22 - Den grøne revolusjonen episode artwork

EPISODE · Jul 13, 2020 · 23 MIN

22 - Den grøne revolusjonen

from Lær norsk nå! · host Marius Stangeland

Email: [email protected] tekst/transkripsjon av episoden: https://laernorsknaa.com/23-den-grone-revolusjonen/ YouTube: ⁠⁠⁠https://www.youtube.com/channel/UCxdRJ5lW2QlUNRfff-ZoE-A/videos⁠⁠ Støtt podkasten: Patreon: ⁠⁠https://www.patreon.com/laernorsknaa⁠⁠ Donasjon (Paypal): ⁠⁠Doner (paypal.com)⁠ Den grøne revolusjonen er nok ikkje lika kjent som for eksempel den industrielle revolusjonen, men den var veldig viktig for utviklinga av den moderne verda som me kjenner i dag. Den grøne revolusjonen har også blitt kalla for den tredje jordbruksrevolusjonen – den fyrste var byrjinga av jordbruket for 100 00år sidan, den andre var utviklinga av jordbruket i Storbritannia på 1700- og 1800-talet som effektiviserte det. Den tredje jordbruksrevolusjonen, også kalla den grøne revolusjonen, er namnet på moderniseringa av jordbruket i den fattigare delen av verda på 1950- og 60-talet. Til skilnad frå dei to førre jordbruksrevolusjonane, var ikkje denne avhengig av ny teknologi. I staden handla det om å spreie moderne jordbruksmetodar frå den rikare til den fattigare delen av verda. Den grøne revolusjonen var enormt viktig i å hindra svoltkatastrofar i den fattige delen av verda ettersom folkeveksten i denne staden av verda skaut fart. Før me går djupare inn i den grøne revolusjonen, er det viktig at me blir kjende med ein brite kalla Malthus. Brite vil seie ein person frå Storbritannia. Malthus var ein engelsk økonom som levde frå 1766 til 1834. Han levde altså akkurat i byrjinga av den industrielle revolusjonen i Storbritannia. Det mest kjende verket hans er utan tvil boka hans «An Essay on the Principle of Population» frå 1798. Boka var frykteleg pessimistisk om den økonomsike veksten til Storbritannia i perioden. Han sa at ein auke i matproduksjonen kom til å forbetra levekåra, korleis folk levde, på kort sikt. Likevel ville matauke, i følgje Malthus, føra til folkeauke. Ettersom det blei fleire og fleire folk, ville levevilkåra bli dårlegare igjen. Dette blei kalla for Mathusfella. Malthus meinte også at folkeauka ville auka raskare enn auka i matproduksjonen. Ettersom det blei fleire og fleire folk på mindre og mindre mat, ville ein til slutt få ei eller fleire kriser som sjukdom, krig og svolt som ville tvinga folketalet tilbake igjen. Den engelske økonomen hadde altså ikkje eit veldig optimistisk syn på folkeauke. Malthus si krise kom eigentleg aldri til England. Ettersom samfunnet blei industrialisert, auka matproduksjonen faktisk raskare enn folkeauka. Kanskje hadde den industrielle revolusjonen endra spelereglane? Likevel var det mange som var redde for den store folkeauka då me i 1960 nådde tre milliardar folk på jorda. I 1927 hadde verdas befolkning vore to milliardar. Det tyder at på berre 33år hadde folketalet auka med ein milliard. Og det mest skremmande var at folkeauka var på sitt høgast i akkurat denne perioden. Raskast var veksten i den fattigaste delen av verda. Mange var redde for at ein kom til å få ei Malthusisk krise ettersom dei fattigaste landa ikkje produserte nok mat til det aukande folketalet i landet. Kva ville skje dersom folkeauka berre auka endå meir? Kor mange ville det leva på jorda om 50år? For mange verka det som om ein katastrofe var uunngåeleg. Paul R. Ehrlich, professor ved Stanford University, skreiv boka «The Population Bomb» i 1968 som spådde ei verdskrise på 1970- og 80-talet. Han trudde at ein ville få svoltkatastrofar rundt omkring i verda på grunn av overbefolkning. Boka fekk stor merksemd i si tid, og mange var redde for kva som kunne kome til å skje. Folketalet auka, det blei mindre og mindre mat – kva kunne ein gjera? Krisa som Ehrlich spådde kom derimot aldri. Folketalet er i dag over 7 milliardar utan at me har fått ei svoltkrise i heile verda. Mykje av svaret på kvifor er den grøne revolusjonen som skjedde omtrent på same tid som Ehrlich skreiv boka si.

NOW PLAYING

22 - Den grøne revolusjonen

0:00 23:27

No transcript for this episode yet

We transcribe on demand. Request one and we'll notify you when it's ready — usually under 10 minutes.

Forholdspodden med Anne Marte & Kroken Kroken Produksjoner Anne Marte og Kroken startet som kollegaer og hadde morgenshow på radio sammen. Nå er de kjærester, foreldre samt bonusmor, og diskuterer ulikhetene et forhold møter på; kjærlighet, sex (eller mangel på), aldersforskjell, interesser, irritasjoner og samlivet generelt Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information. Drosjemysteriet Stenersen Østlendingen Torsdag 13. juli 1972 fikk drosjeeier Gudmund Stenersen i Rendalen bestilling på en langtur til Vestlandet. Han la igjen en lapp hjemme til familien som fortalte at han skulle kjøre noen turister som hadde ødelagt bilen sin til Møre. Han kunne ventes tilbake lørdag eller søndag. Så forsvant han. Stenersen-saken har vært et av norgeshistoriens mest omtalte kriminalsaker. I løpet av de snart 50 åra som er gått har politiet brukt tusenvis av timer på ulike vitneobservasjoner, feilspor og teorier mens det har versert fantasifulle historier på hva som egentlig skjedde med drosjesjåføren Gudmund Stenersen. Nå mener sønnen til Gudmund, Sæmund Stenersen og tidligere journalist Øyvind Bæk å ha funnet svaret. See acast.com/privacy for privacy and opt-out information. Toppfotball Moderne Media Med Martin Roppestad, Lasse Vangstein, Jørgen Tjærnås og Ole Martin Nesselquist. Norsk fotball er full av underholdning, hele veien fra grasrota til landslaget. La oss ta deg med inn i breddefotballens vakre rike og samtidig gi deg fyldig preview på neste runde i Eliteserien. I blant inviterer vi interessante gjester som betyr, eller har betydd mye for norsk fotball. Hver uke gir vi deg en grundig oppdatering på hva som rører seg i norsk ball.For annonsering: [email protected] booking: [email protected] Heia Fotball Fotballpodkast med Sven Bisgaard Sundet, Tete Lidbom og interessante gjester. Lytt litt, lær litt, le litt, lev litt. Hør alle episodene i appen NRK Radio

Frequently Asked Questions

How long is this episode of Lær norsk nå!?

This episode is 23 minutes long.

When was this Lær norsk nå! episode published?

This episode was published on July 13, 2020.

What is this episode about?

Email: [email protected] tekst/transkripsjon av episoden: https://laernorsknaa.com/23-den-grone-revolusjonen/ YouTube: ⁠⁠⁠https://www.youtube.com/channel/UCxdRJ5lW2QlUNRfff-ZoE-A/videos⁠⁠ Støtt podkasten:...

Can I download this Lær norsk nå! episode?

Yes, you can download this episode by clicking the download button on the episode player, or subscribe to the podcast in your preferred podcast app for automatic downloads.
URL copied to clipboard!