En samtale om ledelse i usikre tider - Bibliotekledersamtalen 2022 episode artwork

EPISODE · Oct 21, 2022 · 29 MIN

En samtale om ledelse i usikre tider - Bibliotekledersamtalen 2022

from Bok og bibliotek – to av dei beste tinga i heile verda

I denne episoden får de høyra eit opptak av ein scenesamtale under Biblioteklederkonferansen 2022, den såkalte Bibliotekledersamtalen, i år med Birgitte Shumann-Olsen frå Lillehammer bibliotek, Jorun Systad frå Sunnfjord bibliotek og Mona Magnusen frå Tromsø bibliotek. Det var god stemning i salen og på scenen, og dei tre biblioteksjefane i panelet hadde mykje klokt å bringa til torgs om både pandemi, kvardag, biblioteka sin rolle i krisetider, og ikkje minst om den kontinuerlege krisa i bibliotekøkonomien. Biblioteklederkonferansen 2022 blei halden på Scandic Oslo Airport hotel på Gardermoen 19.-21- oktober. Nasjonalbiblioteket var som alltid vertskap, og temaet i år var "Uforutsigbare tider" - om korleis ein best kan driva bibliotek og leia, gjera veivalg og prioriteringar når tidene er usikre, anten det er på grunn av pandemi, krig, lokale kriser eller større samfunnsendringer som flyktningestrømmer og inflasjon.  Det kjem ein kommentar om brannen i Larvik bibliotek i 2019, og det er fordi leiaren der, Kari Molvær, var på scenen rett før opptaket blei gjort og fortalte om dette. Bent Høie sto også på programmet under konferansen, og får ein lissepasning frå Birgithe Schumann-Olsen undervegs i samtalen. Samtalen blei teken opp onsdag den 19. september i år. Intervjuar er Arne Olav Hageberg. Om du vil vita meir om Bok & bibliotek så har vi sjølvsagt nettside. Der kan du abonnera, lesa tidlegare utgåver digitalt og senda inn stoff. Ta kontakt på [email protected] med ris og ros, eller om det er noko du vil lufta eller diskutera. Om du ikkje vil gå glipp av ein einaste episode, er det lurt å abonnera på podkasten vår. Og så er vi avhengige av god omtale og mange stjerner, tomlar og delingar for å bli lagt merke til. Så om du fann dette meiningsfullt og viktig, eller gøy, så veit du kva du må gjera. Takk!

Episode metadata supplied by the publisher feed · Published Oct 21, 2022

Embed this episode

NOW PLAYING

En samtale om ledelse i usikre tider - Bibliotekledersamtalen 2022

0:00 29:42

No transcript for this episode yet

We transcribe on demand. Request one and we'll notify you when it's ready — usually under 10 minutes.

No similar episodes found.

No similar podcasts found.

Frequently Asked Questions

How long is this episode of Bok og bibliotek – to av dei beste tinga i heile verda?

This episode is 29 minutes long.

When was this Bok og bibliotek – to av dei beste tinga i heile verda episode published?

This episode was published on October 21, 2022.

Can I download this Bok og bibliotek – to av dei beste tinga i heile verda episode?

Yes. Use the download control on the episode player to save the publisher-provided media file.
URL copied to clipboard!