Line Holar Onstad. -Kjøkkensjef der mat er en del av rehabiliteringen. episode artwork

EPISODE · May 30, 2026 · 29 MIN

Line Holar Onstad. -Kjøkkensjef der mat er en del av rehabiliteringen.

from Langs Vegen No. · host Nettavisa Langsvegen.no

I denne episoden av podkasten "Langs Vegen No" blir det både latter, matprat og gode historier frå ei dame som verkeleg kan kunsten å lage skikkeleg god mat – helst med så mykje lokale råvarer som mogleg. På den andre sida av bordet sit nemleg Line Holar Onstad, jenta frå Ski som starta reisa si ved kokk- og stuertskulen i den gamle kvalfangarbyen Sandefjord, før vegen gjekk vidare ut i verda og til slutt enda i det mange meiner er den vakraste bygda i Valdres – Volbu. At redaktør Roy Myrland i nettavisa Langsvegen.no under opptaket blir servert nysteikte kanelbollar og god kaffi av vertinna sjølv, gjer neppe verken humøret eller innhaldet dårlegare.Før ho slo seg til der, vart det òg tid til fleire år på Svalbard. Og når praten kjem inn på livet på ishavsøya, blir det fort litt blankt i augo hos kjøkkensjefen frå Volbu. Opplevingane der nord har sett djupe spor.Om det var mellom grytene på restaurantkjøkken, ved kvitdukane på Park Hotel eller ein heilt annan stad reiselysta vakna, er ikkje godt å seie. Men at Line har arbeidd fleire år i utlandet, er det ingen tvil om. Og det hender framleis at "sie spricht sogar ein bisschen Deutsch – zumindest genug für ein gutes Gespräch.“ («Ho snakkar til og med litt tysk – i alle fall nok til ein god prat.») tysk over kjøkkenbenken.Sidan 2019 har ho vore kjøkkensjef ved Beitostølen Helsesportsenter, der mat handlar om langt meir enn karbonadar og kålstuing. For Line er mat også meistring, livsglede og omsorg servert på tallerkenen. Gjennom gode måltid, nye smakar og praktiske erfaringar får deltakarane med seg inspirasjon som kan gjere kvardagen litt enklare når dei kjem heim att.Vi får også høyre om familielivet i Valdres, der Line er mor til tre særs musikalske og kreative jenter. Det verkar som både skaparglede, rytmesans og fantasi går i arv.Det som kanskje skin aller sterkast gjennom i samtalen, er den ekte kjærleiken hennar til matfaget. Ho gleder seg stort når deltakarar ved BHSS tek med seg matglede, kunnskap og nye vanar heim. Samstundes er ho krystallklar på éin ting: Utan dei dyktige, positive og kreative kollegaene på kjøkkenet hadde det aldri vore mogleg å bruke mat som ein så viktig del av behandlinga og rehabiliteringa ved senteret.   Langs Vegen No. -Ein podkast frå nettavisa www.langsveien.no og Roy Myrland.

Episode metadata supplied by the publisher feed · Published May 30, 2026

Embed this episode

I denne episoden av podkasten "Langs Vegen No" blir det både latter, matprat og gode historier frå ei dame som verkeleg kan kunsten å lage skikkeleg god mat – helst med så mykje lokale råvarer som mogleg. På den andre sida av bordet sit nemleg Line Holar Onstad, jenta frå Ski som starta reisa si ved kokk- og stuertskulen i den gamle kvalfangarbyen Sandefjord, før vegen gjekk vidare ut i verda og til slutt enda i det mange meiner er den vakraste bygda i Valdres – Volbu. At redaktør Roy Myrland...

Distinct summary based on available episode metadata or transcript content.

NOW PLAYING

Line Holar Onstad. -Kjøkkensjef der mat er en del av rehabiliteringen.

0:00 29:16

No transcript for this episode yet

We transcribe on demand. Request one and we'll notify you when it's ready — usually under 10 minutes.

No similar episodes found.

No similar podcasts found.

Frequently Asked Questions

How long is this episode of Langs Vegen No.?

This episode is 29 minutes long.

When was this Langs Vegen No. episode published?

This episode was published on May 30, 2026.

Can I download this Langs Vegen No. episode?

Yes. Use the download control on the episode player to save the publisher-provided media file.
URL copied to clipboard!