PODCAST · music
12 Poeng
by 12 Poeng
Hanne og Lars presenterer Norges beste podcast om Eurovision Song Contest og Melodi Grand Prix!
Episodes
-
Mjuk start
Vi rawdoggar første episode og kjem med våre udokumenterte og uopplyste meiningar og dei fire første landa i ESC 2025. Vi startar oss i varmare strok og besøker Albania, Slovenia, Montenegro og Hellas. Marvin Wiseth (katten, ikkje ordføraren) er gjest.
-
Topp 12 frå 12 Poeng
No snakkar vi! -24 er eit sterkt år, og no kjem vi til crême de la crême, inkludert eit overraskande antal frå dei fem store, og eit ikkje overraskande antal estiske bidrag.
-
Heilt middels
Spørsmålet er: Er det mest keisamt å høyre på noko vi ikkje likar, eller noko som er litt sånn meh? Hanne og Lars går gjennom 24.-13. plass på årets rangeringsfasit, og så kan de sjølve vurdere kva som er mest provoserande. Og hugs: Vi har rett, og de tek feil, med mindre de er samde med oss.
-
Brejnn i dass!
Vi tel ned årets 36 bidrag, og byrjar sjølvsagt på botnen, der vi i år finn mykje badedrakt og kahoinkers. Kven stikk av med den tvilsame æra av å vere den mest bedritne songen i år?
-
Benel... nei, Baltikum
Seks veker for seint kjem denne episoden, men frykt ikkje, for vi skal likevel rekke å kome gjennom alle bidraga før årets ESC!
-
The Witching Hour
Er det ikkje rart at det kvart år dannar seg nokre "tema", tilsynelatande spontant? I starten av kvalifiseringssesongen i år var det påfallande mange heksete songar som melde seg på, og du treng ikkje be Lars to gongar om å støtte den trenden! Men er Hanne like entusiastisk? Hint: Det norske...
-
Sjela ligg i puppane
Hanne har tydelegvis blitt bestefar sidan sist, og Lars sympatiserer med Erdoğan. Har podcastvertane våre gått heilt av skaftet? Følg med, og få litt Albania, Tsjekkia og Frankrike på kjøpet.
-
Kaukasus og skrikeklem
Pust, pes, kjem vi i mål i tide? Lamminga dreg ut og Kanne Kalse er 50% sjukmeld, og vi hastar framover med tre av dei sju attståande bidraga. Armenia, Aserbajdsjan og Georgia leverer ein mildt sagt blanda potpurri med flagrande friassosiert heksemusikk, SoMe-kritisk trendy morsmålsrap og......
-
Las islas bonitas
Bli med oss på øyhopping når vi besøker små og store på Kypros, Malta og Island på vegen til Liverpool! Hanne lærer oss å lage kokain og Lars har seriøst problem med å hugse sjølv dei enklaste ting. Fekk Hanne lov til å reise på EF Språkreiser som tenåring? Spoiler alert: Nei, så klart ikkje. Vi...
-
Nå kommer barnetimen, hysj hysj hysj!
Vi møter stadig problem i det at vi er så innmari gamle blitt, og vi skjønar ingenting av at deltakarane i ESC no er småungar som vart fødde etter at vi vart vaksne. Vi greier ut om vår djuptgåande kjennskap til Sosiale Media og demonstrerer ei generelt ungdommeleg innstilling. Lars klagar over…
more -
Andra chansen
Nokre får berre ikkje nok av ESC! Vi snakkar om to tilbakevendande artistar, som begge har mykje å leve opp til. Og så miksar vi inn ein enerverande attenåring med ein rotete bodskap. Berre sånn for å bli ferdig med det liksom.
-
Endeleg skal Rocke-Hanne og Rocke-Lars få!
Vi handsamar nokre av årets talrike band, og tek i dag for oss dei lengst ute på rockelinja. Ikkje uventa blir det blanda kjensler rundt dette. Hanne Espelid Hovig stiller også med ei lita heimkunnskapsoverrasking! #Tyskland #SanMarino #Australia #ESC2023 #Eurovision #PiñaColada #Alkoholfritt
-
Den nye podcasten til Sophie Elise. Neida.
