PODCAST · society
Gult Kakestykke
by Studentradioen i Bergen
Gult Kakestykke er ein triviabasert historiehalvtime. Kvar veke finn me dei beste historiene frå fortida — gjerne med eit glimt i auget. Gult Kakestykke går ikkje i breidda, men har som mål å gi deg anekdotene som gjer deg mest interessant på vorspiel.
Episodes
-
Historia ut av skapet - Lanseringssending på Finken 5. sept.
Lanseringssending for dokumentarserien "Historia ut av skapet" frå Fincken. Intervju med religionshistorikar, Dag Øistien Endsjø, historikar, Runar Jordåen og etnolog, Tone Hellesund. Opptreden frå Sapfonia og standupkomikar, Jan Rune Holdhus.
-
Gult kakestykke podcast - Kjipe monarker
Ivan den grusomme, runkekongen og den aller siste mogulen av India. Dette må da bli bra? Ingvild og Johan gir deg de kjipeste monarkene som noen gang har regjert!
-
Gult Kakestykke - Verdensrommet
Kva sci-fi-pionér har fått aska si skutt opp i verdsrommet? Gult Kakestykke sjekkar ulike ting som har blitt skutt opp — både levande og døde. Johan og Andreas styrar frå studio.
-
Gult Kakestykke - Samer
Er filmen Kautokeinoopprøret Norges svar på Braveheart? Båe filmane er iallfall like historisk ukorrekte, i følge Ivar Bjørklund ved Tromsø Museum. Denne veka er temaet samer! Johan og Andreas styrer frå studio.
-
Gult Kakestykke - Påsken
Kva gjorde eigentleg Jesus i tida frå han døydde til han stod opp? Og kven inspirerte han? Påsketema i Gult Kakestykke, og me skal innom både påskemord, juksepavar og nokre av dei apokryfale tekstane. Johan og Andreas styrar frå studio, og får eit lite besøk frå Ingvild.
-
Gult Kakestykke - Revolusjoner
Kva var den første uavhengige svarte staten på det amerikanske kontinentet? I denne episoden av Gult Kakestykke vert det svarte revolusjonar, norske revolusjonar og teknologiske revolusjonar. Karoline og Andreas sit i studio.
-
Gult Kakestykke - Fotball
Kva syntest Shakespeare eigentleg om fotball? Tradisjonell britisk møljesport, og diverse diktatorar sin påverknad på fotballsporten er dagens historier, fortalt til deg av Andreas og Johan.
-
Gult Kakestykke - Prostitusjon
Kva Nobelprisvinnar i litteratur står bak uttrykket "det eldste yrket i verda"? Dette, samt den frilynte Weimarrepublikken, og ein prostitusjons "beste venn" i Viktoriatida samlast under temaet Prostitusjon i denne vekas Gult Kakestykke. Johan og Andreas styrar showet, med litt hjelp frå...
-
Gult Kakestykke - Oppdagelsesreisende
Kva kalla vikingane dei amerikanske urinnvånerene? Gudridur, Piccard-familien og arrogante Zheng He er eksempler på oppdagelser bortover, heimover og nedover. Karoline og Andreas leiar showet frå studio. http://srib.no
-
Gult Kakestykke - Skuddårssending
Kva hendte på denne dagen for nøyaktig 507 år sidan? Gult Kakestykke utforskar opphavet, artige tradisjonar og ein spesiell 29. februar relatert til skotårsdagen. Johan og Andreas styrar frå studio.
-
Gult Kakestykke - Konspirasjonar
Har du nokon sinne vore i Bielefeld? Denne veka tek me for oss konspirasjonar, og renner innom Tyskland, Frankrike og vårt naboland Sverige. Jøder, fotball og ikkje-eksisterande byar!
-
Gult Kakestykke - Kvit Magi
Kor gammal er eigentleg Wicca-religionen? Andreas og Johan fortel om ulike sider ved den kvite, koselege magien. Wicca, Nostradamus og skilnaden på høgre og venstre hand i dagens episode av Gult Kakestykke.
