EPISODE · Apr 20, 2026 · 11 MIN
Kystforteljingar med Maria Pile Svåsand
from Tidsskriftet Jaja · host Tidsskriftet Jaja
Finst det ein eigen forteljestil langs kysten? Og kvifor blir litteraturbåtleiar Maria Pile Svåsand blyg om ho må utbrodere framfor andre vestlendingar? «Jon Fosse fekk nobelprisen for alt han seier mellom linjene. I tildelingstalen seier dei at han med den radikale reduksjonen av språk og dramatisk handling viser kjerna av menneskeleg angst og ambivalens. Eg trur også Fosse har høyrt på strandbermingar som fortel med få setningar om dei store tinga», seier Maria Pile Svåsand i lydessayet «Kystforteljingar». Skribenten vaks opp og jobbar på litteraturbåten Epos, som sidan sekstitalet har frakta med seg eit lite bibliotek og ei gruppe store personlegdomar med kulturprogram til bygder, nes og øysamfunn langs vestlandskysten. Dagleg kan ho høyre sjøfolk som fortel frå dei sju hav og litt til. Og dei fortel på sitt vis. Lytt til essayet der Maria tek føre seg forteljestilen ho er skipa på.Episoden er skriven og fortalt av Maria Pile Svåsand.Produsert av Viljar Losnegård.Musikk av MuteMode.Lydstudio ved Tekstallianse og Tekstallmenningen.Portrett: James Hill.Les Jaja på tidsskriftetjaja.no.Jaja er eit norsk tidsskrift om og med forteljekunst, som skal få fram meir allsidige forteljingar frå bygd og by. Utgjevar er Jakob Sande - senter for forteljekunst.
What this episode covers
Finst det ein eigen forteljestil langs kysten? Og kvifor blir litteraturbåtleiar Maria Pile Svåsand blyg om ho må utbrodere framfor andre vestlendingar? «Jon Fosse fekk nobelprisen for alt han seier mellom linjene. I tildelingstalen seier dei at han med den radikale reduksjonen av språk og dramatisk handling viser kjerna av menneskeleg angst og ambivalens. Eg trur også Fosse har høyrt på strandbermingar som fortel med få setningar om dei store tinga», seier Maria Pile Svåsand i lydessay...
NOW PLAYING
Kystforteljingar med Maria Pile Svåsand
No transcript for this episode yet
Similar Episodes
Jun 22, 2026 ·58m
Jun 16, 2026 ·57m
Jun 8, 2026 ·59m
Jun 2, 2026 ·59m
May 25, 2026 ·62m
May 19, 2026 ·59m