PODCAST · news
Sogn Avis-podden
by Sogn Avis
Sogn Avis sin nyhende-podkast med aktuelle saker og gjestar.
-
16
Jarle snakkar Tons, Metallica og Vreid. Pluss ein heil del anna
Hardrockaren tek oss mellom anna med til den spede starten i ein fjøs på Kvåle under namnet Ulcus Molle, eit namn som forresten vart skifta ut relativt raskt. Du kan googla det på eige ansvar, men unngå biletsøk.Programleiar: Svein Erik HovlandSee omnystudio.com/listener for privacy information.
-
15
Sogn på ein søndag - Det offentlege vil ikkje betala for kreftmedisinen til Ragnfrid, men bygda har trådd til
Ragnfrid Ylvisåker veit at hadde det ikkje vore for at vener og andre slo ring om ho då det offentlege behandlingsapparatet stengde lommeboka, så hadde ho ikkje vore her i dag.Inngangsbilletten til ein ny månad med sine kjære kostar over femti tusen kroner. Ein pris Ragnfrid ikkje kunne ha betalt utan kjærleiken frå bygda.Programleiar: Eli Grotle See omnystudio.com/listener for privacy information.
-
14
Fotballpresidenten gler seg til å følgja Sogndal si satsing på damene
På kvinnesida har fotballen har hatt ei enorm utvikling dei siste åra. For to år sidan gjekk Kaupanger og Sogndal saman og skipa Sogndal FK Damer. Kva skal til for at satsinga skal lukkast, og er Sogndal allereie seint på banen?President i Noregs fotballforbund, Lise Klaveness diskuterer Sogndal si nysatsing Sogndal FK damer med Vårin Ness, klubbutviklar for Sogn og fjordane fotballkrets og aktiv spelar på Sogndal. Programleiar: Kristin Forland See omnystudio.com/listener for privacy information.
-
13
Nedleggingsbølgje blant klesbutikkane i Sogn
På kort tid har mange av klesbutikkane i Sogn lagt ned. Sis ut er More Woman i Sogndal, som måtte stenga etter at Møre konfeksjon gjekk konkurs i januar.For snart 19 år sidan starta Aud Henjum Årdal mote - og butikken held framleis stand. Aud Henjum og leiar av More Woman i Sogndal, Gunn Kandal, møtest for å snakka om klesbutikkanes utfordringar i Sogn. See omnystudio.com/listener for privacy information.
-
12
Arbeidet med å finna vikarar tok gnisten frå Anne Merethe
I dei fleste sognekommunane går diskusjonen om rekruttering og bemanning i barnehage og skule. 42 år gamle Anne Merethe Feigum gir seg snart som rektor ved Skjolden oppvekstsenter. Gnisten for yrket er litt borte, mest på grunn av konstant mangel på vikarar. Kva må til for å snu utviklinga? Anne Merethe møter Ingrid Steine Bortne, som er tilsett i Sogn kommunalt oppgåvefellesskap for å jobbe med tema som dette. See omnystudio.com/listener for privacy information.
-
11
Elevane reagerer på rektors russegruppe-nei på Sogndal vgs
Når Martine Lerum Hjellhaug og Sunniva Rebni Bjørk blir russ i 2026 blir det utan russegrupper, om rektor Jorunn Felde på Sogndal vidaregåande skule får det som ho vil. VG1-elevane kjenner seg verken høyrt eller sett av skuleleiinga og trur det er betre måtar å løysa utanforskap på. I tillegg kjem russepresidentane for både raud- og svartrussen i Sogndal, Martin Wergeland og Trym Sva Ramberg, og deler deira oppleving med å ha russegrupper. Programleiar: Kristin Forland See omnystudio.com/listener for privacy information.
-
10
Kan saftbygda vera saftbygd og likevel byggja ned dei siste frukthagane?
Ein etter ein har fruktgardane i Sogndalsfjøra forsvunne. No er berre to att. Sogndal kommune jobbar med planar som kan inkludera nedbygging av begge to.Lokalpolitikar Ole Marius Folkestad har ikkje bestemt seg for kva han meiner er det rette å gjera, og slepp oss inn i kva som vegar for og imot. Kyrre Groven er seniorforskar på Vestlandsforsking og forskar blant anna på berekraftig tettstadutvikling. Då han kom til Sogndal på midten av 80-talet hadde dei nyleg tatt ned epletrea i Hovehagen der kulturhuset no står. Han trekkjer dei lange linjene og ser på kva me mistar om eplehagane forsvinn. Programleiar: Kristin Forland See omnystudio.com/listener for privacy information.
-
9
Den nye ministeren trur ikkje nokon kunne forutsjå plagiatbråket som har råka regjeringa
Avis, avis på nettet der, kven er kjedelegast i regjeringa her? Trønderlustringen Oddmund Løkensgard Hoel vart kalla verdas kjedeligaste mann i Nettavisen då han fekk jobben som minister for forsking og høgare utdanning. Hoel fortel at det no er blitt konkurranse innad regjeringa om kven som er den kjedeligaste av dei. Den nye ministeren fortel òg at ja, det betyr faktisk noko kvar ein minister bur og kjem frå. Til info Her er utgreiingsinstruksen frå regjeringa: Det er etablert minimumskrav til utredning i form av seks spørsmål som skal besvares i alle utredninger:Kva er problemet, og kva vil me oppnå?Kva for tiltak er relevante?Kva for prinsipielle spørsmål reiser tiltaka?Kva er dei positive og negative virkningane av tiltaka, kor varige er dei, og kven blir råka?Kva for tiltak vert tilrådd, og kvifor?Kva er føresetnadane for ei vellukka gjennomføring?Programleiar: Kristin Forland See omnystudio.com/listener for privacy information.
