Skip to content
Garderobeskapar podcast artwork

PODCAST · society

Garderobeskapar

by Studentradioen i Bergen

Med sying og strikking som hovudtema dykkar vi ned i kva det vil seie å lage seg ein garderobe og eit klesforbruk som både er personleg, berekraftig og GØY! Du får høyre om reparasjon, tekstilkunnskap, resteprosjekt, vedlikehald, bruktmarkedet, redesign, andre handarbeidsteknikkar, og kva som inspirerar oss for augeblikket. Vi hjelpar deg med å bygge ein garderobe som kan vere varig både stil- og kvalitetsmessig.

Publisher-supplied feed metadata · PodParley refreshed Oct 8, 2026 · Source feed

Episodes

  1. Episode 55 - Farging av kjole, beslutningsvegring og intervju med Simone Bergh

    Vi gjev deg ei oppdatering på korleis det går med prosjekta våre - Frida syr og fargar kjole, medan Erina får bukt med restegarnet sitt ved å strikke vimplar. Vi gjev deg intervju med Simone Bergh (@simstrikk), og Frida vil slå eit slag for underkjolen. I studio: Frida Bjørnereim Dalsbø Erina...

  2. Bonusepisode frå Bergen Strikkefestival

    Vi har vore på på Bergen Strikkefestival! Her er vår debrief! Du får og høyre intervju med Ellen fra Tekstilindustrimuseet i Salhus I studio Erina Grasdal Skarpenes og Frida Bjørnereim Dalsbø Ansvarlig redaktør Agnar Haugen

  3. Episode 54 - Hobbycoach, how to strikkefestival og Erina sitt første syprosjekt

    Erina har fullført sitt første syprosjekt, og vi tek ein gjennomgang av korleis ho synest det var. Frida får ei lita innføring i korleis strikkefestival går føre seg, og Erina har fått opp noko så spesielt som ein hobbycoach i sin feed. I studio: Frida Bjørnereim Dalsbø Erina Grasdal Skarpenes...

  4. Episode 53 - Merch, treningstøy og skaparsommer!

    Det er nytt semester og det betyr ny sesong av Garderobeskapar! Vi snakkar om vår garderobeskaping, Noreg sin garderobeskaparsommar og kva som skjer framover for ein garderobeskapar! I studio: Erina Grasdal Skarpenes og Frida Bjørnereim Dalsbø Ansvarlig redaktør: Agnar Haugen

  5. Sommarspesial!

    Her kjem ei sommaroppdatering frå oss til deg! Det er ikkje så mykje meir å seie, eigentleg. God lytt! I studio: Frida Bjørnereim Dalsbø Erina Grasdal Skarpenes Ansvarleg redaktør: Vilde Havn

  6. Episode 52 - Stoffkjøp, sommarferieplanar og "...men den er fra i fjor"

    I siste episode før vi tek sommarferie snakkar vi om kva vi skal bruke dei neste månadane på garderobeskapingamessig. Erina treng veskestrikk, og Frida skal for første gong på lenge ikkje ha noko dedikert sommarstrikkeprosjekt. Begge har gjort innkjøp sidan sist, og Frida sin obligatoriske...

  7. Episode 51 - Sumartopper til fleire kropper, make nine og snart sumarferie!

    Frida gjer framgang på Dagmar Jacket og Erina har reparert to plagg sida sist. Vi tek ein oppdatering på kor langt vi er kommet på make nine i år og lufter responsen og tipsa vi har fått knytt til Frida sitt hjertesukk om sommertopper for to episoder sida. Dette vert ann siste episoda før vi tek...

  8. Episode 50 - Jubileumsepisode med spørsmålsrunde!

    Hurra! Vi har laga 50 ordinære episodar av Garderobeskapar! Vi feirar med ein laaaang episode med grundig oppdatering av kva det er vi jobbar med for tida og ei solid spørsmålsrunde der vi svarar på det lyttarane lurer på. Enjoy! Høyr episode 5 og 11 for fleire tips til deg som er nybegynnar på...

