EPISODE · Jun 18, 2019 · 57 MIN
Kyborgane kjem. Lone Frank og Lasse Pihlstrøm om hjerneforsking
from NB:arrangement
Eit menneske med implantert teknologi som har erstatta eller forbetra organiske funksjonar – ein kyborg. Sidan 60-åra har kyborgen levd i beste velgåande i våre førestillingar. I science fiction-tradisjonen finst både positive og skrekkinngytande visjonar om menneske-maskina, men vil kyborgen nokon gong kunne stige ut av førestillinga og inn i røynda? Kan den menneskelege hjerne bli ei «elektronisk maskin»? Den danske vitskapsformidlaren og hjerneforskaren Lone Frank er aktuell på norsk med boka «Lystlegen», om historia og teknologien bak djup hjernestimulanse. I samtale med nevrolog og skribent i Morgenbladet Lasse Pihlstrøm brukar dei førestillinga om kyborgen som bakteppe for å seie noko om dei etiske spørsmåla og vitskaplege moglegheitene ein står framfor i moderne hjerneforsking. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Embed this episode
NOW PLAYING
Kyborgane kjem. Lone Frank og Lasse Pihlstrøm om hjerneforsking
No transcript for this episode yet
Similar Episodes
No similar episodes found.
Similar Podcasts
No similar podcasts found.