-
8
Lærdalsbrannen 10 år etter (4:4) - Overlege Geir Berge Øverland ser krafta i lokalsjukehuset
Geir Berge Øverland var både varaordførar og lege i januar 2014. Han jobba på den tida som overlege på Lærdal sjukehus og i løpet av brannatta fekk han sjå kva som verkeleg finst av krefter i folk når krisa rammar ei lokalsamfunn. 10 år etter Storbrannen i Lærdal ser Sogn Avis tilbake på den dramatiske januarnatta saman med nokre av dei som var midt oppi det. Les meir og sjå bilete frå storbrannen på sognavis.no. Programleiar: Kristin Forland See omnystudio.com/listener for privacy information.
-
7
Lærdalsbrannen 10 år etter (3:4) - Ordførar Jan Geir Solheim griper etter kriseplanen
Ordføraren hadde berre eitt stopp på vegen då han sprang mot rådhuset i Lærdal - han måtte nett innom å redda ei eldre dame som låg og sov. Høyr korleis tidlegare ordførar i Lærdal Jan Geir Solheim opplevde brannatta og tida etterpå. 10 år etter storbrannen i Lærdal ser Sogn Avis tilbake på den dramatisk januarnatta saman med nokre av dei som var midt oppi det. Les meir og sjå bilete frå brannen på sognavis.no. Programleiar: Kristin Forland See omnystudio.com/listener for privacy information.
-
6
Lærdalsbrannen 10 år etter (2:4) - Brannmeister Guttorm Gullaksen måtte rykka ut i dress
Brannmeister Guttorm Gullaksen var eigentleg ikkje på vakt då brannen i Lærdal brøyt ut. Med kraftig vind, kaldt og tørt vêr, straumbrot og utan mobildekning måtta han prøva å koordinera sløkking av ein brann som kjem meir og meir ut av kontroll. 10 år etter storbrannen i Lærdal ser Sogn Avis tilbake på den dramatiske januarnatta saman med nokre av dei som var midt oppi det. Les meir og sjå bilete frå brannen på sognavis.no.Programleiar: Kristin Forland See omnystudio.com/listener for privacy information.
-
5
Lærdalsbrannen 10 år etter (1:4) - Amalie mister huset sitt
Amalie Myrmel var 15 år då brannen i Lærdal brøyt ut natt til 19. januar 2014. Når 15-åringen får ti minutt på seg til å evakuera, er det iPad-ladar og rettetang ho vil ha med seg frå huset. Ho veit ikkje då at huset kjem til å brenna til grunnen i løpet av natta. 10 år etter Storbrannen i Lærdal ser Sogn Avis tilbake på den dramatiske januarnatta saman med nokre av dei som var midt oppi det. Les meir og sjå bilete frå storbrannen på sognavis.no. Programleiar: Kristin Forland See omnystudio.com/listener for privacy information.
-
4
Kva konsekvensar får stenginga av Lærdalstunnelen?
Leiar for Slinde transport fryktar nattestenging av Lærdalstunnelen vil få Sogn ut i bakevja. Og vil fotballaget i Lærdal, som er avhengige av spelarar frå begge sider av tunnelen, overleva åra med tunnelstenging? Prosjektsjef i Statens vegvesen, Stig Berg-Thomassen møter hovudtrenar for Lærdal/Aurland fotball, Øystein Lindesteg Rinde og Arne Slinde Ahlin, dagleg leiar i Slinde transport. Programleiar er Kristin Forland. See omnystudio.com/listener for privacy information.
-
3
Er skisesongen øydelagt allereie?
Er skisesongen over i det han nett har starta? Det er spørsmålet Sogn Avis stiller i denne vekas utgåve av Sogn Avis-podden. Me får høyra om drønnet i snøen då skredvarslaren Stian Langeland sjølv løyste ut eit skred på heile 450 meters avstand på Leikanger sist helg. Saman med Vetle Eriksen Dirdal frå Varsom forklarar han kva det eigentleg er som skjer i fjellet om dagen, og kvifor både erfarne og ferske skikøyrarar bør tenkja over kvar dei går i helga. I tillegg kjem vaktleiar Emma Barfod frå Varsom med eit heilt ferskt skredvarsel. See omnystudio.com/listener for privacy information.
-
2
Årdal og Sogndal - Kvifor snakkar de ikkje saman?
Etter ei veke med høgt konfliktnivå i regionen møtest ordførarane Christian Sønstlien (Ap) og Stig Ove Ølmheim (Ap) i studio for å snakka om at dei ikkje snakkar saman.See omnystudio.com/listener for privacy information.
-
1
Tjuveria på Leikanger
Systrendingen Bjarne Sjøthun og politistasjonssjef Magne Straumstein kvarandre for å diskutera innbrotsbølgja på Leikanger og tilliten til at politiet skal få stoppa ho. Journalist Kristin Forland styrer ordet.See omnystudio.com/listener for privacy information.
We're indexing this podcast's transcripts for the first time — this can take a minute or two. We'll show results as soon as they're ready.
No matches for "" in this podcast's transcripts.
No topics indexed yet for this podcast.
Loading reviews...
ABOUT THIS SHOW
Sogn Avis sin nyhende-podkast med aktuelle saker og gjestar.
HOSTED BY
Sogn Avis
CATEGORIES
Loading similar podcasts...