PODCAST · news
Langs Vegen No.
by Nettavisa Langsvegen.no
"Langs Vegen No" er podkasten til nettavisa www.langsvegen.no, -nettavisa om folk. God fornøying.Med venleg helsingRoy Myrland, eigar og redaktør.
-
46
Endre Strømsheim i Ragnarokk på sabotørruta
Verdsmeister i skiskyting på stafett og fellesstart under VM i 2025 i Lenzerheide, Endre Strømsheim, tok 8. mars inn på ei heilt spesiell hytteovernatting: Ragnarokk på Aurdalsåsen i Valdres. Hit, langt frå både stadionlys og standplass, har han følgt spora etter tungtvass-sabotørane frå kompani Linge, som i mars 1943 la ut på den dramatiske retretten på rundt 600 kilometer frå Rjukan til Sverige.Ragnarokk er nemleg eitt av stadene sabotørane søkte ly på den strabasiøse turen. På hemsen i hytta sov også Birger Strømsheim (1911–2012) – broren til Endre sin oldefar – saman med dei slitne kameratane sine. Då karane kom fram til hytta, som var eigd av ingeniør Ragnar Christensen, etter ein tung marsj frå Nordre Fjellstølen i Bagn, skal leiaren for "gunnerside" operasjonen Joachim Rønneberg ha sett seg rundt og sagt dei berømte orda:– Her luktar det jøssing!Endre Strømsheim går ikkje berre fort på ski – han navigerer også stødig. Med ni kartblad i sekken og god hjelp frå boka Tungtvass-sabotørane sin retrett av Tom Lium har han følgt ruta gjennom fjellet, bokstaveleg tala i sabotørane sine spor.I denne episoden av podkasten Langs Vegen No møter vi Strømsheim inne i den historiske hytta. Der pratar han og redaktør Roy Myrland om historie, slektsband, kartblad, lange dagsmarsjar – og korleis det eigentleg er å leggje seg til å sove på same loftet som motstandshelter gjorde for over 80 år sidan.Endre Strømsheim fortel også at han ønskjer å rette ei takk til Brit Håland, dagens eigar av den historiske hytta – «ein stad på Aurdalsåsen» – før han held fram vidare austover i dei historiske spora etter tungtvass-sabotørane. Langs Vegen No. -Ein podkast frå nettavisa www.langsveien.no og Roy Myrland.
-
45
Bjørn Stendebakken. Del 2. Rockens historie i Valdres
Podcast nr. 2, om "Rockehistorie i Valdres". Frå flower power til forsterkarar på full guffe !I studioet i GG13-garden på Fagernes tek Bjørn Stendebakken frå Leira i Valdres oss med på ei musikalsk tidsreise gjennom rocken si historie i dalføret. Det startar på 60-talet med den glade hippietida, går vidare gjennom rockesvoltne 70-år og inn i 80-talet med Valdres Musikkforum – krydra med Bjørn sine eigne historier og sterke musikkopplevingar utanfor Valdres. Mot slutten rundar redaktør Roy Myrland av praten med gode spørsmål, medan teknikar Kjell Einar Kana frå Kreativ Videoproduksjon sørgjer for at både lyd og stemning sit som dei skal. Dette er berre første del – og rockereisa held fram i podkast nummer 2.Langs Vegen No. -Ein podkast frå nettavisa www.langsveien.no og RoyLangs Vegen No. -Ein podkast frå nettavisa www.langsveien.no og Roy Myrland.
-
44
Valdres i hjartet: Vedum om formueskatt, eigarskap og lokalsamfunn
Valdres i hjartet: Vedum om formueskatt, eigarskap og lokalsamfunnhttps://youtu.be/EuyyBKUuvq4Senterparti-leiaren og stortingsrepresentanten Trygve Slagsvold Vedum tok imot redaktør Roy Myrland og podkasten Langs Vegen No i kontoret sitt på Stortinget til ein grundig prat om nokre av dei mest krevjande spørsmåla i norsk økonomi og næringspolitikk.Der vart han utfordra på både formuesskatt og oppkjøp av norske bedrifter – tema som vekkjer sterke meiningar og uro mange stader i landet. Vedum svara utførleg, med både resonnement, skråblikk og eit solid lass engasjement om eigaskap og distriktspolitikk. Samstundes understreka han at både han og Senterpartiet er opptekne av å gjere ein skikkeleg jobb for at folk skal kunne ha det godt – både no og i framtida. Undervegs tok han fleire svingar innom Valdres, der familiebedrifter og lokalsamfunn blir løfta fram som sjølve ryggrada i verdiskapinga – servert med glimt i auget og ein bonde-metafor eller to. Bodskapen er tydeleg: Nasjonal politikk skal kjennast heilt ut der fylkesvegen er både smal og humpete, og avstanden til Oslo lang.Langs Vegen No. -Ein podkast frå nettavisa www.langsveien.no og Roy Myrland.
-
43
Bjørn Stendebakken -Rockens historie i Valdres. Del 1 av 2.
Frå flower power til forsterkarar på full guffe !I studioet i GG13-garden på Fagernes tek Bjørn Stendebakken frå Leira i Valdres oss med på ei musikalsk tidsreise gjennom rocken si historie i dalføret. Det startar på 60-talet med den glade hippietida, går vidare gjennom rockesvoltne 70-år og inn i 80-talet med Valdres Musikkforum – krydra med Bjørn sine eigne historier og sterke musikkopplevingar utanfor Valdres. Mot slutten rundar redaktør Roy Myrland av praten med gode spørsmål, medan teknikar Kjell Einar Kana frå Kreativ Videoproduksjon sørgjer for at både lyd og stemning sit som dei skal. Dette er berre første del – og rockereisa held fram i podkast nummer 2.Langs Vegen No. -Ein podkast frå nettavisa www.langsveien.no og Roy Myrland.
-
42
Marit Reitan -Eg unnar folk å finne vegen til seg sjøl.
Kva skjer når vi sluttar å leite etter svar utanfor oss sjølve?I denne episoden av Langs Vegen No møter du Marit Reitan i AGAPE instituttet. Det er ein varm og nær samtale om intuisjon, førstetanken og vegen heim til seg sjølv. Ho er rekna av mange som ei av dei fremste rettleiarane i landet innan intuitiv innsikt, men for henne handlar alt om menneska – og om å bidra til eit tryggare og meir heilskapleg liv.Takk til Spar Beitostølen, Joker Ryfoss og MENY Stavern for stønad og annonsebidrag til Langsvegen.no.Gjennom forteljingar og refleksjonar blir kjernen i livsverket hennar tydeleg. Og bodskapen, som også er målet med denne podkasten, kan samanfattast slik: –«Eg unner folk å finne vegen til seg sjøl.»Samtalen tek oss først med tilbake til oppveksten hennar i Steinkjer, og til små og store hendingar som tidleg var med på å forme nysgjerrigheita, omtanken og interessa hennar for det indre livet. Det er tydeleg at dette ikkje berre handlar om metode eller teknikk, men om eit djupt menneskeleg engasjement.Å stole på førstetanken – og seg sjølvPraten dreier raskt inn på intuisjon, førstetanken og det å våge å stole på den indre stemma – den som ofte veit meir enn vi gir henne æra for. Marit snakkar om reading , som ho òg kallar ei lesing, og skildrar dette som ei rettleiing som kan gi klarleik, tryggleik og nytt perspektiv.Ho forklarer på ein jordnær og forståeleg måte korleis ho utføre ei lesing, og understrekar at det ikkje handlar om å få svar utanfrå, men om å hente fram det mennesket allereie ber på. Det er nettopp her Marit si ekte kjærleik til menneske kjem tydeleg fram – ønsket om å gjere andre trygge nok til å stole på seg sjølve.Agape Instituttet – eit rom for vekst og medvitMarit starta AGAPE Instituttet i 2005, og har i over 20 år undervist og lese tusenvis av menneske innan sjølvvinnsikt og personleg utvikling. Drivkrafta hennar har heile tida vore ønska om å gi fleire tilgang til sitt eige indre kompass.Ho meiner evna til å lese seg sjølv og andre er ei sans vi alle er fødde med, og at denne sansa kan trenast – på same måte som alle dei andre sansane våre. Gjennom arbeidet sitt har ho vist ei enorm medmenneskelegheit, der respekt, varme og tillit står heilt sentralt.Ein samtale prega av varme, alvor og sistePodkasten blir leid av redaktør Roy Myrland, som med nysgjerrigheit, varme og openheit gir rom for ein fri og levande samtale. Samspellet mellom dei to er prega av nærleik, seinare, alvor og ekte engasjement, og prat rører seg sømlaust mellom det personlege og det større perspektivet.Lyttaren blir til å vere litt mei til stades i augneblinken – og kanskje slutte å leite så intenst etter svar utanfor seg sjølv.Ei påminnelse om det vi allereie erDette er ei episode som er vanskeleg å oppsummere fullt ut, men lett å anbefale. Ho kan gi både eit smil om munnen og ei stille påminning om noko heilt grunnleggjande:At mykje av det vi søkjer, allereie finst på innsida – og at vi fortener å finne vegen dit.AGAPE instituttet: https://www.agapeinstituttet.no/Fleire videoar med Marit Reitan her: https://www.youtube.com/results?search_query=marit+reitan&sp=EgIQAQ%253D%253D Langs Vegen No. -Ein podkast frå nettavisa www.langsveien.no og Roy Myrland.
-
41
Ein Bjørn på vandring – fridom på fire hjul.
Han lever sitt beste liv, i ein pickup som er som ein sveitsisk lommekniv med motor.Annonsørar: Montér Kvismo, Valdresbil A/S og Hovli Auto A/S.Bjørn Egge frå Høre i Vang i Valdres har funne sin eigen måte å leve godt på. Med Oslo som fast adresse og ein Nissan Navara som heim på hjul, tilbringer han rundt 200 døgn i året ute i naturen – året rundt. Snø, kulde og ruskevêr er berre ein del av pakken.Dette er ein podkast om ein Bjørn på vandring. Om fridomen i å reise når ein vil, stoppe der det kjennest rett – og bli verande litt lenger om ein har lyst. Bjørn reiser etter innfallsmetoden, utan faste planar, og viser at friluftsliv med stor fridom er oppnåeleg for fleire enn mange trur.I pickup-riggen har han alt han treng: varme, seng, vatn og moglegheit til å lage god mat. Dagane fyllest med fotturar, skiturar, bøker og bålkos. Dusjen tek han ute, i eit enkelt dusjtelt – heilt greitt, følgjer Bjørn sjølv.Skulle han bli en dag ekstra, eller om en kunde ringer, er det heller ingen hindring. Med PC og Starlink kan han jobbe like godt frå ein nedsnødd fjellovergang som frå heimekontoret i Oslo.Bjørn er også tydeleg på korleis han ferdast i naturen. Trass i kraftig firehjulsdrift køyrer han aldri utanfor godkjende vegar. Han meiner ein ikkje treng å lage spor i terrenget for å finne dei beste stadene – dei finst allereie, om ein tek seg tid.Under navnet Egge Overland deler han glimt fra turane sine i Noreg, Sverige, Finland og Island, og inspirerer mange til å leve litt friare, forklare – og meir på naturen sine premissar.Dette er ein podkast om fridom, vandring og eit liv ute – heile året.Langs Vegen No. -Ein podkast frå nettavisa www.langsveien.no og Roy Myrland.
