Edder & Galle podcast artwork

PODCAST · sports

Edder & Galle

Ole Morten Hobberstad og Per Tore Salte tek deg med på ei engasjerande og innsiktsfull reise gjennom Bryne FK. I denne vekelege podkasten set duoen fokus på klubben – både på godt og vondt. Dei analyserer kampane, deler erfaringar, og har spennande gjester. I tillegg tek podkasten opp tema som er viktige for lytterne, og dei er alltid ute etter spørsmål og innspel frå lytterne om kva dei ønskjer at skal bli tatt opp i episodane.

  1. 89

    Tre poeng, tippetips og turprat

    I kveldens episode av Edder & Galle oppsummerer me kampen mot Åsane. Det blir kanskje ikkje den lengste kampgjennomgangen i historia, men det viktigaste er på plass: Bryne sikra seg tre poeng, og det er det ingen som klagar på.Tippetipsa blir òg gjennomgått, og som vanleg gjekk det betre for nokre enn for andre. Panelet tek dessutan ein prat om kontraktssituasjonane i Bryne. Kven bør få ny avtale, kven står i fare for å forsvinne, og kva tenkjer eigentleg panelet om situasjonen?I ein litt meir uformell del av episoden kjem det spørsmål om fotball-VM som går føre seg no. Kven trur panelet står att som verdsmeister når alt er avgjort?Episoden blir avslutta med ein gjennomgang av den komande bortekampen mot Stabæk. Dette er ein kamp me sjølve skal på, og kva som skjer undervegs på turen kan du faktisk få ein avgjerande påverknad på. Men korleis? Det får du berre svaret på ved å høyre episoden.

  2. 88

    Bislett-fest, tippefiasko og vind frå alle kantar

    I dagens episode av Edder & Galle er det mykje å jubla for etter Bryne sin sterke 3–0-siger borte mot Lyn på Bislett. Fleire spelarar skal opp på børsen, og gutane går gjennom prestasjonane som la grunnlaget for tre viktige poeng i hovudstaden.I Tippetipset går det denne gongen diverre ikkje heilt etter planen. Likevel er statistikken framleis solid, og nye tips blir sette med eit klart mål om å finna vegen tilbake til sigerssporet så raskt som mogleg.I spørjespalta blir gutane utfordra til å setja saman laget til ein tenkt 100-årsjubileumskamp. Kven fortener plass? Kven blir urettvist utelaten? Og er det nokon som slepp gjennom nålauget utan å ha gjort seg fortent til det? Her blir det garantert rom for usemje. I tillegg får panelet ei språkleg utfordring som dei, kanskje ikkje heilt overraskande, ikkje klarer å løysa under innspelinga. Det kjem òg spørsmål om den berykta vinden på Bryne stadion og kva rolle han eigentleg spelar.Til slutt rettar gutane blikket framover mot helga og den komande kampen mot Åsane. Kva ventar Bryne, og kva må til for å følgja opp den imponerande sigeren på Bislett?

  3. 87

    Poenga varma mest

    Etter to kampar utan siger er vi tilbake på vinnarsporet. Hødd blir slått 1–0, og sjølv om kampen kanskje ikkje går inn i historiebøkene for den store underhaldningsverdien, leverer vi ein solid prestasjon og viser at vi er eit betre fotballag enn laget frå Ulsteinvik. Tre særs viktige poeng er i boks.Samstundes held tippetips-suksessen fram, og vi samlar inn pengar til Barnekreftforeningen. I samband med Fotballtrøyefredag skal vi òg trekkje heldige vinnarar av flotte premiar.Nokre lyttarspørsmål har òg funne vegen inn i episoden, og heilt til slutt kastar vi eit lite blikk framover mot den komande kampen mot Lyn.God lytting! 

  4. 86

    Kupongen sat. Resten er framleis diskutabelt.

    Ny episode av Edder & Galle er klar! Bryne har vore i aksjon igjen, men ny trepoengar lèt framleis venta på seg. Likevel finn Per Tore noko positivt å ta med seg frå kampen i Drammen, medan Ole Morten held litt meir igjen sjølv om også han byrjar å sjå konturane av noko. Duoen går gjennom kampen, prestasjonane og kva som må bli betre framover.I Tippetipsen klaffar det igjen for begge to, og med fulltreff denne runden er sjølvtilliten på topp før nye tips skal setjast. Ole Morten får denne gongen ansvaret for dei anonyme spørsmåla, og der ventar både forventningar, utfordringar og nokre små oppdrag. Til slutt vender blikket seg mot den komande Hødd-kampen.

  5. 85

    Ei uro har meldt seg

    Episode to denne veka er ikkje for dei fintfølande sjelene. Etter eit blytungt 3–0 tap borte mot Raufoss, haglar det med krass kritikk frå Edder & Galle-panelet. Mykje manglar i laget, og særleg trenarbenken får hard medfart på børsen denne gongen. Alarmen har gått i klubben, men det blir understreka at ansvaret ikkje kan leggjast på enkeltposisjonar åleine. Det kjem òg inn eitt og to lyttarspørsmål undervegs, og heller ikkje denne episoden slepp spissen til Bryne FK unna kritiske stikk.

  6. 84

    Bunad, ball og beinhard kritikk

    På sjølvaste nasjonaldagen kjem ein ny episode av Edder & Galle.I denne episoden blir det sjølvsagt slakting av ein spelar sitt val denne veka, og me går grundig gjennom kampen på fotballens nasjonaldag. Me meiner Bryne Stadion viste seg frå ei god side. Her er det absolutt mogleg å skapa fotballfest 16.mai.Det blir òg nok ein gong klirrande mynt i tippespalta.Berre å tune inn! Ny kamp ventar alt onsdag, så dette er den første av to episodar denne veka.

