86 - Den engelske trusselen på norske universitet

EPISODE · Oct 4, 2021 · 10 MIN

86 - Den engelske trusselen på norske universitet

from Lær norsk nå! · host Marius Stangeland

Epost: [email protected] Teksten til episoden: https://laernorsknaa.com/86-den-engelske-trusselen-pa-norske-universitet YouTube: ⁠⁠⁠https://www.youtube.com/channel/UCxdRJ5lW2QlUNRfff-ZoE-A/videos⁠⁠ Støtt podkasten: Patreon: ⁠⁠https://www.patreon.com/laernorsknaa⁠⁠ Donasjon (Paypal): ⁠⁠Doner (paypal.com)⁠ Eg hugsar det godt. Det var i eit historiefag om krossfararar. All pensumet var på engelsk, alle faguttrykka på engelsk. Då eksamenen kom hadde eg valet om å skriva den på norsk eller på engelsk. Alle faguttrykka var på engelsk. Det var berre lettare å gjera det på engelsk. Så i eit fag undervist av norske professorar på ein eksamen som skulle rettast av nordmenn, der skreiv eg på engelsk og ikkje på norsk. Engelsk er eit trugsmål for norsk på norske universitet. Det er eit problem at engelsk tek meir og meir over på kostnad av norsk på universiteta. Min eigen erfaring på eit norsk universitet visar også dette. Mesteparten av bøkene og artiklane eg les er på engelsk. Mykje av undervisinga skjer på engelsk. Eg har skrive mange eksamenar på engelsk. Er dette eit problem? Engelsk blir meir og meir vanleg på norske universitet. Det er viktig å kunne engelsk for å studera i Noreg. Faktisk er det viktig å kunne engelsk sjølv om ein studerer fag som blir underviste på norsk. Mange er redde for at dette kan svekka posisjonen til norsk på lang sikt. For eksempel kan det gjera det vanskelegare å utvikla eit fagspråk på norsk om norsk ikkje blir brukt på universiteta. Universiteta har eit viktig ansvar når det kjem til å utvikla eit norsk fagspråk i ulike spesialitetar. Om me mistar det så kjem også norsk til å bli eit fattigare språk. Difor er det heilt essensielt at me tek vare på norsk som eit universitetsspråk. Men kva er problemet då? Kvifor ikkje berre gjer det? Det er komplisert. Grunnen til det er at universiteta stadig blir meir og meir globale. Universiteta i Noreg ynskjer å tiltrekka forskarar og studentar frå heile verda. Globaliseringa av universiteta vil naturlegvis også gjera at det globale språket engelsk får ein viktigare posisjon i norske universitet. I tillegg skjer veldig mykje av forskinga på ulike fagfelt rundt omkring i verda på engelsk. Dette er ein veldig stor styrke ettersom det då blir lettare å samarbeida på tvers av landegrenser. Det blir då lettare for ein frå Noreg å samarbeida med nokon frå Argentina, sjølv om ingen snakkar den andre sitt språk. Likevel er det også eit problem at det kan svekka posisjonen til norsk i forsking og i universiteta.

NOW PLAYING

86 - Den engelske trusselen på norske universitet

0:00 10:41

No transcript for this episode yet

We transcribe on demand. Request one and we'll notify you when it's ready — usually under 10 minutes.

Drosjemysteriet Stenersen Østlendingen Torsdag 13. juli 1972 fikk drosjeeier Gudmund Stenersen i Rendalen bestilling på en langtur til Vestlandet. Han la igjen en lapp hjemme til familien som fortalte at han skulle kjøre noen turister som hadde ødelagt bilen sin til Møre. Han kunne ventes tilbake lørdag eller søndag. Så forsvant han. Stenersen-saken har vært et av norgeshistoriens mest omtalte kriminalsaker. I løpet av de snart 50 åra som er gått har politiet brukt tusenvis av timer på ulike vitneobservasjoner, feilspor og teorier mens det har versert fantasifulle historier på hva som egentlig skjedde med drosjesjåføren Gudmund Stenersen. Nå mener sønnen til Gudmund, Sæmund Stenersen og tidligere journalist Øyvind Bæk å ha funnet svaret. See acast.com/privacy for privacy and opt-out information. Forholdspodden med Anne Marte & Kroken Kroken Produksjoner Anne Marte og Kroken startet som kollegaer og hadde morgenshow på radio sammen. Nå er de kjærester, foreldre samt bonusmor, og diskuterer ulikhetene et forhold møter på; kjærlighet, sex (eller mangel på), aldersforskjell, interesser, irritasjoner og samlivet generelt Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information. TV 2 Sykkelpodden TV 2 og Moderne Media Sykkelpodden er TV2 sin sykkel podcast ledet av tidligere proffsyklist og nå TV2 kommentator Mads Kaggestad. Vi følger aktuelle sykkelsaker og går i dybden i norsk og internasjonal sykkelsport. For annonsering: [email protected] For booking: [email protected] Toppfotball Moderne Media Med Martin Roppestad, Lasse Vangstein, Jørgen Tjærnås og Ole Martin Nesselquist. Norsk fotball er full av underholdning, hele veien fra grasrota til landslaget. La oss ta deg med inn i breddefotballens vakre rike og samtidig gi deg fyldig preview på neste runde i Eliteserien. I blant inviterer vi interessante gjester som betyr, eller har betydd mye for norsk fotball. Hver uke gir vi deg en grundig oppdatering på hva som rører seg i norsk ball.For annonsering: [email protected] booking: [email protected]
URL copied to clipboard!