PODCAST · business
Leiaren - ein pod om livet på toppen
by Fardal Lunde
Etter å ha brukt nesten heile arbeidslivet i leiarskapet ønskjer Erlend Fardal Lunde framleis læra og utvika seg. Erlend brenn for utvikling av menneske og vil møta andre som er leiarar, har vore leiarar, vil bli leiarar eller rett og slett ønskjer skapa og utvikla noko. Leiaren skal vera ein podkast der me fokuserer på mennesket og ikkje fag! Livet på toppen kan vera tøft og einsamt om du let det vera det, gjennom denne podden er målet å finna ut om ein kan gi full gass, vera på toppen og framleis ha eit godt liv med balanse.
-
3
Eirik Bakke - Draumen om England
I denne episoden av Leiaren er me tilbake i studio med ein av dei mest markante fotballpersonane frå Sogn og Fjordane: Eirik Bakke.Me spolar heilt tilbake til oppveksten i Sogndal – til fotballen på løkka, familien, miljøet og verdiane som forma både spelaren og mennesket Eirik Bakke. Gjennom ein open og ærleg samtale tek Eirik oss med vidare frå debut i Sogndal, via Premier League med Leeds og Aston Villa, opplevingar i Bergen og Brann – og vidare inn i rolla som trenar, leiar og familiefar.Dette er ei episode om meir enn fotballresultat: om identitet, kultur, prestasjonskrav, motgang, leiarskap og kva det faktisk kostar å stå i toppfotball over tid – både for deg sjølv og dei rundt deg.Ein lang, grundig og reflektert prat med ein leiar som har kjent både toppar og botnar – og som deler erfaringar med eit sjeldant perspektiv.🎧 God lytting.
-
2
Marius Bøe - frå Kreklingen til Eliteserien
I denne episoden av LEIAREN møter eg Marius Bøe – kort tid etter at han ga seg som hovudtrenar for Hødd etter å ha berga plassen i OBOS. Me snakkar om verdiar frå oppveksten, vegen inn i trenargjerninga via Kaupanger og Sogndal, å stå i stormen i Ålesund og Lillestrøm, opprykket med Hødd – og korleis ein prøver å vere både leiar og til stades som pappa medan ein pendlar mellom dei heime i Sogndal og draumen om å vera toppfotballtrenar.
-
1
Johanne Viken Sandnes - Me lev alle for første gong
Sunnfjordingen Johanne Viken Snadnes tek turen til Sogn for å delta i podkasten. Johanne er kommunikasjonsdirektør i Sparebank1 Sogn og Fjordane og reflekterer godt rundt eigen karriere. Me får innsikt i konkrete situasjonar, tankar om leiarskap og ikkje minst livet generelt med ein krevjande jobb.
-
0
Kjetil Hovland - Når du risikera noko, då lev du
I den andre episoden av Leiaren møter me Kjetil Hovland. Etikettgründaren frå Gaupne fortel om reisa mot ein kjempesuksess, tilfeldigheiter på vegen og korleis han skal utvikla seg sjølv og selskapet vidare.
-
-1
Andrea Fardal Opseth - Det handlar om folka
Den aller første episoden, "piloten", er med ein gjest og leiar som Erlend Fardal Lunde kjenner godt. Første gjest ut er Andrea Fardal Opseth, leiar av Sogn U40 og relativt ny dagleg leiar i familieverksemda Opseth Invest. Me får eit godt innblikk i Andrea si historie, hennar liv og karriere, og ikkje minst mantraet om at det handlar om folka!
We're indexing this podcast's transcripts for the first time — this can take a minute or two. We'll show results as soon as they're ready.
No matches for "" in this podcast's transcripts.
No topics indexed yet for this podcast.
Loading reviews...
ABOUT THIS SHOW
Etter å ha brukt nesten heile arbeidslivet i leiarskapet ønskjer Erlend Fardal Lunde framleis læra og utvika seg. Erlend brenn for utvikling av menneske og vil møta andre som er leiarar, har vore leiarar, vil bli leiarar eller rett og slett ønskjer skapa og utvikla noko. Leiaren skal vera ein podkast der me fokuserer på mennesket og ikkje fag! Livet på toppen kan vera tøft og einsamt om du let det vera det, gjennom denne podden er målet å finna ut om ein kan gi full gass, vera på toppen og framleis ha eit godt liv med balanse.
HOSTED BY
Fardal Lunde
CATEGORIES
Loading similar podcasts...