  7. 83

    Forrykande start og klassisk Bryne-avslutning

    Bryne tok endeleg med seg alle poenga heim etter ein sterk bortekamp mot Moss på Melløs. Dei raudkledde opna kampen i forrykande tempo og gjekk til pause med ei solid 3–0-leiing. Sjølv om det blei nokre nervøse minutt på tampen og eit par ekstra tankar i overtida, heldt Bryne unna og sikra ein etterlengta triumf på Austlandet.I denne episoden av Edder & Galle går podkast-duoen gjennom kampen og svarar på det alle lyttarane lurer på: Er dei eigentleg nøgde med det dei fekk sjå på Melløs? Stemninga er i alle fall god når praten kjem inn på spalta «Tippetips», der duoen igjen traff blink og held fram den sterke starten.Til slutt rettar dei blikket framover mot neste utfordring: kamp på fotballens nasjonaldag, 16. mai, heime mot Strømmen. Kan Bryne byggja vidare på sigersrusen heime på Bryne Stadion?

  8. 82

    Frå cruise control til bremsesvikt i overtida

    Ein ny episode av Edder & Galle startar med det som skulle vere ein koseleg kveld for Bryne, men som sjølvsagt ikkje fekk lov til å vere det. 3–0 mot Sogndal burde vere spikra og klart, ferdig snakka, takk for i dag. I staden blir det to baklengs langt inn i overtida, og plutseleg sit alle og stirer tomt ut i lufta og lurer på kvifor dette alltid skjer. Det luktar ikkje berre svidd, det luktar litt sjølvpåført dramatikk.I spalta for anonyme spørsmål kjem det inn mykje av det same: kva er det eigentleg som føregår i dette laget? Er det konsentrasjonen som forsvinn, eller er det berre ein slags kollektiv trong til å gjere kampane unødvendig spennande? Panelet prøver å svare så godt dei kan, men det blir med eit forsiktig nivå. Ingen går heilt i strupen på nokon, sjølv om det kanskje klør litt.Så var det tippe-spalta, ja. Eit lite lysglimt i alt dette. Starten i år har faktisk vore brukbar, i alle fall om ein justerer for fjoråret, og det gjer dei veldig gjerne. Sjølvtilliten er tilbake, i alle fall høg nok til å setje nye tips utan å rødme altfor mykje.Til slutt rettar dei blikket mot neste kamp, borte mot Moss på Melløs. Det blir snakka om eit lag som kjem til å gi Bryne kamp, og at dette neppe er plassen for å eksperimentere med nye måtar å sleppe inn mål på heilt på slutten. Kanskje oppskrifta denne gongen er å spele i 90 minutt pluss tillegg, ikkje berre 85. Det hadde vore ein fin start.

  9. 81

    Ein tung jubileumskveld på Bryne Stadion

    I denne episoden av Edder & Galle tek me eit tungt oppgjer med kampen mot Odd. Me starta godt, med tru og energi, men så kom utligninga og med ho den snikande kjensla: skal det glippe igjen i dag og?Dessverre fekk den kjensla rett. På verst tenkeleg vis sette Odd inn sigersmålet på overtid, og Bryne stod att med null poeng i sin eigen 100-årsjubileumskamp. Det gjorde vondt. Skikkeleg vondt.Som alltid deler me ut børs, kven stod fram, kven må opp eit hakk, og kva kan me ta med oss vidare?Allereie fredag 1. mai ventar ein ny sjanse, når Sogndal kjem til Bryne Stadion. Eit lag som og slit, men som kjem med tre poeng i bagasjen. Dette er ein kamp Bryne må vinne, enkelt og greitt. Me håpar, me trur, og me kjenner på spenninga saman med dykk. Senk skuldrene litt saman med oss i denne episoden, og så håpar me at me sjåast på stadion.Før me rundar av, tek me oss ogtid til å heidre Sverre Sele. Ein ekte heidersmann som har sett djupe spor i klubben. Bli med oss heilt til slutt.

  10. 80

    Ein start å gløyme men ein episode å høyre

    I dagens episode av Edder & Galle er stemninga tung etter endå eit tap, denne gong mot EIK. Tre av tre tap i starten av sesongen gjer at praten fort blir prega av frustrasjon, og gutane prøver å setje ord på kva som eigentleg ikkje fungerer. Dei er innom både spelet, enkeltprestasjonar og mangelen på flyt, og det blir tydeleg at dette ikkje berre kan forklarast med uflaks.I spalta anonyme Snapchat spørsmål slepp lyttarane til med det dei meiner. Her kjem det mange direkte og ufiltrerte spørsmål, og fleire er opptekne av ein situasjon som skjedde etter kampen. Duoen meiner sjølv at den har blitt blåst litt ut av proporsjonar, og dei gir sitt syn utan å legge så mykje imellom. Elles går det i spørsmål om kva som bør endrast, både taktisk og i laget, og svara er like ærlege som spørsmåla.Mot slutten snakkar dei om helga og jubileumskampen til Bryne. Det blir jubileumsdrakt og opplegg før kamp i Telt E utanfor stadion. Kampstart er klokka 20:00, så her handlar det berre om å få seg billett og møte opp. Sjølv om starten har vore tung, er bodskapen klar, dei har ikkje gitt opp, og håpar mange andre heller ikkje har gjort det.

  11. 79

    Poengtørke for Bryne, men jackpot i tippespalten

    I denne episoden av Edder & Galle er stemninga prega av frustrasjon etter eit nytt tap for Bryne, denne gongen heime mot Ranheim. I spelarvurderinga må pisken fram att, for prestasjonane held ikkje mål. Sjølv om det finst nokre lyspunkt i laget, er dei for få, og panelet etterlyser meir stabilitet og framgang.Blikket blir retta mot helga, der Bryne skal til Egersund for å møte EIK. Det blir venta ein tøff og fysisk kamp, og Bryne må vere skjerpa frå start om dei skal ha håp om poeng.Eit klart lyspunkt i episoden er tippe-spalta. Allereie i runde to har dei treft blink, og spenninga er knytt til om Hobberst held fram med suksessen, kanskje med ein ny Odd-gevinst eller om han prøver noko nytt. Samstundes har Per Tore fått full utteljing med si tru på Moss denne gong, og det er uvisst kva han går for i denne runden.

  12. 78

    Bitre siffer, nye kampar og historisk drakt

    I denne episoden av Edder & Galle tek vi føre oss det bitre 3–0-tapet på Gjemselund mot Kongsvinger. Er det grunn til uro, eller lyver resultatet?Det vart heller ikkje full klaff for podkast-duoen i tippe-spalta. Berre ein av to kampar sat. Men dei gir seg ikkje, og prøver igjen!I tillegg snakkar dei om den komande heimekampen mot Ranheim, og den nye 100-årsdrakta blir vurdert og diskutert.