  9. Episode 49 - Resterazzia oppsummering, sommartoppar og kva skjer framover?

    Dagens podkast er rykande fersk, og vi snakkar om alt frå puppeproblematikk til Per Spook-foredrag. Erina håpar å vinne mot yarn chicken og Frida har funne tilbake til Dagmar Jacket. Og så oppsummerer vi Resterazzia! I studio: Erina Grasdal Skarpenes Frida Bjørnereim Dalsbø Ansvarleg redaktør:...

  10. Episode 48 - Loppemarknad-debatt, gjenbruk av pynt og strikkestress

    Frida har både nye og gamle prosjekt på gang og Erina har bestemt seg for å ikkje slutte å strikke likevel. Vi gjev deg våre synspunkt på den heite loppemarknad-debatten som har gått sidan sist, og snakkar om kva du kan bruke dei single garnnøsta dine til. I studio: Frida Bjørnereim Dalsbø Erina...

  11. Episode 47 - Skaparkrise, store stoffrestar og ferdig med svart!

    Vi er tilbake frå påskeferie og begge to har nye prosjekt på pinnane. Erina sitt er vellukka og blir veldig fint, Frida sitt må ha minst eitt forsøk til. Vi gjev deg våre beste tips til korleis du kan få bukt med dei store stoffrestane dine, og Erina luftar noko ho har på hjartet; ei slags...

  12. Episode 46 - Besøk av Sjøllaget!

    Påskespesial med besøk i studio! Elisa, Sofie og Guro er damene bak Sjøllaget, og i dag besøker dei Garderobeskapar i studio. Vi får vite meir om korleis det er å drive strikkebedrift, korleis dei arbeider, og korleis reisa har vore frå å sitte på utveksling i Australia og ikkje få tak i ullgarn,...

  13. Episode 45 - Striper, reisegarderobe og innsjekk på vinterens trendar

    Vi har fingrane i mange prosjekt for tida; både søm, strikk og opprekk. Dei minste garnrestane får fokus i vekas del av Resterazzia, og vi tek ein innsjekk i kor godt vi faktisk klarte å spå trendane for hausten og vinteren. Facebookgruppe for meir info om strikking til premature: Strikk til NFI...

  14. Episode 44 - Små stoffrestar, yarn chicken og takk(!) for handarbeidet

    Både Frida og Erina har ferdige prosjekt sidan sist: eit vottepar og ein genser. Det eine har ført til mindre restegarn, det andre til meir. Vi gjev deg våre beste tips til kva du kan gjere med dei små stoffrestane, og reflekterer over kvifor vi ikkje lagar meir gøyale plagg - sjølv om vi kan? I...

  15. Episode 43 - Designerframsnakk, råd for restar og gode nybegynnarprosjekt

    Vi strikkar i veg på både nye og gamle prosjekt, nokre er kanskje for lange, andre kanskje for korte. Vi gjev deg nokre overordna råd til bruk av restar og framsnakkar to designerar som vi synest fortener litt meir merksemd. Vekas obligatoriske observasjon kjem frå ein lyttar, og her må vi...

  16. Episode 42 - Knappedilla, resterazzia og plagg som ikkje vart som dei skulle

    I dag har vi mykje å oppdatere om! Frida har sydd skjorte og Erina har begynt å strikke hue. Vi introduserer den nye serien vi skal ha dette semesteret: resterazzia, og tenker høgt om dei plagga som ikkje vart heilt som dei skulle. I studio: Erina Grasdal Skarpenes Frida Bjørnereim Dalsbø…

    more
  17. Episode 41 - Nye prosjekt, årets Make Nine og kva skjer framover?

    Ny sesong! Erina er tilbake frå Frankrike, så det er god steming i studio. Begge har fullført gamle prosjekt, og har fått nye ting på pinnane. Vi går gjennom kva vi har på våre Make Nine-brett for året, og tipsar deg om kjekke arrangement for tida framover. I studio: Erina Grasdal Skarpenes og...

