Radio Sunnmøre podcast artwork

PODCAST · religion

Radio Sunnmøre

Intervju, program og andakter produsert av Radio Sunnmøre

Publisher-supplied feed metadata · PodParley refreshed Sep 11, 2026 · Source feed

  1. 100

    Søndagens tekst 20. september

    I Søndagens tekst er evangelieteksta henta frå Johannes 11,17–29, og handlar om då Lasarus hadde vore død i fire dagar. Marta og Maria er i sorg og forstår ikkje kvifor Jesus ikkje har kome før. Høyr heile teksta og samtalen om teksta med Karl Johan Bjørge, prost i Nordre Sunnmøre prosti.

  2. 99

    13+ - tilbod for ungdom som slit med psykisk helse

    13+ er eit tverrfagleg team av frivillige med relevant utdanning og erfaring innan psykososial omsorg. Teamet består av sjukepleiarar, vernepleiarar, psykolog, helsefagarbeidar, prest og psykotraumatolog. Prest, John Sylte, er også med i dette teamet og fortel i eit intervju på Radio Sunnmøre om chattetenesta for ungdom 13 + som treng eit slikt tilbod.

  3. 98

    Misjonsalliansen på gebursturne

    Misjonsalliansen feirer 125 år i år, og reiser på gebursdagsturne rundt om i Noreg. Onsdag 16. september kjem dei til Valderøy kyrkje, og markedskoordinator Julie Elena Skjelde fortel til Radio Sunnmøre at dei gler seg til feiringa. Lokale musikkrefter som Øss tre og Trio m/band skal bidra med musikk, og Misjonsallinansen sitt hovedkontor kjem med kake og talar. Høyr heile intervjuet med Julie Elena Skjelde, markedskoordinator i Misjonsalliansen.

  4. 97

    Når livet blir vanskeleg

    I Ord til ettertanke denne veka er det Lars Petter Ødegaard som delar frå Bibelen og frå eige liv, om når livet blir vanskeleg. Høyr alle ord til ettertanke og intervjuet med Lars Petter Ødegaard, krinsleiar i IMF Sunnmøre.

  5. 96

    Ord til ettertanke 7. september

    Ord til ettertanke av Lars Petter Ødegaard

  6. 95

    Ord til ettertanke 8. september

    Ord til ettertanke av Lars Petter Ødegaard

  7. 94

    Ord til ettertanke 9. september

    Ord til ettertanke av Lars Petter Ødegaard

  8. 93

    Ord til ettertanke 10. september

    Ord til ettertanke av Lars Petter Ødegaard.

  9. 92

    Ord til ettertanke 11. september

    Ord til ettertanke av Lars Petter Ødegaard.

  10. 91

    Drøymer om å bli radiostjerne

    Daniel Lillestøl (22) drøymer om å bli radiostjerne. Han går tredje året på tilrettelagtlinja på Sjøholt folkehøgskule, og har vore i Radio Sunnmøre for å teste ut yrket. Han er glad i musikk og vil synge I Heard it on the radio til lyttarane. Andreas Himmelskip Jakobsen, musikklærar ved Sjøholt folkehøgskule, kom på ideen om å la Lillestøl få prøve seg i Radio Sunnmøre. Vi får også høyre litt om korleis oppstarten ved skulen har vore dette året. Høyr heile intervjuet og songen med og av Daniel Lillestøl, og intervjuet med Andreas Himmelskip Jakobsen. 

  11. 90

    Søndagens tekst 13. september

    Søndagens tekst er henta frå teksta Markus 7, 31-37 og handlar om den døve som hadde vondt for å tale. I Søndagens tekst tek vi ein prat med Karl Johan Bjørge, prost i Nordre Sunnmøre prosti, om innhaldet i teksta. Det er Randi Fagerhol Lauvås som les teksta.