  13. 77

    Seriepremiere, spenning og store forventningar

    No er ventetida snart over, og endeleg er det klart for kampar med tre poeng i potten. Bryne serieopnar borte mot Kongsvinger på Gjemselund måndag klokka 14.30, og stemninga byrjar verkeleg å byggje seg opp.For å hjelpe dykk gjennom dei siste dagane før avspark har vi sett saman ein episode stappa med godt innhald. Her får de vårt store tabelltips før sesongstart, dei etterlengta tippetipsa er tilbake, og vi peikar ut fleire spel vi meiner det kan vere verdt å sjå nærare på.Sjølvsagt tek vi også ein grundig prat om den komande kampen mot KIL og kva vi kan vente oss når sesongen endeleg sparkast i gang.I tillegg får de høyre frå fleire spennande stemmer rundt laget og klubben. I denne episoden møter de Remi Svinland, Nicklas Strunck, Lars Erik Sødal, Kristoffer Hay, Paya Pichkah, Jacob Haahr Steffensen og trenar Ørjan Heiberg.Dette er episoden du må få med deg før serieopninga.

  14. 76

    Frå cupskuffelse til draktdebatt

    I denne episoden av Edder & Galle tek me føre oss cupkampen mot Brann, ein kamp som dessverre enda med at Bryne måtte takke for seg i cupen. Me sit att med kjensla av at kampbiletet kunne vore utnytta betre, for det var periodar der moglegheitene var der, men det mangla litt på dei avgjerande vala og det siste trykket framover. Likevel er det ikkje berre svartmaling, laget går av bana med heva hovud og har mykje å byggje vidare på.Vidare tek me for oss nokre innsendte spørsmål frå lyttarane. Eit av dei store temaa er troppen slik han ser ut no, om ein skal halde fram med det ein har eller om det trengst friskt blod. Me diskuterer om stallen verkeleg er så spennande som nokre meiner og kjem med våre eigne tankar som kanskje ikkje er heilt det du forventar.Til slutt snakkar me om den nye Bryne-drakta. Førsteinntrykket var positivt, men etter litt meir ettertanke byrjar me å sjå ho med litt andre auge. Har me vore for raske til å dømme eller for snille?Alt dette og litt til får du i denne episoden av Edder & Galle.

  15. 75

    Cupspesial: Bryne - Brann

    Bryne er klare for kvartfinale i cupen, der Brann kjem til Bryne Stadion. Tener Bryne på det igjen?Gjer grasmatta det like vanskeleg for Brann som ho var for Rosenborg? Vi håpar det og ladar opp med ein liten cupspesial før kampen.Det er litt skadar i Brann, så kanskje finst det moglegheiter her. Ventar det ein semifinale på Bryne? 

  16. 74

    Cupdrama på Bryne Stadion og spørsmål frå lyttarane

    I denne episoden av Edder & Galle høyrar du sjølvsagt om den store snakkisen: cupbragda på Bryne Stadion der Bryne slo ut Rosenborg etter ekstraomgangar. Det var ein skikkeleg cupkamp, intens, nervepirrande og med ein stadion som levde frå første til siste minutt. Me snakkar om atmosfæren på tribunen, dei avgjerande augneblikka i kampen og kva denne sigeren betyr både for laget og for supporterane. Me kjem òg innom treningskampen mot Sogndal. Kanskje ikkje like dramatisk som cupkampen, men likevel ein kamp som gir nokre svar og kanskje endå fleire spørsmål om kor laget står akkurat no.Til slutt tek me for oss lyttarspørsmål om laget, spelarane og klubben generelt. Kven har imponert mest så langt i sesongen? Kva kan me forvente framover? Og korleis ser eigentleg vegen vidare ut for Bryne?

  17. 73

    Cupspesial: Bryne–RBK

    I denne episoden av Edder & Galle er det duka for skikkeleg cupstemning! Søndag ventar 4. runde i NM når Bryne tek imot Rosenborg på Bryne Stadion, og me køyrer ein rein cup-spesial.Me startar med siste nytt frå begge leirar før kampen. Korleis står det til med Bryne inn mot storbesøket frå Trondheim? Kva slags form kjem Rosenborg i, og kva kan me venta av kampbiletet når desse to møtest i cupen?Vidare snakkar me om den nyinnkjøpte keeperen til Bryne. Kven er han, kva kvalitetar kjem han med, og kva er planen klubben har for han framover? Me drøftar både rolla hans i troppen og kva dette kan bety for laget i tida som kjem.Som om ikkje det var nok, har me og ei nyheit me verkeleg har gledd oss til å dela med dykk lyttarar. Dette har vore under arbeid ei stund, og no kan me endeleg fortelja kva som er på veg.

  18. 72

    Folkets spesial

    Edder & Galle er endeleg tilbake etter ein pause som vart ein veke lengre enn planlagt. For å ta det igjen køyrer me ein skikkeleg folkets spesial, der heile episoden går rett på innsendte spørsmål.Det har kome inn mange spørsmål i alle variantar. Nokre er gode, andre litt mindre gode. Nokre er lange, andre korte. Uansett svarar me på alt.Det blir snakk om taktikk, kven som bør starta for Bryne, overgangar inn og ut, og mykje anna. Rett og slett ei episode laga av og for folket.

  19. 71

    Gjest: Ørjan Heiberg

    Vi er så heldige å ha fått besøk av Ørjan Heiberg, Bryne sin nye hovudtrenar. Vi tek opp spørsmåla som har kome inn, og går elles gjennom korleis Ørjan ønskjer at Bryne skal framstå, og kva slags kultur han vil byggje her ute på Jæren. Det er framleis tidleg, så det blir for tidleg å seie for mykje om det sportslege sidan laget berre har vore i gang i nokre veker. Difor har vi brukt denne episoden til å bli betre kjende med Ørjan, og vi håpar de kjenner at de blir det same. Vi har allereie planar om å få han inn att før sesongen startar. 