  18. Episode 40 - Juleferieprosjekt, opprekk og Make Nine-resultat

    Vi brukar årets siste episode til å ta ei oppsummering av korleis Make Nine-prosjektet har gått og snakke om kva prosjekt vi skal ta med oss heim til juleferie. Både Frida og Erina strevar litt med vestane dei strikkar på for tida, og den obligatoriske observasjonen er ei klar oppfordring: Du kan...

  19. Episode 39 - Vedlikehald, vestefest og nye klesperspektiv

    Erina har begynt å strikke vesten sin på nytt, og Frida er straks ferdig med å sy ein deilig silkebluse. Vi gjev deg våde beste tips til vedlikehald av klede, og snakkar om korleis ein på best mogleg måte kan både dekke skaparbehovet og samtidig ikkje drukne i altfor mykje kle. I studio: Frida...

  20. Episode 38 - Mulesing, tæilor og ullundertøy

    I dag kan vi rapportere om framsteg både i Frankrike og i Noreg! Erina er ferdig med Sophie-hood, og Frida har både fått sylyst, og har nådd ein milepæl på vesten. Vi gjev deg ei innføring i mulesing, og diskuterer den potensielt revolusjonerande digitale skreddaren Tæilor, som Fæbrik skal…

    more
  21. Episode 37 - Oppleggssjuke, garn- og stofflager og julegåver

    I dag skravlar vi i veg om det som ligg på hjartet; Erina har fått skapar-motivasjonen tilbake, og Frida har gjennomgått ein liten karakterbrist og kjøpt masse nytt garn. Vi reflekterer rundt garn- og stofflager og oppleggssjuke, og kva både det eine og det andre gjer med oss, og kvifor vi gjer…

    more
  22. Episode 36 - Mellomprosjekt, MooKnitwear og trendane for haust og vinter

    Både Frida og Erina er ferdige med mellomprosjekta sine, medan hovudprosjekta kanskje er ein smule neglisjerte. Vi set heller stort fokus på å diskutere det lyttarane trur blir dei store tendensane i garderobeskapinga denne hausten og vinteren, og snakkar også om kva vi synest om at influencaren...

  23. Episode 35 - Storleikar, Det gule hus-resultat og gamle strikkeoppskrifter

    Frida har gjort framsteg på lesesalprosjektet, og Erina grublar på korleis ho skal kunne bruke den nesten ferdigstrikka singletten sin når det ikkje lenger er sommar. Vi får rapport på salet og opplevinga av å bruke Det Gule Hus, og tenker høgt rundt val av utradisjonelle namn på storleikar i...

  24. Episode 34 - Nybegynnarvennlege oppskrifter, Sophie-scarf og Tise+Ebay=sant

    Erina er full av inspirasjon og proklamerer ein ny æra i strikkinga, medan Frida har mista oversikta over kvar strikkeprosjektet er i flyttelasset. Vi diskuterer forje vekest store nyheit - at Tise har blitt kjøpt opp av Ebay -, og serverer både tips og fine oppskrifter til deg som vil begynne å...

  25. Episode 33 - Haustmote, strikketid og testing av Det Gule Hus

    Stemninga er optimistisk sidan både Frida og Erina har gjort framsteg på strikkeprosjekta sine! Frida fortel om prosessen med å selge klede på Det Gule Hus, og Erina strevar med å finne ut korleis ho skal gjere internatrommet i Frankrike heimekoseleg og personleg. Og så er vi begge veldig klar…

    more
  26. Episode 32 - Flytterydding i klesskapet, identitetsmarkørar og Ullveka

    Etter ei veke sjukdom er vi tilbake! Frida skal flytte, og merkar at det kjem til å påverke garderoben, medan Erina fortel kva strikkeprosjekt ho har tatt med seg til Frankrike. Vi gir deg ein guide til garderobeskapar-arrangement i Bergen i tida framover, og får eit lite innblikk i korleis eit...

