PODCAST · society
Kaffi & Kringle
by Firdaposten
I denne podkasten serverer Karen kaffi & kringle til spennande og handplukka gjestar. Men det er ikkje det einaste som blir servert. Her får du gode historier, og blir betre kjent med kjekke Florøfjes. Felles for dei er at dei er unge og lovande, og driv med noko som kanskje ikkje alle andre gjer.
-
16
Kaffi & kringle med Karen og Martin Krakhellen
I sesongens – og årets siste kaffi og kringleservering får Karen besøk av Martin Krakhellen i studio. Han har nyleg vore gjennom ein heftig periode som rekrutt i Kompani Lauritzen. I beste sendetid på TV2 har han vist sine sterke og svake sider. Vi måtte sjølvsagt høyre meir om denne opplevinga. Kva var det som gjorde at han følte seg litt fastlåst i livet og melde seg på? Kor mange gongar gjennom opphaldet vurderte han å dimme – og korleis har livet endra seg i etterkant? Kva var det beste, og kva var det verste dei måtte gjennom? Martin fortel open og ærleg om korleis det var å vise ei meir sårbar side av seg sjølv på TV, og korleis han overvant høgdeskrekken på Bømoen. Martin var heilt rå på tv-skjermen, og vi måtte snakke litt om tilbakemeldingane han har fått i ettertid. Kva blir det neste reality-prosjektet for Florømannen? Då vi spelte inn episoden nærma det seg jul, og vi måtte sjølvsagt prate om tradisjonane heime hos han. I denne episoden blir vi betre kjent med ein svært reflektert Martin, og vi får blant anna høyre om kva planar han har for livet framover.See omnystudio.com/listener for privacy information.
-
15
Kaffi & kringle med Karen og Erlend Bøe
Ja. Kor skal ein starte med den nyaste gjesten som dukka opp i studio. Erlend Bøe er den einaste gjesten som har si eiga Wikipedia-side, Store Norske Leksikon-side og eigen kommunikasjonsrådgivar. Han sit på Stortinget, er Tromsø Høgre sin førstekandidat og helsepolitisk talsmann i Høgre. Ikkje berre-berre det han driv med, altså.Vi måtte snakke litt om den politiske rakettkarrieren hans. Han fekk vere Bent Høie si høgre hand under Covid-19, ei av dei største krisene i Noreg sidan krigen. Han var tett på alt som skjedde, og med å ta avgjersla om å blant anna stenge ned landet. Vi fekk også snakka om kvifor var det helsepolitikk som blei Erlend si grei, og korleis ein vanleg dag på Stortinget ser ut. Det er vel drama der som i ei anna vanleg bedrift?Det er ikkje ei overdriving at vi fekk snakka om mykje i denne episoden. Og ikkje berre nasjonal, internasjonal og lokalpolitikk. Vi fekk også bli litt kjent med Erlend når han ikkje er på jobb. Han gir oss blant anna innblikk i korleis det er å ete middag på slottet titt og ofte, kva han gjer når han koplar av, kva du bør tenkje på ved booking av hotellrom i London, korleis det var å ha eit kamerateam frå NRK hengane over skuldrane i 1,5 (og å ha dei med på guttevors), og kva for Florø-væring som burde gå for å bli ordførar.See omnystudio.com/listener for privacy information.
-
14
Kaffi & kringle med Karen og Lisa Refsnes
På sjølvaste Halloween kom Lisa innom studio. Det vart lite knask og knep, men obligatorisk kaffi og kringleservering. Lisa er utdanna advokat, og har hittil i karrieren hatt mange spennande, utfordringane og givande jobbar. Som politiadvokat har ho blant anna jobba med seksuelle overgrep mot born på nett, og som pasientombod tok ho for seg utfordringane som dukkar opp når kommunikasjonen mellom helsevesenet og brukarane sviktar. Ho har også vore innom det private næringslivet, og vore fagleiar i Nor-Tekstil. No har ho vendt snuten tilbake til jussen, og alt dette måtte vi sjølvsagt snakke meir om. Karen lurar på kva ho har lært om seg sjølv i dei jobbane ho har hatt, og korleis ho står i dei tøffaste dagane på jobb. I tillegg har Lisa ein fast funfact vi får høyre meir om. Vi får også snakka om korleis er det å bli assosiert som Mørkeheksa til Jomentum, kva ho gjer for å koble av og kva som er favoritturen. Blant anna!See omnystudio.com/listener for privacy information.
