PODCAST · arts
Tidsskriftet Jaja
by Tidsskriftet Jaja
Ein podkast frå Tidsskriftet Jaja, eit tidsskrift om og med forteljekunst frå Jakob Sande - senter for forteljekunst.
-
5
Kystforteljingar med Maria Pile Svåsand
Finst det ein eigen forteljestil langs kysten? Og kvifor blir litteraturbåtleiar Maria Pile Svåsand blyg om ho må utbrodere framfor andre vestlendingar? «Jon Fosse fekk nobelprisen for alt han seier mellom linjene. I tildelingstalen seier dei at han med den radikale reduksjonen av språk og dramatisk handling viser kjerna av menneskeleg angst og ambivalens. Eg trur også Fosse har høyrt på strandbermingar som fortel med få setningar om dei store tinga», seier Maria Pile Svåsand i lydessayet «Kystforteljingar». Skribenten vaks opp og jobbar på litteraturbåten Epos, som sidan sekstitalet har frakta med seg eit lite bibliotek og ei gruppe store personlegdomar med kulturprogram til bygder, nes og øysamfunn langs vestlandskysten. Dagleg kan ho høyre sjøfolk som fortel frå dei sju hav og litt til. Og dei fortel på sitt vis. Lytt til essayet der Maria tek føre seg forteljestilen ho er skipa på.Episoden er skriven og fortalt av Maria Pile Svåsand.Produsert av Viljar Losnegård.Musikk av MuteMode.Lydstudio ved Tekstallianse og Tekstallmenningen.Portrett: James Hill.Les Jaja på tidsskriftetjaja.no.Jaja er eit norsk tidsskrift om og med forteljekunst, som skal få fram meir allsidige forteljingar frå bygd og by. Utgjevar er Jakob Sande - senter for forteljekunst.
-
4
Alle bør ein gong følge ein geiteflokk med Siri Helle
Skribent, agronom og geitebudeie Siri Helle vil så gjerne takke for den gåva det var å oppdage boka Braiding Sweetgrass – Indigenous Wisdom, Scientific Knowledge and the Teachings of Plants av Robin Wall Kimmerer.Og medan ho les om å søke jamskifte mellom menneske og natur, forstår ho korleis ho kan få takka: Ikkje med blomar, ikkje med hand i handa, men med å putte denne forteljinga inn i verda. Lytt til Alle bør ein gong følge ein geiteflokk i fjellet og les den tilhøyrande personlege bokmeldinga Eg har funne boka som vil vere med meg livet ut i Tidsskriftet Jaja. Lydforteljinga er ein del av Tidsskriftet Jaja, gitt ut av Jakob Sande - senter for forteljekunst. Den er spelt inn ved Preform og produsert av Viljar Losnegård. Redaktør er Tora Hope.Les Jaja på tidsskriftetjaja.no.Jaja er eit norsk tidsskrift om og med forteljekunst, som skal få fram meir allsidige forteljingar frå bygd og by. Utgjevar er Jakob Sande - senter for forteljekunst.
-
3
Barn som forteljekunstnarar med Trude Hoel
For å ta vare på barns naturlege forteljeglede må ein ha auge for dei ulike måtane å fortelje på, meiner leseforskar Trude Hoel. Hoel er professor i lesevitskap ved Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking (Lesesenteret) ved Universitetet i Stavanger. Ho forskar på barns forteljingar, språkstimulering og lesing i barnehagen, med særleg vekt på digitalisering og leselyst.Professoren, som mellom anna er i leiinga for FILIORIUM - senter for barnehageforsking, har skrive læremiddel for barnehagar, er ein røynd formidlar og har vore med i nemnda for Nynorsk barnelitteraturpris. Då ho forska på korleis seks- og sjuåringar fortel, synte funna frå kring sytti forteljingar at framføring er viktigare enn struktur for dei yngste forteljarane. Borna dramatiserte, bygde opp spenning, brukte humor og gjorde mange kreative grep for at forskaren skulle føle seg fortalt for. Hoel meiner metodikken for å forske på barns forteljekompetanse ikkje fangar opp desse evnene godt nok.Lytt til samtalen om barn, skular og forteljekompetanse og om korleis måtane vi fortel på er kulturelt forankra. Intervjuar er redaktør i Jaja Tora Hope. Foto: Elisabeth TønnessenLydproduksjon: Viljar LosnegårdLydstudio: Preform.Les Jaja på tidsskriftetjaja.no.Jaja er eit norsk tidsskrift om og med forteljekunst, som skal få fram meir allsidige forteljingar frå bygd og by. Utgjevar er Jakob Sande - senter for forteljekunst.
