Arbeidarhjerte: Carl Frode Tiller og Eivind Hofstad Evjemo episode artwork

EPISODE · Nov 3, 2024 · 1H 4M

Arbeidarhjerte: Carl Frode Tiller og Eivind Hofstad Evjemo

from Litteraturhusets podkast

Carl Frode Tiller er kjend for dei djuptpløyande karakterportretta sine og sitt skarpe blikk for klasseskilje, ofte skildra med svart humor, ømheit og eksistensiell smerte. I sin nyaste roman Arbeidarhjerte tar han oss inn i eit velkjent Tiller-landskap.Trond har mista grepet. Han har mista jobben, skilt seg frå kona og glir meir og meir frå dei to døtrene sine. Han, som veks opp i eit typisk arbeidarklassemiljø, og jobba hardt for å sikre seg alle moglegheiter, kjenner ikkje att det Noreg han ser rundt seg. Korleis vart det slik? Korleis kan han finne att sin plass i verda og kjempe for ein stad der han ikkje lenger kjenner seg velkomen?Arbeidarhjerte er ei skildring av ei familiekrise og ei eksistensiell krise, om ein familiefar som vil godt, men som balar med ein krypande desperasjon og destruktive mønster av forakt og skam. Det er også ei forteljing om Noreg i dag, om arbeid og klasse.Carl Frode Tiller har etablert seg som ei markant stemme i skandinavisk samtidslitteratur. Sidan debuten Skråninga i 2001 har han skrive djupe psykologiske portrett og velkomponerte, rike tverrsnitt av tida vi lev i, mellom anna i trilogien Innsirkling. Arbeidarhjerte er også venta å få eit band to, og saman vil romanane danne eit større verk om eit Noreg i endring og eit sosialdemokrati i forfall, der Tiller også nytta delar av si eiga familiehistorie.Ein annan portrettør av det særnorske er forfattarkollega Eivind Hofstad Evjemo, som i sine siste utgivingar Den nye årstida og Ingens herre tematiserer omveltingane i det industrielle landbruket. No møtast dei til ein samtale om viljen til å bore i det ubehagelege, om sosial arv, utanforskap og eit Noreg i endring. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Episode metadata supplied by the publisher feed · Published Nov 3, 2024

Embed this episode

NOW PLAYING

Arbeidarhjerte: Carl Frode Tiller og Eivind Hofstad Evjemo

0:00 1:04:52

No transcript for this episode yet

We transcribe on demand. Request one and we'll notify you when it's ready — usually under 10 minutes.

No similar episodes found.

Frequently Asked Questions

How long is this episode of Litteraturhusets podkast?

This episode is 1 hour and 4 minutes long.

When was this Litteraturhusets podkast episode published?

This episode was published on November 3, 2024.

Can I download this Litteraturhusets podkast episode?

Yes. Use the download control on the episode player to save the publisher-provided media file.
URL copied to clipboard!