  20. 70

    Trenarar, Bondehæren og alt lyttarane lurte på

    Edder & Galle er tilbake, akkurat sånn det skal vera. Denne gongen har me gjort det enkelt og latt lyttarane finna på kva me skal snakka om. Det har ramla inn alt mogleg av spørsmål, og me pløyer oss gjennom bunken med like delar synsing, skråsikkerheit og kødd.Men først: trenarar. Ørjan Heiberg er på plass som hovudsjef i Bryne, og no har han fått med seg Børre Steenslid som assistent. Kva slags duo er dette? Blir det hard pisk, mjuk klem, eller ein god miks? Me prøver å lesa teblada og setja saman bildet av kven som faktisk skal styra dette prosjektet.Derifrå går praten vidare i alle retningar: Bondehæren, Store Stå, spelarar inn, spelarar ut, og alt det andre ein Bryne-supportar eigentleg går og lurer på. Litt struktur, mykje kaos men akkurat slik ein Edder & Galle-episode skal vera.

  21. 69

    Nedrykket – Del 4: Då alt rakna

    I den fjerde episoden av Nedrykket følgjer Edder & Galle dei siste, skjøre håpa og augeblikket då alt fell saman.Innspurten i Eliteserien gir eit lite glimt av tru. Resultat andre stader, kvalikplassen innan rekkevidd, og kjensla av at det kanskje kan gå likevel. Tapet mot Sarpsborg 08 svir, men sesongen lever. Så kjem kvaliken, og med den optimismen. Den litt farlege optimismen. For sjølv om frykta for Aalesund ligg der, er det mange som tenkjer: Dette tek me.Det gjer me ikkje.3000 menneske på stadion får sjå eit Bryne-lag som kollapsar fullstendig. 0–4 heime. Ingen trykk. Ingen sjansar. Eit uttrykk som reiser fleire spørsmål enn det gir svar. Returoppgjeret gir eit lite plaster på såret, betre spel, 1–0-siger, men det er for lite, for seint.Etterpå startar den verkelege kampen: Kven eig ansvaret når ein klubb fell? Trenaren? Spelarane? Styret? Og kva skjer med små klubbar som prøver å overleva i stadig større rom?

  22. 68

    Nedrykket – Del 3: Spillerflukt, varsler og klubbens håndtering

    I denne episoden av Edder & Galle ser vi nærare på den dramatiske utviklinga som vi meiner førte klubben til nedrykk. Vi startar med den sterke opninga på Eliteserien, der laget fekk både poeng og sympati, men raskt mista fotfestet på grunn av både sportslege utfordringar og aukande press frå media. Plutseleg blei tre nøkkelspelarar oppsagde utan førehandsvarsel, og salet av årets spelar kom som eit sjokk for supportarane.Vi tek òg for oss varslar frå anonyme spelarar om fryktbasert leiing og manglande tillit til klubben. På eit supportarmøte måtte leiinga forklare seg. Kva var det eigentleg som skjedde bak kulissane?Episoden tek oss med på ei reise gjennom det vi trur var utfordringane i klubben, og dei ytre medie- og supportarmeiningane som sette spor. Kva gjekk gale, og kven betalte prisen for klubbens kollaps?

  23. 67

    Nedrykket – Del 2: Var det opprykket som skjulte sprekkene?

    I del to av Nedrykket går me tett på ein av dei mest intense og følelsesladda periodane i nyare Bryne-historie. For kva skjer når suksessen kjem raskare enn nokon hadde trudd?Me startar med kvalikdramaet i 2023. Kampane mot Raufoss, pubane heime som kokte over, Start-fadesen med varmeanlegget – og til slutt straffetapet mot KBK. Trass i skuffinga sat kjensla igjen: Dette er meir enn godt nok. Kanskje betre enn me våga å seie høgt.Så kjem 2024-sesongen. Året ingen trudde var mogleg. Jamn poengfangst, ein stadig tydelegare Kevin Knappen på sidelinja – og ein klubb som berre veks. 2. plass, direkte opprykk, fullsett stadion og ein by i ekstase. Bryne er tilbake der mange meiner dei høyrer heime.Men medan jubelen står høgt, blir det stille rundt det som skurrar. I denne episoden spør me kvifor. Kvifor vart ingenting problematisert? Handla det om frykt, respekt – eller om resultat som fungerte som munnkorg?Episoden rundast av i overgangen til Eliteserien. Optimismen rår. Ambisjonane er store. «Me skal sjarmere Norge.»Spørsmålet er berre kva som følgjer med opp.

  24. 66

    Nedrykket – Del 1: Kva var det som eigentleg skjedde?

    I denne første delen av serien Nedrykket går me tilbake til starten. Før tabellplasseringar, før overskrifter – og lenge før nedrykket i 2025 var eit faktum.Me tek for oss ansetjinga av Kevin Knappen, turbulensen rundt Even Sel, og valet klubben tok mellom styrelogikk og klubbkjensle. Korleis vart avgjerda oppfatta av spelargruppa og supportarane? Og vart det lagt ein grunnmur som seinare skulle slå sprekker?Vidare går me gjennom 2022-sesongen: seks strake tap, taktiske justeringar og ein 11. plass som på papiret var godkjend – men som likevel skapte uro. Kva skjer når tillit og tvil lever side om side?I 2023 strammar alt seg til. Kravstor trenarstil, rykte i kulissane og den mykje omtalte grillfesten. Samstundes kjem sportsleg framgang, og spørsmåla blir færre. For så lenge ein vinn, er det lett å sjå ein annan veg.Episoden avsluttar med ein draum om opprykk og ei varsam åtvaring: Under overflata byrjar det å ulme.Dette er ikkje berre ei fotballhistorie. Dette er starten på noko større.

  25. 65

    Eit nederlag me aldri gløymer

    I denne episoden av Edder & Galle tek me føre oss eit blytungt kapittel i Bryne-historia. Trass i ein 1–0-siger i returoppgjeret mot Aalesund, vart det umogeleg å hente inn det brutale 0–4-tapet frå heimekampen. Med 4–1 samanlagt må Bryne gi frå seg plassen i Eliteserien og gjere seg klare for OBOS-ligaen.Me set børs frå kampen i Ålesund og kårar dei tre beste Bryne-spelarane i årets sesong basert på vår vurdering. Episoden tek òg opp fleire av dei uavklarte spørsmåla rundt klubben. Kva skal ein meine om trenersituasjonen og episodane som prega laget etter sommaren? Kor samde  eller usamde er me eigentleg når det kjem til supportarkulturen rundt klubben? Og som alltid: samtalen tek nokre uventa avstikkarar, mellom anna til merkelege preferansar rundt kva som høyrer heime på juletallerkenen.

