EPISODE · Oct 16, 2022 · 38 MIN
8. Det mytologiske verdsbiletet – bunde til forteljingar
from Tru og meining i gammal tid · host Eldar Heide
Innføringsbøker om norrøn mytologi seier gjerne at ein tenkte seg verda som ei skive, med gudane og Åsgard i midten, så menneska og Midgard i ring rundt, så jotnane i Jotunheimane i ring utanom der, og utanfor der att havet og Midgardsormen. Denne modellen er problematisk. Namnet Utgard er brukt berre éin gong, i ein underleg samanheng, og ser ein breiare i kjeldene, plasserer dei både jotnar, menneske og gudar litt her og der, slett ikkje i det ordna ringmønsteret. Derfor er det forskarar som har meint at det ikkje var noko system. I denne podkastepisoden presenterer Eldar Heide sitt forslag, som er at det er eit system og ein modell, berre av ein annan type og på eit anna plan. Forslaget inneber at vi tek feil av kor dei mytologiske skapningane bur og _passasjane_ til der dei bur.
Embed this episode
NOW PLAYING
8. Det mytologiske verdsbiletet – bunde til forteljingar
No transcript for this episode yet
Similar Episodes
No similar episodes found.
Similar Podcasts
No similar podcasts found.