-
Gult Kakestykke - Svart Magi
Hadde Snåsakaillen blitt arrestert for hekseri på 1600-talet? Denne vekas sending handlar om svart magi, svarte afrikanske skogar og svarte tider for hekser i Noreg. Andreas og Karoline styrar frå studio!
-
Gult Kakestykke - Gale genier
Kven var mannen som løyste det første av dei hundre år gamle milenniumsproblema? Me sjekkar ut eit par av historias mange gale genier, frå dei gamle grekarane, til dei middelaldrande tyskarane, til moderne russarar. Full trio i studio!
-
Gult Kakestykke - Musikarar
Kva klassisk komponist hadde ein merkeleg forkjærleik for bæsj? Denne mannen, dei første musikkopptaka, og rockeren som eigentleg ville bli bibliotekar summerast opp til denne vekas tema: Musikarar! Johan og Andreas styrar historia frå studio.
-
Gult Kakestykke - Rusmidler
Dopingunnskuldingar, den rusa oppdaginga av DNA, og opphavet til sivilisasjonen. Denne veka tek me for oss diverse sentralstimuli i Gult Kakestykke. Johan og Andreas styrar frå studio!
-
Gult kakestykke 11/1-2012 - Diktatorer
Herren over alle dyrene på jorden og alle fiskene i havet, sa du? I dag er det diktatorspesial i Gult Kakestykke der Johan og Andreas gir deg triviaen om blant annet Idi Amin som gjør deg interessant på neste vorspiel. Hvem som var regjerende ugandisk mester i lett tungvektsboksing mellom 1951 og...
-
Gult kakestykke - Jul 2
Andre julespesial fra Gult kakestykke der vi skal se på opphavet til julenissen, julebukk og juletreet. Andreas og Johan gjør sitt beste for å få deg i julestemning.
-
Gult Kakestykke - Jul I
Kva var utfallet av fotballkampen mellom England og Tyskland i 1914? Denne gongen har me plukka ut diverse julehistorier, og er kritisk til Jesus, katalonske ekskrementørar og fotball under første verdskrig. Ingvild og Andreas styrar historieskipet.
-
Gult kakestykke - Alkohol
Heitvinsforudet i Norge og Vilhelm av Oranien si varmande gåve til sine nye undersottar er i sentrum når temaet er alkohol. SKÅL!
-
Gult Kakestykke - Bergen
Kvifor er det eit anker på toppen av Sandviksfjellet? Prostitusjon i Øvregaten og Lepra-Hansen. Dagens sending er om Bergen, og me har plukka ut nokre interessante historier frå byens lange historie! Andreas og Ingvild styrar frå studio.
-
Gult Kakestykke - Sekter
Bør du ta i mot et glass saft fra en sektleder? Denne veka snakkar me om sekter: Sekter som drep andre, sekter som drep seg sjølv, og kva ei sekt eigentleg er. Andreas og Johan styrer fra studio.
-
Gult Kakestykke - Romerske keisarar
Mang slags kjærleik er eit stikkord i denne sendinga kor vi snakkar om romerske keisarar. Ver førebudd på myteknusing, mykje moro og litt makaberheiter også i denne sendinga.
-
Gult kakestykke - Spionasje
Roald Dahl, Mata Hari og radiostyrte katter havner under lupen i vår historiehalvtime denne gangen, da vi undersøker spionenes verden. Pga teknisk trøbbel i begynnelsen av sendingen mistet vi desverre deler av åpningen vår, men frykt ikke, kjære lytter, vi lover at du klarer å følge med!
-
Gult Kakestykke - Dei Olympiske Leiker
Kva har ein amerikansk indianer tilført svømmesporten? Det, og fleire andre ting får du vite i OL-sendinga av Gult Kakestykke.
-
Gult kakestykke - Løgner
I dagens sending fortel vi ei rekke skrøner, meir spesifikt tek vi for oss nokre av dei mest sære løgnene som har vore servert sidan 1300-talet til notida. Ingvild fortel om norske kongar som har vore utsette for løgner/rykter om at dei var homofile, Johan presenterer oss for den notoriske...