-
40
Ein rosa engel med ballar!
Under innspelinga av podkasten med Hanna Gjeilo Skjåkødegård i Smiu på Bismo i Skjåk, dukka Aud Hove (Sp) – gruppeleiar i Innlandet fylkesting – uventa opp med ei julegåve. Ho ønskte å heidre Hanna for den kompromisslause innsatsen ho har lagt ned som leiar av TAFI ( Tverrfaglig arbeidsgruppe for framtidsskolen i Innlandet ), og for arbeidet med å sikre framtida til Jotunheimen Privatistskole i Lom.Etter ved Arbeidarpartiet, Høgre og MDG i Innlandet fylkesting vedtok å legge ned Lom vidaregåande skule hausten 2024, har Hanna stått støtt i front. Med uredd, sakleg og tydeleg stemme har ho arbeidd målretta saman med både private, stortings- og fylkespolitikarar, samt næringslivet, for å få Jotunheimen privatiskule offentleg godkjend og statsstøtta – på lik linje med andre private vidaregåande skular i Noreg.Langs Vegen No. -Ein podkast frå nettavisa www.langsveien.no og Roy Myrland.
-
39
Hanna Gjeilo Skjåkødegård. -Vilje, verdiar og vidaregåande skule.
Det er ikkje kvar dag ein møter menneske som både har doktorgrad, dugnadsånd og kampvilje nok til å flytte fjell – eller i det minste redde ein vidaregåande skule. I denne podkasten møter du Hanna Gjeilo Skjåkødegård frå Skjåk i Gudbrands dalen, kvinna som stod i første rekke då kampen for vidaregåande opplæring i Lom verkeleg tok til.Med di hjelp kan vi fortelje fleire viktige historier – i podkast, video og tekst. Gå vidare her.Medan skulekampen har rasa, har Hanna vore busett i Bergen. No har ho teke med seg både ektemannen Vetle og døtrene Frida og Maria, og flytta heim att til Skjåk. Familien bur mellombels i ein bustad eigd av Skjåk kommune, ein del av ordninga der folk kan få «prøvebu» i bygda i inntil tre år. Men her er det ingen tvil: Hanna skal ikkje prøvebu. Ho og familien skal bli – så snart huset dei byggjer står ferdig.Saman med TAFI – Tverrfagleg arbeidsgruppe for framtidsskulen i Innlandet, og ei rekkje andre gode krefter, har ho vore med på å samle inn over 65 millionar kroner til det som i dag heiter Jotunheimen Privatistskole. I podkasten får Hanna òg besøk av sambygding Aud Hove, gruppeleiar for Senterpartiet i Innlandet fylkeskommune. Ho har med seg ei gåve av det heilt unike slaget – ei helsing som seier mykje om kva slags menneske Hanna er.Samtalen er spelt inn i Smiu på Bismo i Skjåk, der redaktør Roy Myrland i nettavisa Langsvegen.no både intervjuar og har produsert podkasten. Undervegs blir det både sist, alvor og refleksjonar om bygdekraft, politikk, barn og framtid. Hanna har nemleg også doktorgrad frå Det medisinske fakultetet ved Universitetet i Bergen, og arbeider i dag som postdoktor og forskar innan vekt og spiseforstyrringar hos barn og unge.Podkasten er produsert med annonsestøtte frå: Thorstein Brun og Brun Bygg A/S, Harald Rune Øvstedal og Gjendebåtene, samt Bernt Jo Vole i Visit Bessegen og Gjende.Sjå og høyr heile podkasten – dette er bygdehistorie medan ho blir til.Langs Vegen No. -Ein podkast frå nettavisa www.langsveien.no og Roy Myrland.
-
38
Magne Østby. – Ein gründer som aldri har vore interessert i snarvegar.
VOM hundemat frå Trøgstad har funne vegen ut i verda – heilt utan snarvegar.Det luktar verken eksotisk superfood, avanserte laboratorium eller internasjonale konsern i lokala til Vom og Hundemat i Trøgstad. Her luktar det rett og slett kjøt. Norsk kjøt. Og det er akkurat slik Magne Østby vil ha det.– Vatn og andre «ingredienser» tilset vi ikkje. Vatn får hundeeigarane ordne sjølve når dei fôrar, seier han kontant over lunsjbordet.Midt i arbeidsdagen har redaktør Roy Myrland i Langs Vegen No rigga seg til for podkastinnspeling. Dette er Langs Vegen No – bokstaveleg tala.Frå kjøkkenbenk til 19 landHistoria om VOM starta ikkje med ein stor forretningsplan eller investorar i dress. Ho starta med ein sjuk hund, ein pølsemakar – på kjøkkenbenken i Trøgstad på 1990-talet.Magne Østby visste éin ting: råvarene betyr alt. Då han ikkje fann hundemat han stolte på, laga han like godt sin eigen. Resultatet vart Vom og Hundemat AS, etablert i år 2000 – bygd på eit prinsipp som framleis står fjellstøtt:Berre naturlege, norske råvarer. -Tilsatt vitamin og ikkje noko anna.I dag blir hundematen frå Trøgstad seld til 19 land, verksemda har rundt 35 tilsette, og produksjonen skjer framleis der alt starta – på garden.– Det er ikkje nødvendig å gjere det meir komplisert enn det er, seier Østby.Når verdas beste sledehundar et frå ØstfoldAt filosofien fungerer, er det liten tvil om. Nokre av verdas aller beste hundekøyrarar har valt VOM råfôr når marginane er små og belastninga ekstrem.Sigrar i Iditarod, Finnmarksløpet og ei rekkje andre store nasjonale og internasjonale hundeløp er tekne med hundar som er fôra på råvarene frå Trøgstad.– Når hundane skal yte maks over lang tid, ser folk raskt kva som fungerer, seier Østby nøkternt.Her er det lite skryt – meir konstatering.OL-Trap, presisjon og langsiktig tenkingDen same roen og presisjonen går igjen også utanfor hundeverda. Ved sida av rolla som gründer har Magne Østby vore landslagstrenar i hagleskyting, nærare bestemt OL-Trap – ein idrett der detaljar, disiplin og konsentrasjon avgjer.– Det handlar mykje om det same. Førebuingar, grunnarbeid og å gjere ting rett kvar einaste dag, seier han.Sønnene har teke over – faren følgjer medI dag er det sønnene som styrer vidare.Ole Magnus Østby er dagleg leiar, medan Vegard Østby har rolla som driftsleiar. Magne sjølv har trekt seg litt tilbake, men er framleis tett på – som rådgjevar, sparringspartnar og tydeleg verdiberar.– Det er fint å sjå at det lever vidare, seier han.-Her skal folk trivast – kvar einaste dag.For Magne Østby handlar kvalitet ikkje berre om hundemat. Det handlar òg om menneska som lagar ho.Hos VOM er det varm lunsj kvar dag, servert rundt eit bugnande bord som minner meir om eit hotell enn ei industriverksemd. Og to dagar i veka skjer det og noko heilt anna enn produksjon:Då kjem massøren!– Alle tilsette får tilbod om ein halvtime massasje i veka. Det er viktig å ta vare på folk òg, seier Østby, som om det skulle vere det mest naturlege i verda.Kanskje er det nettopp derfor folk blir. Podkast midt i kvardagen – utan filter og utan vatnPodkasten Langs Vegen No er spelt inn midt i dette – utan filter, utan staffasje og utan tilsett vatn. Ein lunsjprat mellom redaktør Roy Myrland og ein gründer som aldri har vore interessert i snarvegar.– Dette er ikkje fancy, seier Østby og ser rundt seg.– Det er berre ordentleg.Og nettopp det er kanskje forklaringa på kvifor hundemat frå Trøgstad har funne vegen til både verdas hardaste vinterløp – og til heilt vanlege matskåler hjå hundefolk over heile verda.Langs Vegen No. -Ein podkast frå nettavisa www.langsveien.no og Roy Myrland.
-
37
Levende lokalsamfunn i gode kommuner, demokrati, politikk, næringsliv–historia om Svein Olav Agnalt
Dagens leder av Lokalsamfunnforeningen er uredd, målretta og kjend for å seie ting som dei er. -Svein Olav Agnalt er ei av dei mest respekterte og tydelege stemmene mot sentralisering i Noreg. I denne podkasten frå Langsvegen.no blir du betre kjent med Agnalt – frå barneåra i Østfold til eit langt liv i politikken, næringslivet og som forkjempar for sterkt lokalsamfunn.I denne episoden av Langs Vegen No blir vi bedre kjent med Svein Olav Agnalt (Ap) – frå oppveksten i Østfold til eit langt liv i politikken, næringslivet og arbeidet for kommune-Noreg og levande lokalsamfunn i heile landet. Undervegs har han samla erfaringar, gode historier og solide mengder politisk nerding.Podkasten er spelt inn på kontoret hans hos Norsk Dekor, verksemda han starta i 25 år sidan, og der han no lever eit fritt og humørfylt seniorliv saman med 16 tålmodige og dedikerte medarbeidarar. Som medgrunnleggjar og leiar av Lokalsamfunnsforeningen, saman med Ole Kristian Narud, har Agnalt vore ei av dei mest standhaftige og viktige stemmene mot sentralisering i norsk politikk.Det blir både humor, lokalpatriotisme og politisk dypdykk når redaktør Roy Myrland frå Langsvegen.no leier samtalen med mannen som var ein populær og omsorgsfull ordførar – og seinare varaordførar – i totalt over 12 år i Skiptvet kommune.Langs Vegen No. -Ein podkast frå nettavisa www.langsveien.no og Roy Myrland.
-
36
Erik Østli ufiltrert: – Livet, jobben og tilfeldigheitene som førte hit
-Ein unike merkevarebyggjar for Beitostølen og Valdres!Dagens podkastgjest er ein mann som i fleire tiår har gjort ein uvurderleg innsats for både unge og eldre skal få oppleve skiglede, meistring og fellesskap. Som eldsjel, samfunnsbyggjar og tidlegare stadionsjef på Beitostølen Skistadion har han teke ansvaret for lokalmiljøet på djupaste alvor – og det gjer han framleis, med ein glød som har gjort Valdres og bygda til ein endå betre stad å bu, besøkje og kome tilbake til.Artikkel og podkast er laga med støtte frå: Vaset Skiheiser, Trio Elektro,Og ikkje minst: Beitostølen er staden der langrennsløparar i snart ti år har hatt den mest snøsikre sesongstarten – og der skisesongen verkeleg tek til!Det er ikkje kvar dag ein oslogut Bøler blir ein av dei viktigaste personane i utviklinga av ei fjellbygd i Valdres. Men Erik Østli, kjend som “Leppa frå Bøler”, har vore heilt avgjerande for både identiteten, økonomien og den sportslege posisjonen til Beitostølen.Som tidlegare stadionsjef på Beitostølen Skistadion har Østli vore den viktigaste merkevarebyggjaren for både Valdres og Beitostølen. Gjennom målretta arbeid, profesjonalitet og ei heilt særskilt evne til å skape tillit i idrettsmiljø nasjonalt og internasjonalt, har han utvikla sesongopninga for langrenn til eit arrangement i verdsklasse. Det har ikkje berre sett Beitostølen tydeleg på kartet – men også skaffa titusenvis av gjestedøgn både på Beitostølen og dalføret.Langs Vegen No. -Ein podkast frå nettavisa www.langsveien.no og Roy Myrland.
