Ubehaget i lesekulturen: Agnes Ravatn og Bjørn Vatne episode artwork

EPISODE · Oct 27, 2025 · 1H

Ubehaget i lesekulturen: Agnes Ravatn og Bjørn Vatne

from Litteraturhusets podkast

Når dronninga av vestlandsk humor, Agnes Ravatn, skriv om maktskifte i den mektige forlagsfamilien Høst, blir resultatet regnvåt, forblåst og spennande litteratur i slekt med dramaserien Succession. Matriark og forleggar Myrna Høst skal avgjere kven som overtek sjefsstolen: Den marknadsvennlege dottera, som vil forlaget skal bli ei plattform for innhald i alle format? Den litterært orienterte sonen, som hevdar lesing og konsentrasjon snart kjem tilbake på moten?I romanen Doggerland møtast både børs og katedral-orienterte familiemedlemmar til strategisamling på ei lita vestlandsøy. Når dei som teambuilding skal lage middag saman er det ikkje berre framtida til lesekulturen som putrar i gryta, men også ei pikant utruskapsaffære og den yngste familiemedlemmen sin nye KI-venn.Agnes Ravatn er kjent som ein av landets vittigaste og skarpaste forfattarar. Ho har gitt ut kritikarrosa og populære bøker, som romanane Fugletribunalet og Dei sju dørene, samt.sakprosabøker som bestseljaren Operasjon sjølvdisiplin. Ravatn si særeigne stemme og skarpe blikk går alltid att, enten ho skriv romanar, journalistikk eller essay. «Nå er det bare de heroiske folkene igjen» uttalte ho i eit nyleg intervju om tilstanden i bokverda. Korleis vil det gå med litteraturens heltar i tidas algoritmestyrte melodi?På Litteraturhuset møtte Ravatn forfattar og leiar for Den norske Forfatterforening (DnF), Bjørn Vatne, til ein samtale om familierelasjonar, intrigar og litteraturen si framtid. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Episode metadata supplied by the publisher feed · Published Oct 27, 2025

Embed this episode

Ready to play

Ubehaget i lesekulturen: Agnes Ravatn og Bjørn Vatne

0:00 1:00:23

No transcript for this episode yet

We transcribe on demand. Request one and we'll notify you when it's ready — usually under 10 minutes.

No similar episodes found.

Frequently Asked Questions

How long is this episode of Litteraturhusets podkast?

This episode is 1 hour and 0 minutes long.

When was this Litteraturhusets podkast episode published?

This episode was published on October 27, 2025.

Can I download this Litteraturhusets podkast episode?

Yes. Use the download control on the episode player to save the publisher-provided media file.
URL copied to clipboard!