Velkommen til Verkelegheita: Gunnhild Øyehaug og Johan Harstad episode artwork

EPISODE · Mar 17, 2025 · 1H 2M

Velkommen til Verkelegheita: Gunnhild Øyehaug og Johan Harstad

from Litteraturhusets podkast

«Og dette er eigentleg det verste med historier: at dei må forteljast. Dei kan ikkje berre kome susande som ein komet og eksplodere på himmelen.»Helga Mork har forsona seg med å leve åleine, som den smått isolerte forfattaren i vestlandsbygda Volke. Heilt til det flyttar inn eit forfattarpar i nabohuset i den vesle bygda, og Helga dessverre fell pladask for den gifte Even.Med Her kjem sola har Gunnhild Øyehaug skrive ein kjærleiksroman, men i kjent øyehaugsk stil er det langt frå nokon rett fram-forteljing: Det er like mykje ei bok om språk, om det alternative universet Verkelegheita, om Hervor frå campingen og hønene hennar – og litt om Hamlet.Gjennom femten romanar, novelle-, dikt- og essaysamlingar har Gunnhild Øyehaug etablert seg som ei av våre mest originale og leikne forfattarar. Få evnar som Øyehaug å få fram det makelause i det heilt kvardagslege, eller å skrive så liketil om alternative univers og overnaturlege hendingar.Øyehaug har fått mellom anna Sultprisen og Doublougprisen for sin forfattarskap, og er gjendikta til ei rekke språk. I år kjem også dei samla novellene hennar ut i eit band.Ein som har følgt Øyehaugs forfattarskap heile vegen, er forfattarkollega Johan Harstad. No møter han henne til ein samtale om brennande kjærleik, historieforteljing og alternative univers. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Episode metadata supplied by the publisher feed · Published Mar 17, 2025

Embed this episode

NOW PLAYING

Velkommen til Verkelegheita: Gunnhild Øyehaug og Johan Harstad

0:00 1:02:51

No transcript for this episode yet

We transcribe on demand. Request one and we'll notify you when it's ready — usually under 10 minutes.

No similar episodes found.

No similar podcasts found.

Frequently Asked Questions

How long is this episode of Litteraturhusets podkast?

This episode is 1 hour and 2 minutes long.

When was this Litteraturhusets podkast episode published?

This episode was published on March 17, 2025.

Can I download this Litteraturhusets podkast episode?

Yes. Use the download control on the episode player to save the publisher-provided media file.
URL copied to clipboard!