EPISODE · Jan 22, 2020 · 1H 58M
Klimakritikk: Skaper klimakrisen tendenslitteratur?
from LittPod · host Litteraturhuset i Bergen
Med Kikki Kleiven, Sigurd Hverven, Agnar Lirhus, Andreas Vermehren Holm og Espen Stueland. Vi ser ei aukande klimauro for kloden vår. I Litteraturhuset nye seriesatsing Klimakritikk vil vi sjå nærmare på den klimaengasjerte skjønnlitteraturen. Er den berre samtidas eksempel på tendenslitteratur, til liks med den politiske litteraturen på 1970-talet – eller er det snakk om eit litterært paradigmeskifte? Og kjem den ofte estetisk orienterte kritikken til kort i vurderinga av økokritiske perspektiv i skjønnlitteraturen? Vi skal i tillegg ta ein kikk på dei litterære naboane våre: Kva blir skrive av økokritisk skjønnlitteratur og poesi i Sverige og Danmark? Forfattar og kritikar Espen Stueland er fast samtaleleiar i serien. Stueland har markert seg som ein engasjert klimaaktivist, mellom anna med essayboka 700-årsflommen. 13 innlegg om klimaendringer, poesi og politikk. Til det første arrangmentet kjem klimaforskar Kikki Kleiven, filosof Sigurd Hverven, forfattar Agnar Lirhus og forfattar, omsetjar og redaktør i tidsskriftet Ny jord Andreas Vermehren Holm. Kleiven vil gi eit riss av klodens tilstand og kva som skjer i klimaforskinga nett no. Deretter blir det ein samtale mellom Hverven, Lirhus, Vermehren Holm og Stueland, der dei vil kartlegge dagens klimakritiske skjønnlitterære prosa, poesi og kritikk.
What this episode covers

NOW PLAYING
Klimakritikk: Skaper klimakrisen tendenslitteratur?
No transcript for this episode yet
Similar Episodes
No similar episodes found.
Similar Podcasts
No similar podcasts found.