-
35
Hans-Jørgen Johnsen. -Han har jobba med Noregs største samfunnsutfordring – no fortel han alt
I denne episoden av Langs Vegen No møter du Hans-Jørgen Johnsen – gründaren, brubyggjaren og den uvanleg populære leiaren som topppolitikkar, næringslivsfolk og samfunnsaktørar står i kø for å snakke med. Det er på kontoret til Kopano A/S , oppe i lia bak Farris Bad i Larvik, at podkasten er produsert og spelt inn av redaktør Roy Myrland i nettavisa www.langsvegen.no .Her får du bli med heilt inn i det «indre livet» i Kopano, ei av landets mest spennande arbeids- og inkluderingsbedrifter, og høyre korleis ein organisasjon med røter i Larvik har blitt ein nasjonal kraft i arbeidet med å hjelpe folk inn i jobb. Hans-Jørgen fortel ope om metodane, verdiane og kvardagsarbeidet som ligg bak – og om kvifor dette arbeidet er ei av dei største utfordringane Noreg står overfor dei neste tiåra: å få fleire av dei som står utanfor arbeidsmarknaden, inn i aktivt arbeid og deltaking.Du får òg innsikt i hans personlege reise: kvifor han vel å tre til side no som Kopano har vakse seg stort, kva som krevst for å leie ei organisasjon som skal samfelle heile landet, og korleis han sjølv har jobba med sine sterke – og litt for sterke – sider som detaljstyrar og engasjerte leiar.Og heilt til slutt i episoden deler Hans-Jørgen sine ærlige tankar om kva slags type menneske som bør ta over når han no slepp roret vidare – og kva eigenskapar som trengst for å lykkast i ein jobb som handlar om å løfte andre.Ei varm, lærerik og overraskande open samtale om arbeid, verdigheit, samfunnsansvar – og om å vite når tida er inne for å gi stafettpinnen vidare.Langs Vegen No. -Ein podkast frå nettavisa www.langsveien.no og Roy Myrland.
-
34
Jacob Håvelsrud Svarre– Heile Valdres si trygge skulder.
Nokre menneske får alt til å falle litt meir på plass når dei kjem inn i rommet. Jacob Håvelsrud Svarre er ein slik person. Med humør, varme og ei ro som gjer godt, har han blitt ein av Valdres sine mest folkekjære og tillitsvekkjande skikkelsar.I dag er han dagleg leiar og gravferdskonsulent ved Kampenes Begravelsesbyrå på Fagernes, og det er nettopp i dei lune lokala der denne podkasten er spelt inn.Gjennom samtalen får vi ta del i Jacobs store samfunnsengasjement. Han er eit ja-menneske av sjeldan sort – ein som stiller opp, ser folk, tek ansvar og bidreg i lokalsamfunnet på ein måte som verkeleg sett spor.I podkasten går vi òg åpenhjertig inn i noko mange undrast på, men få vågar å spørje om:Kva skjer egentleg når eit menneske døyr?Korleis ser prosessane ut – både dei praktiske, dei menneskelege og dei djupt respektfulle?Her gir Jacob ei grundig, varm og forståelig forklaring på kva som faktisk kan skje etter eit dødsfall, og han opnar døra til eit fagfelt dei fleste berre ser utanfrå. Gjennom si jordnære og tydelege formidling får vi eit unikt innblikk i arbeidet bak ein gravferd – og kor mykje omtanke, presisjon, medkjensle og humor som ligg i denne viktige jobben.Samtidig får vi vere med på Jacobs mangfaldige livsreise: frå Danmarks flate landskap til Finnmarksvidda, via hundekøyring, utmarksforvaltning, lærargjerning, frivillig arbeid og ein krevjande kreftkamp – og til slutt då han «kom heim» Volbu i Valdres.Jacob Håvelsrud Svarre, Valdres, podkast, gravferdskonsulent, begravelsesbyrå, Kampenes, Fagernes, samfunnsengasjement, ja-menneske, frivillighet, døden, hva skjer når vi dør, dødsfallsprosess, gravferdsprosess, medmenneskelighet, varme, humor, livsreise, Danmark, Finnmark,kreftkamp,#Langs Vegen No. -Ein podkast frå nettavisa www.langsveien.no og Roy Myrland.
-
33
Ole Kristian Ødegård. -Om Jo Gjende, treski og samar i skimakerverkstaden på Søre Krukhaugen.
I denne podkastepisoden får du møte Ole Kristian Ødegård frå Heidal – ein mann med ei heilt spesiell lidenskap for fjell, fridom og historie. I over femten år har han studert og dokumentert livet til jegerlegenda Jo Tjøstolvson Kleppe (1794–1884), bedre kjent som Jo Gjende.Gjennom forteljingar, restaurering av gamle bygg og ved å gjenskape både utstyr og den raude Jo Gjende-lua, har Ole Kristian løfta fram arven etter fjelljegeren som levde livet sitt i Jotunheimen. Han har òg utvikla og produsert handlaga treski, inspirert av samisk skikultur, og skia hans har vore med i både filmar og på Norge Rundt – der han har delt kunnskapen sin om tradisjon og handverk.Samtalen er tatt opp i skimakarverkstaden hans i den vesle laftastova, hogt over Heidalen på Søre Krukhaugen, og med utsikt mot fjella som Jo Gjende hadde, og Ole Kristian framleis har, så kjær.Intervjuet er gjort av redaktør Roy Myrland i nettavisa Langsvegen.no . &Langs Vegen No. -Ein podkast frå nettavisa www.langsveien.no og Roy Myrland.
-
32
Møte med Torodd Lybeck: -Et liv med folk, natur og historie.
Torodd Lybeck er ein kjend skikkelse i Valdres – fødd og oppvaksen i Etnedal, og busett store delar av livet i Nord-Aurdal. Som lærar, frilansjournalist og kulturarbeidar har han følgt folk, natur og tradisjonar i dalføret tett gjennom heile livet. Han har skrive fleire bøker om Valdres, mellom anna «222 fossar i Valdres» og «Brøtningsdammane – kulturhistoriske monument i Drammensvassdraget», begge gjevne ut på Kvitvella Forlag – eit forlag eigd av Valdres Mållag.Friluftsliv har alltid vore ein viktig del av livet hans – både på sykkel, ski og til fots. Torodd har sprunge maraton, gått milevis i fjellet og let gjerne naturopplevingane inspirere arbeidet sitt som forfattar og formidlar. Han har òg i fleire år vore leiar for Vennelaget ved Valdres Folkemuseum, der engasjementet hans for lokal kultur og historie har kome tydeleg til uttrykk.Torodd er dessutan oppteken av målsaka og språkets plass i kulturen. Han meiner det er viktig å ta vare på dialektane, og synest det er trist at mange av dei er i ferd med å forsvinne.I denne podkastepisoden møter han redaktør Roy Myrland i studioet til Gjensidige Valdres på Fagernes. Samtalen handlar om livet i Valdres, om natur og menneske, og om kvifor engasjementet for språk, kultur og tradisjon framleis driv han vidare.Langs Vegen No. -Ein podkast frå nettavisa www.langsveien.no og Roy Myrland.
-
31
Geir Frøsaker-historia om Rakfiskfestivalen.
I denne episoden av podkasten Langs Vegen No får du høyre historia om korleis Rakfiskfestivalen på Fagernes blei til– fortald av han som var grunlegger og sto midt i det: Geir Frøsaker. I 1993 var han tilsett i Fagernes Handelsstandsforening, med oppdrag om å skape meir liv, trivsel og handel i bygdebyen. Ideen om å samle folk rundt noko så valdris som rakfisk voks raskt til eit arrangement som sette Fagernes på kartet.Gjennom praten i studioet til Gjensidige Valdres får vi høyre både artige glimt frå festivalens spede start og gode historier frå tida då alt måtte gjerast på dugnad og med lånte bord og teltdukar. Mellom dei mange gode historiene dukkar òg det legendariske sitatet frå trubadur og "lattermaker" Inge Aarhaug opp:– «Denne maten luktar akkurat det same når ein et han, som når han kjem ut at.» Eit viktig vendepunkt kom då ukebladet Vi Menn skreiv ein stor reportasje om den vesle festivalen i Valdres. Plutseleg kom folk frå heile landet – og Rakfiskfestivalen «tok av» og vart landskjend.Frøsaker peikar òg på at Norbert Kuhn sitt engasjement og økonomiske garantier var heilt avgjerande for utviklinga vidare. Med sin pågangsvilje og sans for kvalitet var han og med på å løfte festivalen frå bygdedugnad til ei profesjonell og populær folkefest.Som Kjell Ivar Fossnes i "Seniorgjengen på Blåbærmyra" sier: Alt som blir suksess her i Valdres, startar med dugnad og frivilligheit. Rakfiskfestivalen er kanskje det beste dømet på akkurat det – eit folkeeventyr skapt av entusiasme, samarbeid og ekte bygdesjel.Programleiar og historiesamlar Roy Myrland, redaktør i nettavisa Langsvegen.no, leiar samtalen med smittande engasjement og lun valdrishumor. Resultatet er ei varm, humoristisk og ærleg forteljing om bygdeliv, skaparglede og rakfisk-romantikk – alt samla i podkasten Langs Vegen No.Langs Vegen No. -Ein podkast frå nettavisa www.langsveien.no og Roy Myrland.
-
30
Nils Rogn. -Vangsgjelding og redaktør med hjarta for heile Valdres.
Nils Rogn frå Vang har teke over som redaktør for Årbok for Valdres – boka som i over hundre år har teke vare på historia og folket i dalføret. Med glimt i auget, samfunnsengasjement og ekte valdres-glød pratar Nils med Roy Myrland om fortid og framtid, både for folk og samfunn i dalføret han kjenner og er så glad i. Denne Langs Vegen No podkasten er laga med annonsestøtte fra @Bygningstekniker Frode Bertelrud A/S, Møbelringen Fagernes, Automasjon Prosess og Rørlegger Brager, i podkaststudioet i Gjensidigegården på Fagernes.#Valdres #Vang #ÅrbokForValdres #LangsveienNo #NilsRogn #Bygdehistorie #Kulturarv #Lokalhistorie #Podkast #Vangsgjelding #GjensidigeLangs Vegen No. -Ein podkast frå nettavisa www.langsveien.no og Roy Myrland.