  26. 64

    Fullt hus, total forvirring og eit manus som ikkje stemte

    I denne episoden av Edder & Galle sit Hobberst og Salte i studio og prøver å fordøye det som må vere eit av dei mørkaste kapitla i Bryne si nyare historie. Bryne tapte 4–0 heime mot Aalesund i den første av to kvalifiseringskampar mot eit lag frå divisjonen under, og heile Jæren står igjen i sjokk.Programleiarane legg ikkje skjul på frustrasjonen. Dei kallar prestasjonen sesongens desidert svakaste, og meiner det som utspelte seg på Bryne Stadion søndag kveld var ei blanding av kollaps, energiløyse og taktisk forvirring. For kvart mål Aalesund scora forsvann meir av håpet om vidare liv i Eliteserien, og studioet sit att med kjensla av å ha sett ein klubb som blei overkøyrd på alle vis.Sjølv om stemninga er prega av sinne, uro og eit snev av oppgitt latter, prøver dei å leite fram eit slags fnugg av håp før returkampen. Kanskje eit mirakel, kanskje ein total snuoperasjon. Det er langt frå sannsynleg, men dei nektar å gravleggje sesongen før fløyta faktisk har gått.Samtidig varslar både Hobberst og Salte at dersom mirakelet skulle inntreffe, så vil det ikkje spare klubben frå ei knallhard sesongevaluering. Denne hausten meiner dei at krev både ærlighet og oppvask.Episoden sluttar med eit stønn, eit sukk og eit lite glimt av optimisme, men berre akkurat nok til at Bryne-supportarar kan halde seg fast i noko dei neste dagane: håpet, det siste som døyr.

  27. 63

    Det går jo bra… eller?

    I denne episoden av Edder & Galle kjem duoen inn i studio med eit breitt glis etter at Bryne slo Haugesund 4–1 på bortebane i araberenes by. Dei prøver riktignok å halde litt igjen når dei set børsen, for motstanden var kanskje ikkje heilt av den skarpaste sorten.Lyttarane har sendt inn haugevis av spørsmål, og guttene svarar på alt dei rekk, frå kven som bør starte neste kamp til kor mykje ein eigentleg tør å tru på Eliteserien 2026. No ventar Aalesund over to kampar i kvaliken om den siste plassen.Hobberst og Salte er ikkje heilt overtydde, men dei klarer heller ikkje å skjule at dei kjenner eit lite håp som lurar. Kanskje dette faktisk kan tippe Bryne sin veg.

  28. 62

    På veg inn i kvalik: uro, spørsmål og håp

    I denne episoden av Edder & Galle er det merkbart dårleg stemning i studio. Bryne har tapt heime mot Sarpsborg 08, og prestasjonen gav lite å glede seg over. No må laget ut i kvalik for å redde plassen i Eliteserien, men først ventar bortekamp mot FKH i Haugesund. Der handlar det mest om å få tilbake litt sjølvtillit og å bygge opp trua før kvaliken, sjølv om ingen enno veit kven motstandaren blir.Panelet går gjennom det meste av det som skjer rundt klubben, både sportsleg og utanfor bana. Det kjem mange spørsmål frå lyttarane, om alt frå spelet på bana til marknadsarbeidet i klubben. Som vanleg svarer gjengen i studio heilt ærleg, sjølv om humøret er litt gråare enn vanleg etter den svake Bryne-kampen.

  29. 61

    Edder & Galle lader opp til nervepirrande helg

    I denne vekas episode av Edder & Galle blir det litt prat om landslaget. Panelet er godt nøgde med at Erling Braut Håland skal dra resten av Noreg med seg til VM i 2026.Det blir sjølvsagt også satsa i tippehjørnet, og denne gongen går gutane skikkeleg høgt ut.Lyttarane har sendt inn fleire kjekke spørsmål som blir tatt opp i studio.Til slutt snakkar dei om helgas kamp heime mot Sarpsborg 08. Bryne kan framleis unngå kvalik, men mykje kjem an på kampen i Oslo dagen før når Vålerenga får besøk av KBK. Edder & Galle er spente før ei viktig fotballhelg.

  30. 60

    Håp, tru og litt desperasjon

    I vekas episode av Edder & Galle byr det som vanleg på børs etter eit 5-0 tap nordpå mot Bodø/Glimt. Dei fleste hadde vel lite tru på poeng på Aspmyra, og fasiten vart som venta tung. Hobberstad og Salte kikkar også på det vesle håpet som framleis finst for å unngå kvalik. Ja, vi må kanskje omtale det som eit lite håp, men det er der. Samtidig vurderer dei kven dei helst vil møte dersom Bryne likevel hamnar i kvalik, noko som gjer at gutane verkar innstilte på ein utvida sesong.Til slutt er dei innom landslaget som står framfor ei avgjerande kamp mot Estland komande torsdag på Ullevaal. Italia ventar på sundag, og der håpar dei at det heile kan bli ein rein parademarsj.

  31. 59

    Trua er tilbake – kven skulle tru det?

    Bryne slo Brann, og stemninga i studio er på topp! Gutane går gjennom kampen med spelar­børs, og til og med den mest pessimistiske røysta i podkasten er blitt overtydd: Dette laget skal i det minste ta kvalikplassen til Eliteserien. Kanskje kan det til og med bli trygg plass?Lyttarane har sendt inn mange spørsmål. Nokre er urolege for kvar ein eventuell kvalikkamp må spelast, andre lurer på kven som bør få vere med vidare og kven som har gjort sitt. Alt dette og mykje meir får du svar på i dagens episode.Til slutt rettar vi blikket mot oppgjeret mot Bodø/Glimt. Er det håp for Bryne denne gongen? Vi ser på ståa i begge laga og kven som er klare til kamp.

