PODCAST · society
Samtalar på Kobbasteinen
by Foreningen Kobbasteinen Kulturgard
Trygge demokrati er under press, og det er vanskeleg å vera aktuell, når alt me har tatt for gitt endrar seg raskt. Foreningen Kobbasteinen Kulturgard inviterer til demokratisalongar gjennom heile året, og legg dermed til rette for eit offentleg ordskifte, diskusjonar og samtalar om både det hyperaktuelle og det heilt ukjende.Her møtest folk for å bryta meiningar, og for å søka inkluderande løysingar, på både små og verkeleg store utfordringar. Me prøver å bidra med innsikt og analysar, i ei tid der stadig fleire antidemokratiske krefter vinn terreng.Redaktør: Petter Gilsvik
-
5
Korleis leggja til rette for eigen alderdom?
Korleis kan me leggja til rette for eigen alderdom i ei tid der styresmaktene slit med å skaffa nok helsepersonell, og ansvaret i stadig større grad blir lagt på den enkelte?Bustaden er for dei fleste av oss ei ramme for tryggleik og kvardagsliv, men bør ein bu den same plassen heile livet? Når livet endrar seg, kan det òg oppstå nye "bustadproblem". Kan alternative buformer – som bufellesskap for seniorar, klyngetun og små landsbyar – vera løysinga i både bygd og by?Mangel på helsepersonell, store avstandar og behovet for gode mellomløysingar mellom eigen bustad og institusjon kan by på store utfordringar. Samtidig kan eldre òg vera ein viktig ressurs, med erfaringar, kompetanse og vilje til å bidra i eitt fellesskap saman med andre.Panelsamtalen blir leia av John Nessa, med Inger Lise Syversen, Kirsti Lærdal, Camilla Haug Flem og Evy-Ann Øye som deltakarar.Redaktør: Petter GilsvikTeknisk produksjon: Morten Hetland/Hetland Media
-
4
Stemte me med hovudet eller magen?
Kva prega den norske valkampen, og stemte me med hovudet eller magen? Tom Hetland leiar samtalen mellom valforskar Svein Erik Tuastad (statsvitar og førsteamanuensis ved Universitetet i Stavanger) og historikar Eirik Løkke (rådgjevar i den liberale tankesmia Civita). Tuastad og Løkke oppsummerer stortingsvalet 2025, og snakkar om fragmentering, polarisering og sosiale medier si rolle i demokratiet. Du høyra om alt frå TikTok-triks og SMS-valkamp, til Erna Solberg sitt «mageplask» og korleis amerikansk politikk og kultur påverkar den norske samfunnsdebatten.Redaktør: Petter GilsvikTeknisk produksjon: Morten Hetland/Hetland Media
-
3
Yama Wolasmal: Det jeg så – Flukten, familien og livet som krigsreporter
Yama Wolasmal i samtale med Sven Egil Omdal.Sidan han må rapportera om bomberegnet i Midtausten, er Yama Wolasmal med på link frå Tel Aviv.Sven Egil Omdal leiar samtalen, som fann stad under midtsommaraftan-arrangementet på Kobbasteinen i Ryfylke.Redaktør: Petter GilsvikTeknisk produksjon: Trond Inge Andersen/Tia Lydteknikk og Morten Hetland/Hetland Media
-
2
Me lanserer podkast!
Gjennom heile året arrangerer Foreningen Kobbasteinen Kulturgard demokratisalongar, der inviterte gjester møtest for å bryta meiningar og leita etter løysingar på både små og verkeleg store utfordringar; både det hyperaktuelle og det heilt ukjende.
No matches for "" in this podcast's transcripts.
No topics indexed yet for this podcast.
Loading reviews...
ABOUT THIS SHOW
Trygge demokrati er under press, og det er vanskeleg å vera aktuell, når alt me har tatt for gitt endrar seg raskt. Foreningen Kobbasteinen Kulturgard inviterer til demokratisalongar gjennom heile året, og legg dermed til rette for eit offentleg ordskifte, diskusjonar og samtalar om både det hyperaktuelle og det heilt ukjende.Her møtest folk for å bryta meiningar, og for å søka inkluderande løysingar, på både små og verkeleg store utfordringar. Me prøver å bidra med innsikt og analysar, i ei tid der stadig fleire antidemokratiske krefter vinn terreng.Redaktør: Petter Gilsvik
HOSTED BY
Foreningen Kobbasteinen Kulturgard
Loading similar podcasts...