Bakteppet

PODCAST · arts

Bakteppet

Bakteppet – korte dokumentarar om teater, kunst og kulturBakteppet er podkasten for deg som elskar scenekunst, eller som berre er nysgjerrig på kva som skjer bak kulissene. Kvar episode gir deg eit lite djupdykk i aktuelle tema frå teater, kunst og kultur – frå banebrytande teknologi og scenografi til portrett av kunstnarar, dramatikarar og regissørar. Gjennom reportasjar, intervju og stemningar frå teateret og andre kulturarenaer, får du korte, innlevande dokumentariske lydopplevingar som gir eit unikt innblikk i kunst- og kulturverda.Teater. Kunst. Kultur. Kreativitet.Perfekt for alle som vil oppdage nye perspektiv – anten du er teaterentusiast, kunstnar, student eller berre elskar gode historier. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  1. 78

    Om Olav Duun – og kvifor han framleis er relevant

    Kven var Olav Duun – og kvifor er han framleis ein av dei viktigaste forfattarane i norsk litteratur? I denne episoden av Bakteppet ser vi nærare på livet og forfattarskapen til Olav Duun, ei av dei store stemmene i nynorsk litteratur. Vi utforskar korleis oppveksten på Jøa i Namdalen forma språket, menneskesynet og forteljingane hans, og kvifor romanar som Medmenneske framleis treffer lesarar og publikum i dag. Gjennom refleksjonar frå fagmiljø ser vi på Duun som språkfornyar, som etikar og som skildrar av menneske i konflikt med seg sjølve og fellesskapet rundt seg. Episoden set òg Duun inn i ein større historisk og litterær samanheng – og spør kvifor han framleis blir lesen, spela og diskutert. Episoden er produsert av Siri Løkholm Ramberg, Inger Johanne Sæterbakk og Ole Herman Andersen for Det Norske Teatret. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  2. 77

    Lydbok: Medmenneske av Olav Duun (1:2)

    Medmenneske er ein roman av Olav Duun, lesen av Magne Olav Brevik.Lydboka er produsert av Aschehoug, og blir publisert i samarbeid med Det Norske Teatret.Lydboka er tilgjengeleg i ein avgrensa periode, og er ein del av markeringa av det er 150-år sidan Olav Duun blei fødd – og vi håpar du vil feire med oss!  Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  3. 76

    Lydbok: Medmenneske av Olav Duun (2:2)

    Medmenneske er ein roman av Olav Duun, lesen av Magne Olav Brevik.Lydboka er produsert av Aschehoug, og blir publisert i samarbeid med Det Norske Teatret.Lydboka er tilgjengeleg i ein avgrensa periode, og er ein del av markeringa av det er 150-år sidan Olav Duun blei fødd – og vi håpar du vil feire med oss! Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  4. 75

    om bruk av KI i kunsten

    Denne våren har ein heilt ny skodespelar hovudrolla på Det Norske Teatret. Ein skodespelar/medkreatør utvikla i eit samarbeid mellom ETC, NetNordic og Det Norske Teatret. Korleis påverkar det ein teaterproduksjon å jobbe så tett med kunstig intelligens og kan kunstig intelligens vere ein kunstnar – eller er den berre eit verktøy?  Vi har snakka med regissør Peer Perez Øyan, dramaturg Anders Hasmo, skodespelar Ane Dahl Torp og KI-konsulent Pål Mørk Hansen om kva for tankar dei har etter å ha jobba med KI over lang tid for å utvikle framsyninga Prosessen mot menneska! Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  5. 74

    om video i teateret

    Kva er greia med video i teateret? Kvifor har Kjersti Horn, saman med videoregissør Mads Sjøgård Pettersen, brukt dette grepet i framsyningar som Raskolnikov, Kristin Lavransdotter, Einkvan og no Hedda Gabler? Er det eigentleg eit nytt og moderne grep? Og kvifor er det så elska og hata? Vi har prøvd å finne svara du lurer på i denne episoden av Bakteppet!  Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  6. 73

