Skip to content
Ved Rondane episode artwork

EPISODE · Jun 12, 2019 · 3 MIN

Ved Rondane

from Jansen Records · host Jansen Records

I solnedgangen på Eidsbugarden i 2018 skjer noko som ein sjeldan har opplevd før. Med Bygdin som bakgrunn dansar fleire tusen ungdomar skamlaust til tonane frå fele og banjo. Ved Rondane (Aasmund Olavsson Vinje/Hans Martin Austestad, mel: Edvard Grieg) og Etter ein rangel (Jakob Sande) ljoma mellom Jotunheimen sine tindar. Framom scena kvervlar par i ullgenserar rundt i armane til kvarandre i dans, ei improvisert jenka-lenke oppstår i folkemengda, og ikkje eit menneske står i ro. På scena står Vinjefolk, eit storband som spelar sin folkemusikk saman for fyrste gong. Dette hadde han nok likt, namnefaderen og rebellen Aasmund Olavsson Vinje. Det finst ikkje noko så usexy som ordet bestillingsverk, sa Julie Forchhammer, festivalsjef for Vinjerock våren før storbandet Vinjefolk oppstod. Fordommane var trassa, for Julie Forchhammer ville lage folkefest på Vinjerock. På ynskjelista stod skamlaus partymusikk for folk som ikkje kan noko om folkemusikk frå før. Usexyheita forsvann som dogg for sola den sommarnatta i Jotunheimen. Vinjefolk skapar lystig og frigjerande folkemusikk av slåttar som er kjende, i ei ny form som der ingen kan stå i ro. Dei er folkemusikkbandet verda ikkje visste den trengde, skreiv ein anmeldar frå Folkemusikk.no etter Osafestivalen på Voss. 12. juni gir Vinjefolk ut ei plate med to låtar på Jansen Records. På feler er det skotske Sarah-Jane Summers (Summers/Silvola, Siskin Quartet) og Erlend Viken (Erlend Viken Trio). På klimpreinstrument finn me Hans Martin Austestad (Earlybird Stringband, Løkki) på banjo, finske Juhani Silvola (Adjagas, Erlend Viken Trio) på gitar og Morten Kvam på kontrabass. Det heile blir toppa med Anders Lillebo (Stampestuen, Eau de Vill) på orgel og munnspel og Knut Ålefjær (Helge Lien Trio, Kristin Asbjørnsen), som trakterer trommer og perkusjon.

Episode metadata supplied by the publisher feed · Published Jun 12, 2019

Embed this episode

Ready to play

Ved Rondane

0:00 3:47

No transcript for this episode yet

We transcribe on demand. Request one and we'll notify you when it's ready — usually under 10 minutes.

No similar episodes found.

No similar podcasts found.

Frequently Asked Questions

How long is this episode of Jansen Records?

This episode is 3 minutes long.

When was this Jansen Records episode published?

This episode was published on June 12, 2019.

Can I download this Jansen Records episode?

Yes. Use the download control on the episode player to save the publisher-provided media file.
URL copied to clipboard!