  12. 89

    Løvemammaene på Sunnmøre

    Onsdag 16. september inviterer Løvemammaene Midt foreldre på tur & terapi i Ålesund. Turen er heilt lavterskel og ein må ikkje vere trent for å delta, men turen er utan born. Radio Sunnmøre fekk besøk av to engasjerte løvemammaer, Monica Farstad og Hanne Waage Borgund, som begge har born med ulike hjelpebehov. Dei kom inn i styret i Midt for nokre år sidan, og fortel at det er ein møtestad for foreldre og familier med like utfordringar i kvardagen. Treffpunkta er ein stad å dele både gleder og sorger. Og i tillegg få god støtte og hjelp til ulike utfordringar. Løvemammaene er ein diagnoseuavhengig organisasjon som jobbar med å opplyse om og forbedre rettigheitene til barn og unge med kronisk sjukdom, funksjonshindringar og ulike hjelpebehov. Dei bren for støtte, frihet og likestilling til hele familien.   Høyr heile praten med Monica Farstad og Hanne Waage Borgund, løvemammaer som sit i styret til Løvemammaene Midt.

  13. 88

    Nye kristne i Immanuelkirka i Tel Aviv

    Eyvind Volle er heime på ferie og vi fekk ein prat med han i studio om arbeidet han er med på som pastor i Immanuelkirka i Tel Aviv. Det siste året har dei fått undervise nye kristne og vore med på dåp. Vi får høyre litt om kva ein underviser til nye kristne, og litt om framtidsplanar for ekteparet Volle. Høyr heile praten med Eyvind Volle, pastor i Immanuelkirka i Tel Aviv.

  14. 87

    Kvardagspraten med Marit

    Forrige veke var Marit & Irene på Ellingsøy bedehus og haldt møteveke frå tysdag til søndag. I Kvardagspraten med Marit Stokken Berland får vi høyre korleis det gjekk. Vi får også høyre Stokken Berland dele nokre ord i dagens kvardagsprat. Høyr heile praten med Marit Stokken Berland.

  15. 86

    Konsert med Sveinung Hølmebakk og Elkana

    Søndag 13. september blir det konsert med Sveinung Hølmebakk og Elkana på Valderøy bedehus. Hølmebakk har nyleg kome ut med ei ny plate som heiter Nåderegn. Den kom i mars og fleire av songane er arrangert for kor. I helga blir det konsert med både dei nye songane til Hølmebakk og nokre av dei gamle. Høyr heile intervjuet med Sveinung Hølmebakk.

  16. 85

    Seminardag om Alma Halse

    Alma Halse  (1907-1969), fødd på Åheim, fekk Kongens fortenestemedalje i gull i 1965 og Alle kvinners ærespris i 1963 for sin kristen humanitære innsats i Alta. Laurdag 26. september skal det vere seminar om denne dama i Pinsekirka på Moa.  Høyr intervjuet med Ben Giske fortelje meir om denne dama og seminardagen Pinsekirka på Moa skal halde.

  17. 84

    Undringkveld i Herøy kyrkje

    Det starta med ei damegruppe i Herøy og no skal det arrangerast undringkveldar i Herøy kyrkje for damer og unge jenter i haust. Kvelden skal vere ei moglegheit til å snakke om tvil og tru. Denne kvelden leggast det til rette for å stille dei spørsmål ein ynskjer svar på når det gjeld tvil og tru. Det er inspirasjon frå Alphakurset som skal nyttast som inngangsport til samtale. Det heile startar tysdg 8. september i kyrkjekjellaren. Rikke Grevstad Kopperstad er intervjua om undringkvelden i Herøy kyrkje. Høyr heile intervjuet på Radio Sunnmøre.

  18. 83

    Takknemleg etter song -og musikkhelg i Fosnavåg

    Siste helga i august var det tradisjonen tru song -og musikkhelg i Fosnavåg. Denne gongen var det Plussreiser, Bedehuskanalen og P7 som stod som arrangørar. Johan Halsne, som har leia denne helga i alle år, er svært nøgd etter helgas arrangement. Neste år er det tiårs jubileum, og arrangementet blir også då siste helga i august. Høyr heile intervjuet med Johan Halsne.

  19. 82

    Møre barne -og ungdomsskule Ålesund 30 år

    I dag, torsdag 3. september, markerer Møre barne -og ungdomsskule Ålesund 30 år. Ordføreren i Ålesund kjem, det blir kaker og leiker, og det blir fotballkamp. Høyr intervjuet med rektor Øystein Engås om kva som har skjedd i løpet av desse 30 åra, og korleis feiringa skal foregå.