  27. Episode 31 - Skuffande skaparsommar, fast fahion-kjøp og nyheiter

    Vi er i gang med ny sesong! Frida er i Bergen, Erina er i Frankrike, og podcasten står ved lag. Denne veka snakkar vi om at vi er litt skuffa over garderobeskapinga denne sommaren, og at Frida har kjøpt sitt første plagg i fast fashion-butikk på grunn av bagasjetrøbbel. Men det er også mykje nytt...

  28. Sommaroppdatering <3

    Vi hoppar inn i studio for å gje deg, og kvarandre, ei oppdatering på både prosjekta vi jobbar med og hausten som kjem. Det er noko nytt og gammalt på pinnane, symaskina til Frida står ubrukt og Erina lurer på korleis ho skal pakke strikketøy til eit semester som utvekslingsstudent. I studio…

    more
  29. Episode 30 - Fargeanalyse, oppsummering av året og sommarferie!

    Episode 30! Vi tek ein fot i bakken og oppsummerar halvåret som har gått, før vi tek oss ein velfortent sommarferie. Vi sjekkar inn på Make Nine og Frida fortel om fargeanalysa ho nettopp har tatt. Strikkeprosjekta står stille, men vi lovar progresjon når vi er tilbake igjen til hausten. God...

  30. Episode 29 - Temaepisode: Brudekjole

    I dag er både Fride og Erina tilbake i studio, hurra! Vi snakkar sjølvsagt om kva vi jobbar med for tida, men hovudfokuset er på temaet brudeskjole. Frida fortel om design, mønster, syprosess og utfordringar ho møtte på då ho sydde sin eigen brudekjole før ho gifta seg i fjor sommar. Her er det...

  31. Episode 28 - Korleis påverkar Garderobeskapar ein ikkje-garderobeskapar?

    Denne veka steppar produsent Marius inn som vikar for Erina! Vi snakkar om korleis podkasten påverkar perspektiva til ein som ikkje lagar kleda sine sjølv, og Frida køyrer quiz for å finne ut kor mykje Marius faktisk har fått med seg. I studio: Frida Bjørnereim Dalsbø Marius Øvrebøe Produsent:...

  32. Episode 27 - Trend spaning, endå meir UFO-prat og strikkealias

    I denne episoden styrer Erina showet åleine med Anna som gjest! Det er strikketungt i studio denne episdoen. Anna deler sine tankar om kvifor WIP's blir til UFO'er. Erina gler seg til å sjå uttrykket til strikkeprosjektet hennar. Vi spaner trender for den kommande tida og sommaren, og spelar...

  33. Episode 26 - Ein annan type klesforbruk med Anne-Line Sørberg

    I dag har vi besøk av Anne-Line Sørberg i studio! Ho er ikkje ein garderobeskapar, men delar likevel mange av dei same synspunkta som oss når det gjeld klesforbruk. Eit bevisst forhald til garderoben kan løysast på mange vis, og Anne-Line vel heller å investere i kvalitet over kvantitet - sjølv…

    more
  34. Episode 25 - Kjolesøm, svar frå BIR og egostrikk er ut!

    Erina har eit nesten ferdig skjørt, og Frida har begynt å sy kjole! BIR har svart angåande kritikken for eit par episodar tilbake, og vi kjenner på mindre og mindre behov for å strikke til oss sjølve. Vi tek ei oppsummering av vårens store serie Fiberfokus, og snakkar om å ta seg tid til å nyte...

  35. Episode 24 - Bunadsstell, stoffshopping og syntetiske fiber

    Erina har reparasjon på hjernen og Frida er ferdig med bolen på sin Olga Sweater. Vi tek det stødig gjennom vask og oppbevaring av bunad, og delar inspirasjon for sommarplagg du kan gå i gang med å lage. Syntetiske fiber står på agendaen i fiberfokus, og vekas obligatoriske observasjon handlar om...

