrati kan vere starten på slutten for pax americana og det trans-atlantisek samarbeidet. Og i bakgrunnen endrar klimaet seg, som eit stigande tidevatn.Ei stille bølge som vil endre livsvilkåra for milliardar av menneske. Dette er mykje – men ein ting er sikkert.Om vi stod her i 2016 og diskuterte korleis verda kom til å vere om 10 år, så trur eg ingen hadde klart å føreseie korleis dette vart.Og då er vi ved dagens tema.For om eg skal ta eit steg til sida, til min jobb som lærarSom skal forklare til 16-åringar korleis verda heng saman.Så må eg berre seie det som det er: vi veit ikkje korleis verda kjem til å bliMen ein ting kan eg seie: de er nøydde til å leve med mykje usikkerheit. Men korleis gjer ein det?Korleis kan vi norskar, som har levd i eit stabilt hjørne av verda omtrent sidan andre verdskrigFå robustheit, evne og instilling til å tåle ei usikker framtid? Til det har eg fått ein interessant gjest.Andreas Espetvedt NordstrandHan er utdanna psykologspesialistOg førsteamanuensis ved NTNUHan er også kommandørkaptein i forsvaretDer han er sjef for seksjon for militær mental helse.Men før han vart alt dette, så var eg og han på klatreturar i den norske fjellheimenSå vi er gamle kjente.Likevel, eg har ikkje invitert Andreas på kjentfolk-kvota, for han har etter kvart blitt heilt sentral i den norske debatten om mental beredskap og robusthet.Det vart til slutt rart å IKKJE spør om han ville vere med på podden.Andreas har jobba i mange år med mental robusthet og beredskapFørst med norske afghanistan-veteranarOg no med utdanning av personell i det Ukrainske militæret.Og eit sentralt spørsmål i hans arbeid er korleis ein handterar usikkerheit.Ord for dagen er om tenking - med bakgrunn i boka "Dumhet, idioti og dumme idioter" av Lars Fr.H. Svendsen. Målsetjing: ikkje vere dum, idiot eller dum idiot - og ellers gjere sitt beste,Dette er siste podden for våren - eg er tilbake i haust. God sommar!Foto: forsvaret Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
What this episode covers

NOW PLAYING
Men størst av alt er usikkerheita
No transcript for this episode yet
Similar Episodes
No similar episodes found.
Similar Podcasts
No similar podcasts found.