Historia om Bømoen podcast artwork

PODCAST · history

Historia om Bømoen

Bømoen-saka har herja vossebygda i over tolv år. Det starta då Voss kommune takka nei til å kjøpa området frå Forsvaret og det private selskapet Bømoen AS seinare same haust fekk tilslaget. Sidan har framtida kring flyplass, luftsport, idrett og frilufsliv i det gamle millitærområdet stadig vore i det blå. Historien inneheld alt frå storslagne planar om tusen bustadar og næring, skjebnesvangre Facebook-likes og omstridde avtalar - til frustrerte grunneigarar, engasjerte innbyggjarar og splitta politikarar. Bømoen-saka har slett ikkje mangla dramatikk, nervar, vendingar, konflikt og steile frontar. I denne podkasten skal me fortelja soga, og du får høyra stemmer som ikkje har stått fram med historien sin tidlegare.

  1. 12

    Episode 12 - «Tillit til det motsette er bevist»

    Ordføraren frå Sp og varaordføraren frå Ap jobbar tett saman i den vanskelegaste saka på Voss dei siste åra. Tonje Såkvitne og Benedicte Kragh kjem i studio og snakkar om dei krevjande møta, oreigning og moglege nye forhandlingar med grunneigaren på Bømoen.See omnystudio.com/listener for privacy information.

  2. 11

    Episode 11 - Den omstridde frontfiguren

    Andreas Håland Hemli har som dagleg leiar i Voss fallskjermklubb stått ufiltrert i kampen for tilværet på Bømoen. Han og styret i klubben hevdar Bømoen AS boikottar han, og fortel om eit sjokkerande advokatmøte.See omnystudio.com/listener for privacy information.

  3. 10

    Episode 10 - Anna rettar kraftig kritikk mot partiet

    Anna Lussand Selheim melde seg ut av Senterpartiet etter maratonhandsaminga av den minnelege Bømo-avtalen i desember. No går ho hardt ut mot partileiinga og tidlegare stortingsrepresentant Nils T. Bjørke si rolle bak kulissane. Bjørke og ordførar Tonje Ljones Såkvitne kjem også i studio for å svara kritikken i denne episoden.See omnystudio.com/listener for privacy information.

  4. 9

    Episode 9 - Maratonmøte og vegen vidare

    Etter intense forhandlingar vart ein minneleg avtale mellom Voss herad og Bømoen AS lagt fram for politikarane rett før jol. Eit sju timar langt heradsstyremøte enda likevel med utsetjing av saka. Ordførar Tonje L. Såkvitne snakkar her om dramatikken i desember og vegen vidare. SV-politikar Margrethe Arm fortel kvifor dei raudgrøne "kameratane" er kritiske til avtalen og prosessen.See omnystudio.com/listener for privacy information.

  5. 8

    Episode 8 - Skjebnetid for fallskjermklubben

    Den største konflikten på Bømoen har utan tvil vore mellom grunneigar Bømoen AS og Noregs største idrettslag av sitt slag, nemleg Voss fallskjermklubb. Dagleg leiar Andreas Hemli Håland og styreleiar Per Magne Kristiansen fortel om den særs spente situasjonen dei står i om dagen. Har klubben ei framtid på Voss?See omnystudio.com/listener for privacy information.

  6. 7

    Episode 7 - Frå moglegheitsstudie til 1000 bustadar

    Ein moglegheitsstudie frå 2011, som vart laga som eit samarbeid mellom Voss kommune og Forsvarsbygg, viste korleis Bømoen kunne utnyttast i framtida. Studien låg også til grunn for det kontroversielle og mykje omtalte planforslaget med 1000 bueiningar i Bømoen. Fleire har teke til ordet for at den 14 år gamle studien bør bli tillagt meir vekt i saka.See omnystudio.com/listener for privacy information.

  7. 6

    Episode 6 - Ekstremsportveko og kampen for framtida

    Ekstremsportveko har halde pusten medan utsiktene for vidare drivstoffleveranse på Bømoen har vore i det blå. Denne veka vedtok politikarane endeleg ei mellombels løysing, som redda luftsport under årets festival. Dagleg leiar Tord Bakke Arvesen og hans forgjengar Kjetil Kriken tek turen i podkaststudio for å snakka om Ekstremsportveko si fortid, notid og framtid.See omnystudio.com/listener for privacy information.

  8. 5

    Episode 5 - Den krevjande saka

    Langdryg, krevjande, konfliktfylt. Tre ord som på mange måtar kan oppsummera Bømosaka. I denne episoden fortel ei rekkje politikarar om korleis det har vore å forhalda seg til Bømoen som folkevald både før og no, refleksjonar kring deira eigne forhold til området og vegen vidare i saka.See omnystudio.com/listener for privacy information.

