Future Library episode artwork

EPISODE · Mar 10, 2023 · 57 MIN

Future Library

from Bok og bibliotek – to av dei beste tinga i heile verda

I denne episoden får du bli med inn i Future Library  sitt underlege univers. Mykje er skrive og sagt om kunstnaren Katie Paterson sitt svimlande kunstprosjekt. Men likevel kan det vera vanskeleg å gripa. For kva er greia med manuskript av store forfattarar som ikkje skal publiserast på 100 år? Og kva har eit plantefelt i Nordmarka med litteratur å gjera? Alt det og meire til får du grundig forklart her. Ann-Mari Bugge sin tekst er lang og vandrande. Den gir innblikk i alle dei ti framtidsbibliotekforfattarane som til no er offentleggjorte, og eit par som kunne vore det. Og like mykje som ei slags innføring i Future Library er den eit innspel i den store samtalen om kunsten og litteraturen sin plass i livet til kvar og ein av oss. Det er bare å gi seg over. Forfattaren Ann-Mari Bugge kallar seg sjølv ein slags litteraturvitar. Ho jobbar som frilansjournalist og timelærer i pedagogikk på Universitetet i Sørøst-Norge, og saman med Trine Solstad er ho aktuell med fagboka Seriøst? Om sakprosa for barn på Universitetsforlaget. Ho har litteraturvitskap, pedagogikk og engelsk i fagkretsen og er master i faglitterær skriving. Future Library-forfattaren David Mitchel blei forresten intervjua i samarbeidspodkasten vår Forfatteren & Favoritten for litt sidan. Den episoden er også vel verdt å få med seg.

Episode metadata supplied by the publisher feed · Published Mar 10, 2023

Embed this episode

NOW PLAYING

Future Library

0:00 57:44

No transcript for this episode yet

We transcribe on demand. Request one and we'll notify you when it's ready — usually under 10 minutes.

No similar episodes found.

No similar podcasts found.

Frequently Asked Questions

How long is this episode of Bok og bibliotek – to av dei beste tinga i heile verda?

This episode is 57 minutes long.

When was this Bok og bibliotek – to av dei beste tinga i heile verda episode published?

This episode was published on March 10, 2023.

Can I download this Bok og bibliotek – to av dei beste tinga i heile verda episode?

Yes. Use the download control on the episode player to save the publisher-provided media file.
URL copied to clipboard!