PODCAST · arts
Galadriels Speil
by Martin Ulltang og Aleksander Lorentzen
En podcast om ting som har vært, og ting som er, og ting som kanhende vil komme.Bli med oss på en reise gjennom Tolkien sitt Legendarium kapittel for kapittel.
-
65
064 - På dørhellen
Bilbo står no endeleg overfor den oppgåva han vart sett ut til. Det er tid for å bryte seg inn hos sjølvaste dragen!
-
64
063 - En varm velkomst
Tønnene har stranda og Bilbo og gjengen dukker plutseleg opp i Langsjøby! Martin har snekra saman ein ny jingel og det blir debut på ny spalte!
-
63
062 - Tønner på ville veier
Dvergane legg på ut på eit aldri så lite ubehagelig og vått eventyr med deira nye anførar Bilbo i spissen!
-
62
061 - Fluer og edderkopper del 2
Del 2 av den mørke skogen. Er dette då Bilbo virkelig trer inn i heltane sine fotspor?
-
61
060 - Fluer og edderkopper del 1
Eventyret går inn i sin mørkaste og mest klaustrofobiske del. Håpar dei finn vegen ut av Myrkskog ein gong!
-
60
059 - Et merkelig hus del 2
Del 2 av Beorns uventa selskap. Reisa går vidare mot Myrkskog og Gandalv forlater no sine kumpaner. Korleis skal det gå no?
-
59
058 - Tolkien Reading day 2026
25. mars er Tolkien Reading day! Finn fram dine favorittdelar av Legendariumet og les av hjertens lyst, og høyr på oss som leser med årets tema i bakhovudet. Unlikely heroes er årets tema.
-
58
057 - Et merkelig hus del 1
Nytt kapittel, ny karakter. Denne gongen møter me sjølvaste Beorn og Gandalv legger ein mesterplan for nok eit uventa selskap.
-
57
056 - Fra asken til ilden
Frå det eine fæle til det andre. Korleis skal det gå med vår kjære hobbit?!
-
56
055 - Gåter i mørket del 2
Siste del av Gåter i mørket. Bilbo finner ut litt av kva den nye ringen hans kan gjere og Gollum mimrer tilbake til den beste fødselsdagen han nokon gong hadde.
-
55
054 - Gåter i mørket del 1
Me går i gang med det sagnomsuste kapittelet der me treffer på sjølvaste Gollum. Og Martin testar ut klang samtidig som han leser (beklager det). Men det blir uansett episk og intenst!
-
54
053 - Over fjell og under fjell
Aiaiai! No går det dårlig for Bilbo og dvergane! Eventyret tar ei mørk vending når turen går over dei enorme Tåkefjellene, men likevel, kanskje skjer noko som ingen skulle trudd var mulig. Eit kapittel om flukt, funn og famling i mørket.
-
53
052 - En kort rast
Eventyret fortsetter og gode gamle Elrond dukker opp! Og det blir lyttarspørsmål i dag og!
-
52
051 - Stekt fårekjøtt
Me er endelig på veg vidare til kapittel to! Her blir det eit vakkert møte med tre artige karakterar og Bilbo og dvergane får prøvd seg på eit skikkelig eventyr. Heng på!
-
51
050 - Et uventet selskap del 3
Siste del av første kapittel. Me får mange svar på kvifor dvergane er samla og kva dei har tenkt seg, og ikkje minst Biblo si rolle i dette eventyret. Kampen mellom Tók og Lommelun får virkelig kjørt seg!
-
50
049 - Et uventet selskap del 2
Trengselen begynner! Kva i alle dagar gjer alle disse dvergane i stova til den fredelige Bilbo Lommelun? Og har dei tenkt å bli heilt til middag?
-
49
048 - Et uventet selskap del 1
Nytt år, ny bok, endå meir Galadriels Speil! Her er fyrste av tre episodar om Hobbiten og det fyrste kapittelet der me blir kjent med Bilbo, Gandalf, Thorin og co.
-
48
047 - Q&A frå livepodden
God jul! Her er det meste av spørsmålsrunden me hadde etter livepodinspelinga i november. Det er berre eit mobilopptak så litt an kvalitet enn vanlig, men kjekt å høyre likevel:)
-
47
046 - Om maktens ringer og tredje tideverv
Me avsluttar historia om tredje tideverv og då og Silmarillion! For ei reise det har vore! Og takk til alle som lyttar!