    om Édith Piaf og Marlene Dietrich

    Ei langbeint blondine og ei lita brunette. Marlene Dietrich og Édith Piaf hadde krutsterk karakter, høge ambisjonar, absurd arbeidsmoral og nulltoleranse for å svelge kamelar. Det er desse to framsyninga Sporv og engel handlar om. Jazzsongar, cabaretartist og låtskrivar Hilde Louise Asbjørnsen har vigd store mengder av livet til å dykke ned i livet og musikken til damer som Édith og Marlene, og no delar ho litt av det ho veit om nett desse to, til dykk! Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  7. 72

    om Romeo og Julie

    Kva handlar eigentleg Romeo og Julie om? Kvifor har dette over 500 år gamle stykket framleis ein slik eineståande plass i teateret? Og kvifor blir no hovudrollene som dei to ungdomane spelt av skodespelarar som nærmar seg pensjonsalderen? I denne episoden kan du få svar på dette - og meir til. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  8. 71

    om gigangtkonkursen som endra verda

    15. september 2008 gjekk den amerikanske storbanken Lehman Brothers over ende. Dette er historia om den til då største konkursen i USA si historie. Fortalt og skrive av Einar Lie. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  9. 70

    Dekameronen del 10 • Elvis Presley Blues

    av Frode Grytten, frå «Garasjeland», Forlaget Oktober (2020).Fortalt av Ingrid Jørgensen Dragland Regissør: Siri Løkholm RambergI Dekameronen 2021 tek vi utgangspunkt i Giovanni Boccaccio si rammeforteljing frå 1300-talet, der 10 ungdommar har rømt frå byen og isolerer seg i ein villa på landet for å verne seg mot pesten. For å få tida til å gå fortel dei kvarandre historier.Ti av skodespelarane på Det Norske Teatret fortel ei historie kvar, over ti dagar. Det er ei røyndomsflukt og tidtrøyte, med morosame, alvorlege og gode forteljingar. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  10. 69

    Dekameronen del 9 • Utdrag frå 11 meter – Straffesparkets historie

    av Nils Henrik Smith, Kagge (2020). Fortalt av Kristoffer OlsenRegissør: Anders HasmoI Dekameronen 2021 tek vi utgangspunkt i Giovanni Boccaccio si rammeforteljing frå 1300-talet, der 10 ungdommar har rømt frå byen og isolerer seg i ein villa på landet for å verne seg mot pesten. For å få tida til å gå fortel dei kvarandre historier.Ti av skodespelarane på Det Norske Teatret fortel ei historie kvar, over ti dagar. Det er ei røyndomsflukt og tidtrøyte, med morosame, alvorlege og gode forteljingar. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  11. 68

    Dekameronen del 8 • Langtransport

    av Gaute M. SortlandFortalt av Sarah Francesca BrænneRegissør: Siri Løkholm RambergI Dekameronen 2021 tek vi utgangspunkt i Giovanni Boccaccio si rammeforteljing frå 1300-talet, der 10 ungdommar har rømt frå byen og isolerer seg i ein villa på landet for å verne seg mot pesten. For å få tida til å gå fortel dei kvarandre historier.Ti av skodespelarane på Det Norske Teatret fortel ei historie kvar, over ti dagar. Det er ei røyndomsflukt og tidtrøyte, med morosame, alvorlege og gode forteljingar. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  12. 67

    Dekameronen del 7 • Vegen til Aeshaness

    av Odd Goksøyr, frå «Aljamarkir», Det Norske Samlaget (2020).Fortalt av Unn Vibeke Hol Regissør: Siri Løkholm RambergI Dekameronen 2021 tek vi utgangspunkt i Giovanni Boccaccio si rammeforteljing frå 1300-talet, der 10 ungdommar har rømt frå byen og isolerer seg i ein villa på landet for å verne seg mot pesten. For å få tida til å gå fortel dei kvarandre historier.Ti av skodespelarane på Det Norske Teatret fortel ei historie kvar, over ti dagar. Det er ei røyndomsflukt og tidtrøyte, med morosame, alvorlege og gode forteljingar. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  13. 66

