EPISODE · Jun 16, 2026 · 4 MIN
Flytting av Møre barne -og ungdomsskule Skodje
from Radio Sunnmøre · host radiosunnmore
Møre barne -og ungdomsskule Skodje startar til hausten med planlegging av nytt skulebygg på Sjøholt folkehøgskule sin tomt. Rektor Hilde Renate Sæthre Nes ser no løysinga på nokre år med uvisse for skulen. - Vi har jobba det siste skuleåret med å finne nye lokal for skulen, og så fekk vi eit tips om samlokasjon med Sjøholt folkehøgskule, fortel Sæthre Nes. Både kommunen og folkehøgskulen sitt styre er positive til å nytte tomta på Sjøholt til nytt skulebygg for Møre barne -og ungdomsskule Skodje. -Vi gler oss over at dette kan vere mogleg, seier rektor Sæthre Nes til Radio Sunnmøre. Høyr heile intervjuet med rektor Hilde Renate Sæthre Nes.
Embed this episode
Ready to play
Flytting av Møre barne -og ungdomsskule Skodje
No transcript for this episode yet
Similar Episodes
No similar episodes found.
Similar Podcasts
No similar podcasts found.