-
29
Øystein Rudi frå Skammestein – ein løysingsorientert gledesspreiar i fjellbygda
På verkstaden til Beitostølen Maskin og Transport A/S er det både liv og latter når Øystein Rudi frå Skammestein i Øystre Slidre tek imot Langsvegen.no og Roy Myrland til ein triveleg prat i podkasten «Langs Vegen No».Øystein er ein kar som har hatt hendene fulle heile livet – med både landbruk, maskinar og transport av folk og masse. Humøret og positiviteten hans er det få som kan måle seg med, og i ordforrådet hans finst korkje problem eller utfordring – berre løysingar.På verkstaden er han i sitt rette element, omringa av oljelukt, verktøy og gode kollegaer. Der trivst han best, med latteren på lur og arbeidslysta i høgste gir.I tillegg har Øystein eit varmt og personleg forhold til fjellfolket mellom Tyin, Beitostølen og Sjodalen er folk han kjenner og set stor pris på. Fylkesveg 51 kjenner han meter for meter, og historier frå fjellvegen kjem som perler på ei snor når praten rullar.Høyr intervjuet med den blide og drivande karen i podkasten «Langs Vegen No» – ei episode full av ekte arbeidsglede, lune historier og godt fjellfolk-prat frå hjartet av Valdres.Langs Vegen No. -Ein podkast frå nettavisa www.langsveien.no og Roy Myrland.
-
28
Agurknytt og -nerding. -Ny podkast med Aslaug Joa på Sola.
Endeleg ekte agurknytt! I denne podkasten møter du Aslaug Joa (biletet over) frå Norsk Agurk A/S på Sola. Ho dyrkar noko vi til dagleg kallar ei grønsak, men som eigentleg er ein frukt – om vi spør botanikkarane.Ein stor takk til Nesjar Produkter – kryddersmør. Monter Storefoss, byggmarknad og MENY Søndersrød daglegvarebutikk for støtta til denne podkasten!I drivhusa til Aslaug er det verkeleg «mykje lys og mykji varme». Det må til når ein skal levere 15 prosent av alle agurkane i landet. Her er lyset på 20 timar i døgnet, medan plantene får fire timar natt for å kvile seg. Resultatet? Om lag 50 000 agurkplanter som strekk seg mot lyset kvar einaste dag, med det som resultat at 20 000 stk. (!) agurkar leverast til Gartnerhallen fra det 20 000 m2 drivhusanlegget på Sola pr dag. Det tek ca 5 veker frå fræet blir sådd til agurkane kan begynne å høstast.Aslaug vaks sjølv opp med agurkproduksjon. Mor og far hennar starta opp på 80-talet, og i dag driv ho familiebedrifta vidare saman med produksjonssjef Kjetil Sola (til venstre på biletet over) og 30 kollegaer som verkeleg bryr seg om jobben sin. I dei 11 drivhusavdelingane er det presisjon i kvart einaste steg: Plantene står ikkje i jord, men i steinull, og får vatn og næring porsjonert heilt nøyaktig. Skulle noko skjære seg, kan éi avdeling stengjast og reingjerast utan at resten av produksjonen stoppar.– Agurken er litt spesiell, smiler Aslaug. – Ho treng verken humler eller bier, for blomsten trenger ikkje polinering. Til gjengjeld har vi nyttedyr som gjer jobben med å halde småkryp unna. Etter tolv veker er planta klar, og då leverer ho agurkar på idealvekta 340 gram – gong etter gong.I denne podkastepisoden av Langs Vegen No fortel Aslaug om både lys, varme og kvardagen i drivhuset – og kva som ligger bak at fellesskapet i bedrifta i 2025 vart tildelt Skjalgssonprisen av Sola kommune. Skjalgssonprisen er ein årleg pris for næringsaktørar og næringsliv i Sola kommuneNeste gong du plukkar ein agurk i butikken, sjå etter den vesle teksten: «Produsert av Norsk Agurk A/S». Då veit du at det ligg både tradisjon, teknologi – og ikkje minst «mykji lys og mykji varme» – bak.Langs Vegen No. -Ein podkast frå nettavisa www.langsveien.no og Roy Myrland.
-
27
Caroline Synvis: Ny plate, nye tonar – og mykje på hjartet
Det blir stas på Fagernes 5. september! Då kjem Caroline Synvis frå Vestre Slidre med ny plate. Lørdag 6. spelar ho konsert i Trykkeriet. I podkasten Langs Vegen No pratar ho med redaktør Roy Myrland om livet, opplevingane og musikken.I podkasten Langs Vegen No fortel Caroline meir om seg sjølv, bakgrunnen sin, og opplevingane som har forma musikken hennar. Samtalen med Roy Myrland gir eit nært og personleg bilete av kven ho er – og kvifor musikken hennar treff så mange.Caroline Synvis er godt kjent for mange i Valdres. Gjennom åra har ho gjeve oss songar som er både jordnære, ærlege og lette å kjenne seg att i. No er ho klar med eit heilt nytt album, som ganske enkelt heiter «Caroline».På denne plata viser ho ei ny side av seg sjølv. Musikken er meir rocka og røff enn før – men tekstane er framleis på norsk, og handlar om ting vi alle kan kjenne att frå kvardagen og livet.– Songane tek opp meir av det som skjer rundt oss, ikkje berre mitt eige liv. Men det er likevel erfaringar eg trur mange kan kjenne seg att i, seier Caroline.Ho har med seg Lars Skattebu på bass, Simen Motrøen på slagverk og Susanne Engelmann på cello. Saman har dei laga eit lydbilete som gir Caroline eit nytt og modigare uttrykk.Plata kjem ut 5. september – sjekk ut der du lagrer og strøymer musikk. Og klemmer: på kvelden lørdag 6. blir det platekonsert i Trykkeriet på Fagernes. Langs Vegen No. -Ein podkast frå nettavisa www.langsveien.no og Roy Myrland.
-
26
Ragnhild Bergli (19) frå Ryfoss: Uredd Changemaker-leiar i kamp for rettferd
Ho er berre 19 år, men står stødig i møte med både hersketeknikkar og storpolitikk.Ragnhild Bergli frå Ryfoss i Valdres er leiar i Changemaker Noreg og har allereie markert seg på riksnivå – mellom anna i Helgemorgen på NRK P1. I podkasten Langs Vegen No pratar ho med Roy Myrland om kvardagen som ungdomsleiar, engasjementet for klima og rettferd, og kvifor kampen mot Israels brutale okkupasjon av Palestina er viktig for henne. Frå den vesle valdresbygda Ryfoss har Ragnhild teke steget ut i verda – utan å gløyme kvar ho kjem frå.#RangnhildBergli #Changemaker #Ryfoss #Valdres #Palestina #Israel #Ungdomsengasjement #Dagsnytt18 #LangsVegenNo #Klima #Hersketeknikkar #Rettferd #NynorskPodkastLangs Vegen No. -Ein podkast frå nettavisa www.langsveien.no og Roy Myrland.
-
25
Trond Rogne – festivalbyggjar med omsorg for både andre og seg sjølv
I denne episoden av Langs Vegen No-podkasten møter redaktør Roy Myrland ein ekte festivalhelt: Trond Rogne frå Øystre Slidre – lokalpolitikar, kulturentusiast og drivkrafta bak Trollrock på Beitostølen. Som eldsjel i både politikken og festivalverda, har Trond vore ein samlande figur i Valdres i mange år.Takk til Montér Storefoss, Peppes Pizza, Beitostølen og Rørlegger Brager for annonsestøtte til denne episoden.Pokastepisoden blei spelt inn på sjølve festivalområdet – medan rigging, lydsjekk og førebuingar gjekk for fullt. Det gjev intervjuet ein heilt spesiell puls og nærleik til festivalstemninga!Han deler openhjarta om livet sitt – frå oppveksten til dagens utgåve av Trollrock – om tilliten til dei frivillige i den legendariske #Trollrockfamilien, og kvifor det er viktig å ha folk med hjartet på rette staden. No har han òg lært noko nytt: å setje grenser – og å seie nei når det trengst.Ein varm og inspirerande samtale med ein klok mann som brenn for både musikken og menneska rundt seg. #Trollrock #TrondRogne #ØystreSlidre #Trollrockfamilien #FestivalValdres #NynorskPodkast #Frivillighet #Kulturhelt #BeitostølenLangs Vegen No. -Ein podkast frå nettavisa www.langsveien.no og Roy Myrland.
-
24
Kåre Strande – Med pennen i handa og treningsglede i hjartet.
I denne podden av Langs Vegen No møter du treningsentusiast og journalist i Avisa Valdres, Kåre Strande.Han er ein aktiv toppidrettsutøvar i veteranklassen og har eit sterkt engasjement for å skapa treningsmoglegheiter og idrettsglede – særleg for ungdom. Samtidig har han gjennom eit mangfaldig yrkesliv, både som journalist og samfunnsengasjert medmenneske, sett verdien av å bidra lokalt. I podkasten får du høyre meir om kva som driv Kåre, både på banen, i presselosjen og ute blant folk. Det er reedaktør Roy Myrland i www. langsvegen.no som intervjuer og har produsert podkasten#LangsVegenNo #KåreStrande #Veteranidrett #Treningsglede #UngdomOgIdrett #Samfunnsansvar #Valdres #AvisaValdres #Lokaljournalistikk #FysiskAktivitet #PodkastNoreg #Fjellfolk #Medmenneskelegheit #RoyMyrlandLangs Vegen No. -Ein podkast frå nettavisa www.langsveien.no og Roy Myrland.
-
23
Bjørnar Hovi. -Heile veka, heile året på Beitostølen.
Bjørnar Hovi (biletet) vaks opp midt i reiselivet på Beitostølen – og har halde fram der far hans slapp. Saman med broren Atle tok han over Beitostølen Resort i 2014, etter faren Steinar Hovi, ein pioner innan norsk fjellturisme.Dei to brørne har sidan barndommen vore tett på revisjon og utviklinga av bygda og Valdres, og Bjørnar har framleis blikket vend mot framtida. I denne episoden blir du bedre kjent med han – og med visjonen om en destinasjon som lever hele veka, hele året. Med fleire og fleire utanlandske besøkande som har oppdaga dei unike verdiane på Beitostølen, har fjellbygda fått nytt liv – også langt utanfor høgsesongen. Podkasten er produsert med annonsestøtte frå: Beitostølen Anlegg A/S, MENY Søndersrødtunet og Fjelltun Sandtak og Transport.Langs Vegen No. -Ein podkast frå nettavisa www.langsveien.no og Roy Myrland.
-
22
Rune Wangensteen. --Til vanns, på snø og langs vegen.
Rune Wangensteen, salgsleiar hos Vang Autoservice A/S , intervjuas i denne episoden av redaktør Roy Myrland i podkasten Langs Vegen No om verksemda og kva arbeid og fritid fyllast med.Podkasten er sponsa av: 🔧 Hovrud Auto – din bilpartner i Valdres og Hallingdal 💡 TRIO Elektro – elektriske løysingar for framtida 🥩 Abrahamsen Kjøttforretning i Larvik – ekte kjøttglede sidan 1931#RuneWangensteen #VangAutoservice #LangsVegenNo #Motorliv #Valdres #Friluftsliv #Podkast #HovrudAuto #TrioElektro #AbrahamsenKjøttLangs Vegen No. -Ein podkast frå nettavisa www.langsveien.no og Roy Myrland.
-
21
Geir Endre Rogn. -Frå landslagsjef til stølsdrift og tilbake på startstreken.