  20. 81

    Salige visshet

    I ord til ettertanke denne veka er det Torstein Walderhaug som deler sine tankar rundt songen Salige visshet. Han seier at bak kvar einaste linje ligg det Bibelske sanningar. Walderhaug vart sjølv ein kristen som 15-16 åring, og fortel at vissheita har han hatt sidan. Høyr heile intervjuet med Torstein Walderhaug og ord til ettertanke som han deler i veke 36.

  21. 80

    Ord til ettertanke 31. august

    Ord til ettertanke av Torstein Walderhaug

  22. 79

    Ord til ettertanke 1. september

    Ord til ettertanke av Torstein Walderhaug

  23. 78

    Ord til ettertanke 2. september

    Ord til ettertanke av Torstein Walderhaug

  24. 77

    Ord til ettertanke 3. september

    Ord til ettertanke av Torstein Walderhaug

  25. 76

    Ord til ettertanke 4. september

    Ord til ettertanke av Torstein Walderhaug.

  26. 75

    Søndagens tekst 6. september

    I søndagens tekst for 6. september skal vi få høyre Matteus 5,38–48. Teksta handlar om å gjengjelde det onde med det gode. Høyr teksta bli lest av Randi Fagerhol Lauvås, og samtala om av Karl Johan Bjørge, prost i Nordre Sunnmøre prosti, saman med Ragnhild Kristine Vartdal Espelund, redaktør i Radio Sunnmøre.

  27. 74

    Inviterer til regional Awana leiarkonferanse

    Onsdag 9. september inviterer Awana til region leiarkonferanse i Pinsekirka konferansesenter på Moa. Runar Liodden fortel i intervjuet at det er fleire forsamlingar i regionen Møre og Romsdal som nyttar Awana -opplegget, og at ein no ynskjer å ha ei regional konferanse for leiarane. Det er også ope for dei som er nygsjerrig på konseptet. Høyr heile intervjuet med Runar Liodden frå Awana Norge.

  28. 73

    Molde Indremisjon 150 år

    I helga skal Molde Indremisjon feire 150 år på Molde bedehus. Forsamlingsleiar Audun Vesetvik fortel til Radio Sunnmøre at dei har gledd seg lenge til feiringa. Det blir ein skikkeleg jubileumsfest gjennom heile helga med både mykje på programmet, kaker og snittar. Høyr heile intervjuet med forsamlingsleiar Audun Vesetvik.

  29. 72

    Vestborg vidaregåande på samanristningstur

    Mandag og tysdag denne veka er VG1 ved Vestborg vidaregåande skule på samanristningstur til Brusdalsheimen. Skulen startar året med heile 123 elevar etter ei rekordauke på søkartalet i vår. Lars Johan Stokken fortel til Radio Sunnmøre at dei no har to dagar på Brusdalsheimen for å bli betre kjend med kvarandre og med nokre av verdiane og måla for skuleåret. Vi tok også ein prat med fire av dei ferske elevane Sara Emilie Steinshamn, Sigrid Valland, Mari Hauge og Amalie Kvalvik, om dei to fyrste vekene på internatskule. Høyr heile innslaget på Radio Sunnmøre.

  30. 71

    Kvardagspraten med Irene Krokeide Alnes.

    -Eg kjende på takksemd for kongen vi har hatt, seier Irene Krokeide Alnes i Kvardagspraten. Ho deler nokre av sine tankar om kong Harald som døde fredag 28. august. Vi får også høyre om feiringa av Ellingsøy bedehus 60 år på søndag, og om møteveka på Ellingsøya som startar i dag tysdag 1. september og varer til søndag 6. september. Til slutt deler Krokeide Alnes nokre oppmuntrande Guds ord om at Han er med og bærer gjennom alt. Høyr heile kvardagspraten med Irene Krokeide Alnes.

