mohnitor – UiS podkast

PODCAST · education

mohnitor – UiS podkast

Nyheitsflaumen blir produsert og konsumert i eit tempo som ikkje gjev tid og rom for utdjuping og refleksjon. Saman med kompetente gjester byr mohnitor på djupare drøfting av dagsaktuelle tema rundt kunnskap, politikk og økonomi – i grensesnittet mellom universitet og samfunn.

  1. 20

    Den fabelaktige narsissisten, med Gunhild Bjaalid og Espen Skorstad

    Kva skjer når prestasjonskultur og sjølvforherligelse går viralt? Bli med på ein frisk prat om narsissisme, frå speglande selfies til sjølvhevdande sjefar. Med psykolog og forfattar Espen Skorstad, og organisasjonsforskar Gunhild Bjaalid. Ein podkast om ego, ambisjon – og trongen til å bli sett.   Du finner transkripsjon av episoden her (pdf, åpnes i nytt vindu).

  2. 19

    Landet som ble for rikt, med Martin Bech Holte

    Med Landet som ble for rikt traff Martin Bech Holte ein nerve i norsk sjølvforståing. Boka blir elska, hata – og diskutert overalt. Møt forfattaren til ein samtale om overflod, sløsing og den norske modellen – om ripene i det norske glansbiletet, og om kvifor det gjer så vondt når sanninga slår sprekker.   Du finner transkripsjon av episoden her (pdf, åpnes i nytt vindu).

  3. 18

    Museum som maktfaktor, med Med Ingrid Fiskaa, Fedir Androshchuk og Kristin Armstrong Oma

    Med krig, konflikt og polarisering kjem sjølv kulturarven vår under åtak. Historia blir eit spenningsfelt, for kultur, identitet og tilhøyrsle. Gjer klar for ein høgaktuell samtale om museum som maktfaktor. Me snakkar om åtak på kulturarven, kampen om sanninga – og kva som står på spel når historia blir eit våpen.   Du finner transkripsjon av episoden her (pdf, åpnes i nytt vindu).

  4. 17

    KI i skule og utdanning. Med Kari Nessa Nordtun og Paolo H. Scarbocci

    Skjermar i småskulen? KI på eksamen? Er det framtida – eller galskap? I denne episoden møter du kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun og høgskulelektor Paolo H. Scarbocci til ein ærleg og skarp samtale om ny teknologi i skulen. Vi snakkar kunstig intelligens, skjermbruk, læring, leik – og kva det eigentleg betyr å vere “digitalt kompetent” i 2025. Episoden er tatt opp live fra KnowHow EdTech Transkripsjon av episoden (pdf, åpnes i nytt vindu)

  5. 16

    Krig, krise og håp. Med Jan Egeland og Ingrid Tjoflåt

    Kva får ein sjukepleiar til å dra på oppdrag i krigsherja Kabul nærmast på ståande fot? Og korleis bevarer ein håpet som naudhjelpsdiplomat når ein ser verda falle saman – gong etter gong? I denne episoden av Mohnitor møter du Jan Egeland og Ingrid Tjoflåt – to som faktisk går inn der dei fleste andre vil ut. Det handlar om krig, krise og håp – og om å gjere ein forskjell når alt står på spel. Du finner transkripsjon av episoden her (pdf, åpnes i nytt vindu).

  6. 15

    Forsking i næringslivet – kven må skjerpe seg? Med Rebekka Borsch, Rune D Fitjar og Sigrun G Aasland

    Alle snakkar om forsking, men kven vil betale? Noreg slit med laber innsats frå næringslivet, og planane har ikkje funka. Kva er det som sviktar – og kven må skjerpe seg? Høyr podkast frå Arendalsuka med NHO-direktøren, UiS-forskaren og forskingsministeren!   Du finner transkripsjon av episoden her (pdf, åpnes i nytt vindu).