  36. Episode 23 - Reisebrev, geiter og garderobeutveksling

    Vi har vore på utflukt, og snakkar om besøket vårt på konferansen (Re)fashioning the future IV. Strikketøyet står på staden kvil, og Erina vil ta eit oppgjer med Bergen sitt renovasjonsselskap. Vi snakkar om dei gløymde, animalske fibrane og oppdagar at vi har overlappande garderobebehov. Lenke…

    more
  37. Episode 22 - Redesign-rant, nytt på pinnane og regenerert fiber

    Etter påskeferien er det komt nye prosjekt på pinnane! Frida får utløp for redesign-frustrasjon, og vi tek deg gjennom garderobeskapingsarrangement framover. Erina lærer at regenerert fiber ikkje handlar om faktura, og begge har litt for mange tjukke strikkagenserar for sesongen vi er inne i. I...

  38. Episode 21 - Estetisk kvalitet, hotte skapartips og tomme pinnar

    For første gong i Garderobeskapar si historie har både Frida og Erina tomme strikkepinnar! Ellers går vi djupare inn i brukthandlingstematikken frå forje veke, gjev deg hotte tips til søm og strikking, og lærer deg litt meir om lin i denne vekas fiberfokus. I studio: Frida Bjørnerim Dalsbø Erina...

  39. Episode 20 - Silke, UFOar og terminologi for brukte klede

    Det er ekte vår i Bergen, akkurat i tide til at juleopplegget til Frida er komt av pinnane. Erina fortel om det forferdelige konseptet UFO, vi ryddar i brukthandlingsterminologien for deg, og vekas fiber i fiberfokus er tekstildronninga silke. I studio: Frida Bjørneriem Dalsbø Erina Grasdal...

  40. Episode 19 - Strikkernes marked, bomull og lånefåing

    Vi har vore på Strikkernes Marked og fått intervju med både Lene, som er CEO i Knit, og Sarah Elise, som hadde sin første marknad som prosjektleiar. Erina snakkar om å lånefå både det eine og det andre, og vi fortel deg det du treng å vite om bomull. Og så er det offesielt konkurranse innad i...

  41. Episode 18 - Temaepisode: Ull

    Denne gongen køyrer vi ein rein temaepisode i fiberfokus-serien vår om noko vi kan snakke om på innpust og utpust; nemleg ull! Vi tek deg gjennom the basics, nokre av dei gode eigenskapane til ulla, litt om vask og reinhald og Erina fortel om reisa til ulla frå sau til ferdig garn. Her er det…

    more
  42. Episode 17 - Finnflaks, forbruk og fiberfokus

    Erina har parkert det raude veskeprosjektet sitt og Frida har hatt skikkeleg flaks på finn.no. Vi snakkar om kor berekraftig det eigentleg er med alle second hand-tilboda der ute, og introduserar den nye spalta vår Fiberfokus. Og så lurer Frida på om ho utstrålar ein heilt anna stil ein det ho...

  43. Episode 16 - Temaepisode: Festdrakt

    Det er under 2 månadar til mai, og vi har besøk av Ingrid som fortel om festdrakta ho har sydd! Vi får vite alt om stoffval, prosess og utfordringar undervegs, samt nokre gode tips for deg som vil begi seg ut på same type prosjekt. Vi snakkar som vanleg om prosjekta vi held på med, og Erina trekk...

  44. Episode 15 - Vinterferie, øyredobbar og VÅR

    Vi er tilbake etter vinterferie og har både smått og stort å snakke om. Frida har sydd seg trenchcoat og Erina er endeleg ferdig med bol på sitt pågåande strikkeprosjekt. Vi snakkar om korleis årstidene verkar inn på garderoben og at det er lett å bli overvelda av garnbutikkar når ein er på tur.…

    more
  45. Episode 14 - Trenchcoat, innboksen og strikkeetikk

    Vi er tilbake i studio etter livepod, og snakkar om den hottaste tematikken på strikkeinsta den siste tida; vidaredeling av strikkeoppskrifter. Frida skal rekke opp Monday Sweater og har byrja på trenchcoaten sin, Erina nærmar seg ferdig med bolen på Canvas Sweater og vi tek ein kikk i meldingane...