Geir Endre Rogn (43) har vore landslagstrenar for dei beste kvinnelige langrennsløperane våre – no finn du han på Rogn Fjellgard i Vang. I denne episoden av Langs Vegen No podkasten og med suset frå Storåne (Begna elv) i bakgrunnen pratar han om livet etter World Cup-sirkuset, treningsfilosofi for både mosjonistar og topputøvarar, og kvardagen på garden og campingen han driv saman med familien.Han har i år vunne Fjellmaraton, spurta inn til ei fin tid på 3000 meter på Bislett – og neste mål er Drammen Maraton. Bli med inn i eit inspirerande møte med Geir Endre Rogn som også tar ein kikk i "spåkula" ang. langrennsportens framtid.Langs Vegen No. -Ein podkast frå nettavisa www.langsveien.no og Roy Myrland.
-
20
Per Herman Isachsen. --Sportsbutikkeigar og friluftsmann
Ny podkast med Per Herman Isachsen: Butikkdrift, byutvikling og friluftsglede på Fagernes.Podkasten er laga med støtte frå:– Lodge 900 Beitostølen– Spar Beitostølen– Montér Storefoss– Montér BeitostølenI den siste episoden av podkasten frå Langs Vegen No møter vi ingen ringare enn kjøpmannen og sportsbutikkeigaren Per Herman Isachsen – mannen bak Intersport Fagernes og største aksjonær i Fjellkjeden, som samlar sju sportsforretningar i Hallingdal og Valdres, samt utleige av sportsutstyr på Beitostølen.Lagspel fører til suksessFor Isachsen handlar butikkdrift om meir enn sal og varelager – det handlar om lagspel og tillit. Han framhevar sine tilsette som ryggrada i drifta, med både ansvar og avgjerdsmakt i kvardagen.Trivsel i sentrum – ei hjartesakIsachsen er tydeleg: Der folk trivst, der handlar dei. Difor har han lagt mykje energi i å skape eit levande sentrum på Fagernes. Med prosjekt som utvikling av byparken, paviljongar og nye gangbruer, jobbar han for å gjere sentrum meir tilgjengeleg og inkluderande for både fastbuande og gjestar.Rakfisk og handelsstand – engasjement som merkastGjennom sitt arbeid i Fagernes Handelsstand og som ein av eldsjelene bak Rakfiskfestivalen, har han vore ein viktig kraft i å utvikle Fagernes som både handelssentrum og møteplass for heile regionen.Røter og røynslerI podkasten, produsert av redaktør Roy Myrland, deler Isachsen også sterke minne frå ein barndom prega av mange flyttingar før familien landa på Fagernes. Der vart faren, Dr. Isachsen, ein folkeleg og legendarisk lege i Valdres.Han snakkar òg om samfunnsansvaret han kjenner på, og om lidenskapen for jakt og fiske – ein hobby han dyrkar med ekte glede.Ein livsfilosofi frå mor og farMot slutten av episoden deler Per Herman kva som verkeleg har vore avgjerande i livet hans – noko han har teke med seg frå foreldra, Sissel og Per, som begge voks opp i Valdres, samt søstera Elisabeth Grindaker og broren Øyvind.Podkasten er laga med støtte frå:– Lodge 900 Beitostølen– Spar Beitostølen– Montér Storefoss– Montér BeitostølenHøyr episoden no på LangsVegen.no og bli betre kjent med ein av dei viktigaste drivkreftene i Valdres!#PerHermanIsachsen #IntersportFagernes #Rakfiskfestivalen #Fagernes #Valdres #LangsVegenNo #Lokalhandel #Samfunnsansvar #JaktOgFiske #Fjellkjeden #Lagspel #Byutvikling #NorskNæringsliv #TrivselISentrum #TrivselISentrumLangs Vegen No. -Ein podkast frå nettavisa www.langsveien.no og Roy Myrland.
-
19
"KUN en butikk!" -Tore Solstad, Eurospar Brokelandsheia
I denne episoden av podkasten til Langs Vegen No møter du ingen ringare enn pølsemakar, kjøpmann og altmoglegmann Tore Solstad. Han og gjengen hans driv berre éin daglegvarebutikk – men du store tid, for ein butikk det er! Denne episoden er produsert med støtte frå: @Beitostølen Resort, @Spar Beitostølen og @Meny SøndersrødMidt på Brokelandsheia, i grenseområdet mellom Sørlandet og Austlandet, finn du eit lite handelseventyr av dei sjeldne. Før var det Gjerstad-kniven som sette bygda på kartet – no er det Tore og den smått legendariske SPAR-butikken, som dukkar opp i nyheitsstraumar og sosiale medium landet rundt.Ein solfylt fredag, medan butikken er under uvtivdlese og ombygging for… ja, la oss seie for n'te gong , og kundane strøymer på som vanleg, slår podkastredaksjonen frå Langs Vegen No opp studio rett utanfor butikkdøra.Og sjølv med full rulle inne i butikken, har Tore – som alltid – tid til ein liten prat. Han slår gjerne av ein vits eller to, og under intervjuet fekk han jammen også med ei lita helsing til ein 60-åring i Indre Østfold – saman med ei varm melding frå dottera til jubilanten.Redaktør Roy Myrland får ein god og ujålete prat med Tore om kvardagen som sjølvstendig kjøpmann, og om korleis lidenskapen for kjøttfaget, ferskvarer og ordentleg handverk har vore med å gjere butikken til det den er i dag – ein matdestinasjon med puls og personlegdom.Det er assisterande butikksjef Sindre De Bartolo som står bak dei populære videosnutane som suser gjennom sosiale medium og får folk til å smile, klikke og dele. Og kvar gong rundar Tore det heile av med dei no smått ikoniske orda:"KUN en butikk."Butikken har no over 128 000 følgjarar på Facebook – det er meir enn dei fleste småbyar har innbyggjarar! Følg dei her: https://www.facebook.com/sparbrokelandsheiaMed ein årleg omsetning på godt over 220 millionar kroner, er dette eit prakteksempel på kva som skjer når folk med hjarte, humør og handlag går "all in" – for både fag og folk. Lytt til podkasten "Kun ein butikk" her – og bli betre kjend med både Tore, butikken og ein bit av det beste frå distrikts-Norge. pmann , sosiale medium , sørlandet , Spar , Tore SolstadLangs Vegen No. -Ein podkast frå nettavisa www.langsveien.no og Roy Myrland.
-
18
Marit Hougsrud. -Ordførar i Sør-Aurdal kommune
Med hjartet i Sør-Aurdal – Marit Hougsrud om uvær, skog og samfunnOrdførar i Sør-Aurdal, Marit Hougsrud (Sp), deler opne og ærlege tankar om livet som lokal leiar i ei bygd der både naturkreftene og samfunnsutviklinga krev mykje. Dei siste åra har vore både intense og lærerike – både i politikken og på heimebane.Ho har stått midt i fleire dramatiske hendingar, mellom anna då den kraftige stormen fredag 19. november 2021 la store område fulle av vindfall, og under ekstremvêret «Hans» frå 7. til 9. august 2023, som sette både beredskap og infrastruktur på prøve. I tillegg har kommunen vore gjennom politiske stormar, som nedlegginga av skulen i Begnadalen – ei sak som sette sterke kjensler i sving.Men Hougsrud er ikkje berre ordførar – ho og familien eig og driv den største garden i Valdres, der skogsdrift er hovudnæring. Det gir henne eit sterkt bakkekontakt med både næring, natur og det levande bygdesamfunnet ho representerer.Sør-Aurdal er kanskje ikkje kjend for dei største hyttebyene eller turiststraumar, men her finst det ekte villmark, god energitilgang – og solide arbeidsplassar, særleg innan treindustri.I denne episoden av podkasten Langs Vegen No får vi høyre Hougsrud fortelje om alt dette – og meir til – i samtale med redaktør Roy Myrland. Ho byr på både innsikt og varme, og viser korleis omsorg og handlekraft går hand i hand i møte med både kvardagen og krisene.#SørAurdal #MaritHougsrud #ordførarprat #uvêrHans #vindfall #Valdres #nynorskpodkast #lokalsamfunn #treindustri #næringslivLangs Vegen No. -Ein podkast frå nettavisa www.langsveien.no og Roy Myrland.
-
17
Thierry Gschwind – YouTubar som gjer Valdres kjend i Europa.
I denne podkasten på Langs Vegen No får du høyre eit spennande møte med Thierry Gschwind frå Asker, men med djupe røtar i Sveits. Han er videoprodusenten bak kanalen X-plore Norway på Instagram og Facebook. Thierry veit verkeleg kva som skal til for å treffe publikum i Europa som drøymer om ferie i Noreg! Spesielt Valdres og Beitostølen er området han ofte besøker, der han skaper flotte videoar som gjev stor merksemd og auka turiststraum. Om du høyrer heile podkasten, får du gode tips om kva som faktisk er "inn" no når det gjeld service og opplevingar for å trekkje til seg fleire turistar. Thierry deler erfaringar om korleis ein produserer videoar som rører ved hjartet til folk – og korleis ein kan bygge merkevare og løfte destinasjonar på ein truverdig måte. Thierry er òg mannen bak eit av dei mest imponerande modelljernbaneanlegga i landet, The Train Room. Det må du sjå på YouTube! Han er i tillegg opptatt av korleis me kan ta vare på allemannsretten og tilpasse ferdsel, slik at me ikkje sliter ut naturen og destinasjonane våre. Det er redaktør Roy Myrland som har snakket med denne unike videoprodusenten. Har du ein draum om å få fleire gjester, eller vil du styrkje profilen til bygda eller området ditt, bør du verkeleg høyre på denne episoden – og kanskje ta kontakt med Thierry sjølv! Podkasten er sponsa av: Valdresbakt Vang Autoservice A/S Beitostølen Resort --- Engelsk versjon: Podcast med Thierry Gschwind fra X-plore Norge I denne episoden fra Langs Vegen Nei møter vi Thierry Gschwind – den sveitsiske videoskaperen bak X-plore Norge på Instagram og Facebook. Thierry vet nøyaktig hvordan han skal nå det europeiske publikummet som drømmer om en norsk ferie! Han besøker ofte Valdres og Beitostølen, og store fantastiske videoer som øker turisme og synlighet. Hvis du hører på hele episoden, får du ferske tips om hva som egentlig er trending innen service og opplevelser som tiltrekker turister. Thierry snakker også om hvordan man bygger sterke merkevarer og promoterdestinasjoner på en måte som virkelig knytter seg til folk. Han er også mannen bak en av Norges mest fantastiske modelltogutstillinger: Togrommet – et must-se på YouTube! Thierry brenner for å bevare Norges natur og tilpasse bruken av allemannsretten for å sikre bærekraft. Roy Myrland er programleder, og denne episoden er et must for alle som ønsker å bringe flere besøkende til byen eller regionen sin! Sponset av: Valdresbakt, Vang Autoservice A/S, og Beitostølen Resort. --- Deutsche Versjon: Podcast med Thierry Gschwind av X-plore NorgeIn dieser Folge von Langs Vegen No treffen wir Thierry Gschwind – den Schweizer Videoproduzenten hinter X-plore Norway auf Instagram and Facebook. Thierry weiß genau, hvem man das europäische Publikum anspricht, das von Ferien in Norwegen treumt! Besonders Valdres und Beitostølen besucht er häufig, um atemberaubende Videos zu produzieren, die mehr Touristen anziehen. Wer den Podcast bis zum Ende hört, bekommt wertvolle Tipps, var heute wirklich zählt, um Touristen mit Service und Angeboten zu begeistern. Thierry erklärt auch, wie man starke Marken aufbaut und Destinationen authentisch bewirbt. Er det en mann hinter einer der schönsten Modelleisenbahnanlagen Norwegens: The Train Room – unbedingt auf YouTube anschauen! Zudem ligger ihm der Schutz der Natur und die nachhaltige Nutzung des Jedermannsrechts (allemannsretten) am Herzen. Roy Myrland führt das Gespräch. Diese Folge ist ein Muss für alle, die mehr Gäste für ihre Region gewinnen möchten! Gesponsert av: Valdresbakt, Vang Autoservice A/S, og Beitostølen Resort.Langs Vegen No. -Ein podkast frå nettavisa www.langsveien.no og Roy Myrland.
