EPISODE · Jun 17, 2026 · 32 MIN
Episode 22: Innovative helsetenester og hudpleie-produksjon i Nepal
from Helseskift - framtidas helsevesen · host SFU Engage
Bli med på reise til Nepal! I denne episoden besøker vi Dhulikhel hospital og deira bedrift Syaahaar som lagar hudpleie-produkt. På dette sjukehuset er det lett å identifisere både entreprenørar og intraprenørar, og vi snakkar med blant anna administrerende direktør ved Dhulikhel hospital, Biraj Karmacharya, og intraprenør og sjukepleiar Sulekha Shresta.I denne episoden tek vi føre oss:1) Å skape helsetenester der det ikkje finst frå før.Dhulikhel har utvikla ein modell for rurale klinikkar der helsepersonell er tilstade 24/7, med kunnskapar og ferdigheiter som reddar liv.2) Å skape inntekter til helsetenestene og vekst i lokalsamfunnet.Dhulikhel har utvikla ein søster-organisasjon, Syaahaar, som produserer hudpleie basert på lokale råvarer og i tett samarbeid med lokale bønder. Inntektene frå arbeidet går tilbake til sjukehuset, som er ein non-profit organisasjon.3) Å vere ein intraprenør i det kliniske arbeidet.Sulekha Shresta har jobba som sjukepleiar i ei årrekke, og har iverksett ei rekke tiltak for å fornye klinisk praksis i tråd med oppdatert forsking. Ho fortel blant anna om korleis ho innførte håndsprit som alternativ til handvask på sjukehuset, til stor motstand frå kollegaer.---Helseskift er ein podcast frå SFU Engage, NTNU. Podkast-vertane er Gunn-Berit Neergård og Thea Eng Brenden, sjukepleiarar og forretningsutviklerar. Thea er masterstudent ved NTNUs Entreprenørskole og Gunn-Berit er seniorforskar ved NTNU og førsteamanuensis II ved Universitetet i Bergen.Redigert av Peter Nystøyl. Musikk av Ol'Burger Beats.
Embed this episode
NOW PLAYING
Episode 22: Innovative helsetenester og hudpleie-produksjon i Nepal
No transcript for this episode yet
Similar Episodes
No similar episodes found.
Similar Podcasts
No similar podcasts found.