PODCAST · news
Lesbian Life
by Sogn Avis
Radl om badl, Sogn Avis sin podcast om lokalfotball i Sogn.
Episodes
-
Episode 16: Edin og Ivan
Endeleg er Radl om badl tilbake med ny podkast, denne gongen med ein far og son-versjon. I den 16. utgåva av fotballpodkasten Radl om badl har programleiar Endre Romøren og sidekick Morten Sortland med seg Ivan Øy og Edin Øy.
-
Episode 14: Jan Rune Årøy og Einar Kvam
Fjøra-spesial. I denne episoden har me fått med oss to ekte Fjøra-legendar i Jan Rune Årøy og Einar Kvam.
-
Episode 13: Marseille-spesial
Det er 20 år sidan den største hendinga i norsk fotball nokonsinne, kjend som mirakelet i Marseille. Norge – med fire frå Sogn og Fjordane på bana – slo Brasil 2–1 og tok seg vidare frå gruppespelet i VM. Vår første gjest, Håvard Flo, noterte seg for éin scoring i gruppespelet, og skaut Roar…
more -
Episode 13: Tommy Skjerven og Torstein Kvam
Fotballpodkasten Radl om badl er ute med ny episode, den 13 i rekkja. Denne gongen har programleiarane Endre Romøren og Morten Sortland med seg markante pipeblåsarar frå fylket i Tommy Skjerven og Torstein Kvam.
-
Episode 12: Marius Boe og Jan Tore Jaastad
Marius Bøe og Jan Tore Jåstad i fotballkretsen er gjester i den tolvte utgåva av Radl om badl. Marius Bøe var ei årrekkje ein frykta mann grunn sin noko kompromisslause spelestil. I denne episoden legg kraftpluggen ikkje skjul på at han mislikar spelarar som brukar panneband og rosa fotballsko.…
more -
Ulrik & Håvard Flo
Radl om badl er tilbake, denne gongen med sending frå Marbella. Årets første episode av Radl om badl er klar, der me køyrer ein «Flo spesial» frå treningsleiren på Costa del Sol. Me har fått med oss den heimvende son Ulrik Flo, i tillegg er Håvard Flo den første gjesten i podkasten sin historie…
more -
Episode 10: Nils Tore Krosshaug og Bjarte Vatlestad
Nils Tore Krosshaug og Bjarte Vatlestad er gjester i den tiande utgåva av Radl om badl. Her fortel Vatlestad om proffeventyret i italiensk serie D, der han mellom anna hamna midt i kampfiksingsskandalen som vart rulla opp. Krosshaug har mykje snadder frå fotballen i fylket, og ikkje minst den...
-
Episode 9: Ole Gunnar Hunderi og Morten Brandsdal
Ole Gunnar Hunderi er ei levande legende i årdalsfotballen, både med Jotun og Årdal-drakt på kroppen. Han var ein svært frykta spiss både blant motspelarar og domarar, og i 2002-sesongen scora han inkludert treningskampar smått utrulege 79 mål for Jotun. Henrik Furebotn har omtala han som sin...
-
Episode 8: Wæhler og Uglum
Kjetil Wæhler og Arve Uglum leverer varene i den åttande episoden av podkasten Radl om badl. Det er ei glede å ønskja velkomen til den åttande episoden av Radl om badl. Temaet i denne episoden er at det er ingen grunn til å frykta 40-åra. Dagens gjester er prakteksemplar på dette. Kjetil Wæhler…
more -
Episode 7: Bjørn Inge Utvik og Mathias Dyngeland
Mathias Dyngeland og Bjørn Inge Utvik er gjester i den sjuande episoden av podkasten Radl om badl.
-
Episode 6: Stig Roar og Robert Hovland
I episode 6 av fotballpodkasten Radl om badl har me teke turen til Vik der me har møtt dei berykta Hovland-brørne. Stig Roar er ein levande keeperlegende i lokalfotballen. Han har vakta buret for Vik i to tiår, han har vore innom Sogndal, er ein berykta mann på mange bortearenaer og har nesten...
-
Episode 5: Even Hovland og Gustav Valsvik
I den femte utgåva av fotballpodkasten Radl om badl har me nok ein gong ei krutsterk gjesteliste, då me har fått med oss landslagets stopparduo Even Hovland (28) og Gustav Valsvik (23) i studio. Her snakkar me om opprykkskamp i Tyskland, Hovland si fotballframtid, same mann sitt prøvespel i...
-
Episode 4: Håvard Flo og Terje Skjeldestad
I den fjerde utgåva av Radl om badl får du vita kvifor Rosenborg-legenden Roar Strand berre fekk 25 minutt på bana før han måtte bytast ut i 8-delsfinalen mot Italia i VM 98. Håvard Flo lettar på sløret og snakkar ut om då han vart kåra til årets mest sexy fotballspelar, kvifor han har mareritt…
more -
Episode 3: Tommy Øren og Henrik Furebotn
Sogndal-legende Tommy Øren og Sogndal-kaptein Henrik Furebotn er gjester i den tredje episoden om Radl om badl.
-
Radl om Badl episode 2
Til helga er det sesongstart i lokalfotballen. Med oss har me to karar det luftar svidd av. Høyr herlege historiar med Årdal FK-trenar Ivan Øy og Kaupanger-trenar Øystein Lindesteg Rinde.
-
Radl om badl episode 1
Høyr Sogndal-trenar Eirik Bakke fortelja om dei elleville historiene frå profflivet i England, og mykje meir snadder i Sogn Avis sin aller første fotballpodkast.
We're indexing this podcast's transcripts for the first time — this can take a minute or two. We'll show results as soon as they're ready.
No matches for "" in this podcast's transcripts.
No topics indexed yet for this podcast.
Loading reviews...
Loading similar podcasts...