81 - Skulesystemet i Noreg episode artwork

EPISODE · Aug 30, 2021 · 13 MIN

81 - Skulesystemet i Noreg

from Lær norsk nå! · host Marius Stangeland

Epost: [email protected] Teksten til episoden: https://laernorsknaa.com/81-skulesystemet-i-noreg YouTube: ⁠⁠⁠https://www.youtube.com/channel/UCxdRJ5lW2QlUNRfff-ZoE-A/videos⁠⁠ Støtt podkasten: Patreon: ⁠⁠https://www.patreon.com/laernorsknaa⁠⁠ Donasjon (Paypal): ⁠⁠Doner (paypal.com)⁠ Det norske skulesystemet er bygd opp i to hovuddelar: Grunnskulen og vidaregåandeskule. Grunnskulen går frå 1. til 10. klasse og er obligatorisk for born mellom 6 og 16år. Grunnskulen er altså ikkje berre ein rett, men det er ei plikt. Alle born i Norge må gjennom minst desse 10 åra med skulegang. Grunnskulen kan vidare delast inn i to delar: barneskulen og ungdomsskulen. Desse to pleier som regel å vera skilte i to ulike skular. I bygda eg kjem frå så var det to barneskular og to ungdomsskular. Alle desse hadde ulike bygg. Barneskulen går frå 1. til 7. klasse. 1. til 4. klasse blir kalla for småskuletrinnet. 5. til 7. klasse er mellomtrinnet. På barneskulen er det ikkje veldig store faglege krav. For eksempel er det ikkje karakter på barneskulen. Ein får ikkje ein karakter på barneskulen på prøvar og liknande. Likevel så har ein nasjonale prøvar. I Noreg har me nasjonale prøvar i matte, engelsk og lesing og skriving i 5. klasse, 9. klasse og 1. vidaregåande. Dette er prøvar som alle skuleelevar i Noreg må ha, slik at ein kan samanlikna resultata. Barneskulen er altså frå 1. til 7. klasse. Etter barneskulen så går ein over på ungdomsskulen. Ungdomsskulen går frå 8. klasse til 10. klasse. På ungdomsskulen blir dei faglege krava større. Det er då ein byrjar å setta karakter på elevane. I Noreg har ein eit karaktersystem som går frå 1 til 6. 1 er den dårlegaste karakteren; det er stryk, eller akkurat som ein F i A-F systemet. 6 er den beste karakteren. Det er som ein A i A-F. I tillegg er det vanleg for lærarar å setja mellomkarakterar. Altså, dei kan setta på plussar eller minusar på karakteren. Til dømes 5+ (ein god femmar) eller 4- (ein dårleg firar). Nokre lærarar sett også ein karakter mellom to karakterar som 4/5 eller 3/2.  På vitnemålet skal det derimot berre stå reine karakterar. Ungdomsskuleelevane brukar desse karakterane til å søka seg inn på vidaregåande skular i Noreg. For å koma inn på dei beste skulane så må ein ha gode nok karakterar. Likevel har alle i Noreg rett til å koma inn på ein vidaregåande skule, men om dei ikkje har gode nok karakterar, er det ikkje sikkert at dei får velja sjølv. På vidaregåande skule så byrjar ein å retta seg meir mot ein retning. Då må ein tenkja litt på kva ein vil gjera etterpå. I hovudsak kan ein velja enten studiespesialiserande retning eller fagbrevretning. Studiespesialiserande er for dei som ynskjer å studera på ein høgskule eller eit universitet etter vidaregåande skule.

Episode metadata supplied by the publisher feed · Published Aug 30, 2021

Embed this episode

NOW PLAYING

81 - Skulesystemet i Noreg

0:00 13:07

No transcript for this episode yet

We transcribe on demand. Request one and we'll notify you when it's ready — usually under 10 minutes.

No similar episodes found.

Frequently Asked Questions

How long is this episode of Lær norsk nå!?

This episode is 13 minutes long.

When was this Lær norsk nå! episode published?

This episode was published on August 30, 2021.

Can I download this Lær norsk nå! episode?

Yes. Use the download control on the episode player to save the publisher-provided media file.
URL copied to clipboard!