EPISODE · Dec 3, 2025 · 45 MIN
Hans-Jørgen Johnsen. -Han har jobba med Noregs største samfunnsutfordring – no fortel han alt
from Langs Vegen No. · host Nettavisa Langsvegen.no
I denne episoden av Langs Vegen No møter du Hans-Jørgen Johnsen – gründaren, brubyggjaren og den uvanleg populære leiaren som topppolitikkar, næringslivsfolk og samfunnsaktørar står i kø for å snakke med. Det er på kontoret til Kopano A/S , oppe i lia bak Farris Bad i Larvik, at podkasten er produsert og spelt inn av redaktør Roy Myrland i nettavisa www.langsvegen.no .Her får du bli med heilt inn i det «indre livet» i Kopano, ei av landets mest spennande arbeids- og inkluderingsbedrifter, og høyre korleis ein organisasjon med røter i Larvik har blitt ein nasjonal kraft i arbeidet med å hjelpe folk inn i jobb. Hans-Jørgen fortel ope om metodane, verdiane og kvardagsarbeidet som ligg bak – og om kvifor dette arbeidet er ei av dei største utfordringane Noreg står overfor dei neste tiåra: å få fleire av dei som står utanfor arbeidsmarknaden, inn i aktivt arbeid og deltaking.Du får òg innsikt i hans personlege reise: kvifor han vel å tre til side no som Kopano har vakse seg stort, kva som krevst for å leie ei organisasjon som skal samfelle heile landet, og korleis han sjølv har jobba med sine sterke – og litt for sterke – sider som detaljstyrar og engasjerte leiar.Og heilt til slutt i episoden deler Hans-Jørgen sine ærlige tankar om kva slags type menneske som bør ta over når han no slepp roret vidare – og kva eigenskapar som trengst for å lykkast i ein jobb som handlar om å løfte andre.Ei varm, lærerik og overraskande open samtale om arbeid, verdigheit, samfunnsansvar – og om å vite når tida er inne for å gi stafettpinnen vidare.Langs Vegen No. -Ein podkast frå nettavisa www.langsveien.no og Roy Myrland.
Embed this episode
What this episode covers
I denne episoden av Langs Vegen No møter du Hans-Jørgen Johnsen – gründaren, brubyggjaren og den uvanleg populære leiaren som topppolitikkar, næringslivsfolk og samfunnsaktørar står i kø for å snakke med. Det er på kontoret til Kopano A/S , oppe i lia bak Farris Bad i Larvik, at podkasten er produsert og spelt inn av redaktør Roy Myrland i nettavisa www.langsvegen.no . Her får du bli med heilt inn i det «indre livet» i Kopano, ei av landets mest spennande arbeids- og inkluderingsbedrifter, ...
NOW PLAYING
Hans-Jørgen Johnsen. -Han har jobba med Noregs største samfunnsutfordring – no fortel han alt
No transcript for this episode yet
Similar Episodes
No similar episodes found.
Similar Podcasts
No similar podcasts found.