EPISODE · Nov 4, 2025 · 46 MIN
Møte med Torodd Lybeck: -Et liv med folk, natur og historie.
from Langs Vegen No.
Torodd Lybeck er ein kjend skikkelse i Valdres – fødd og oppvaksen i Etnedal, og busett store delar av livet i Nord-Aurdal. Som lærar, frilansjournalist og kulturarbeidar har han følgt folk, natur og tradisjonar i dalføret tett gjennom heile livet. Han har skrive fleire bøker om Valdres, mellom anna «222 fossar i Valdres» og «Brøtningsdammane – kulturhistoriske monument i Drammensvassdraget», begge gjevne ut på Kvitvella Forlag – eit forlag eigd av Valdres Mållag.Friluftsliv har alltid vore ein viktig del av livet hans – både på sykkel, ski og til fots. Torodd har sprunge maraton, gått milevis i fjellet og let gjerne naturopplevingane inspirere arbeidet sitt som forfattar og formidlar. Han har òg i fleire år vore leiar for Vennelaget ved Valdres Folkemuseum, der engasjementet hans for lokal kultur og historie har kome tydeleg til uttrykk.Torodd er dessutan oppteken av målsaka og språkets plass i kulturen. Han meiner det er viktig å ta vare på dialektane, og synest det er trist at mange av dei er i ferd med å forsvinne.I denne podkastepisoden møter han redaktør Roy Myrland i studioet til Gjensidige Valdres på Fagernes. Samtalen handlar om livet i Valdres, om natur og menneske, og om kvifor engasjementet for språk, kultur og tradisjon framleis driv han vidare.Langs Vegen No. -Ein podkast frå nettavisa www.langsveien.no og Roy Myrland.
What this episode covers
Torodd Lybeck er ein kjend skikkelse i Valdres – fødd og oppvaksen i Etnedal, og busett store delar av livet i Nord-Aurdal. Som lærar, frilansjournalist og kulturarbeidar har han følgt folk, natur og tradisjonar i dalføret tett gjennom heile livet. Han har skrive fleire bøker om Valdres, mellom anna «222 fossar i Valdres» og «Brøtningsdammane – kulturhistoriske monument i Drammensvassdraget», begge gjevne ut på Kvitvella Forlag – eit forlag eigd av Valdres Mållag. Friluftsliv har alltid vore ...
NOW PLAYING
Møte med Torodd Lybeck: -Et liv med folk, natur og historie.
No transcript for this episode yet
Similar Episodes
May 3, 2026 ·119m
Apr 20, 2026 ·57m
Apr 13, 2026 ·59m
Apr 6, 2026 ·67m