Bjørn Ola Aurkust. -Historia om mannen som valde bygda framfor partipisken. episode artwork

EPISODE · May 25, 2026 · 38 MIN

Bjørn Ola Aurkust. -Historia om mannen som valde bygda framfor partipisken.

from Langs Vegen No.

Møt Bjørn Ola Aukrust frå Lom – tidlegare varaordførar, skuleforkjempar og no den ettertrakta Lomslosen. Ei varm, humoristisk og engasjerande podkastsamtale på Langs Vegen No.https://www.lomslosen.no/Varaordføraren som vart rikskjendis med kjepphest og pisk, satte bygda først, og som aldri glømde flokken sin.Men historia om Bjørn Ola  starta lenge før både kjepphestar, partipiskar og cruiseturistar. Han vaks opp i Lom med fjella som næraste nabo, sterke røter i bygda og ein tidleg respekt og interesse for menneske, historie og samfunnet rundt seg. I Lom er han ein av dei som alltid har hatt eit ekstra blikk for både ungdommen, lokalsamfunnet og framtida til fjellbygdene i Ottadalen.Gjennom mange år, og eit mangfoldig liv som lærer, kommunepolitikk, varaordførar og sentral Arbeidarparti-politiske arbeidde han for det han meinte tente bygda best. Då kampen om den vidaregåande skule i Lom toppa seg i 2024, valde han å setje «flokken sin» framfor partiboka. Motstanden mot nedlegginga av skulen gjorde han til ein av dei mest profilerte røystene i Innlandet-politikken, og til slutt meldte han seg ut av partiet han hadde vore ein del av store deler av livet.For resten av landet vart han kanskje mest kjend som mannen som sat til hest utan hest. Kjepphesten han reid på var ikkje tilfeldig vald. Han symboliserte det mange i Lom meinte var den politiske «kjepphesten» til deler av Innlandet Arbeidarparti: nedlegginga av den vidaregåande skulen. Pisken han svinga med var heller ikkje retta mot nokon person, men mot det han opplevde som forsøk på å få kritiske røyster til å marsjere i takt med partilinja. Resultatet vart ein video som fekk stor merksemd langt utanfor bygdegrensene – og som gjorde Bjørn Ola  til eit av dei mest kjende ansikta i den norske skuledebatten den vinteren.Men dei som kjenner Bjørn Ola  veit at det eigentleg handlar om noko heilt anna: kjærleiken til bygda, historia, naturen og menneska rundt han.Interesse for lokalhistorie, kulturarv og forteljarkunst har alltid vore ein raud tråd gjennom livet hans.I dag har han lagt frå seg varaordførarklubba og funne ei ny roll som Lomslosen. Der mange guidar puggar manus, fortel Bjørn Ola  historier. Her får turistane møte både fortid og notid gjennom levande forteljingar, lune skråblikk og ekte bygdehumor. Kjærleiken til Lom og Ottadalen skin gjennom i kvart einaste oppdrag, og dei som allereie har vore med Lomslosen på tur, har for lengst oppdaga at dette er noko langt meir enn ei vanleg guiding.Bli bedre kjent med læraren, politikaren, historieforteljaren, bygdepatrioten og menneskekjennaren Bjørn Ola  Aukrust i denne episoden av Langs Vegen No .Podkasten er produsert av redaktør Roy Myrland i nettavisa Langsveien.no, med annonsestøtte frå Brun Bygg i Vågå, Gjendebåtane og Bygningstekniker Frode Bertelrud i Begnadalen. https://www.lomslosen.no/Langs Vegen No. -Ein podkast frå nettavisa www.langsveien.no og Roy Myrland.

Episode metadata supplied by the publisher feed · Published May 25, 2026

Embed this episode

Møt Bjørn Ola Aukrust frå Lom – tidlegare varaordførar, skuleforkjempar og no den ettertrakta Lomslosen. Ei varm, humoristisk og engasjerande podkastsamtale på Langs Vegen No. https://www.lomslosen.no/ Varaordføraren som vart rikskjendis med kjepphest og pisk, satte bygda først, og som aldri glømde flokken sin. Men historia om Bjørn Ola starta lenge før både kjepphestar, partipiskar og cruiseturistar. Han vaks opp i Lom med fjella som næraste nabo, sterke røter i bygda og ein tidleg res...

Distinct summary based on available episode metadata or transcript content.

NOW PLAYING

Bjørn Ola Aurkust. -Historia om mannen som valde bygda framfor partipisken.

0:00 38:04

No transcript for this episode yet

We transcribe on demand. Request one and we'll notify you when it's ready — usually under 10 minutes.

No similar episodes found.

No similar podcasts found.

Frequently Asked Questions

How long is this episode of Langs Vegen No.?

This episode is 38 minutes long.

When was this Langs Vegen No. episode published?

This episode was published on May 25, 2026.

Can I download this Langs Vegen No. episode?

Yes. Use the download control on the episode player to save the publisher-provided media file.
URL copied to clipboard!