  32. 58

    Drittkamp og dårleg folkeskikk

    I dagens episode må Hobberst og Salte dessverre ta lytarane med gjennom det bitre tapet mot Viking. Stemninga er alt anna enn lystig, og det kjem tydeleg fram i både praten og på børsen, for duoen er slett ikkje nøgde med det dei såg på Lyse Arena.Under tribunene og inne i garderoben etter kampen var det mykje som ikkje heldt mål, og det får så hatten passar. Her blir det slakt, og med rette.Lyttarane har sendt inn mange gode spørsmål som styrer delar av praten, og i etter tippekonkurransen frå førre runde byrjar Hobberst å dra ifrå. Salte kjenner presset og innrømmer at han må skjerpe seg framover.I fantasy-spalta går det heller trått for begge to denne veka. Ingen av dei har mykje å skryte av, og tonen er både sjølvironisk og småbitter.Mot slutten av episoden rettar dei blikket mot helgas kamp på Jæren, der Brann kjem på besøk. Er det håp om poeng? Det er kanskje ikkje stor optimisme i studio, men som alltid håpar dei, trass alt.

  33. 57

    Børs, spalter og spenning før hatoppgjeret

    I dagens episode av Edder & Galle tek me for oss Rosenborg-kampen og gir spelarane karakterar på børsen. Som vanleg er me og innom dei faste spaltene, og denne gongen har me fått inn ein heil haug med gode lyttarspørsmål.Men det alle eigentleg går og tenkjer på, er det som ventar: Bryne skal til Stavanger for å møte Viking. Det store lokaloppgjeret nærmar seg, og stemninga i studio er prega av både nervar, forventning og eit solid innslag av forakt for dette møkkalaget frå byen.

  34. 56

    Når ballen ligg stille, går kjeften

    I denne veka sin episode er det ingen kamp å analysere, og dermed heller ingen børs å dele ut. Men fortvil ikkje, vi finn sjølvsagt noko å snakke om likevel.Vi er innom landslagsfotballen ein liten tur, men går raskt vidare til spørsmål frå lyttarane. Mykje handlar om sesongen vi står midt i, og korleis avslutninga kan sjå ut. Det kjem ogspørsmål om vi i panelet angrar på nokre av utsegnene våre frå førre episode, eit tema som skaper litt diskusjon.Til slutt rettar vi blikket mot helgas kamp mot Rosenborg. Har vi eigentleg ein sjanse mot eit lag som kanskje ikkje heilt lever opp til namnet sitt for tida?

  35. 55

    Tap i Sandefjord og oppførsel som ikkje held nivå

    I denne episoden av Edder & Galle tek vi for oss Brynes tap borte mot Sandefjord. Både Hobberst og Salte sat på tribunen, og det dei såg var lite å juble for.Det blir som vanleg tid til faste spalter, nokre korte og andre litt lengre. Denne gongen har gutane også fått inn fleire gode lyttarspørsmål, blant anna om korleis Bryne-supportarane oppfører seg på bortetur.Her blir det ikkje haldne igjen: Edder & Galle slaktar oppførselen til enkelte på tur. Vi er ikkje på reise for å ha VM i drikking eller drive hærverk på andre sine arenaer. Slike tilhøve øydelegg for både klubben og dei mange gode supportarane som oppfører seg fint. Det må stoppast no.

  36. 54

    Optimisme på lågt batteri – men vi drar likevel

    I denne veka si episode av Edder & Galle ligg det eit lite slør av optimisme over studio. Etter ein lang og tung periode fekk Bryne-folket endeleg noko å smile av då laget slo Kristiansund 2–0 i bunnoppgjeret på Bryne stadion. Det gir nytt håp i nedrykksstriden og både Hobberst og Salte ser eit lite lys der framme i den elles mørke tunnelen.Som vanleg er duoen innom alle dei faste spaltene frå analyse av kampen og spelarprestasjonar til humoristisk frustrasjon over livet som Bryne-supportar.Til slutt ser dei framover mot neste utfordring: bortekampen mot Sandefjord. Begge skal dit for å støtte laget.

  37. 53

    Lys i tunellen – Bryne kjempar vidare i liga og cup

    I denne vekas episode av Eder & Galle pustar gutane i studio endeleg litt lettare ut. Bryne har tent eit lite håpom overleving etter å ha henta eitt sterkt poeng i plankebyen mot FFK. I tillegg er laget vidare til runde fem i cupen med eit naudskrik etter ein dramatisk 2–1-seier borte mot Brattvåg, der sigersmålet kom heilt på overtid. Det nye cupsystemet får forresten gjennomgå skikkeleg i podkasten.Alle dei faste spaltene er sjølvsagt med, og til slutt vender Ole Morten og Per Tore blikket framover og diskuterer sjansane for å ta alle tre poenga når Kristiansund kjem på besøk til Bryne i helga.

  38. 52

    Ingen forsoning å spore

    I denne episoden av Eder & Galle tek panelet for seg kampen mot Tromsø – ein kamp som dessverre ikkje vitna om noko forsoning mellom trenar og spelarar. Det Bryne-supportarane fekk sjå, har skapt uro og fleire spørsmål om vegen vidare, og i studio er det lite tvil om at leiinga kan ha gjort eit feilgrep ved å halde på trenaren. Som vanleg får du dei faste spaltene, med høgdepunktet frå Snapchat-spørsmåla, før vi rundar av med spådommar om både laguttak og resultat til helgas bortekamp mot Fredrikstad. 

  39. 51

    Når motvinden blæs – må fellesskapet stå fast

    I denne vekas episode av Eder & Galle er dei faste jinglane tilbake, og me får som vanleg ein tur innom både fantasy og tippe-tipsa, der gevinsten går til Barnekreftforeininga. Det har blitt endringar i den interne konkurransen – no er det faktisk ein av Hobberst eller Salte som har teke leiinga!Lyttarane får òg høyre svar på anonyme Snapchat-spørsmål, som denne gongen tek oss med på ein skikkeleg farsetur på Jæren. I tillegg blir det gjennomgang av dei innsendte spørsmåla frå sosiale medium elles.Hovuddelen av episoden tek for seg den tunge og vonde Bryne-saka som har prega media den siste tida. Hobberst og Salte oppsummerer møtet og drøftar situasjonen, men dei er samde om at laget no må kome til forsoning ut sesongen for å berga plassen i Eliteserien.Blikket blir òg retta framover mot helga si kamp mot Tromsø – kva utfordringar kan nordlendingane by på, og korleis kan Bryne sikre dei livsviktige poenga?