-
Gult kakestykke - 19.10.11 - Landegrenser
Flunkende fersk sending med forkjølelsessnufsing og god stemning i studio. Johan Dalen tar deg med til den spesielle grensebyen Barle-Hertog i Belgia, eller er det Nederland? Det kommer vel litt an på hvordan man ser på saken. Ingvild Nilssen ser på byllen Lierne som tar en jafs av Sverige med på...
-
Gult Kakestykke - 12.10.11 - Romanser
Kva er 1800-talsversjonen av ein grisett MMS? Denne veka tek me for oss Romanser gjennom historia, deriblant Henrik 8., den danske ballettdanseren Elvira Madigan og Lord Byron.
-
Gult Kakestykke - 05.10.11 - Krigar med morosame namn
Kva har tyren, grisen og emuen (og isbilen og fotballen) til felles? Alle har sitt namn befesta i eit krignamn. Krigar med morosame namn er temaet for denne vekas sending! Ingvild og Johan styrar bataljonen frå krigsrommet.
-
Gult Kakestykke - 28.09.11 - Merkelege dødsfall
Kor mange mennesker kan éi enkelt eining med øl drepe? Historia er full av merkelege dødsfall og me har denne veka teke for oss nokre av dei. The London Beer Flood, skodespelarhypokondarar og Rasputin er nokre av dei. Andreas og Ingvild styrar vekas sending.
-
Gult Kakestykke - 21.09.11 - 21. september
Kva har den franske revolusjonskalenderen, ein timinutterskrig og ein bauta i amerikansk TV-historie til felles. 21. september! Me gav oss sjølv ei utfordring, kunne me lage ei heil sending kun tilegna ein dato? Svaret får du høyre her.
-
Gult Kakestykke - 14.09.2011 - Sjukdommar
Kva kallar spanjolane spanskesjuka? Denne vekas tema i Gult Kakestykke er Sjukdommar. Me er innom Spanskesjuka, Hysteria og den glade kokka, Typhoid Mary! Ingvild og Andreas er overlegar i studio, Johan Dalen er helsesøster.
-
Gult Kakestykke - 07.09.11 - Leiketøy
Kva var dei fem første elektroniske apparata for heimebruk? Denne veka tek Gult Kakestykke for seg Leiketøy - både nye, gamle, for born og for vaksne. Me besøker Leketøyshuset, sjekker barndomstraumer og tek ein kikk på vibratorens historie. Johan og Andreas leier praten frå studio!
-
Gult Kakestykke - 31.08.11 - Pirater
Piratangrep på Bergen, kvinnelege piratar, og opphavet til Captain Jack Sparrow. Ingvild og Andreas skålar i rom, og leiar skuta denne veka. Neste veke skal me ta ein kikk på leiketøy!
-
Gult Kakestykke - Den Ville Vesten - 24.08.11
Billy The Kid, Jesse James og... hestar? Denne veka dykkar Gult Kakestykke inn i Den Ville Vesten, for å avmyte nokre romantiske oppfatningar om denne tida. I studio sit Ingvild og Andreas. Gå inn på srib.no for å stemme over kva det neste programmet skal vere om, Leiketøy eller Piratar!
-
Gult Kakestykke - Innavl i europeiske kongehus - 17.08.11
Vekas spørsmål: Kor mange tipptippoldeforeldre hadde eigentleg Kong Karl den andre av Spania? I premieresendinga tek Gult Kakestykke for seg innavl blant dei rojale maktene. Deriblant Habsburgarane, og det norske og svenske kongehuset. Gå inn på srib.no for å stemme over kva det neste programmet...
We're indexing this podcast's transcripts for the first time — this can take a minute or two. We'll show results as soon as they're ready.
No matches for "" in this podcast's transcripts.
No topics indexed yet for this podcast.
Loading reviews...
ABOUT THIS SHOW
Gult Kakestykke er ein triviabasert historiehalvtime. Kvar veke finn me dei beste historiene frå fortida — gjerne med eit glimt i auget. Gult Kakestykke går ikkje i breidda, men har som mål å gi deg anekdotene som gjer deg mest interessant på vorspiel.
HOSTED BY
Studentradioen i Bergen
Loading similar podcasts...