Ingeniørane som bygde Vestlandet - 150 år med utdanning og utvikling podcast artwork

PODCAST · education

Ingeniørane som bygde Vestlandet - 150 år med utdanning og utvikling

I 2025 markerer Høgskulen på Vestlandet ein stolt milepæl: 150 år med ingeniørutdanning. Sidan oppstarten i 1875 har utdanninga utvikla seg frå ein lita teknisk skule med fokus på praktiske ferdigheiter til å bli ein sentral kunnskapsaktør i regionen – og ein viktig nasjonal bidragsytar innan teknologi, innovasjon og berekraft. Gjennom generasjonar har ingeniørar frå HVL vore med på å forme Vestlandet. Dei har konstruert bruer, vegar og energisystem, utvikla industri, sikra samfunnstryggleik, styrkt digitaliseringa og drive fram nye løysingar i møte med store samfunnsutfordringar. I dag står utdanninga midt i ein epoke prega av grøn omstilling, teknologisk utvikling i rekordfart og eit akutt behov for innovasjon.

  1. 5

    Inn i framtida (2017 –2025 )

    Korleis skal Vestlandet og Norge lukkast i overgangen frå olje og gass til fornybar energi? I denne episoden ser vi framover mot 2050 og diskuterer kva behov næringsliv og samfunn står ovanfor i ei tid prega av klimautfordringar, teknologisk utvikling og kunstig intelligens. Gjestar:  Jens Kristian Fosse (dekan HVL) og Mathias Fischer (Initiativ Vest). 

  2. 4

    Kvinner i ingeniørfag

    Korleis var det å vere kvinne i eit yrke der menn sette premissa, og korleis er situasjonen i dag? I denne episoden tar vi deg med frå Sonja Giil, den første kvinnelege studenten i 1910, til notidas arbeid for likestilling i akademia og arbeidsliv.  Gjestar: Kristin Fanebust Hetland, Lise Bjørkhaug Gundersen og Michelle Sæther.

  3. 3

    Brytningstid (1980 – 2017)

    Det er omstilling i næringslivet og omstilling i høgskulen. Vi går inn i ein formande periode. Samspelet mellom ingeniørutdanninga og næringslivet utviklar seg, samtidig som politiske føringar verkar inn.  Gjestar: Ole-Gunnar Søgnen og Trond Mohn.

  4. 2

    Utdanningseksplosjonen (1945 – 1980)

    Etter krigen veks Norge raskt, og behovet for arbeidskraft og teknisk kompetanse skyt fart. Årskulla blir større, fleire tar vidaregåande utdanning, og vi får ein utdanningseksplosjon på 1960-talet. Presset på høgare utdanning aukar i hele landet – også i Bergen.I denne perioden blir statusen endra frå teknikar til ingeniør. Det skjer gjennom politiske prosessar og reformar som gradvis løfter fagutdanninga, særleg gjennom arbeidet til Ottosenkomiteen, som legg grunnlag for ein ny struktur i høgare utdanning. Resultatet blir etablering av distriktshøgskular og fleire nye høgskular over heile landet.Så, i 1969, skjer noko som endrar Norge for alltid: Oljefunnet i Nordsjøen. Plutseleg har landet fått ein ressurs som skaper enorm økonomisk vekst og nye moglegheiter. Behovet for ingeniørar blir akutt. Ein ny teknologisk og samfunnsmessig rikdom veks fram, og ingeniørane får ei nøkkelrolle i utviklinga av olje- og gassindustrien, frå dei første plattformene til utbygginga av heile Nordsjøen.Gjester: Håvard Brede Aven og Steinar Jacobsen (tidlegare student ved BTS).

