Geir Frøsaker-historia om Rakfiskfestivalen. episode artwork

EPISODE · Oct 28, 2025 · 24 MIN

Geir Frøsaker-historia om Rakfiskfestivalen.

from Langs Vegen No. · host Nettavisa Langsvegen.no

I denne episoden av podkasten Langs Vegen No får du høyre historia om korleis Rakfiskfestivalen på Fagernes blei til– fortald av han som var grunlegger og sto midt i det: Geir Frøsaker. I 1993 var han tilsett i Fagernes Handelsstandsforening, med oppdrag om å skape meir liv, trivsel og handel i bygdebyen. Ideen om å samle folk rundt noko så valdris som rakfisk voks raskt til eit arrangement som sette Fagernes på kartet.Gjennom praten i studioet til Gjensidige Valdres får vi høyre både artige glimt frå festivalens spede start og gode historier frå tida då alt måtte gjerast på dugnad og med lånte bord og teltdukar. Mellom dei mange gode historiene dukkar òg det legendariske sitatet frå trubadur og "lattermaker" Inge Aarhaug opp:– «Denne maten luktar akkurat det same når ein et han, som når han kjem ut at.» Eit viktig vendepunkt kom då ukebladet Vi Menn skreiv ein stor reportasje om den vesle festivalen i Valdres. Plutseleg kom folk frå heile landet – og Rakfiskfestivalen «tok av» og vart landskjend.Frøsaker peikar òg på at Norbert Kuhn sitt engasjement og økonomiske garantier var heilt avgjerande for utviklinga vidare. Med sin pågangsvilje og sans for kvalitet var han og med på å løfte festivalen frå bygdedugnad til ei profesjonell og populær folkefest.Som Kjell Ivar Fossnes i "Seniorgjengen på Blåbærmyra" sier: Alt som blir suksess her i Valdres, startar med dugnad og frivilligheit. Rakfiskfestivalen er kanskje det beste dømet på akkurat det – eit folkeeventyr skapt av entusiasme, samarbeid og ekte bygdesjel.Programleiar og historiesamlar Roy Myrland, redaktør i nettavisa Langsvegen.no, leiar samtalen med smittande engasjement og lun valdrishumor. Resultatet er ei varm, humoristisk og ærleg forteljing om bygdeliv, skaparglede og rakfisk-romantikk – alt samla i podkasten Langs Vegen No.Langs Vegen No. -Ein podkast frå nettavisa www.langsveien.no og Roy Myrland.

Episode metadata supplied by the publisher feed · Published Oct 28, 2025

Embed this episode

I denne episoden av podkasten Langs Vegen No får du høyre historia om korleis Rakfiskfestivalen på Fagernes blei til– fortald av han som var grunlegger og sto midt i det: Geir Frøsaker. I 1993 var han tilsett i Fagernes Handelsstandsforening, med oppdrag om å skape meir liv, trivsel og handel i bygdebyen. Ideen om å samle folk rundt noko så valdris som rakfisk voks raskt til eit arrangement som sette Fagernes på kartet. Gjennom praten i studioet til Gjensidige Valdres får vi høyre både artige...

Distinct summary based on available episode metadata or transcript content.

NOW PLAYING

Geir Frøsaker-historia om Rakfiskfestivalen.

0:00 24:57

No transcript for this episode yet

We transcribe on demand. Request one and we'll notify you when it's ready — usually under 10 minutes.

No similar episodes found.

No similar podcasts found.

Frequently Asked Questions

How long is this episode of Langs Vegen No.?

This episode is 24 minutes long.

When was this Langs Vegen No. episode published?

This episode was published on October 28, 2025.

Can I download this Langs Vegen No. episode?

Yes. Use the download control on the episode player to save the publisher-provided media file.
URL copied to clipboard!