-
13
Kaffi & kringle med Karen og Erlend Vassbotten
Det skal nok litt til for å toppe Erlend sitt år. 2024 har liksom vore hans hittil. Og dette har ingenting med at han til dagleg leiar Steinvik Fiskefarm. Kva som har gjort årets hans så bra får du høyre meir om i denne episoden. Vi fekk også snakka oss litt gjennom oppdrettsnæringa, og lært meir om familiebedrifta Steinvik. Erlend er 3. generasjon som no har tatt over drifta etter faren og farfaren. Korleis fungerer det å jobbe så tett med familien, og var han alltid kalla til å komme heim for å styre skuta? Oppdrettsnæringa har sine utfordringar, og vi fekk snakka om fleire ting Karen kan lite om. Erlend forklarar både trafikklys-ordninga og grunnrenteskatt, og vi får prata om omdømme til bransjen. Karen har sett Erlend vere DJ i sin eigen 30-årsdag og trur han eigentleg har ein draum om å reise rundt og lage festlegheiter - og korleis går det eigentleg med Fantasylaget Steinvik Sviskefarm? See omnystudio.com/listener for privacy information.
-
12
Kaffi & kringle med Karen og Linn Theres Nekkøy
Linn er omtrent oppvaksen på eit skjær. Ho gjekk å traska i fjøra medan ho gjekk i bleie, og har hatt mange år ombord som fiskar. Dagens gjest har nok litt fisk i blodet. Ho seier sjølv at det er tilfeldig at ho jobba så mykje med havnæringa, men det er eg usikker på.Kaffi og kringle blei sjølvsagt servert medan vi fekk høyre meir om Linn si spennande karriere. Ho er eit smilande ja-menneske, og har uredd tatt utfordringane som har dukka opp undervegs. Korleis livet gjekk frå vesle Søre Nekkøya til New York for eksempel – og heim igjen og ut på sjøen. Samstundes som ho jobbar, held ho også på med ein master. Ho har ikkje mindre enn to bachelor-grader i sekken, som ho tok utan å vere fulltidsstudent. No har ho tatt over roret som dagleg leiar i Aksello. Karen lurer på om Linn har fleire timar i døgnet, og kva som er hemmelegheita til kapasiteten.I tillegg er Linn(mest sannsynleg) den mest bereiste nekkøyingen i verda, og saman med den(mest sannsynleg) mest bereiste norddalsfjordingen. Saman tar dei utradisjonelle reisemål, og dei var nyleg i Oman. Dette måtte vi sjølvsagt snakke meir om. Episoden tar også for seg kvifor Linn hater å tape og kvifor det var bra at ho slutta å pendle.See omnystudio.com/listener for privacy information.
-
11
Kaffi & kringle med Karen og Nikolai Valvik
Kjære lyttar; velkommen til sesong to! I sesongens første episode har Karen servert øyingen Nikolai både kaffi og kringle. Han blei nøgd med begge deler. Nikolai har jobba 11 år i Forsvaret, og i år starta han som Hovedtillitsvalgt i Luftforsvaret, Befalets Fellesorganisasjon. Litt av ein prestasjon! Vi fekk snakka om hva ledertype Nikolai er, kvifor han har ein sabel hengande over senga - og kva han tenkjer om omdømme til Forsvaret for tida. I tillegg er Nikolai ein av dei få politisk aktive i Kinn under 30. I episoden fekk vi svar på kvifor han valde å stå på Venstre si liste, og korleis han blei nestleiar. Spontaniteten til Nikolai fekk skinne under Covid, og i vi fekk snakka om kjøp av seglbåt utan erfaring og å arrangere festival i Valvika. Korleis pregar det ein å vakse opp på Askrova som tvilling? Er det difor han blei familiens moralske kompass?See omnystudio.com/listener for privacy information.
-
10
Kaffi & kringle med Karen og Christian Hope
Christian har ei mor frå Cuba og ein far frå Hyen. Kulturforskjellane var store frå Havanna til vesle Hope. Vi måtte snakke meir om korleis det gjekk til, og korleis det har påverka han til å bli den han er. Sesongens siste gjest fekk servert pappakringle medan vi prata oss gjennom mykje rart.Christian har reist mykje, og drøymer om å vere alle stader på same tid. 1. august i fjor slapp han det han hadde i hendene og kjøpte einvegsbillett til Australia. Det baud på mogelegheiter til å jobbe med blant anna P!nk, Paul McCartney og på bananfarm. Variasjonen var stor. Det er juni, og vi fekk også kasta ut litt tankar om både pride, foreldregenerasjonen og diskriminering. Kvifor er Våt Moro dugnadsbornet til Christian, kva skjedde med nettstaden "Saftig Sladder" og har han dansa på nasjonal TV? Det - og mykje meir får du svar på i sesongavslutninga av Kaffi & kringle. See omnystudio.com/listener for privacy information.
