Skip to content
Spør om doping episode artwork

Jun 9, 2022 45 min

Spør om doping

from Antidoping-podden

Korleis skal du snakke med ungdom om doping? Kanskje er du bekymra for at ungdom du kjenner eller jobbar med, har endra treningsvaner, kosthold eller oppførsel? Bør du spørre direkte, ta det opp med andre eller prøve å få det fram ved å spørre om andre ting? I denne episoden møter du spesialsjukepleiar i rus og psykisk helse, Nina Haugen. Nina jobbar i Nord-Fron kommune og hadde aldri spurd om doping før ho var på eit seminar med Antidoping Norge for sju år sidan. Nina trudde ikkje ho hadde kunnskapen som skulle til og var ikkje klar for svara ungdomane kom til å gje ho. Etter dagen på seminar med ADNO forstod ho at det måtte ei endring til. Kva har Nina fått ut av å spørre om doping i ein bygdekommune som Nord-Fron dei siste åra? Sjølv er ho sikker på at dei spørsmåla har betydd mykje i møte med ungdom. Denne episoden er perfekt for deg som jobbar med ungdom, anten det er gjennom førebygging i kommunen eller som lærar eller trenar. Du som foresatt vil også få mange gode råd og ikkje minst innsikt i ungdomsmiljøet gjennom å høyre på denne episoden av Antidoping-podden. I episoden møter du også sosialrådgjevar ved ungdomsskulen på Vinstra, Morten Stubberud og Anette Gårderløkken, dagleg leiar ved bygdas einaste treningssenter. Programleiar er Gjermund Erikstein-Midtbø, kommunikasjonsrådgjevar i Antidoping Norge.

Episode details come from the podcast's RSS feed.

Embed this episode

Ready to play

Spør om doping

0:00 45:33

No transcript yet.

Requests help us decide what to transcribe next.

Frequently asked questions

How long is this episode of Antidoping-podden?

This episode is 45 minutes long.

When was this Antidoping-podden episode published?

This episode was published on June 9, 2022.

Can I download this Antidoping-podden episode?

Yes. Use the download control on the episode player to save the publisher-provided media file.