  5. 1

    Teknikarane som bygde framtida (1875–1945)

    På slutten av 1800-tallet er Bergen i sterk endring. Industrien veks fram, fabrikkpiper reiser seg, og nye behov oppstår i ein by som plutseleg har vassverk, gassverk, verkstader og produksjon i rask utvikling. For å bygge denne nye byen trengs fagfolk som kan meir enn handverk – dei må kunne måle, teikne, konstruere og forstå maskiner, bygg og infrastruktur i eit moderne samfunn.Det er i dette landskapet Bergen Tekniske Skole blir etablert. Skulen markerer eit skifte: handverk blir løfta mot vitskap og systematisk teknisk utdanning. I dei første tiåra opplever både byen og skulen vekst og optimisme.I 1911 vedtar Stortinget å etablere en ingeniørutdanning i Trondheim (seinare NTNU). Dei tekniske skulane blir nedskalert frå treårige til toårige utdanningar, noko som skapar utfordringar for Bergen. Mellomkrigstida kjem med økonomiske nedgangstider, men skulen held stand.Under andre verdskrig er forholda tronge, men søkargrunnlaget er framleis godt. Både lærarar og studentar deltar i motstandskampen, og skulen heldt fram med å være ein viktig kunnskapsinstitusjon for byen.Gjester: Morten Hammerborg og Håvard Brede Aven.

Type above to search every episode's transcript for a word or phrase. Matches are scoped to this podcast.

Searching…

We're indexing this podcast's transcripts for the first time — this can take a minute or two. We'll show results as soon as they're ready.

No matches for "" in this podcast's transcripts.

Showing of matches

No topics indexed yet for this podcast.

Loading reviews...

ABOUT THIS SHOW

I 2025 markerer Høgskulen på Vestlandet ein stolt milepæl: 150 år med ingeniørutdanning. Sidan oppstarten i 1875 har utdanninga utvikla seg frå ein lita teknisk skule med fokus på praktiske ferdigheiter til å bli ein sentral kunnskapsaktør i regionen – og ein viktig nasjonal bidragsytar innan teknologi, innovasjon og berekraft. Gjennom generasjonar har ingeniørar frå HVL vore med på å forme Vestlandet. Dei har konstruert bruer, vegar og energisystem, utvikla industri, sikra samfunnstryggleik, styrkt digitaliseringa og drive fram nye løysingar i møte med store samfunnsutfordringar. I dag står utdanninga midt i ein epoke prega av grøn omstilling, teknologisk utvikling i rekordfart og eit akutt behov for innovasjon.

HOSTED BY

Høgskulen på Vestlandet

Produced by ØYVIND FOSSE

CATEGORIES

Frequently Asked Questions

How many episodes does Ingeniørane som bygde Vestlandet - 150 år med utdanning og utvikling have?

Ingeniørane som bygde Vestlandet - 150 år med utdanning og utvikling currently has 5 episodes available on PodParley. New episodes are automatically indexed when they're published to the podcast feed.

What is Ingeniørane som bygde Vestlandet - 150 år med utdanning og utvikling about?

I 2025 markerer Høgskulen på Vestlandet ein stolt milepæl: 150 år med ingeniørutdanning. Sidan oppstarten i 1875 har utdanninga utvikla seg frå ein lita teknisk skule med fokus på praktiske ferdigheiter til å bli ein sentral kunnskapsaktør i regionen – og ein viktig nasjonal bidragsytar innan...

How often does Ingeniørane som bygde Vestlandet - 150 år med utdanning og utvikling release new episodes?

Ingeniørane som bygde Vestlandet - 150 år med utdanning og utvikling has 5 episodes. Check the episode list to see recent publication dates and frequency.

Where can I listen to Ingeniørane som bygde Vestlandet - 150 år med utdanning og utvikling?

You can listen to Ingeniørane som bygde Vestlandet - 150 år med utdanning og utvikling on PodParley by clicking any episode. We provide an embedded audio player for direct listening, and you can also subscribe via your preferred podcast app using the RSS feed.

Who hosts Ingeniørane som bygde Vestlandet - 150 år med utdanning og utvikling?

Ingeniørane som bygde Vestlandet - 150 år med utdanning og utvikling is created and hosted by Høgskulen på Vestlandet.
URL copied to clipboard!