  7. 14

    Kor godt skal dyra våre ha det? Med Bothild Åslaugsdotter Nordsletten og Aksel Braanen Sterri

    Kva kan dyrevelferd fortelje oss om individ og samfunn? Kva skjer når etiske ideal møter praktiske realitetar i landbruk, politikk og forbruk? Bli med på ei utforsking av dilemma, interesser og omsyn i dyrehald og matproduksjon, med Bothild Åslaugsdotter Nordsletten og Aksel Braanen Sterri.   Du finner transkripsjon av episoden her (pdf, åpnes i nytt vindu).

  8. 13

    Laksen og livet – med Finn E. Krogh og Anders Lamberg

    Beskrivelse av episoden: Kva er det med villaksen, korleis lever han, og kva skal me med han? Høyr lakseepisoden i podkasten mohnitor, med Finn E. Krogh og Anders Lamberg, to store kapasitetar innan lakseforvaltning og naturovervåking. Den eine kjenner laksen gjennom fiskestanga – den andre gjennom data, feltarbeid og forsking.   Du finner transkripsjon av episoden her (pdf, åpnes i nytt vindu).

  9. 12

    Folkeopplysing i hyperoffentlegheita – med Hilde Sandvik og Jan Inge Reilstad

    Beskrivelse av episoden: Hva skjer med folkeopplysinga når alt blir offentleg – heile tida? Kva hjelp kan det være i langsame samtaler og fysiske festivalar når me skal navigere i det moderne medielandskapet. Bli med på ei ein tankevekkande samtale med Hilde Sandvik og Jan Inge Reilstad – om sanning, synlegheit og ytring i vår tids digitale støy.   Transkripsjon av episoden

  10. 11

    Olje, overflod – og Trump; med Kalle Moene

    Med krig og uro fløymer Noreg over av oljeinntekter. Me set pengane på bok, og delar lite med andre enn oss sjølv. Burde me gitt bort Oljefondet? Har rikdommen gjort oss sjølvtilfredse, late og gjerrige? Eller står me klare til å tilpasse oss når Trump demonterer verda? Samtalen tek me med økonomiprofessor Kalle Moene. Transkripsjon av episoden

  11. 10

    Fuglane og oss – med Karoline H. Holmboe og Endre H. Kvangraven

    Fuglane svirrar rundt oss alle, over alt og alltid. Kva betyr dei for oss? Fred, fridom, omsorg eller undergang? Kva kan dei lære oss – om naturen, om kulturen – og om oss sjølv? I samtalen ser me på fugl og fugleliv gjennom ulike linser. Bli med på ei reise i verda av fuglar og fugleinteresserte, frå symbolikken i litteraturen til jakta på det perfekte fuglefotografiet – og mykje meir. Transkripsjon av episoden

  12. 9

    Kva er det med generasjon Z? med Liv Sand og Kayla Vågen

    Generasjon Z er er pressa av produktivitet, perfeksjonisme, kroppspress og konstant digital deltaking. Med førsteamanuensis og psykolog Liv Sand og student Kayla Vågen tek me samtalen om korleis generasjon Z tilpassar seg, kva som står på spel, og kva for potensial ungdommen vår ber på. Transkripsjon av episoden

  13. 8

    Er folkehelsa i forfall? med Eva Leibinger og Stein Ørn

    Ungdom blir stadig mindre aktive – og konsekvensane er alvorlege, ikkje berre på kort sikt, men for helse og velferd i vaksenlivet. Lege, professor og sykkeltrenar Stein Ørn og forskar og tidlegare turnar Eva Leibinger snakkar om verdien av fysisk aktivitet blant barn og unge, og om korleis grunnlaget for god helse kan bli utvikla – eller underminert. Transkripsjon av episoden

  14. 7

    Alkohol trumfar helsa – med Torgeir Gilje Lid

    Alkohol grip inn i mange sider av livet vårt, og er nærmast ein del av kvardagen. Mange føretrekk å drikke framfor å la være. Men kva gjer eigentleg alkoholen med oss? I denne episoden fordjupar me oss i dei skjulte helseverknadane av alkohol, og drøfter deretter kvifor det er så vanskeleg å endre drikkevanane våre? Samtalen tek med lege og rusforskar Torgeir Gilje Lid. Transkripsjon av episoden

  15. 6

    Kielland-ulykka, oppgjerets time – med Mímir Kristjánsson og Marie Smith-Solbakken