-
9
Kaffi & kringle med Karen og Fredrik Helland
Dagens gjest er vand med å snakke i mikrofonen. Han er stemma til heile Sogn og Fjordane kvar morgon, og det måtte vi sjølvsagt snakke om. Får han ikkje prestasjonsangst av å snakke til så mange på direkten, og kva er den største tabba? Fredrik er ein fyr som driver med mykje greier. Han er alt for ung til å elske sild, men gjer det uansett. Som ein del av sildekomiteen sørga han for at det blir Himmel & hav-helg i Florø i år også. Han har blant anna vore festivalsjef for Våt Moro, var med å stifta Stimen, satt i styret til Kinn Kyrkjelege fellesråd, var politisk aktiv som ungdomsordførar og hadde ein stol i bystyret, dreiv podd med Firdaposten, farta rundt som russepresident og var ein lovande fotballdommar – ja you name it kva han er innom. Karen fekk grave litt i kva som driv nokon til så mykje dugnad og så mange timar for fellesskapet. 22. juli 2011 var Fredrik 21 år og i førstegongstenesta. Då bomba gjekk av i regjeringskvartalet fekk han ei heilt spesiell rolle. Opplevingane den dagen sit nok i endå, og det fekk vi også snakka litt om i dagens servering av kaffi og kringle.See omnystudio.com/listener for privacy information.
-
8
Kaffi & kringle med Karen og Madelen Hopen
I vekas episode er Madelen Hopen innom studio for litt kaffi og kringle. Madelen er heilt sjef. Både heime, på jobb og på trening. I dinna episoden prøvde Karen å finne ut om ho har fleire tima i døgnet enn ho sjølv. For 2,5 år sida hoppa ho frå ei sjukepleiar stilling til å styre skuta på spenst. Vi fekk snakka om ups and downs med å vere dagleg leiar i ein svingande bransje.Ho sit ikkje stille, og har satt seg nokre spennande og hårete mål for året. Ironman som det største. Madelen skal svømme 3800 meter, sykle 180 kilometer og avslutte det heile med eit maraton på 42,2 kilometer. Kor dukkar desse måla opp - og kva gjer ein for å forberede seg? Spesielt når ein ikkje har svømt eller sykla mykje før. Har ho angra på prosjektet? Madelen er ein type som søker det litt ekstreme, og tar for eksempel 1000 burpees kvar nyttår. Då gjer det ingenting at ho måtte ta svømmeøkt i sjøen sjølvaste 17. mai.I episoden fekk vi også snakka om korleis ein held seg til treningsmåla sine, kva ho synger høgt når ho trenar aleine, og Madelen måtte svare ut nokre vanskelege dilemma.See omnystudio.com/listener for privacy information.
-
7
Kaffi & kringle med Karen og Dag Henrik Nygård
Dag Henrik er den nyaste gjesten i podcasten til Karen. Han er utdanna jurist, og har ein veldig vaksen-jobb som kyrkjeverje i kommunen. Men det er overhode ikkje alt denne eineståande fyren driver med. I episoden fekk vi snakka om å ta juristutdanninga med dysleksi, og gå ut av vidaregåande med 16 seksarar. Kva er eigentleg nordisk råd - og kvifor har han vore interessert i det sidan han var liten? Det får vi svar på i episoden. Vi får og høyre meir om korleis det ser ut heime hos han - og løyser sentrale lokalpolitiske utfordringar. Dag Henrik syns engelsk var vanskelig. Som er rart i seg sjøl, fordi språkøyret hans er eit av dei sjeldne. Men for å utfordre seg sjøl skreiv han masteroppgava på både engelsk og afrikansk. Han lærte seg tysk med å se på Derrick, og trur at grunnen til at han lærer seg alle språka i landa han besøker, er så han slepp å snakke engelsk. See omnystudio.com/listener for privacy information.