-
16
Geir Mellingen. -Med hjarta på Gjennestad og røter i "Janus-bygda" Espeland.
Geir Mellingen om hageglede, trendar og historie bak Gjennestad I denne episoden av podkasten "Langs Vegen No" møter vi Geir Mellingen – fagleg leiar og sentral drivkraft ved Gjennestad Hagesenter i Stokke, Vestfold. Geir starta som engasjert elev ved Gjennestad gartnarskule tidleg på 1980-talet, og har sidan vore med å byggje opp det som i dag er eit moderne Hageland med fagkunnskap i sentrum.Saman med redaktør Roy Myrland pratar han om utviklinga frå ei enkel bu til eit av landets mest inspirerande hagesenter – med kundar frå heile landet som kjem for å handtere fysisk, hente idéar og oppleve heilskapen.Episoden tek òg føre seg dei nye trendane innan hagedesign og uterom, samt filosofien bak sortimentet: kvalitet, berekraft, sesong, og funksjonalitet for norske forhold. Du får innblikk i korleis fag og kjærleik til grøne rom formar utvalet.Og midt i alt dette finn du Vestfold si mest besøkte kafé – kjend for sitt heilt unike tilbod av heimelaga mat og gode smakar frå disk. Dette er ei podkast du ikkje vil gå glipp av – perfekt for deg som elskar #hage, #hageglede og ekte fagformidling. Gjennestad Hagesenter, Geir Mellingen, gartnarskule, hagesenter i Vestfold, hagepodkast, hageinspirasjon, hageplanlegging, hageglede, Hageland, hagefilosofi, hagedesign, kafé Vestfold, trendar i hagen#hage, #gartnar, #Gjennestad, #hageinspirasjon, #hageland, #nynorskpodkast, #hageglede, #vestfoldLangs Vegen No. -Ein podkast frå nettavisa www.langsveien.no og Roy Myrland.
-
15
Odd Gunnar Bjørung. Del 2: -Ein podkast om det som verkeleg betyr noko.
Ein prat om det som verkeleg betyr noko – med Odd Gunnar på BeitostølenDenne podkasten startar med eit enkelt, men sterkt spørsmål frå veninnene hans ein januardag i 2021: "Kva er draumane dine, Odd Gunnar?"Det blir starten på ei reise gjennom både tankar, kjensler og livsval – fortald med varme, glimt i auga. Og som alltid: det kjem gullkorn – mange av dei.I denne andre delen får du høyre om kvifor han valde å flytte til Beitostølen, boka han har skrive som får folk til å gå ned i vekt utan slanking, og kvifor det er så viktig for han å aldri dømme andre.Odd Gunnar les dikt som betyr mykje for han, snakkar om ungdomar som har gjort sterkt inntrykk, "Team Pølsa", og delar ei ærleg bekymring: Kanskje kjem vi til å ete og drikke oss i hel før klimaet tek oss.Og midt oppi alt – Lyskapellet på Beitostølen Helsesportsenter og bønna til Frans av Assisi, som har fått ein heilt spesiell plass i livet hans. #OddGunnarFortel #EkteMenneskemøte #LivetPåBeitostølen #GullkornOgDikt #FraDrømTilVirkelighet #MatMedMeining #SlankUtenSlanking Langs Vegen No. -Ein podkast frå nettavisa www.langsveien.no og Roy Myrland.
-
14
Odd Gunnar Bjørung – Livet, maten og menneskemøta.
Hei og velkomen til den fyrste av to episodar med sjølvaste husverten og kokken for Trygve – og resten av "Team Pølsa" – på Beitostølen: Odd Gunnar Bjørung. Dette blir stas! Her får du høyre ein kar som har levd livet med både motbakkar og sol i andletet, i samtale med redaktør Roy Myrland i nettavisa www.Langsvegen.no. Bli gjerne abonnent på Langsvegen.no og bidra til fleire slike podkastar her.I denne samtalen får du bli med inn i ei livsreise som har romma både bratte bakkar og varme solglimt. Odd Gunnar er ein mann som har møtt menneske, laga mat med hjartet, og bygd bruer der det trengst – anten det er på kjøkkenet i byen, eller i "Diamanten", høgt til fjells.Dette er historie om levd liv, ekte møte, og det å finne seg sjøl.Odd Gunnar vart fødd i ei lita hytte på Nordstrand i Oslo, og voks opp i Groruddalen – eit område som har forma mange sterke personlegdomar. Gjennom livet har han opplevd store kontrastar: frå å få tillit og jobb hos sjølvaste Olav Thon, til å bruke tida si på å lære opp ungdom og vaksne med tøff bagasje som kokkelærar.Og veit du kva som er det vakraste? Han dømmer ikkje nokon. Odd Gunnar har ein sjeldan evne til å møte folk med opne armar og ekte nysgjerrigheit – og nettopp det har gjort han til ein brubyggjar mellom menneske.I tillegg til alt dette har han nyleg gitt ut si eiga kokebok og vore kokk for Team Pølsa på NRK! Maten har alltid vore ei hjartesak for han – ikkje berre som smak og oppleving, men som noko som samlar folk og gjev meining.Denne episoden tek deg med på ei rørande og ekte reise gjennom livet hans i Oslo – heilt fram til eit dramatisk vendepunkt torsdag 21. januar 2021. Dette er ei historie om styrke, livsglede og det å finne seg sjølv i møte med andre.Neste episode tek vi fatt på kva som skjedde etter denne skjellsettande dagen – gled deg!Du kan bestille kokeboka til Odd Gunnar Bjørung, «Varig ned i vekt – slik gikk jeg ned 60 kilo uten å slanke meg» , frå fleire nettstader: «Varig ned i vekt – slik gikk jeg ned 60 kilo uten å slanke meg» kan kjøpe her: https://www.ark.no/produkt/boker/hobbyboker-og-fritid/varig-ned-i-vekt-9788281633254 Intervju og produsent av podkasten; Roy Myrland, redaktør i nettavisa www.Langsvegen.no. Søkeord: Odd Gunnar Bjørung, Groruddalen, kokk, livshistorie, mat, menneskemøte, inspirasjon, Oslo, Olav Thon, Team Pølsa, NRK, kokebok, Roy Myrland, Langsvegen.no, brubyggjar, podkast, livsglede, lærar, ungdomsarbeid, ekte historierLangs Vegen No. -Ein podkast frå nettavisa www.langsveien.no og Roy Myrland.
-
13
Arven etter Erling Stordahl.
Under seminaret «Arven etter Erling Stordahl» på Beitostølen Helsesportsenter 4. april 2024, møttest tre sentrale stemmer innan norsk helse- og omsorgspolitikk til samtale: Tone Wilhelmsen Trøen (H), leiar av Stortingets helse- og omsorgskomité, Bent Høie, styreleiar ved BHSS og tidlegare helseminister, samt direktør ved BHSS, Astrid J. Nyquist. I podkasten deler dei innsikt og refleksjonar om likeverd, inkludering og den viktige arven etter Erling Stordahl – og korleis Beitostølen Helsesportsenter framleis spelar ei avgjerande rolle i utforminga av framtidas helse-Noreg. Intervjuet er gjort av redaktør Roy Myrland i nettavisa Langsvegen.no.Langs Vegen No. -Ein podkast frå nettavisa www.langsveien.no og Roy Myrland.
-
12
Biskop og prost. -Open kyrkje døgnet rundt, med biskop og prost.
Podkast frå sakristiet i Skrautvål kyrkje – Biskop Bonden og prost Weisser i samtale om tru og kyrkje.Velkomen til ein triveleg podkastprat frå sakristiet i vakre Skrautvål kyrkje i Valdres! Under bispevisitasen i Nord-Aurdal kommune 2. april fekk vi høyre ei god og innsiktsfull samtale mellom biskop Ole Kristian Bonden i Hamar bispedømme og prost i Valdres, Carl Philip Weisser.Det er Roy Myrland frå nettavisa Langsvegen.no som held mikrofonen og inviterer til ein varm og ekte samtale om tru, kyrkja si rolle og folkelivet i dalen.Langs Vegen No. -Ein podkast frå nettavisa www.langsveien.no og Roy Myrland.
-
11
Ridderuka 2025. -Styreleiaren og generalsekretæren.
I denne episoden av «Langs Vegen No» møter vi styreleiar Tom Bratlie (til venstre på biletet over) og generalsekretær Martin Feiring Sletten (til høgre på biletet over) frå Foreningen Ridderrennet som intervjuas av redaktør Roy Myrland (i midten på biletet over)for Langs Vegen No. Veka toppar seg med det tradisjonsrike Ridderrennet , som blir arrangert for 61. gong laurdag 5. april. Grunna snømangel er rennet i år flytta til dei oppgraderte og snøsikre løypene der Team Pølsa tidlegare har trena og gjort sine førebuingar. Endringa er gjort for å sikre optimale forhold for alle deltakarar – uansett funksjonsnivå.Saman med redaktør Roy Myrland diskuterer Bratlie og Sletten kva Ridderuka betyr for deltakarane, historia bak arrangementet, og kva som ventar av aktivitetar og opplevingar i årets program. Høyr meir også om kor Ridderrennet no blir arrangert – og kva tiltak som er gjort for å tilretteleggje ei trygg og inspirerende skipoppleving.Søkeord : Ridderrennet, Ridderuka, Ridderuka 2025, synshemmede, bevegelseshemmede, Beitostølen, vintersportsuke, vinteraktiviteter funksjonshemmede, Ridderrennet 2025, funksjonshemmede ski, adaptive ski, paraidrett, Ridderuka Beitostølen, Ridderrennet Beitostølen, stølen. stølen, støpers. skilpers stølen, støpers stølen Beitostølen, flytting Ridderrennet Søkjeord nynorsk : Ridderrennet, Ridderuka, Ridderuka 2025, synshemma, rørslehemma, Beitostølen, vintersportsveke, vinteraktivitetar funksjonshemma, Ridderrennet 2025, skipas for funksjon,. skiidrett, tilpassa, skiidrett. Pølsa, skiløyper Beitostølen, tilrettelagt ski, snømangel Beitostølen, flytting RidderrennetLangs Vegen No. -Ein podkast frå nettavisa www.langsveien.no og Roy Myrland.