  40. 50

    Vi set ord på stillheita frå Bryne

    I denne episoden av Eder & Galle blir det høg temperatur når bombenyheten frå Bryne Stadion sprekk: Tre spelarar har terminert kontraktane sine, og blant dei – sjølvaste klubblegenda Robert Undheim.Kven visste kva, og kvifor vert det halde tett om avgjerda? Podkast-gutane prøver å setje ord på det som ingen andre vil seie høgt. Sportsjef Roger Eskeland stikk innom for å svare på signeringane, men held korta tett til brystet når det gjeld dei som har gått ut.Hobberst er i tvil – har klubben verkeleg teke den rette avgjerda basert på informasjonen som ligg på bordet? Per Tore etterlyser tydelegare kommunikasjon, og begge er samde: Avskjeden med ei klubblegende burde aldri vore så uverdig – uansett kva situasjon klubben står i.

  41. 49

    Bryne stod opp frå det døde – men får likevel kjeft

    I denne vekas episode av Eder & Galle tek gutane for seg 2–2-kampen mot Strømsgodset. Det starta svakt for Bryne, og på stillinga 0–2 sat mange med hovudet i hendene og lurte på kva i alle dagar som gjekk føre seg. Men etter ein solid opphenting fekk Bryne med seg eitt poeng. Spørsmålet er berre: er det nok til å imponere dei krasse røystene i podkasten og gje spelarane ei grei børs?Som vanleg blir det faste spalter, og blikket blir retta framover mot helgas kamp mot Vålerenga. Etter nyttårsbråket mot Sarpsborg har Vålerenga blitt straffa med stengde tribunar – det betyr null heimesupportarar i Oslo. Kan det gje Bryne ein liten fordel? Panelet håpar det!I tillegg snakkar dei om ein tidlegare Bryne-spelar som nyleg er teken ut på landslaget. Kven det er – og kvifor – får du høyre meir om i podden. Det blir òg ein liten tur innom cupen. Når episoden blir lytta til, er nok cupkampen allereie spelt, men ønskemotstandar og spekulasjonar får likevel plass.

  42. 48

    Bekymra, men ikkje knekt

    I denne episoden av Eder & Galle er stemninga merkbart meir døyvd enn vanleg. Bryne har nett tapt 1–0 borte mot HamKam. Er det Bryne som har blitt svakare, eller er det berre slik at motstandarane har fått fart på sakene? I byrjinga av sesongen flaut det meste, no sit ein att med fem kampar utan siger – og eit poengsnitt som ser skremmande lågt ut. Hobberst og Salte diskuterer både form, taktiske justeringar og spelarlogistikk – og peikar på at dette kanskje er ein reality check, men også noko ein kan snu.

  43. 47

    Søvndyssande kamp, men knallsterke nyheiter: Trykk play!

    I denne vekas episode tek vi eit blikk på kampen mot KFUM – sjølv om vi må åtvara mot at det heile vart ein heller søvndyssande affære. 0–0 og lite underhaldning å spore, men vi oppsummerer likevel det viktigaste frå kampen.Deretter går vi vidare til dei faste spaltene, og i Snapchat-spalta til Per Tore byr vi på ferske rykter og ønskelister inn mot overgangsmarknaden – her kan det kome spanande nytt!Vi har òg fått inn spørsmål frå lyttarane som vi sende vidare til dagleg leiar Hans-Øyvind Sagen, og han svara med intet mindre enn store nyheiter om stadion! Dette vil de ikkje gå glipp av.Så det er berre å lene seg tilbake og trykke play – god lytting! 

  44. 46

    Me analyserer alt – bortsett frå oss sjølve

    I vekas episode tek Hobberst og Salte for seg spelar­børsen etter det sviande tapet mot Molde. Dei går gjennom innsatsen til spelarane i kampen, og ser samstundes på korleis børsen har utvikla seg no som halvspela sesong er eit faktum.Robert Undheim stikk innom for ein ærleg prat om skademarerittet som var nær ved å knekkja både motivasjonen og karrieren. I tillegg får me høyre frå Kristian Skurve Håland, som svarar på rykta om interesse frå utanlandske klubbar.Det blir sjølvsagt også dei faste spaltene: Fantasy, Tippetips og Anonyme Snapchat-spørsmål.Heilt til slutt rettar dei blikket mot neste motstandar: KFUM Oslo.

  45. 45

    Ekte hat, surt tap – men me er Bryne

    I kveldens episode av Eder & Galle tek podkastduoen for seg det smertelege tapet mot erkefienden Viking. Det var flotte rammer rundt kampen, og mange hadde gleda seg til eit ekte hatoppgjer i norsk fotball. Men gleda vart kortvarig – for kampen enda som eit sviande nederlag. Duoen legg kampen bak seg, men ser alt fram til moglegheita for hemn mot «driten» i oktober.Alle dei faste spaltene er sjølvsagt med. I Tippe-tipset vart det endeleg klingande mynt igjen, og inntektene går som alltid til Barnekreftforeningen – eit lyspunkt i ei elles tung veke. I Fantasy-spalta ser Hobberst at no må det drastiske grep til – nye utskiftingar må på plass etter fleire svake rundar.Det strøymer også inn spørsmål frå lyttarane via Snapchat-kanalen, og Salten tek oss gjennom dei.Mot slutten av episoden rettar dei blikket framover: Molde ventar neste helg, og turen går til Røkkeløkka.

  46. 44

    Hatet lever – og no smeller det!