  31. 70

    Crossyoga med Jesusmeditasjon

    -Eg sov veldig dårleg, og hadde ei uro i kroppen. Det var mange aktivitetar eg ville vere med på og hadde problem med å balansere det med kvile. Eg snakka med både sjelesørger og psykolog, og det hjalp ikkje. Så prøvde eg å trene mykje for å bli skikkeleg sliten, men det hjalp lite. Men så starta eg med yoga så fekk kroppen kvile. Og etterkvart då eg oppdaga yoga saman med Jesusmeditasjon, så vart eg veldig glad. For når eg fekk roa ned kropp og sinn, så vart eg meir mottakeleg for Jesus. Og det leser eg om i Bibelen også, og Jesusbegeistringa den auker, fortel Jan Ketil Vinnes. Vinnes og Gunn-Ingrid Ulstein startar opp Crossyoga i Borgund menighet 9. september, som eit av ti kurskveldar. Crossyoga er ikkje ei terapigruppe, men eit kurs der ein kan utvikle sjølvfølelsen og/eller ein stad der ein kan kvile i Guds nærvær og la seg elske av han. Jan Ketil Vinnes er psykiatrisk sjukepleiar og Gunn-Ingrid Ulstein er psykolog. I gruppa ynskjer dei å bidra med sin kunnskap og vere tilstades som medvandrarar. For Ulstein er det det kristne perspektivet som er den djupaste forma av sanning, og at ho kan få nytte både trua og kroppen i ei bøn for å integrere det i livet ser ho på som ei gåve. Høyr heile intervjuet med Jan Ketil Vinnes og Gunn-Ingrid Ulstein.

  32. 69

    Nytt frå Åpne Dører

    Ny haust også for Åpne Dører, og Helge Åkerens er tilbake i organisasjonen i full stilling. Åkernes har vore i studio for å fortelje om kva som er status i arbeidet og kvifor arbeidet er viktig å halde fram i.

  33. 68

    Hjelp til folket i Ukraina

    Den årlege Ukrainabasaren i Bedehuskirka Emblem blir laurdag 19. september. Kurt Andre Henriksen står i leiinga for Ukrainahjelpa og bidreg til både mat og varmekjelder til folket i Ukraina. Henriksen fortel i eit intervju på Radio Sunnmøre om tilstanden for folket der no, og kva behova er. Høyr heile intervjuet med Kurt Andre Henriksen.

  34. 67

    Været er meir enn vær

    I Ord til ettertanke denne veka er det Alfhild Ødegaard som deler nokre tankar om været. Ho fortel i dei ulike andaktene om korleis dei ulike værtypane kan minne oss om Gud og Jesus. Høyr heile intervjuet og alle ord til ettertanke med Alfhild Ødegaard.

  35. 66

    Ord til ettertanke 24. august

    Ord til ettertanke av Alfhild Ødegaard

  36. 65

    Ord til ettertanke 25. august

    Ord til ettertanke av Alfhild Ødegaard

  37. 64

    Ord til ettertanke 26. august

    Ord til ettertanke av Alfhild Ødegaard

  38. 63

    Ord til ettertanke 27. august

    Ord til ettertanke av Alfhild Ødegaard

  39. 62

    Ord til ettertanke 28. august

    Ord til ettertanke av Alfhild Ødegaard.

  40. 61

    Ellingsøy bedehus feirer 60 år

    Søndag 30. august skal Ellingsøy bedehus feire 60 år. Leiar Trine Molnes Hestetun fortel at det blir ei skikkeleg gebursfeiring denne dagen. U-teamet (ungdomsteamet frå 12 år og oppover) skal vere forsongarar, og det blir song av ei gruppe frå tidlegare Sendebud. Det blir andakt og song av Marit & Irene, og det blir tilbakeblikk og stort kakebord. Molnes Hestetun fortel i intervjuet om mykje av arbeidet som har vore på arbeidet gjennom seks tiår, og at det også i dag er eit stort barne -og ungdomsarbeid på Ellingsøy bedehus. Høyr heile intervjuet med Trine Molnes Hestetun.

  41. 60

    Emblemsfjellet opp

    Det blir Emblemsfjellet opp også denne hausten. Helge Åkernes er tilbake i full stilling i Åpne Dører, og løpet er eit arrangement Ålesund Løpevenner har saman med Åpne Dører. Arrangementet har formålet å informere om situasjonen til forfulgte kristne, og pengane som kjem inn på løpet går til Åpne Dører. Årets arrangement skjer søndag 6. september. Det er ulike løpt til ulike tidspunkt. Dagen startar med familiesøndag i Bedehuskirka Emblem kl. 11. Høyr heile intervjuet med Helge Åkernes.

