EPISODE · Mar 12, 2013
Studentersamfunnet på radio: Kampen om kvinnekampen
from Studentersamfunnet i Bergen
Korleis skal det feministiske prosjektet videreførast i dagens Noreg? Vår bestemmelse er å kvoteres, ikke å bli lykkelige. Kvinnesaksaktivist Gina Krog sa i 1913: «Kvinderne har i tusener av aar været i trældom – og saa tror man at slavemerkene skulde kunne fjernes med et slag, aa nei.» I løpet av dei siste hundre åra har Noreg blitt eit av verdas mest likestilte land. Kvinnekampen har vore prega av grunnleggande spørsmål om stemmerett, abort og økonomisk sjølvbestemming. Men kva pregar debatten i dag, og korleis skal kvinnekampen vidareførast? Mange kallar seg feministar, alt frå mannevonde geriljafeministar til muffinsbakande rosabloggarar, men forstår dei omgrepet på same måte? Feministar på borgarleg side meiner at likestilling ikkje bør kome med regulering og tvang, men fremjast innan kapitalismen. Debattredaktør Charlotte Myrbråten i FETT kritiserar «kapitalistisk pyntefeminisme». Ho kallar dei som seier «eg er feminist, men…» for kunnskapslause.
Embed this episode
NOW PLAYING
Studentersamfunnet på radio: Kampen om kvinnekampen
No transcript for this episode yet
Similar Episodes
No similar episodes found.
Similar Podcasts
No similar podcasts found.