    Dekameronen del 6 • Ryktet går

    av Einar Økland. Frå «Forteljingar og fablar frå andre tider», Det Norske Samlaget (2015). Fortalt av Hilde Olausson Regissør: Anders HasmoI Dekameronen 2021 tek vi utgangspunkt i Giovanni Boccaccio si rammeforteljing frå 1300-talet, der 10 ungdommar har rømt frå byen og isolerer seg i ein villa på landet for å verne seg mot pesten. For å få tida til å gå fortel dei kvarandre historier.Ti av skodespelarane på Det Norske Teatret fortel ei historie kvar, over ti dagar. Det er ei røyndomsflukt og tidtrøyte, med morosame, alvorlege og gode forteljingar. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  14. 65

    Dekameronen del 5 • Heim

    I Dekameronen 2021 tek vi utgangspunkt i Giovanni Boccaccio si rammeforteljing frå 1300-talet, der 10 ungdommar har rømt frå byen og isolerer seg i ein villa på landet for å verne seg mot pesten. For å få tida til å gå fortel dei kvarandre historier.Ti av skodespelarane på Det Norske Teatret fortel ei historie kvar, over ti dagar. Det er ei røyndomsflukt og tidtrøyte, med morosame, alvorlege og gode forteljingar.av Marit Kaldhol. Frå «enno var dei kroppar», Det Norske Samlaget (2021).Fortalt av Andreas Koschinski Kvisgaard Regissør: Siri Løkholm Ramberg Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  15. 64

    Dekameronen del 4 • Ålen i glaset

    I Dekameronen 2021 tek vi utgangspunkt i Giovanni Boccaccio si rammeforteljing frå 1300-talet, der 10 ungdommar har rømt frå byen og isolerer seg i ein villa på landet for å verne seg mot pesten. For å få tida til å gå fortel dei kvarandre historier.Ti av skodespelarane på Det Norske Teatret fortel ei historie kvar, over ti dagar. Det er ei røyndomsflukt og tidtrøyte, med morosame, alvorlege og gode forteljingar.Av Lars Petter Sveen. Frå «Ingenmannsland. Nye nynorske noveller», Det Norske Samlaget (2020).  Fortalt av Niklas Gundersen Regissør: Anders Hasmo Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  16. 63

    Dekameronen del 3 • Eit besøk til Monk’s House

    I Dekameronen 2021 tek vi utgangspunkt i Giovanni Boccaccio si rammeforteljing frå 1300-talet, der 10 ungdommar har rømt frå byen og isolerer seg i ein villa på landet for å verne seg mot pesten. For å få tida til å gå fortel dei kvarandre historier.Ti av skodespelarane på Det Norske Teatret fortel ei historie kvar, over ti dagar. Det er ei røyndomsflukt og tidtrøyte, med morosame, alvorlege og gode forteljingar.av Gunnhild Øyehaug. Frå «Vonde blomar», Kolon (2020). Fortalt av Emil JohnsenRegissør: Siri Løkholm Ramberg Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  17. 62

    Dekameronen del 2 • Far og eg

    I Dekameronen 2021 tek vi utgangspunkt i Giovanni Boccaccio si rammeforteljing frå 1300-talet, der 10 ungdommar har rømt frå byen og isolerer seg i ein villa på landet for å verne seg mot pesten. For å få tida til å gå fortel dei kvarandre historier.Ti av skodespelarane på Det Norske Teatret fortel ei historie kvar, over ti dagar. Det er ei røyndomsflukt og tidtrøyte, med morosame, alvorlege og gode forteljingar.Novelle av Pär Lagerkvist, originaltittel Far och jag frå «Onde sagor» (1924). Framført etter avtale med © Pär Lagerkvist Estate. Omsett frå svensk av Inger Johanne Sæterbakk (2021)Fortalt av Amund Sigurdssønn KarlsenRegissør: Anders Hasmo Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  18. 61