Vi får celebert besøk, og du blir sikkert glad for å høyre at det ikkje er Sophie Elise eller Fetisha, men derimot Marièl og Martin, som er langt å foretrekke spør du oss. Vi snakkar litt om oåoå og Cèline, og deler ikkje synet på finsk techno. Men ellers vil vi karakterisere tonen som gemyttlig,...
-
Frygisk debut
I dag blir vi presenterte for eit eklektisk utval songar, og før du skriv ein rasande e-post til oss om at vi berre snakka om to bidrag i dag kan vi berolige deg med at joda, du har berre gløymt Irland sitt i midten der. Du gløymde det allereie medan du høyrde det, berre spol tilbake og sjekk…
more -
Bakspeil -22
Vi vurderer årets Eurovisionveke og resultat dagen etter ESC-finalen 2022. Pluss: konkurranseresultat.
-
Kari og Dylan, siste par ut
Australia, Norge, semifinale 2 og attpåtil KONKURRANSE. 12 poeng runder av sesong 4 med det som kanskje er den siste episoden, diskuterer livets betydning og gleder seg til Eurovision-uka. Delta i konkurransen DU OGSÅ!
-
To gode naboar og ein til.
Sveits, Østerrike og... Romania? står for tur. Etter ein serie oppturar dei siste seks bidraga vi har diskutert må vi dessverre førebu dykk på eit sett som held eit noko meir meh nivå. Men tru ikkje at det stoppar oss frå å vere superunderhaldande. Vi snakkar om kjensler, vi snakkar om...
-
I østen stiger etc.
Enda ei episode som har ligge på vent i lang tid. Vi har prøvd å fjerne alle referanser til påske, sidan denne vart tatt opp før påske og blir gitt ut veldig, veldig lenge etter påske. Men vi skal besøke aust-Europa i dag i ei av vår meir sjangermessig varierte og -våsete episoder, dessutan litt...
-
Du gamla, du fria etc.
Vi deler grense med desse tre, men deler vi gleder, deler vi sorger? Deler vi det som betyr noko? Deler vi Eurovisionbidrag? Nei, så klart ikkje! Slutt med det tullet! Deling er for barnehageborn uansett.
-
Ovo je Balkan
Ei sunn sjel i ein sunn lekam føreset nok søvn, noko vi absolutt ikkje kan skilte med i denne episoden. Men vi kjem oss gjennom 3/5 av Balkan i dag, og det er Kroatia, Serbia og Montenegro som får prøve seg mot våre kritiske øyre - med blanda hell, kan ein vel seie.
-
Baltic bitch
Vi besøker våre naboar i aust, for øvrig kjende for ullgensarar, vottar og andre varme ting, dessutan nydeleg kormusikk, samt ropedama over alle ropedamer, Samanta Tīna. Estland har levert ESC-skattar tidlegare, men Litauen har vakse fram som den neste store aktøren i dette området - kven leverer…
more -
Iii!
Tredje episode, III, tre i-ar. No er vi i gang! Frå aggressiv irsk pønkpop via billig israelsk realitymusikk til nok eit italiensk bidrag som kjem til å blåse mange konkurrentar av banen - her er noko både for dei med og dei utan smak. Pluss ein gjesteopptreden med religiøse svindelforsøk frå...
-
Melodi? Grand? Men Prix blir det i alle fall.
Altså, surmaga har vi vel alltid vore, men i år er det vel ikkje berre oss, eller? Er dette bra nok, NRK?
-
Eurovision Song Contest 2021: Debrief
Bli med på ein lett og ledig peisprat om årets ESC-veke og våre reaksjonar.
-
Bulgaria 2021: VICTORIA - growing up is getting old
Siste song ut i år (i vår tilfeldige rekkefølge) er ei dame utan respekt for store og små bokstavar og deira plass i konvensjonell ortografi. Men ho er desto meir GenX! Lars burde vere glad for at ballader er in, men desse nymotens balladene, er dei noko tess? Dessutan debuterer 12 Poeng med...
-
Portugal 2021: The Black Mamba - Love is on My Side
Portugal har tradisjonelt levert tradisjonelle portugisiske greier på portugisisk, og så sender dei altså sitt aller første heil-engelske bidrag i år. Med tekstinspirasjon frå ein nederlandsk sex-arbeidar. Wowza. Og til Hanne si store glede viser det seg at Lars produserer ei overtydande Macy...