-
6
Kaffi & kringle med Karen, Christer Husa og Kristoffer Ryland
Christer og Kristoffer er to legender i Florø Fotball. Dei har begge vakse opp med fotball i Botnaholten, og kanskje det har vore grunnen til at dei begge blei så gode. No har dei takka ja til eit år som trenarar for det unge A-laget til Florø. I denne episoden får du høyre meir om kva som trigga dei til å sei ja. Korleis skal dei snu den negative trenden? Karen djupdykk litt i kva fotballen har betydd for dei, og kva som har våre høgde- og lågpunkta i karrieren. Episoden gir også svar på kva som eigentleg skjedde med førstegongstenesta til Christer og om Kristoffer fortsatt får mange parkeringsbøter. See omnystudio.com/listener for privacy information.
-
5
Kaffi & kringle med Karen og Andreea
Andreea er – om ikkje Norges tøffaste, i alle fall Florøs tøffaste. I denne episoden blir vi betre kjent med jenta vi har sett på NRK i beste sendetid den siste tida. Karen serverer dei beste kringlene hittil, og oppdagar til sin store skrekk at gjesten ikkje drikk kaffi. I episoden får vi svar på kva som eigentleg skjedde inne på Albuskjell, og om ho er nøgd med innsatsen sin. Andreea røper eit par hemmelegheiter frå serien, fortel om korleis Funkygine eigentleg er, og korleis det er å bli filma 24/7. Blir det ei ekte realityboble?Samstundes blir vi betre kjent med Andreea. Kva er det som gjer at ho står i det når ting er tøft? Korleis var det å komme til Norge frå Romania som 6 år(eller 7 eller 8 år)? Og kven er eigentleg dei største fyllasvina på UiB? Ho trenar mykje, og det er ein grunn til. Svara, og meir, får du i den lengste episoden hittil!See omnystudio.com/listener for privacy information.
-
4
Kaffi & kringle med Karen, Magnus Helgås Brandsøy og Heidi Strømmen Kjerpeset
I den nyaste episoden av Kaffi&Kringle får Karen besøk av Heidi og Magnus. På eige initiativ skal dei starte flytande sauna i Florø. I episoden fortel dei om korleis ideen dukka opp, kva som har vore utfordringane og kor badstua skal ligge. Vi er også innom helsefordelar med både sauna og isbading – dette har Magnus forska på seg sjølv så det stemmer nok. Magnus fortel om kvifor han valde å bli politi – men ville ikkje svare på kor kriminell Florø er på ein skala frå 1 til 10. Heidi røper kven som styrer Instagrammen til hunden deira og samstundes dykkar vi litt ned i tida då Magnus var så gal etter Heidi at det kunne gått gale.See omnystudio.com/listener for privacy information.
-
3
Kaffi & kringle med Karen og Cecilie Fanevik
Cecillie Fanevik fortel om å tørre å følge draumen, om å drive butikk som går som det susar i Strandgata - fins det ei suksessoppskrift? Kva gjer Cecilie annleis? Om å ikkje bry seg kva andre meiner lenger, og om å vere ein liten Petter Stordalen på måndagar.See omnystudio.com/listener for privacy information.
-
2
Kaffi & kringle med Karen og Therese Svortevik
Therese Svortevik deler erfaringar om å ringe radioen på fritida for å få oppmerksomheit, dyrke hobbyane sine, bu med ordføraren, gi nytt liv til gamle helsekittler, hennar tre H-ar for å velje vin, alltid ha godt humør, drive skobutikk i Strandgata, refleksjonar rundt 'ungdommen no til dags', sinnemeistring, og kva som skjedde med lappen.See omnystudio.com/listener for privacy information.
-
1
Kaffi & kringle med Karen og Sivert Orheim
Om å arrangere liv i Florø, aldersdiskriminering, tåle kritikk, livet som ikkje blei som ein trudde i Madrid og mykje meir.See omnystudio.com/listener for privacy information.
We're indexing this podcast's transcripts for the first time — this can take a minute or two. We'll show results as soon as they're ready.
No matches for "" in this podcast's transcripts.
No topics indexed yet for this podcast.
Loading reviews...
ABOUT THIS SHOW
I denne podkasten serverer Karen kaffi & kringle til spennande og handplukka gjestar. Men det er ikkje det einaste som blir servert. Her får du gode historier, og blir betre kjent med kjekke Florøfjes. Felles for dei er at dei er unge og lovande, og driv med noko som kanskje ikkje alle andre gjer.
HOSTED BY
Firdaposten
Loading similar podcasts...