PODCAST · music
PALLPLASS - ein metalpodkast
by Bjarte, Ola og Øyvind
Ola, Bjarte og Øyvind tek for seg topp 3 - sjølve pallplassen - av albuma til band dei likar innan heavy.
-
7
008 - METALLICA
Ein kjem ikkje utanom gigantane i Metallica når ein har metalpodkast. Få band har vore meir definerande og hatt kommersiell suksess av den storleiken som Metallica har hatt! Men har dei gode album, eigentleg? Og kva album strevar seg opp på pallplassane? Er LuLu ein undervurdert juvel? Er Load det beste Metallica-albumet? Kven spelte bass på St. Anger? Har Lars Ulrich vore på hytteferie i Vågå?Dette og meir til får du fylt øyregangane dine med i episode 8 av Pallplass, når det er Hetfield og Ulrich med kompani som er samtaletema. Nyt!
-
6
007 - TONS TIL FJELLS
Øyvind er på spa- og hårsekkbehandling i Øystese og i hans fråvêr har vi lånt ut mikrofonen til sjølvaste Marius Haugaløkken, drivar av Gjendesheim og festivalvert for den nye, kolossale metalfestivalen Tons til fjells - ein avart av Tons of rock-festivalen.Korleis blei festivalen til frå idè til realisering? Kva har stått i spelaren til Marius i det siste? Kva har festivalverten til felles med Jesus? Kva er dei beste låtane til Ghost?Dette og meir til får du i denne spesialepisoda med Pallplass der Tons til fjells er hovudtema!
-
5
006 - MOTÖRHEAD
Kva plater kjem på pallplassen når Motörhead, med legendariske Lemmy i spissen er tema i episode 6 med Pallplass? For å finne ut av dette må Ola, Øyvind og Bjarte ha med seg førstemanuensis i Motörhead - Kåre Plassen. Nyt!
-
4
005 - Black Sabbath
I episode 5 av Pallplass er det forfedrane av heavy- og doom metal som skal på pallen. Kva era av Sabbath er best? Er Ian Gillan den beste Sabbath-vokalisten? Kva har Black Sabbath med italiensk skrekkfilm å gjera? Kva album snik seg på topp 3 hjå Ola, Øyvind og Bjarte? Dette og meir får du svaret på i episode 5 med Pallplass!
-
3
004 - JUDAS PRIEST
Judas Priest. Sjølve opphavet og definisjonen på Heavy Metal. Ein sjangerinstitusjon utan like. Eller er dei? Er Live Vengeance ´82 oppskrytt? Er Dave Holland ein undervurdert trommis? Er musikken eller omslaget best på Point of Entry? Kva er topp 3 plater av britane? Dette og mykje meir får du med deg i episode 4 av Pallplass!
-
2
003 - IRON MAIDEN
Kva er topp 3 plater av Iron Maiden? Er Blaze Bayley eigentleg ein god vokalist? Er bassintroane til Steve Harris eigentleg bra vals? Korleis gjekk det med symjekarriera til Øyvind? Dette og mykje meir får du svaret på i episode 3 av Pallplass!
-
1
002 - MEGADETH
Kolossale Megadeth med sin 17 platers store diskografi, blir dissekert av trioen RossMoe. Klarar dei å finne kva plater som får pallplass?
-
0
001 - DEATH
Legendariske Death med sin uslåelege diskografi er tema i episode 1 av PALLPLASS.
We're indexing this podcast's transcripts for the first time — this can take a minute or two. We'll show results as soon as they're ready.
No matches for "" in this podcast's transcripts.
No topics indexed yet for this podcast.
Loading reviews...
ABOUT THIS SHOW
Ola, Bjarte og Øyvind tek for seg topp 3 - sjølve pallplassen - av albuma til band dei likar innan heavy.
HOSTED BY
Bjarte, Ola og Øyvind
CATEGORIES
Loading similar podcasts...