  46. Episode 13 - Livepod på Kvarteret

    Dagens episode er opptak frå vårt første liveshow, som vi hadde på Det Akademiske Kvarter i anledning Studentenes DAY ZERO - arrangert av Bærekraftspilotene. Vi snakkar om kva ein bærekraftig garderobe er, utfordringar knytt til det, og ulike tabbar vi har gjort i garderobeskapinga. På scena…

    more
  47. Episode 12 - Arangenser, synleg reparasjon og sy- og strikkejournalar

    Denne veka har Frida fullstendig oppheng på aran-gensarar, og Erina har diverse plagg ho treng å reparere. Vi tek for oss temaet handarbeidsjournalar - for korleis kan det vere nyttig i garderobeskapinga? Vi har nye jinglar og gler oss til vår første livepod! I studio: Frida Bjørnereim Dalsbø og...

  48. Episode 11 - Genserkonstruksjon, sal av strikk og å lære å sy!

    Strikkeprosjekta våre tutar og går, og vi gjer alvor av Erina sitt nyttårsforsett om å sy noko... Frida lurer på om ho skal selge strikkeplagg som ikkje vart heilt innertiar og vi går gjennom dei vanlegaste genserkonstruksjonane for deg som er ny strikkar. I studio: Frida Bjørnereim Dalsbø og…

    more
  49. Episode 10 - 5 plagg med Fremtiden i våre hender, trendspaning og inspo

    Vi har besøk i studio av Elin som fortel oss om 5-plagg-kampanjen til Framtiden i våre hender! I tillegg ser vi inn i spåkula og profeterar kva som kjem til å bli trendar og tendensar for garderobeskaping i 2025, Frida kan skryte av sytid som har gjeve resultat, og Erina har stoppa opp og sett…

    more
  50. Episode 9 - Make nine, investeringsobjekt og garn- og stofflager

    Godt nyttår! Erina har strikka som ein gal gjennom juleferien, medan Frida knapt har rørt pinnane. Vi deler av våre Make Nine-brett for det nye året, fortel kva som skjer framover i bergensområdet og delar tankar om garn- og stofflager - og korleis vi skal få til å minke det. I studio: Frida...

Type above to search every episode's transcript for a word or phrase. Matches are scoped to this podcast.

Searching…

We're indexing this podcast's transcripts for the first time — this can take a minute or two. We'll show results as soon as they're ready.

No matches for "" in this podcast's transcripts.

Showing of matches

No topics indexed yet for this podcast.

Loading reviews...

ABOUT THIS SHOW

Med sying og strikking som hovudtema dykkar vi ned i kva det vil seie å lage seg ein garderobe og eit klesforbruk som både er personleg, berekraftig og GØY! Du får høyre om reparasjon, tekstilkunnskap, resteprosjekt, vedlikehald, bruktmarkedet, redesign, andre handarbeidsteknikkar, og kva som inspirerar oss for augeblikket. Vi hjelpar deg med å bygge ein garderobe som kan vere varig både stil- og kvalitetsmessig.

HOSTED BY

Studentradioen i Bergen

CATEGORIES

Frequently Asked Questions

How many episodes does Garderobeskapar have?

Garderobeskapar currently has 62 episodes available on PodParley. New episodes are automatically indexed when they're published to the podcast feed.

What is Garderobeskapar about?

Med sying og strikking som hovudtema dykkar vi ned i kva det vil seie å lage seg ein garderobe og eit klesforbruk som både er personleg, berekraftig og GØY! Du får høyre om reparasjon, tekstilkunnskap, resteprosjekt, vedlikehald, bruktmarkedet, redesign, andre handarbeidsteknikkar, og kva som...

How often does Garderobeskapar release new episodes?

Garderobeskapar has 62 episodes. Check the episode list to see recent publication dates and frequency.

Where can I listen to Garderobeskapar?

You can listen to Garderobeskapar on PodParley by clicking any episode. We provide an embedded audio player for direct listening, and you can also subscribe via your preferred podcast app using the RSS feed.

Who hosts Garderobeskapar?

Garderobeskapar is created and hosted by Studentradioen i Bergen.
URL copied to clipboard!