    Dekameronen del 1 • Dei siste beatpoetane i Midt-Hordaland

    I Dekameronen 2021 tek vi utgangspunkt i Giovanni Boccaccio si rammeforteljing frå 1300-talet, der 10 ungdommar har rømt frå byen og isolerer seg i ein villa på landet for å verne seg mot pesten. For å få tida til å gå fortel dei kvarandre historier.Ti av skodespelarane på Det Norske Teatret fortel ei historie kvar, over ti dagar. Det er ei røyndomsflukt og tidtrøyte, med morosame, alvorlege og gode forteljingar.Av Ragnar Hovland. Frå «Vegen smal og porte trong», Det Norske Samlaget (1981)Fortalt av Karl-Vidar Lende Regissør: Siri Løkholm Ramberg Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  19. 60

    Tre kvinner - ei påskeforteljing

    Her får du høyre tre korte radiomonologar om kvinner i Jesu nærleik. Det er Salome som er mor til disiplane Jakob og Johannes. Det er Maria, Jesu mor, og det er Maria Magdalena.Dette er ei forteljing om påskebodskapen. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  20. 59

    Eit år for historiebøkene

    Lytt til ein samtale mellom Alfred Fidjestøl og teatersjef Erik Ulfsby om året 2020. Dette er ein podkast som tilhøyrer årsmeldinga 2020. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  21. 58

    Vikla inn i blått • Del 2

    Kor skal ein begynne når ein skal fortelje om kunsten til den mangfaldige Bob Dylan? Johnny Borgan veit meir om "his Bobness" enn dei fleste, og gjer eit forsøk. Han startar midt i historia i denne podcasten som går over to delar. Dette er del 2. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  22. 57

    Vikla inn i blått • Del 1

    Kor skal ein begynne når ein skal fortelje om kunsten til den mangfaldige Bob Dylan? Johnny Borgan veit meir om "his Bobness" enn dei fleste, og gjer eit forsøk. Han startar midt i historia i denne podcasten som går over to delar. Dette er del 1. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  23. 56

    Linje 5

    Kva har sjølve T-bana å seie for korleis ein bydel utviklar seg? Dette får du vite meir om når Anne-Kristine Kronborgs fortel om Linje 5 og utbygginga i Groruddalen. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  24. 55

    I røynda er det heilt stille

    24. mars, berre kort tid etter at teater over heile verda måtte lukke dørene, blei Roland Schimmelpfennigs essay The Show can’t go on publisert i Süddeutsche Zeitung. I denne korte teksten tar han for seg kunsten i krise.av Roland Schimmelpfennig Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  25. 54

    Fossefestivalen: Ein samtale mellom Erik Ulfsby og Luk Perceval

    Den internasjonale Fossefestivalen opnar 6. september og Erik Ulfsby og den belgiske regissøren Luk Perceval snakkar om forventningar, eigne erfaringar og forholdet til Jon Fosse. Luk Perceval har regien på Trilogien som spelar på Hovudscenen frå 6. september. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  26. 53

    Dramatikar J.T. Rogers om teaterstykket OSLO

    Lytt til dramatikar J.T. Rogers bakgrunn for teaterstykket OSLO og hans fyrste møte med Terje Rød-Larsen.OSLOav J.T. RogersRegissør: Stefan LarssonLes meir om framsyninga: https://www.detnorsketeatret.no/framsyningar/oslo/ Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  27. 52

    Innsikt til Oslo ved Ada Nissen

    Historikar Ada Nissen fortel her kortversjonen av historia om Oslo-prosessen og korleis eit norsk ektepar endte opp som fredsmeklarar i Midtausten.Oslo har premiere på Det Norske Teatret 11. januar 2019. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  28. 51