    I denne episoden av Eder & Galle har me mykje å ta tak i – men alt peikar mot det eine: hatoppgjeret mellom Bryne og Viking på ein fullsatt Bryne Stadion søndag kl. 14:30. Det blir krig på graset, og stemninga ligg allereie tjukt i lufta.Me startar med ein kjapp tur innom Nordens Paris, der Bryne gjekk på eit surt 3–1-tap. Me deler ut børs til samtlige spelarar. Deretter rullar me inn i dei faste, folkekjære spaltene våre: Fantasy , tippetips og snapchat spørsmål frå dykk lyttarar.Men så, KAMPEN alle snakkar om:Hobberst har teke med seg mikrofonen ut på treningsfeltet og fått eksklusive kommentarar frå fleire sentrale Bryne-spelarar før møtet med erkefienden frå vest. Kva kjenner dei på? Korleis ladar dei opp? Kor mykje hat er det eigentleg i veggane?Dette er meir enn ein fotballkamp. Det er land mot by. Tradisjon mot pengegalopp.Bryne mot Viking – det handlar om kven me er.Høyr episoden og kjenn på trøkket!

  47. 43

    Frå jubel på Jæren til vågal optimisme i nord

    Denne veka gjenopplever Hobberst og Salte den sterke sigeren mot Vålerenga. Fleire spelarar får seg eit løft på børsen – nokre klatrar både eitt og to hakk etter innsatsen mot VIF.Salten har også med seg ei heilt ny spalte, podkasten har no teke steget inn på Snapchat. Kva som eigentleg skjer der, får du berre vita om du lyttar til episoden!Mot slutten av sendinga rettar begge blikket mot neste kamp i Tromsø. Salten Kjenner lukta av poeng, medan Hobberst kanskje lovar litt i overkant dersom Bryne skulle dra heim alle tre poenga mot det formsterke laget frå nord.Til slutt kjem begge programleiarane med ei klar oppmoding til sittetribunen: No må alle vera med og løfta laget (ræva) resten av sesongen!

  48. 42

    Frå krøll mot KFUM til krig mot kongeblå – og kva skjer med Moreira?

    I dagens episode av Eder & Galle er det kampen mot KFUM som vert analysert av Hobberst og Salte. Kva kan Bryne ta med seg vidare? To spelarar har forlate Jæren – det vert kort nemnt før fokuset skiftar over til overgangsrykter. Kven er det som byr på Moreira? Kven ønskjer duoen seg inn dørene på Bryne stadion? Og har klubben faktisk sendt ut eit konkret bod på ein ny spelar?Det vert også ein runde med Fantasy-prat. Som vanleg kjem dei også med tippetips, slik at du kan gå helga i møte med både innsikt og odds i ryggsekken.Til slutt ser dei framover mot det som ventar på søndag: Vålerenga kjem på besøk til Jæren, og med meldt sol og god temperatur er det duka for ei perfekt ramme rundt ein viktig kamp. 

  49. 41

    Episoden der lyden spelar på bortebane

    I dagens episode – som dessverre tek eit steg eller ti tilbake på det tekniske planet – tar Hobberst og Salten likevel fram dei store brillene for å snakke om HamKam-kampen. Dei går gjennom sjølve kampen, delar ut børs til spelarane, og ser nærare på kva som gjekk bra og mindre bra.Det blir også tid til litt tipping, ein runde med fantasy-prat, og ein kort kikk på den kommande kampen mot KFUM. Der trur duoen at Bryne kan møte tøffare motstand enn mange ventar.Tross tekniske utfordringar – ekte Bryne-prat, som alltid! 

  50. 40

    Bryne i medvind og motvind – og litt Görlich i sidebrisen

    I denne ferske episoden av Eder & Galle tek Hobberst og Salte føre seg 1–1-kampen borte mot Sarpsborg. Dei to går og grundig inn på det som har vorte ein snakkis i Bryne-krinsar: den noko spesielle situasjonen med Luis Görlich, som valde å kjøpa seg ut av kontrakten med klubben. Kvifor skjedde det, og korleis handterte Bryne det i media? Hobberst og Salte sparar ikkje på meiningane når dei diskuterer korleis saka vart kommunisert ut.Mot slutten rettar dei blikket framover mot den komande eliteseriekampen på Bryne Stadion, der HamKam kjem på vitjing. Dei kjem ikkje åleine – med seg har dei den ferskt tilsette trenaren Thomas Myhre. Spel av episoden med lune stikk og ekte engasjement frå to som bryr seg om klubben i raudt og kvitt.

Type above to search every episode's transcript for a word or phrase. Matches are scoped to this podcast.

Searching…

We're indexing this podcast's transcripts for the first time — this can take a minute or two. We'll show results as soon as they're ready.

No matches for "" in this podcast's transcripts.

Showing of matches

No topics indexed yet for this podcast.

Loading reviews...

ABOUT THIS SHOW

Ole Morten Hobberstad og Per Tore Salte tek deg med på ei engasjerande og innsiktsfull reise gjennom Bryne FK. I denne vekelege podkasten set duoen fokus på klubben – både på godt og vondt. Dei analyserer kampane, deler erfaringar, og har spennande gjester. I tillegg tek podkasten opp tema som er viktige for lytterne, og dei er alltid ute etter spørsmål og innspel frå lytterne om kva dei ønskjer at skal bli tatt opp i episodane.

HOSTED BY

Ole Morten Hobberstad og Per Tore Salte

CATEGORIES

Frequently Asked Questions

How many episodes does Edder & Galle have?

Edder & Galle currently has 50 episodes available on PodParley. New episodes are automatically indexed when they're published to the podcast feed.

What is Edder & Galle about?

Ole Morten Hobberstad og Per Tore Salte tek deg med på ei engasjerande og innsiktsfull reise gjennom Bryne FK. I denne vekelege podkasten set duoen fokus på klubben – både på godt og vondt. Dei analyserer kampane, deler erfaringar, og har spennande gjester. I tillegg tek podkasten opp tema som er...

How often does Edder & Galle release new episodes?

Edder & Galle has 50 episodes. Check the episode list to see recent publication dates and frequency.

Where can I listen to Edder & Galle?

You can listen to Edder & Galle on PodParley by clicking any episode. We provide an embedded audio player for direct listening, and you can also subscribe via your preferred podcast app using the RSS feed.

Who hosts Edder & Galle?

Edder & Galle is created and hosted by Ole Morten Hobberstad og Per Tore Salte.
URL copied to clipboard!