E7: Starten på noko nytt
from Vågespel Hosted by Reidun Horvei, Ragnhild Gudbrandsen og Inger-Kristine Riber
I denne episoden fylgjer me unge kvinner som tek steget frå gard til by og finn ei ny byrjing i eit nytt land. Dei kjem med hender som kjenner til arbeid og ryggar vane med ansvar, og får ein kvardag fylt av vaskebøtter, gråtande born, symaskiner – og draumar. Gjennom breva og forteljingane til Ingeborg Marie Brekke og Anna Slinde får me høyra korleis overgangen til bylivet endra kvardagen deira og opplevinga av kva som var mogleg. Nokre lærte nye språk, gjekk på kveldsskule og fann nye vegar i yrkeslivet. Andre stod åleine i eit framandt land, men fann styrke i fellesskapet mellom kvinner og i å ta eigne val. Dette er historia om dei som ikkje berre leita etter arbeid, men etter ein stad dei kunne høyra til. Manus: Inger-Kristine Riber og Reidun Horvei Medredaktør: Katherine Jane Hanson Forteljarar: Reidun Horvei og Ragnhild Gudbrandsen Lydformgjeving: Inger-Kristine Riber Støtta av: Fritt Ord
Embed this episode
No transcript yet.