-
10
Espen Staer. -Byggmeister, snekkar og møbelsnekkar.
I denne episoden av «Langs vegen no» møter du byggmeister Espen Staer – ein erfaren handverkar med røter frå Hønefoss på Ringerike, som no driv Byggmeister Staer AS i Larvik. Med over 20 år i byggebransjen tilbyr han alt innan snekkar- og tømrararbeid i Larvik, Stavern og omegn. Espen starta tidleg i faget og har brei erfaring innan alt frå nybygg, tilbygg og restaurering til tak, kledning og spesialoppdrag. I samtale med redaktør Roy Myrland får du eit nærare møte med fagmannen som kombinerer yrkesstoltheit, lokalkunnskap og solide løysingar frå idé til ferdig bygg. Søkeord: byggmeister Larvik, snekkartenester Larvik, tømrar Stavern, Espen Staer, Byggmeister Staer AS, snekkar med erfaring, nybygg Larvik, restaurering hus, fagfolk våtrom, byggjetenester VestfoldLangs Vegen No. -Ein podkast frå nettavisa www.langsveien.no og Roy Myrland.
-
9
Bjørn Erik Brandsæter Helgeland. -CCO Smartvatten.
–Vatn som framtidas gull.I den nyaste podkasten frå Langs vegen no får du møte Bjørn Erik Brandsæter Helgeland frå Stavern – ein visjonær leiar med beina godt planta i grasrota. Han er kommersiell direktør i Smartvatten , eit teknologiselskap i sterk vekst som hjelper eigedomsselskap og vassverk med å bruke vatn meir effektivt og berekraftig. Med kunder som Netflix , Nike , BlackRock og Strawberry (tidlegare Nordic Choice Hotels), er Smartvatten i ferd med å posisjonere seg som ein leiande aktør innan smart vassforvaltning i Europa.I samtale med redaktør Roy Myrland pratar Bjørn Erik ope og engasjert om korleis han bygger prestasjonskultur utan å miste det menneskelege. Han deler korleis han får tilsett til å yte på høgt nivå – samtidig som dei opplever meistring, glede og trivsel i kvardagen. For han er nøkkelen et trygt og inspirerende arbeidsmiljø, der folk får vekse både fagleg og personleg.Han snakkar òg om vatn som ein av dei viktigste ressursane vi har, og kvifor det er avgjerande at kommunar tek i bruk moderne teknologi for å sikre ein berekraftig og smart bruk av vatn. I tillegg deler han konkrete råd til korleis kommunar kan tiltrekkje seg både folk og næring. Her trekk han spesielt fram kultur og idrett som viktige satsingsområde – fordi dei skapar fellesskap, identitet og framtidstru.Suomeksi (finsk oversettelse):Sydän paikallisyhteisössä – ja katse maailman tulevaisuudessaUusimmassa Langs vegen no -podcastissa tutustumme Bjørn Erik Brandsæter Helgelandiin Stavernista – visionääriseen johtajaan, joka toimii kaupallisena johtajana Smartvattenilla . Yritys tarjoaa älykkäitä ja kestäviä vedenhallintaratkaisuja kiinteistöyhtiöille ja vesilaitoksille. Asiakaslistalla på mm. Netflix , Nike , BlackRock og Strawberry-hoteller .Keskustelussa toimittaja Roy Myrlandin kanssa Helgeland kertoo, miten hän rakentaa suorituskykyistä ja viihtyisää työpaikkaa, jossa ihmiset voivat sekä menestyä että hyvinvoinnin kautta kasvaa. Hän painottaa myös veden merkitystä tulevaisuudessa ja antaa neuvoja kunnille: panostakaa kulttuuriin ja liikuntaan – ne luovat yhteenkuuluvuutta ja vetovoimaa.På engelsk:Forankret i det lokale – med vann som fremtidens gullI den siste episoden av Langs vegen ingen møter du Bjørn Erik Brandsæter Helgeland fra Stavern – en visjonær leder og nåværende CCO i Smartvatten , et raskt voksende teknologiselskap som hjelper eiendomsbesittere og vannverk med å administrere vann smartere og mer bærekraftig. Med store kunde som Netflix , Nike , BlackRock og Strawberry Hotels , skaper Smartvatten bølger over hele Europa.I en inderlig samtale med journalist Roy Myrland deler Helgeland hvordan han bygger en prestasjonskultur der folk trives. Han tror gode resultater kommer fra en arbeidsplass bygget på tillit, vekst og glede. Han trekker frem vann som en av verdens viktigste fremtidige ressurser – og råd til kommuner om å dele nykommere og skape arbeidsplasser. Hans beste tips? Invester i kultur og idrett – det bygger fellesskap og langsiktig verdi.Langs Vegen No. -Ein podkast frå nettavisa www.langsveien.no og Roy Myrland.
-
8
Steinar Lyseng. -Vyrk A/S
Klar tale om samarbeid og vekst med Steinar Lyseng i Vyrk ASI denne episoden av "Langs Vegen no" møter vi ei handlekraftig eldsjel for Valdres: Steinar Lyseng, dagleg leiar i Vyrk AS. Med eit brennande engasjement for næringsutvikling og lokalsamfunnet, er han ikkje redd for å seie si meining – sjølv når det gjeld regjeringa si politikk.Lyseng deler si visjon for Vyrk og regionen, der samarbeid og investeringar i ny teknologi står sentralt. Han trekkjer òg fram familien – Irene, Sander og Ørjan – som avgjerande for selskapet sin suksess. Med store ambisjonar siktar Vyrk mot ein milliard i omsetning innan ti år, samstundes som dei held fram med å vekse innan eksisterande verksemd – og mogleg utviding til nye marknader.Bli med på ein inspirerande samtale om samfunnsansvar, industriell innovasjon og korleis Valdres kan utviklast gjennom samarbeid og handlekraft. Hør podkasten og en inspirerende samtale om samfunnsansvar, industriell innovasjon og hvordan Valdres kan utvikles gjennom samarbeid og handlekraft!Vyrk, Steinar Lyseng, Valdres, næringsutvikling, industriell innovasjon, treindustri, lokal vekst, entreprenørskap, samfunnsansvar, teknologiutvikling, investeringar, familiebedrift, norsk industri, bedriftsvekst, bærekraftig forretning, handlekraft, forretningsutvikling, ny teknologi, trepanel, interiørdesign, arkitektur, bygg og anlegg, norske bedrifter, vekststrategi, regional utvikling.Langs Vegen No. -Ein podkast frå nettavisa www.langsveien.no og Roy Myrland.
-
7
Bjørn Ekerbakke. -Bessheim Fjellstue
I Sjodalen i Jotunheimen, langs den gamle ferdselsvegen mellom Vågå og Valdres, ligg Bessheim Fjellstue – ein stad med djupe røter i norsk turisthistorie og eit heilt unikt reisemål for den som set pris på god mat laga av lokale råvarer. Her driv Kari Lund og Bjørn Ekerbakke fjellstua saman, og i denne episoden av Langs Vegen No får vi eit innblikk i kvardagen som turistvert og kokk i fjellheimen.Podkasten er laga med støtte frå Arves Vaktmestertjenester A/S, Byggmester Ranheim A/S, Monter Storefoss A/S og Hovrud Maskin A/S.Bjørn Ekerbakke er ein fjellkar av beste sort. Oppvaksen i Skammestein i Øystre Slidre, med solid kokkeutdanning og brei erfaring både frå fjellbygda og andre stader, har han ein djup lidenskap for råvarene fjellet har å by på. Han kombinerer kjærleiken til naturen med ei sterk formidlingsevne – anten det handlar om å rense ein fjellaur til perfeksjon eller finne den beste måten å tilberede reinsdyrbrissel på. Alltid på jakt etter nye smakar, tradisjonar og bruksområde for fjellets ressursar, har han skapt eit kjøken folk køyrer timesvis for å oppleve, også når Flye er vinterstengd.Men for Bjørn handlar det ikkje berre om mat og natur – han vil òg at ungdom skal få sjansen til å lære faget og kjenne gleda ved å lage mat saman. I podkasten fortel han om folk og bedrifter som har betydd mykje, og korleis han og Kari handterer den tidvis arbeidsbelastninga i fjellstuas travlaste periodar.Podkasten er produsert av redaktør Roy Myrland for Langs Vegen No.🔗 Sjå og høyr podkasten her![caption id="attachment_43224" align="alignnone" width="2560"] Kari Lund fortel om og presenter kveldens meny.[/caption]FAKTA OM BESSEGGEN & BESSHEIMBesseggenEin av Noregs mest populære fjellturar.Ruta går mellom Memurubu og Gjendesheim, med spektakulær utsikt over det turkise Gjendevatnet.Over 60 000 fjellvandrarar går eggen kvart år.Bessheim FjellstueLigg i Sjodalen, ved foten av Besseggen.Har vore eit naturleg stoppestad for fjellfolk i over 120 år.Tilbyr overnatting, matservering og gode turmoglegheiter året rundt.Perfekt base for fjellturar i Jotunheimen nasjonalpark.🔗 Les meir om Bessheim Fjellstue her: www.bessheim.noSøkeord#BessheimFjellstue #Besseggen #Jotunheimen #FjellturNorge #Turistvert #Lokalmat #Fjellørret #Reinsdyrbrissel #NorskMatkultur #PodkastOmFjelliv #BjørnEkerbakke #FlyeVinterstengd #MatFråNaturenLangs Vegen No. -Ein podkast frå nettavisa www.langsveien.no og Roy Myrland.
-
6
Astrid J. Nyquist. -Drivkrafta bak "Team Pølsa".