    Tusenkunstnaren David Bowie

    Forfattar og journalist Torgrim Eggen fortel om David Bowie, mannen med tusen ansikt og ein vrimmel av uttrykk.Lazarus har premiere på Det Norske Teatret 11. mai 2019 Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  29. 50

    l.i.f.e.g.o.e.s.o.n. etter urpremiere

    Dramatikar Rolf Kristian Larsen og skodespelar Heidi Gjermundsen Broch snakkar om arbeidsprosessar, premienervar og kunsten å gi frå seg eit personleg verk til skodespelarar. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  30. 49

    Introduksjon til Peer Gynt ved Erik Ulfsby

    Teatersjef Erik Ulfsby i samtale med Erlend Tårnesvik Dreiås om Peer Gynt på Det Norske Teatret. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  31. 48

    Peer Gynt frå 1948–2018

    Peer Gynt er kanskje den viktigaste framsyninga i Det Norske Teatrets 105-årige historie. Historieskrivar Alfred Fidjestøl fortel kvifor. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  32. 47

    Innsikt til Peer Gynt ved Ninja Benneche

    Introduksjon til Peer Gynt skrive og fortalt av Ninja Benneche. Podkasten er ein samproduksjon mellom Det Norske Teatret og NRK. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  33. 46

    Vidar Magnussen og Preben Hodneland i ein koseleg samtale

    Dei har jobba i lag på The Book of Mormon - no snakkar dei om rumpeinnlegg, premieregåver og framtide regioppdrag! Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  34. 45

    Institusjonen musikalspesial!

    Høyr The Book of Mormon-koreograf Johan Osuldsen og musikkansvarleg Lars Bleiklie grave seg ned i musikalsjangeren. Dei tippar at nokon kjem til å bli støytte og forlate salen! Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  35. 44

    Geir Kvarme og Marianne Krogh med Ti på to!

    Geir og Marianne samtalar om livet, kjærleiken og... nudiststrender! I denne episoden av podcasten Ti på to. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  36. 43

    Kristoffer Olsen og Markus Bailey med Ti på to

    Bli betre kjent med Kristoffer Olsen og Markus Bailey som begge er med i The Book of Mormon - og heng moglegvis litt for mykje saman! Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  37. 42

    Frank Kjosås Og Heidi Gjermundsen med Ti på to!

    Heidi Gjermundsen Broch og Frank Kjosås har spelt saman i mange store framsyningar hos oss. Høyr dei stille kvarandre spørsmål om karriera og livet i Ti på to! Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  38. 41

    Institusjonen med sommarpodden!

    Kva skal skodespelarane våre i sommar? Vi rigga til eit lite sommerstudio i sola og tok ein prat med Marie, Jon, Sjur, Julie, Agnes og Oddgeir om kva planane er! Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  39. 40

    Erik Ulfsby og Ingrid Olava i Ti på to!

    Erik hugsar ikkje at han spelte mot Ingrid i ein kortfilm då ho var 18, Ingrid må velje ei framsyning ho skal spele resten av livet og ein av dei syng ein hyllest til RBK. I podcasten Ti på to møter du ulike par, make og umake - i denne episoden er det ekteparet Erik Ulfsby og Ingrid Olava! Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  40. 39

    Goksøyr Og Martens i Institusjonen

    Høyr regissørene til 11 år fortelje om teatret sitt svar til filmen, samarbeidet med Ane Brun, og kva dei eigentleg ønskjer at publikum skal ta med seg på vegen ned frå stillasa. Du får også høyre Ane Brun sin versjon av Big Yellow Taxi! Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  41. 38

    Vi lanserer hausten 2017 i Institusjonen!

    Teatersjef Erik Ulfsby gir deg haustens framsyningar - med seg har han aktuelle Frank Kjosås, Markus Bailey, Charlotte Frogner, Heidi G. Broch og Catrine Telle! Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  42. 37

    Institusjonen møter Brit Bildøen og Nina Woxholtt om Sju dagar i august

    Sju dagar i august handlar om å miste sitt einaste barn 22. juli. Teaterpodden har tatt ein prat med forfattar og dramatikar Brit Bildøen og skodespelar Nina Woxholtt, som spelar hovudrolla som Sofie. Åsne Dahl Torp leiar samtalen. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  43. 36