  9. 4

    Episode 4 - Slaget i heradsstyresalen

    I juni 2024 kjem områdereguleringsplanen for Bømoen endeleg opp til politisk handsaming. Det vart dramatisk, særleg i formannskapet der handsaminga av Bømplanen inneheldt «alt». Her fortel sentrale, politiske aktørar om det som skjedde bak kulissane då området vart regulert.See omnystudio.com/listener for privacy information.

  10. 3

    Episode 3 - Engasjement, aksjon og mobilisering

    Det store folkeengasjementet har verkelg prega Bømosaka, og særleg dei siste åra har vossingane mobilisert for det naturskjøne området. Det heile kulminerte i ein større aksjon utanfor Tinghusplassen då politikarane skulle behandla områdereguleringsplanen for Bømoen i juni 2024. Jan Fredrik Fleischer Tønjum og Benedicte Watvedt Skaug i Voss naturvernlag opnar her opp om deira engasjement i saka.See omnystudio.com/listener for privacy information.

  11. 2

    Episode 2 - Kvifor kjøpte ikkje kommunen Bømoen?

    Voss kommune fekk forkjøpsrett då Bømoen skulle seljast i 2012. Den valde politikarane å ikkje nytta seg av, og Voss var heller aldri med i bodruden då området vart seld seinare same år. Det har mange angra på sidan. Fleire av dei som var med i vossapolitikken den gongen opnar her opp om då Bømoen glapp for kommunen.See omnystudio.com/listener for privacy information.

  12. 1

    Episode 1 - Dette er Bømosaka

    Bømoen-saka har prega Voss i lang tid. Heilt sidan Voss kommune takka nei til å kjøpa området frå Forsvaret i 2012, og Bømoen AS seinare same haust fekk tilslaget, har framtida kring flyplass, beredskap. luftsport, idrett og friluftsliv i det gamle millitærområdet stadig verka å vera i det blå. I denne introduksjonsepisoden går Hordaland-journalistane Geir Geitle, Ørjan Brattetveit og Sverre Jervell gjennom historia til Bømoen i korte trekk.See omnystudio.com/listener for privacy information.

Type above to search every episode's transcript for a word or phrase. Matches are scoped to this podcast.

Searching…

We're indexing this podcast's transcripts for the first time — this can take a minute or two. We'll show results as soon as they're ready.

No matches for "" in this podcast's transcripts.

Showing of matches

No topics indexed yet for this podcast.

Loading reviews...

ABOUT THIS SHOW

Bømoen-saka har herja vossebygda i over tolv år. Det starta då Voss kommune takka nei til å kjøpa området frå Forsvaret og det private selskapet Bømoen AS seinare same haust fekk tilslaget. Sidan har framtida kring flyplass, luftsport, idrett og frilufsliv i det gamle millitærområdet stadig vore i det blå. Historien inneheld alt frå storslagne planar om tusen bustadar og næring, skjebnesvangre Facebook-likes og omstridde avtalar - til frustrerte grunneigarar, engasjerte innbyggjarar og splitta politikarar. Bømoen-saka har slett ikkje mangla dramatikk, nervar, vendingar, konflikt og steile frontar. I denne podkasten skal me fortelja soga, og du får høyra stemmer som ikkje har stått fram med historien sin tidlegare.

HOSTED BY

Avisa Hordaland

Produced by Avisa-Hordaland

CATEGORIES

Frequently Asked Questions

How many episodes does Historia om Bømoen have?

Historia om Bømoen currently has 12 episodes available on PodParley. New episodes are automatically indexed when they're published to the podcast feed.

What is Historia om Bømoen about?

Bømoen-saka har herja vossebygda i over tolv år. Det starta då Voss kommune takka nei til å kjøpa området frå Forsvaret og det private selskapet Bømoen AS seinare same haust fekk tilslaget. Sidan har framtida kring flyplass, luftsport, idrett og frilufsliv i det gamle millitærområdet stadig vore i...

How often does Historia om Bømoen release new episodes?

Historia om Bømoen has 12 episodes. Check the episode list to see recent publication dates and frequency.

Where can I listen to Historia om Bømoen?

You can listen to Historia om Bømoen on PodParley by clicking any episode. We provide an embedded audio player for direct listening, and you can also subscribe via your preferred podcast app using the RSS feed.

Who hosts Historia om Bømoen?

Historia om Bømoen is created and hosted by Avisa Hordaland.
URL copied to clipboard!