-
46
045 - Om maktens ringer og tredje tideverv del 1
Siste kapittel i Silmarillion står for tur. Men me må dele dette i to og sidan det skjer mykje i løpet av dei 3500 åra som utspeglar seg her. Heng på!
-
45
044 - Livepod på Folk
I samarabeid med Arthedain Norsk Tolkienforening så hadde me ei liveinnspeling torsdag 20.11. Det vart ei slags avslutning på vår gjennomgang av Silmarillion og det var svært god stemning!Det vart dessverre ein del krøll med opptaket og delar som forsvant, men me har fått henta inn og prøvd å sette sammen og miksa så godt det lar seg gjere for å få heile seansen ut.
-
44
043 - Akallabêth del 3
Siste del av Númenors fall. Ar-Pharazôn går for langt og får kjenne på Ilúvatars vrede.
-
43
042 - Akallabêth del 2
Del 2/3 av vår gjennomgang av Númenors fall. Det snører seg til når Sauron blir «tatt til fange» av Ar-Pharazôn.
-
42
041 - Akallabêth del 1
Første tideverv er omsider forbi og me kastar oss over historia om Númenor og andre tideverv!
-
41
040 - Om Eärendils sjøreise og Vredens krig
Den store avslutningen på historien om Silmarillane og første tideverv!
-
40
039 - Beleiringen av Gondolin
Bli med oss på ei reise til Gondolin og få litt meir innsikt i kva som faktisk skjer i slaget om denne fagrasta av alle byar i første tideverv!
-
39
038 - Om Tuor og Gondolins fall
Det siste av dei store alverikene står for tur. Me følger Tuor som ein slags motpart til Túrin, og hans profetiske rolle i det som kan sjå ut som Morgoths store seier over Midgards folk. Eller?!
-
38
037 - Spesialepisode om ondskap
Me prøver oss på ein liten og laus samtale der me går litt inn på ondskapen i Tolkiens Legendarium og me snakkar litt om ulike måtar ondskapen viser seg på.
-
37
036 - Om Doriaths undergang
Me er vitne til enden på visa om Húrin og hans familie, før det blir full krøll i forholdet mellom alvar og dvergar. I tillegg er det siste dans for Beren og Lúthien og Midgards folk begynner virkelig å bli hardt pressa av Morgoths jerngrep!
-
36
035 - Túrin Turambar del 3
Siste del av den store tragedien om Túrin og Nienor!
-
35
034 - Túrin Turambar del 2
Del 2 av historia om Túrin, eller Mormegil, eller Agarwaen, eller Turambar. Mange navn å velge mellom ettersom Túrin elskar å gi seg sjølv depressive tilnavn. Går det an å rømme frå sin eigen skjebne?
-
34
033 - Túrin Turambar
Me begynner på den tragiske historia om Húrins barn og Túrins kamp mot skjebnen. Det blir episk!
-
33
032 - Om det femte slag: Nirnaeth Arnoediad
Maedhros prøver å samle dei frie folk til eit siste forsøk på å ta Morgoth ein gong for alle, men det viser seg å vera vanskeleg. Eit storslått, men trist kapittel i historia om første tideverv. Det blir litt pustestøy i denne episoden då me måtte ty til ein an mikrofon enn vanleg i dag. Håpar det ikkje blir for irriterande.
-
32
031 - Om Beren og Lúthien del 3
Me er komt fram til avslutninga på denne episke historia! Følg oss når me sniker oss etter dei to heltane heilt inn til den aller verste staden i Arda, og me blir vitne til ein av dei største vågestykka i heile historia!
-
31
030 - Om Beren og Lúthien del 2
Me fortsetter med del 2 av den fantastiske historia om Beren og Lúthien! Ein liten ode til Finrod får me og pressa inn og sjølvsagt ein ny runde episk duell i Midgardsmesterskapet!
-
30
029 - Om Beren og Lúthien del 1
Første del av den store kjærleikshistoria om Beren og Lúthien! Ei fantastisk historie og ein av dei virkelig store hendingane i Legendariumet!