-
Romania 2021: Roxen - Amnesia
Stemmer det at dette ikkje er første gongen vi brukar ein ikkje ubetydeleg del av podcasten til å snakke om den kortliva såpeserien Sunset Beach utan grunn? Føler det har skjedd før. Og Hanne har litt problem medd å skilje mellom Billy og Stomperud, noko som heller ikkje har så mykje med det...
-
Storbritannia 2021: James Newman - Embers
Men kvifor er United Kingdom og Great Britain begge oversett med Storbritannia?!
-
Russland 2021: Manizha - Russian Woman (Русская женщина)
Hanne avslører at ho er Jevgenij Pljusjtsjenko-fan, vi kranglar litt om det er Lazarov eller Lazarev og lærer om Tajdsjikistan. Dessutan er vi woke SJWs som tek eit tydeleg standpunkt mot konebanking og for kvinners rettigheiter.
-
Australia 2021: Montaigne - Technicolour
Den n-te 2020-artisten i årets finale sender noko ganske anna enn i fjor, og Hanne endeleg får den glimen i augo som antyder meir enn seks poeng. Men held det til toppscore? Pluss alle dei australske klisjeane framført med utruleg lite overtyding, sjølvsagt.
-
Sverige 2021: Tusse - Voices
Eks-mannen vår austanfor har surfa på ei årelang topp 10-bølge, og leverer årvisst glatte og lettlikandes låter som lurer seg inn i dei europeiske juryhjarte, men dei siste åra har tendensen vore svært låge publikumspoeng. Har vi som publikum fått nok av låtskrivarteam på storleik med ein middels...
-
Nederland 2021: Jeangu Macrooy - Birth Of A New Age
Vi skal til vertsnasjonen, som tradisjonelt nok ligg i nedre del av bettinglistene, men fortener dei pes i år? Lars er forkjøla, så episoden er litt forseinka, og de får dessutan gleden av å høyre han slafse på ein Fribol. Neida. Det måtte klippast ut, så episoden er endå meir forseinka.…
more -
Slovenia 2021: Ana Soklič - Amen
Årets andre Amen kjem frå landet som har gitt oss klassikarane Sebi, Energy og Hvala, Ne!, men kan Ana måle seg med desse? Har gospel ein plass i ESC? Kjem Vasil til å grine av si eiga framføring av Here I Stand? (Garantert!) Bli med dine favoritt ESC-nesten-nerdar til Slovenia og omegn!
-
Hellas 2021: Stefania - Last Dance
Greier vi å presse inn ein Finn Schau-referanse i ein podcast om årets greske bidrag? Den som høyrer får... høyre! Og Kanne Kalse er ute av karantene igjen, så ver budd på siste nytt.
-
Sveits 2021: Gjon's Tears - Tout l'univers
Ein av mange andra chansen-artistar i år diskar opp med nok ein ballade større enn livet sjølv. Like stor som heile universet! Bli med på ei reise gjennom heile ESC-historia gjennom gleder og (dei siste 20 åra stort sett) sorger for konkurransens O. G. vinnar Sveits. Og kos deg med vår...
-
Austerrike 2021: Vincent Bueno - Alive
Mykje bra kjem frå Austerrike - Kommisar Rex, vals og etternamn med to konsonantar på slutten, for eksempel. Og Vincent er jo bueno, eller? Vi dykkar meir ned i det musikkteoretiske i dag, er det eit format vi burde gå vidare med? Lars er Udo, Hannelore er Liesl.
-
Aserbajdsjan 2021: Efendi - Mata Hari
Kva diskar dəi opp məd i år, dəssə asərbajdsjanaranə, som alltid har əin svənskə på lur og ər passələg ətniskə på əngəlsk? Å, dəi stillər məd samə song som i fjor? Spanandə!
-
Tsjekkia 2021: Benny Cristo - Omaga
Lars har slipt den skarpe tunga si og Hanne imponerer med uventa tsjekkiske replikkar i aust og vest, eller, berre aust blir det vel. Tsjekkia leverer ung og frisk musikk, er det FOR ungt og frisk for eit aldrande podcastvertskapspar?