    Innsikt til Overføring med Marit Råbu

    Framsyninga Overføring hentar stoff frå eit forskingsprosjekt utført av forskar og psykolog Marit Råbu. Ho har intervjua tretten pensjonerte psykoterapeutar om livet og yrkesvalet deira. I dette opptaket kan du høyre Råbu introdusere framsyninga i Bikuben. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  44. 35

    Institusjonen møter regissør Alan Lucien Øyen

    I denne podcasten får du vite kva song som beskriv Alan Lucien Øyen sin arbeidsmoral og om vegen hans frå dansen inn i teatret! Alan er for tida på teatret med framsyninga Som lauvet i Vallombrosa på scene 2. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  45. 34

    Innsikt til Edda med Jon Gunnar Jørgensen

    Framsyninga Edda tek oss inn i den norrøne mytiske verda. Men korleis såg dette verdsbilde ut? Høyr Jon Gunnar Jørgensen, professor i norrøn filologi, introdusere Edda! Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  46. 33

    Institusjonen snakkar om Heddadagene 2017

    Fire teatersjefer møttest på Oslo Nye for å snakke om kva Heddadagene eigentleg er. Er det ein festival? Mønstring? Kan ein sjå teater ute? Kva skjer eigentleg? Svara får du i denne podden! Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  47. 32

    Institusjonen møter Edda!

    Korleis går ein fram når ein skal gjere dei norrøne gudane til homoerotiske glamrockere? Høyr sjefen for maskeavdelinga og kostymeansvarleg på Edda fortelje om korleis det er å visualisere verket til ein av verdas største regissørar! Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  48. 31

    Ti på to med Kjersti Dalseide og Pål Christian Eggen

    Vi tok med Pål Chrstian Eggen og podcaststudioet inn i garderoben til Kjersti Dalseide. Vi gav dei to krukker med spørsmål og lukka døra. Det resulterte i ein prat om det dei er stolt av livet, replikkar som har sett seg og om isbjørnar utan pels! Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  49. 30

    Innsikt til Inkognito med Kaja Nordengen

    Kaja Nordengen brukar karakterane og historiene i Inkogntio som underlag når ho i denne introduksjonen fortel kvifor hjernen gjer som den gjer. Kva gjer Einstein til eit geni, og kvifor tek hjernen også dårlege val? Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  50. 29

    Institusjonen om Det er Ales

    Jon Fosse sitt verk, Det er Ales, er i hendene på ein italienar når den kjem på scene 3 i januar. I denne samtalen blir du betre kjend med regissøren Gianluca Lumiento og skodespelaren Maria Sand. Dei har turnert med framsyninga i Italia og er no klar for å gjere både ein norsk og ein italiensk versjon på Det Norske Teatret! Les meir om framsyninga:http://www.detnorsketeatret.no/framsyningar/det-er-ales/ Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Type above to search every episode's transcript for a word or phrase. Matches are scoped to this podcast.

Searching…

No matches for "" in this podcast's transcripts.

Showing of matches

No topics indexed yet for this podcast.

Loading reviews...

ABOUT THIS SHOW

Bakteppet – korte dokumentarar om teater, kunst og kulturBakteppet er podkasten for deg som elskar scenekunst, eller som berre er nysgjerrig på kva som skjer bak kulissene. Kvar episode gir deg eit lite djupdykk i aktuelle tema frå teater, kunst og kultur – frå banebrytande teknologi og scenografi til portrett av kunstnarar, dramatikarar og regissørar. Gjennom reportasjar, intervju og stemningar frå teateret og andre kulturarenaer, får du korte, innlevande dokumentariske lydopplevingar som gir eit unikt innblikk i kunst- og kulturverda.Teater. Kunst. Kultur. Kreativitet.Perfekt for alle som vil oppdage nye perspektiv – anten du er teaterentusiast, kunstnar, student eller berre elskar gode historier. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

HOSTED BY

Det Norske Teatret

Produced by Ole Herman Andersen

URL copied to clipboard!