    45 år etter Kielland-ulykka, der 123 menneske mista livet på Ekofisk-feltet, står mange spørsmål utan svar. Kva var årsaka bak katastrofen, og kvifor har det vore så vanskeleg å få klarheit? I denne episoden dykkar me ned i den nyaste rapporten som avslører forsvunne dokument, og diskuterer kva dette kan bety for etterlatne og pårørande. Bli med Marie Smith-Solbakken og Mímir Kristjánsson på eit djupdykk i ei av Noregs største og mest omstridde tragiske hendingar. Transkripsjon av episoden 

  16. 5

    Space oddity – med Ole Dokka og Daniel Cau Varming

    Jeff Bezos og Elon Musk er nær sagt besatt av rakettar og romferder. Men og i vår del av verda er romfart på frammarsj. Er det filosofi og ideologi, teknologioptimisme og eventyrlyst, nyfikne og kunnskapshunger – eller er det utsikter til verdiskaping og sysselsetting? Samtalen tek me med Ole Dokka, adm dir i Spaceport Norway og Daniel Cau Varming, student og grunnleggar av UiS Aerospace. Transkripsjon av episoden.

  17. 4

    Krig og krise: Kor farleg er det? Med Bent Høie og Sissel H. Jore

    Livet har blitt meir farleg dei siste åra. Det er krig i Europa, Trump demonterer demokratiet i USA og ny teknologi aukar risikoen for digital og hybrid sabotasje. Kor redde skal me være, og korleis kan me preppe? Gjester i samtalen er statsforvaltar Bent Høie, og professor i samfunnsikkerheit Sissel Haugdal Jore.   Du finner autotranskripsjon av episoden her.

  18. 3

    Kunnskap og samfunn – med Sigrun G. Aasland og Marte C. W. Solheim

    Kunnskap er ei viktig kjelde til verdiskaping, vekst og velferd, men kjem ikkje av seg sjølv. Korleis kan politikken sikre kunnskap som står i stil med behova i samfunnet rundt oss? Gjestene er minister for høgare utdanning og forsking, Sigrun Gjerløw Aasland, og professor og prorektor for innovasjon og samfunn, Marte C.W. Solheim (UiS).   Du finner autotranskripsjon av episoden her.  

  19. 2

    Det politiske klimaet – med Arild Hermstad og Svein Tuastad

    Klimapolitikken har tapt terreng dei siste åra, både internasjonalt og i Noreg. Vil ei rein AP-regjering gjere nokon forskjell, eller er motvinden tyngre enn som så? Klaus Mohn samtaler med MDG-leiar Arild Hermstad og statsvitar Svein Tuastad ved UiS. Du finner transkripsjon av episoden her.  

  20. 1

    Kvifor vil ikkje fleire bli lærar? Med Kari N. Nordtun, Elaine Munthe og Hege E. Røen

    Alle kan einast om at lærarane gjer ein viktig og verdifull jobb. Kvifor står då ikkje ungdommen i kø for å bli lærar? Klaus Mohn samtaler med kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun, professor Elaine Munthe og skolesjef i Sandnes Hege Egaas Røen om kva som ligg bak fråfallet av søkjarar til lærarutdanninga, og kva som skal til for å betre rekrutteringa til yrket.  Transkripsjon av episode .

Type above to search every episode's transcript for a word or phrase. Matches are scoped to this podcast.

Searching…

We're indexing this podcast's transcripts for the first time — this can take a minute or two. We'll show results as soon as they're ready.

No matches for "" in this podcast's transcripts.

Showing of matches

No topics indexed yet for this podcast.

Loading reviews...

ABOUT THIS SHOW

Nyheitsflaumen blir produsert og konsumert i eit tempo som ikkje gjev tid og rom for utdjuping og refleksjon. Saman med kompetente gjester byr mohnitor på djupare drøfting av dagsaktuelle tema rundt kunnskap, politikk og økonomi – i grensesnittet mellom universitet og samfunn.

HOSTED BY

Universitetet i Stavanger

CATEGORIES

URL copied to clipboard!