-
Estland 2021: Uku Suviste - The Lucky One
Vi fortset turneen i det sentrale nordaust-Europa og landar i dag i Estland, songens og strikkekunstens land. All grunn til å vere positiv altså! Men greier dei å leve opp til klassikarar som Rändajad og Kuula i år? Og held det å heite noko Åge-liknande for at Hanne skal like songen din?
-
Polen 2021: Rafał - The Ride
Den polske ESC-historia toppa seg tidleg og har vore jamnt under middels ei stund. Kan årets bidrag løfte landet opp frå den evige 17.-plassens dal? Også i denne episoda: Kanne Kalse viser seg å ha fleire sider enn vi trudde.
-
Malta 2021: Destiny - Je Me Casse
Vi prøver oss på maltesisk, det går dårleg. Ikkje bruk oss som maltesisk-kurs. Malta prøver seg på seier i år, mange veddemålsekspertar held det for sannsynleg. Kva seier ekspertane i 12 Poeng?
-
Moldova 2021: Natalia Gordienko - Sugar
Ein suggererande song frå Moldova i år, og den mest sexy sendinga av 12 Poeng på lenge, kanskje nokonsinne! Se bildene! I hovudet ditt, dette er ein podcast.
-
Georgia 2021: Tornike Kipiani (თორნიკე ყიფიანი) - You
Hanne er litt av ein spøkefugl i dag (også)! Korleis trur de Lars reagerer? Og kva med Georgia, då, dei som alltid sender noko annleis og spanande, kva har dei funne fram til oss i år? Litt sånn lotto med land som liker å skilje seg ut... Pluss sjokkerande nyhende frå Europas (mellombels) siste...
-
Kroatia 2021: Albina - Tick Tock
Bli med Hanne og Lars både inn i ein draum og ut på ein jomfrutur!
-
Spania 2021: Blas Cantó - Voy a quedarme
Morsmålpoeng ja, velproposjonerte trekk ja, bra falsett ja, men held dette for den lengsttapande nasjonen i Europa? Bør Spania setje inn eit ekstra gir snart, eller er 62+ år mellom kvar siger greitt nok for eit land som ikkje treng å delta i semifinaler? 12 Poeng tør å stille dei vanskelege...
-
Litauen 2021: The Roop - Discoteque
Følg 12 Poeng på Facebook: https://www.facebook.com/12poeng/ Eller Instagram: https://www.instagram.com/12poeng/ Og hugs å abonnere i din podcastspelar så dei siste episodene kjem direkte til ditt høyreapparat: https://anchor.fm/s/9dbc26c/podcast/rss Kva song er det eigentleg denne minner oss om?...
-
Tyskland 2021: Jendrik - I Don't Feel Hate
"Overraskande" nok har vi også denne gongen mykje å seie på artistnamnet - Tyskerane har i år tydelegvis sendt ein artist frå Moltustranda. Hanne har meiningar om nasjonale finaler. Lars er så og seie Justin Timberlake.
-
Kypros 2021: Elena Tsagrinou - El Diablo
Vi mimrar over bryllaupsreisa til Kopar-øya, dreg ein god del overtydelege parallellar til Lady Gaga og undrar oss over at alle kypriotar heiter Eleni, tydelegvis. Og viss du lurte er Hanne IKKJE ferdig med Tix-kontroversen.
-
MGP 2021 delfinale 5
12 poeng kan avsløre etter grundige undersøkingar at Carina Dahl ≠ Steinar Albrigtsen. Dessutan går vi vidare i føljetongen om Telemark og Grenland. Spanande greier. Og for første gong litt jazzprat, det var på tide... Skal tru om desse delfinalene er ferdige snart?
-
MGP 2021 delfinale 4
Diskusjonen går frå norske komiseriar via Grenland til Rune Rudberg sin tiss. Journalistikk på sedvanleg høgt niveau frå 12 poeng denne veka, fire nye semifinalistar og ei lokal finaleklar dame. Dette er grunnen til at vi tener dei ingen pengane på dette!
We're indexing this podcast's transcripts for the first time — this can take a minute or two. We'll show results as soon as they're ready.
No matches for "" in this podcast's transcripts.
No topics indexed yet for this podcast.
Loading reviews...
ABOUT THIS SHOW
Hanne og Lars presenterer Norges beste podcast om Eurovision Song Contest og Melodi Grand Prix!
HOSTED BY
12 Poeng
CATEGORIES
Loading similar podcasts...