  42. 59

    Søndagens tekst 30. august

    I søndagens tekst handlar det om arbeidarane i vingården. Teksta er hente i frå Matteus 20, 1-16. Høyr samtalen mellom Karl Johan Bjørge, prost i Nordre Sunnmøre prosti, og Ragnhild Kristine Vartdal Espelund, redaktør i Radio Sunnmøre, om innhaldet i teksta. Randi Fagerhol Lauvås les teksta.

  43. 58

    Kvardagspraten med Marit Stokken Berland

    I kvardagspraten denne veka delar Marit Stokken Berland om eit ynskje om fornying. Søndag skal ho saman med Irene Krokeide Alnes delta på Ellingsøy bedehus sin 60 års feiring, og tysdag 1. september skal dei ha møteveke kvar kveld Ellingsøy bedehus fram til og med søndag. Høyr heile kvardagspraten på Radio Sunnmøre med Marit Stokken Berland.

  44. 57

    Plussreiser går inn i høgsesongen

    Haust og vinter er høgsesongen for det kristne reiseselskapet Plussreiser. Leiar for Plussreiser, Kurt Andre Henriksen, fortel om at reiseselskapet har ganske god påmelding på dei planlagte turane no til hausten og vinteren. Den første turen til Israel, etter krigen, er også satt til november. Høyr heile intervjuet med Kurt Andre Henriksen, leiar i Plussreiser.

  45. 56

    Startar hausten med utfordringar på nytt renseanlegg

    På Frænabu misjonssenter er i ein litt spesiell situasjon for tida sidan dei no har bytta eit renseanlegg som ikkje er godkjent. For tida arbeidar dei med korleis dei kan halde fram som før, og har tru for at det skal ordne seg for vidare drift medan dette pågår. Det er Olav Jan Bø Demdal som fortel om situasjonen for den populære leirstaden.

  46. 55

    Vellukka Ungdommens landsmøte

    Sommarens Ungdommens landsmøte (UL) i Lyngdal vart eit vellukka arrangement. Det fortel Andreas Furnes, leiar for Misjonssambandet Ung. UL vart i år arrangert i Lyngdal og arrangerast av Indremisjonsforbundet og Misjonssambandet. Fleire hundre ungdomar frå heile landet var samla på ein liten plass med ulike aktivitetar, seminar, møter og lovsong. Høyr heile intervjuet med Andreas Furnes, leiar for Misjonssambandet Ung.

  47. 54

    Leiarkonferanse ImF 2026

    Videre er temaet for årets leiarkonferanse i regi av Indremisjonsforbundet på Straume forum helga 6. -8. november. Vi har tatt ein prat med arrangementsansvarleg Kenneth Foss.

  48. 53

    Ord til ettertanke 17. august

    Ord til ettertanke av Olaug Lillian Bjørke.

  49. 52

    Ord til ettertanke 18. august

    Ord til ettertanke av Olaug Lillian Bjørke.

  50. 51

    Ord til ettertanke 19. august

    Ord til ettertanke av Olaug Lillian Bjørke.

Type above to search every episode's transcript for a word or phrase. Matches are scoped to this podcast.

Searching…

We're indexing this podcast's transcripts for the first time — this can take a minute or two. We'll show results as soon as they're ready.

No matches for "" in this podcast's transcripts.

Showing of matches

No topics indexed yet for this podcast.

Loading reviews...

ABOUT THIS SHOW

Intervju, program og andakter produsert av Radio Sunnmøre

HOSTED BY

radiosunnmore

Frequently Asked Questions

How many episodes does Radio Sunnmøre have?

Radio Sunnmøre currently has 50 episodes available on PodParley. New episodes are automatically indexed when they're published to the podcast feed.

What is Radio Sunnmøre about?

Intervju, program og andakter produsert av Radio Sunnmøre

How often does Radio Sunnmøre release new episodes?

Radio Sunnmøre has 50 episodes. Check the episode list to see recent publication dates and frequency.

Where can I listen to Radio Sunnmøre?

You can listen to Radio Sunnmøre on PodParley by clicking any episode. We provide an embedded audio player for direct listening, and you can also subscribe via your preferred podcast app using the RSS feed.

Who hosts Radio Sunnmøre?

Radio Sunnmøre is created and hosted by radiosunnmore.
URL copied to clipboard!