-
2
Makt, endetid og forteljekunst med Hilde Sandvik
– Om vi ikkje snakkar saman, står vi att med valden, seier Nordens podkastdronning Hilde Sandvik. Å fortelje er eit urmenneskleg instinkt frå førskriftlege tider. Med oppsvinget av munnlege format, som podkastar med trufaste lyttarskarar og tiktokarar som påverker val, kan ein hevde at den munnlege forteljinga har fått ein renessanse.Lagar podkastarane munnleg forteljekunst? Og korleis kan vi navigere kreftene som kjempar om merksemd og makt, væpna med forførande endetidsforteljingar? I dette intervjuet snakkar redaktør i Tidsskriftet Jaja Tora Hope med Hilde Sandvik om makt, endetidsforteljingar og forteljekunst, bygd og sentraliseringskraft, og om tillit og tvisyn i ei skråsikker tid.Sandvik er journalist, debattant og programleiar for podkasten Norsken, svensken og dansken. Ho er tidlegare kultur- og debattredaktør i Bergens Tidende, har vore redaktør for Syn og Segn, gitt ut bok om hersketeknikkar og grunnlagt den nordiske plattformen Broen.xyz.Episoden er produsert av Viljar Losnegård.Musikk av MuteMode.Lydstudio ved Preform og Tekstallianse.Foto: Rahi Rezvani.Opptak er gjort 12. desember 2025.Les Jaja på tidsskriftetjaja.no.Jaja er eit norsk tidsskrift om og med forteljekunst, som skal få fram meir allsidige forteljingar frå bygd og by. Utgjevar er Jakob Sande - senter for forteljekunst.
-
1
Samisk forteljekunst med Tina Harnesk
Lytt til intervjuet med Tina Harnesk, den samiske forfattaren frå Sverige, om samisk munnleg forteljetradisjon, samisk litteratur og motstandskamp.Som forfattar og bibliotekar frå Arvidsjaur i Sverige, har Harnesk granska, samla og skrive om dei samiske forteljingane. "Det er gjennom forteljingane vi har hugsa historia, formidla kunnskap og tru, og gjort motstand og synt verdet til naturen og menneska", seier Harnesk om den munnlege forteljetradisjonen i samisk kultur.Tina Harnesk vert intervjua av Tora Hope, redaktør i Tidsskriftet Jaja.Episoden er produsert av Viljar Losnegård. Lydstudio frå Preform.Foto: Sandra Hallnor, Portraits of Lapland.Les Jaja på tidsskriftetjaja.no.Jaja er eit norsk tidsskrift om og med forteljekunst, som skal få fram meir allsidige forteljingar frå bygd og by. Utgjevar er Jakob Sande - senter for forteljekunst.
We're indexing this podcast's transcripts for the first time — this can take a minute or two. We'll show results as soon as they're ready.
No matches for "" in this podcast's transcripts.
No topics indexed yet for this podcast.
Loading reviews...
ABOUT THIS SHOW
Ein podkast frå Tidsskriftet Jaja, eit tidsskrift om og med forteljekunst frå Jakob Sande - senter for forteljekunst.
HOSTED BY
Tidsskriftet Jaja
CATEGORIES
Loading similar podcasts...