Hanna Gjeilo Skjåkødegård. -Vilje, verdiar og vidaregåande skule. episode artwork

EPISODE · Dec 22, 2025 · 44 MIN

Hanna Gjeilo Skjåkødegård. -Vilje, verdiar og vidaregåande skule.

from Langs Vegen No. · host Nettavisa Langsvegen.no

Det er ikkje kvar dag ein møter menneske som både har doktorgrad, dugnadsånd og kampvilje nok til å flytte fjell – eller i det minste redde ein vidaregåande skule. I denne podkasten møter du Hanna Gjeilo Skjåkødegård frå Skjåk i Gudbrands dalen, kvinna som stod i første rekke då kampen for vidaregåande opplæring i Lom verkeleg tok til.Med di hjelp kan vi fortelje fleire viktige historier – i podkast, video og tekst. Gå vidare her.Medan skulekampen har rasa, har Hanna vore busett i Bergen. No har ho teke med seg både ektemannen Vetle og døtrene Frida og Maria, og flytta heim att til Skjåk. Familien bur mellombels i ein bustad eigd av Skjåk kommune, ein del av ordninga der folk kan få «prøvebu» i bygda i inntil tre år. Men her er det ingen tvil: Hanna skal ikkje prøvebu. Ho og familien skal bli – så snart huset dei byggjer står ferdig.Saman med TAFI – Tverrfagleg arbeidsgruppe for framtidsskulen i Innlandet, og ei rekkje andre gode krefter, har ho vore med på å samle inn over 65 millionar kroner til det som i dag heiter Jotunheimen Privatistskole. I podkasten får Hanna òg besøk av sambygding Aud Hove, gruppeleiar for Senterpartiet i Innlandet fylkeskommune. Ho har med seg ei gåve av det heilt unike slaget – ei helsing som seier mykje om kva slags menneske Hanna er.Samtalen er spelt inn i Smiu på Bismo i Skjåk, der redaktør Roy Myrland i nettavisa Langsvegen.no både intervjuar og har produsert podkasten. Undervegs blir det både sist, alvor og refleksjonar om bygdekraft, politikk, barn og framtid. Hanna har nemleg også doktorgrad frå Det medisinske fakultetet ved Universitetet i Bergen, og arbeider i dag som postdoktor og forskar innan vekt og spiseforstyrringar hos barn og unge.Podkasten er produsert med annonsestøtte frå: Thorstein Brun og Brun Bygg A/S, Harald Rune Øvstedal og Gjendebåtene, samt Bernt Jo Vole i Visit Bessegen og Gjende.Sjå og høyr heile podkasten – dette er bygdehistorie medan ho blir til.Langs Vegen No. -Ein podkast frå nettavisa www.langsveien.no og Roy Myrland.

Episode metadata supplied by the publisher feed · Published Dec 22, 2025

Embed this episode

Det er ikkje kvar dag ein møter menneske som både har doktorgrad, dugnadsånd og kampvilje nok til å flytte fjell – eller i det minste redde ein vidaregåande skule. I denne podkasten møter du Hanna Gjeilo Skjåkødegård frå Skjåk i Gudbrands dalen, kvinna som stod i første rekke då kampen for vidaregåande opplæring i Lom verkeleg tok til. Med di hjelp kan vi fortelje fleire viktige historier – i podkast, video og tekst. Gå vidare her. Medan skulekampen har rasa, har Hanna vore busett i Bergen. N...

Distinct summary based on available episode metadata or transcript content.

NOW PLAYING

Hanna Gjeilo Skjåkødegård. -Vilje, verdiar og vidaregåande skule.

0:00 44:21

No transcript for this episode yet

We transcribe on demand. Request one and we'll notify you when it's ready — usually under 10 minutes.

No similar episodes found.

No similar podcasts found.

Frequently Asked Questions

How long is this episode of Langs Vegen No.?

This episode is 44 minutes long.

When was this Langs Vegen No. episode published?

This episode was published on December 22, 2025.

Can I download this Langs Vegen No. episode?

Yes. Use the download control on the episode player to save the publisher-provided media file.
URL copied to clipboard!