I denne episoden av podcasten "Langs vegen no" på Spotify, er det direktør ved Beitostølen Helsesportsenter (BHSS) Astrid J. Nyquist, redaktør Roy Myrland møter. Astrid J. Nyquist har i ei årrekkje jobba målretta for å skapa fleire moglegheiter for menneske med funksjonsnedsetjingar, mellom anna gjennom strategisk arbeid på Arendalsveka."Mor Team Pølsa"Denne langsiktige innsatsen har bore frukter – eit av dei tydelegaste resultata er NRK-serien "Team Pølsa", produsert av Teddy TV. Serien har begeistra og rørt heile Noreg, og Astrid J. Nyquist er tydeleg på at arbeidet langt frå er ferdig. Målet er å sikra at alle får like moglegheiter og ein inkluderande, deltakande kvardag.Når ho blir spurd om framtida og ønska hennar for personar med funksjonsnedsetjingar, svarer ho bestemt:– Me kan ikkje la dykk andre sleppa unna no, når de har gråte, ledd, vorte rørte og late dykk inspirera av dei fenomenale ungdommane i "Team Pølsa", seier ho – med ei tydeleg oppmoding til politikarar, avgjerdstakarar og alle oss andre som bør bry oss om dei små og store medmenneska våre. Fakta om Beitostølen Helsesportsenter (BHSS)✅ Eit nasjonalt kompetansesenter for tilpassa fysisk aktivitet og meistring, etablert i 1970.✅ Tilbyr rehabilitering for barn, ungdom og vaksne med funksjonsnedsetjingar.✅ Har i mange år jobba strategisk, mellom anna gjennom Arendalsveka, for å fremja funksjonshemmas rettar og moglegheiter.✅ Kombinerer helsefagleg ekspertise med idretts- og friluftsliv for å fremja meistring og sjølvstende.Fakta om "Team Pølsa"🎬 Ein dokumentarserie på NRK, produsert av Teddy TV.🏆 Eit direkte resultat av BHSS sitt langsiktige arbeid for å synleggjera funksjonshemmas moglegheiter gjennom idrett og meistring.💪 Følgjer ei gruppe ungdommar med funksjonsnedsetjingar som utfordrar seg sjølve gjennom idrett og samhald.🎿 Trenaren Øystein "Pølsa" Pettersen, tidlegare langrennsløpar, leiar laget med engasjement og varme.💖 Serien har fått stor merksemd for sin ærlege, inspirerande og rørande framstilling av reisa til deltakarane.🎧 Lytt til podkasten på Langs vegen no på Spotify! Astrid J. NyquistBeitostølen HelsesportsenterBHSSTeam Pølsa NRKTeddy TVfunksjonshemmedes rettighetertilpasset fysisk aktivitetrehabilitering Norgeidrett og mestringArendalsuka funksjonshemmedeBeitostølen tilpasset aktivitetinkluderende idrettmestring gjennom idrettØystein Pølsa Pettersensamfunnsengasjement funksjonshemmedeinspirerende historier funksjonshemmingpodcast om funksjonshemmedeLangs Vegen No podcastLangs Vegen No SpotifyAstrid J. NyquistBeitostølen HelsesportsenterBHSSTeam Pølsa NRKTeddy TVfunksjonshemma sine rettartilpassa fysisk aktivitetrehabilitering Noregidrett og meistringArendalsveka funksjonshemmaBeitostølen tilpassa aktivitetinkluderande idrettmeistring gjennom idrettØystein Pølsa Pettersensamfunnsengasjement funksjonshemmainspirerande historier funksjonshemmingpodkast om funksjonshemmaLangs Vegen No podkastLangs Vegen No SpotifyLangs Vegen No. -Ein podkast frå nettavisa www.langsveien.no og Roy Myrland.
-
5
Mari Cathrine Karlsen. -Turglad, engasjert og singel.
Foredragsholder og friluftsentusiast Mari Cathrine Karlsen (28) satte fokus på endometriose under Kvinnehelseweekenden på Beitostølen . Men før skitog og foredrag rakk hun også en podcastepisode med Langs Vegen No .Fra operasjon til Norge på langsMari fikk først diagnosen som 24-åring , etter 13 år med smerter, feildiagnostisering og feiloperasjoner . I 2023 fikk hun endelig riktig behandling og valgte en uvanlig vei til restitusjon: Hun gikk Norge på langs . Turen var både en personlig utfordring og en måte å sette fokus på endometriose , som rammer én av 10 kvinner i Norge .I podkasten med Langs Vegen No delte hun sin historie om sykdommen, behandlingen og hvordan friluftsliv har blitt hennes viktigste medisin . 🌍 Les mer om Mari her: www.turmedmari.noFriluftsliv – den beste middelFor Mari har naturen vært redningen . Etter flere operasjoner og år med smerter har hun funnet en livsstil som fungerer – lange turer og ekspedisjoner gir både fysisk og mental styrke .– Friluftslivet gir meg frihet fra sykdommen. Det handler ikke om å være sterkest, men om å finne en måte å leve godt på, til tross for utfordringer , sier hun.En viktig stemme innen kvinnehelseMari er en av få som har fått riktig behandling og opplever mindre smerter. Nå bruker hun sin erfaring til å holde foredrag, guide turer og inspirere andre . Hun er en viktig stemme for alle kvinner som kjemper for å bli hørt i helsevesenet.📌 Les mer om KvinnehelseweekendenNeste utfordring: Pilegrimsveien gjennom ValdresI podcasten på Beitostølen ble Mari utfordret av nettavisa Langsveien.no til å gå Pilegrimsveien gjennom Valdres , fra Hedalen til Filefjell i ett strekk . Hun takket ja til utfordringen, 📌 Les mer om Mari og hennes eventyr her: www.turmedmari.no📌 FAKTA: Hva er endometriose?🔹 Kronisk sykdom hvor vev som ligner livmorslimhinnen vokser utenfor livmoren. 🔹 Rammer ca. 10 % av kvinner – over 500.000 norske kvinner lever med sykdommen . 🔹 Gir ofte sterke menstruasjonssmerter, kroniske bekkensmerter, fordøyelsesproblemer og infertilitet . 🔹 Diagnosetid: 7–10 år grunnet bagatellisering og feildiagnostisering. 🔹 Ingen kur , men behandlingsalternativer inkluderer hormoner, smertelindring og kirurgi . 🔹 Friluftsliv og fysisk aktivitet hjelper mange med å håndtere smerter og symptomer.💡 Les mer om endometriose og Mari sitt arbeid her:➡️ www.turmedmari.no Langs Vegen No. -Ein podkast frå nettavisa www.langsveien.no og Roy Myrland.
-
4
Atle Hovi. -Hotelldirektør i fjell-landsbyen..
Velkommen til en ny episode av Langs Vegen No sin podkast der redaktør Roy Myrland møter direktør Atle Hovi til en trivelig prat i spisesalen på Beitostølen Resort – hotellet som har vore motoren i reiselivet i Valdres. Hovi deler historie om korleis familiebedrifta har vakse til ein sentral aktør i norsk fjellturisme, frå pionertida til dagens moderne destinasjon.Samtalen tek for seg utviklinga av reiselivet, utfordringar og framtidsplanar, samt den viktige rolla Beitostølen Helsesportsenter har spelt for bygda og regionen. Korleis har kombinasjonen av reiseliv og helseverksemd påverka Beitostølen, og kva ligg i vente?Du får også høyre om samarbeidet mellom næringslivet, idretten og eldsjelene som har forma Beitostølen til ein heilårsdestinasjon for turistar og idrettsutøvarar.🎧 Tune inn for ei inspirerende episode full av historie, innsikt og framtidsutsikter!#Beitostølen #Valdres #Reiseliv #AtleHovi #Helsesportsenter #Podcast #Fjellturisme #Oppleving #NorskReiselivLangs Vegen No. -Ein podkast frå nettavisa www.langsveien.no og Roy Myrland.
-
3
Dag Inge Bakke og Sjur Slettom. -Reingjeterane.
Langs vegen no – Podcast om reinsdyrgjeterane i JotunheimenVelkomen til ein ny episode av Langs vegen no , podcasten som tek deg med ut i det ekte og levande fjellivet! Denne gongen dreg programleiar Roy Myrland til majestetiske Jotunheimen for å møte reinsdyrgjeterane Dag Inge Bakke og Sjur Slettom frå Vågå Tamrein. Intervjuet går føre seg under åpen himmel ved Gråhø i Sel kommune, midt mellom 2300 kvilande reinsdyr. Her får du høyre om kvardagen som tamreingjeter, naturens utfordringar og dei rike tradisjonane som har forma dette yrket gjennom generasjonar.Denne episoden av Langs vegen no er laga med støtte frå Bessheim Fjellstue, Kampenes Gravferdsbyrå, Valdres Bakst AS og SPAR Beitostølen – aktørar som alle er tett knytt til fjellregionen og dei som bur og lever her.Lytt til podcasten der du finn poddar, og bli med Langs vegen no til reinsdyrfjella i Jotunheimen!1 Langs vegen no – Podcast om reinsdyrgjeterane i JotunheimenVelkomen til ein ny episode av Langs vegen no , podcasten som tek deg med ut i det ekte og levande fjellivet! Denne gongen dreg programleiar Roy Myrland til majestetiske Jotunheimen for å møte reinsdyrgjeterane Dag Inge Bakke og Sjur Slettom frå Vågå Tamrein. Intervjuet går føre seg under åpen himmel ved Gråhø i Sel kommune, midt mellom 2300 kvilande reinsdyr. Her får du høyre om kvardagen som tamreingjeter, naturens utfordringar og dei rike tradisjonane som har forma dette yrket gjennom generasjonar.Denne episoden av Langs vegen no er laga med støtte frå Bessheim Fjellstue, Kampenes Gravferdsbyrå, Valdres Bakst AS og SPAR Beitostølen – aktørar som alle er tett knytt til fjellregionen og dei som bur og lever her.Lytt til podcasten der du finn poddar, og bli med Langs vegen no til reinsdyrfjella i Jotunheimen!Langs Vegen No. -Ein podkast frå nettavisa www.langsveien.no og Roy Myrland.
-
2
Kåre Lund. -Levårsmann, Bessheim Fjellstue.
Langs vegen no – med Kåre Lund i peisestova på Bessheim I denne episoden av Langs vegen no tek vi turen til den lune peisestova på Bessheim Fjellstue, der redaktør Roy Myrland møter Kåre Lund til ein hyggeleg prat. Med si store forteljarglede og djupe kunnskap tek han oss med på ei historisk reise gjennom Sjodalen – heilt frå veidemennene kom for om lag 10 000 år sidan for å jakte reinsdyr, via utviklinga av området og turismen i Jotunheimen, fram til i dag. Her får du høyre spennande historier, lokalhistoriske skattar og innsikt i korleis fjellheimen har lokka eventyrlystne sjeler gjennom generasjonar. Langs Vegen No. -Ein podkast frå nettavisa www.langsveien.no og Roy Myrland.
-
1
Marius Haugaløkken. Turistvert, fjell og filosofi på DNT Gjendesheim
Marius Haugaløkken – vertskap, fjell og filosofi på GjendesheimGjendesheim og Besseggen er for mange det aller første møtet med den norske fjellheimen. Inspirert av Peer Gynts ville ritt på reinsbukken, utallige turgåere, og spektakulære naturopplevelser, er dette stedet der eventyrlysten vekkes til live hos generasjoner av fjellentusiaster.I denne episoden av "Langs Vegen no" møter vi Marius Haugaløkken , vertskap på Gjendesheim og en mann med en fascinerende bakgrunn. Med en oppvekst preget av alternative impulser og en livsfilosofi som strekker seg langt utover tradisjonell turisthytte-drift, deler han sine tanker om mat, mennesker og natur. Hør om hvordan han forvalter både arven og nyskaping på Gjendesheim, og hvordan han ser på livet i fjellheimen.Roy Myrland , redaktør i Langsveien.no , leder samtaler og tar oss med på en spennende reise gjennom både historie, personlige refleksjoner og unike opplevelser.Lytt til episoden der du finner podcaster – og bli med på en tur inn i Marius Haugaløkkens verden!Langs Vegen No. -Ein podkast frå nettavisa www.langsveien.no og Roy Myrland.
We're indexing this podcast's transcripts for the first time — this can take a minute or two. We'll show results as soon as they're ready.
No matches for "" in this podcast's transcripts.
No topics indexed yet for this podcast.
Loading reviews...
ABOUT THIS SHOW
"Langs Vegen No" er podkasten til nettavisa www.langsvegen.no, -nettavisa om folk. God fornøying.Med venleg helsingRoy Myrland, eigar og redaktør.
HOSTED BY
Nettavisa Langsvegen.no
CATEGORIES
Loading similar podcasts...