-
29
028 - Ode til Fingolfin
Ein hyllest til Fingolfin, konge over Noldoane. Eit liv, ein legende - frå Amans lys til Angbands mørke portar.
-
28
027 - Om Beleriands undergang og Fingolfins fall
Morgoth overraskar alle med eit plutseleg og brutalt angrep og me får lese ein av dei mest episke duellane i heile Legendariumet! I alle fall frå Martin og Aleks sine synspunkt. Heng på!
-
27
026 - Om menneskenes komme til landene mot vest
Finrod er på jaktferie og finner menneska. Me blir kjent med dei tre slektene som får mykje å sei for framtida til Midgard. I tillegg viser Aleksander seg fram med ei kruttsterk stemme på den utrulig lite viktige karakteren Bereg.
-
26
025 - Om Maeglin
Aredhel, søster til Turgon reiser frå det fagre Gondolin for å besøke Fëanorsønene, men går seg vill og havner inn i Nan Elmoths mørke skogar. Her møter ho Eöl, mørkalven. Ein mildt sagt begredelig type!
-
25
024 - Om noldoene i Beleriand
Spenningane mellom noldofolket og sindafolket når nye høgder når sanninga rundt reisa frå Valinor kjem fram i lyset.Me har fått lyttarspørsmål rundt folketal i Beleriand og prøver å lyse litt opp rundt det og.Nettsida der ein kan lesa heile reknestykket:http://www.stephenwigmore.com/2012/03/population-of-middle-earth-in-first-age.html?m=1
-
24
023 - Om Beleriand og dets riker
Finn fram kart og kompass for her blir det geografitime! Martin og Aleksander prøver å lose oss trygt gjennom dette berykta kapittelet som tar for seg alle dei viktige plassane i Midgard, og prøver å gi eit overblikk over alt som skjer. Det blir bra!
-
23
022 - Om noldoenes tilbakekomst Del 2
Andre del av kapittelet. Noldoane lagar seg mektige riker rundt Beleriand, Fingolfin sine sønner drøymer om sterke festningar og Morgoth sender ut den fyrste av sine Urulóki. Det blir mildt sagt megaspanande!
-
22
021 - Om noldoenes tilbakekomst
Fëanor stormer på inn i Midgard og frykter ingen! Fingolfin kjem med resten av noldoane og dei store krigane mot Morgoth begynner. Som Aleksander pleier å sei; Nå begynner det virkelig her!!
-
21
020 - Om menneskene
Idet sola står opp så våkner òg Ilúvatars yngre barn i Midgard. Me går gjennom dette korte kapittelet og funderer litt rundt eit lyttarspørsmål om kva som er forskjellar på alvar og menneske sin natur. Og det store Midgardsmesterskapet dundrer på vidare!
-
20
019 - Bonus - Månemannen
Me hadde litt meir på hjarte frå forrige episode så her kjem det litt til om mannen i månen og Aleks får trent på diktlesing!
-
19
018 - Om sol og måne og hvorledes Valinor ble skjult
Valaane prøver å gi ei hjelpande hand til dei frie folk i Midgard og skapar sola og månen for å ødelegge for Morgoth og klargjere Midgard for menneska som skal koma.
-
18
017 - Om Sindaene
Me flytter blikket frå Valinor og over til Midgard og ser kva som har skjedd der i det siste. Thingol og Melian styrer skuta, men Morgoth setter igang med sine onde planar om å legge Midgard i totalt mørke.
-
17
016 - Om noldoenes flukt Del 2
Me går gjennom siste halvdel av kapittelet når noldoane setter avgårde mot Midgard. Fëanor blir på sitt verste og alt går åt skogen! Men me misser ikkje motet av den grunn!
-
16
015 - Om noldoenes flukt
Del 1 av 2 på dette kapittelet. Fëanor oppildner noldofolket til å reise til Midgard og hevne seg på Morgoth, og saman med sønene sine sverger han ein forferdelig ed som blir starten på ei rekke ulykkelege hendingar. Men me holder motet oppe!
No matches for "" in this podcast's transcripts.
No topics indexed yet for this podcast.
Loading reviews...
Loading similar podcasts...