Odd Gunnar Bjørung – Livet, maten og menneskemøta. episode artwork

EPISODE · Apr 11, 2025 · 42 MIN

Odd Gunnar Bjørung – Livet, maten og menneskemøta.

from Langs Vegen No. · host Nettavisa Langsvegen.no

 Hei og velkomen til den fyrste av to episodar med sjølvaste husverten og kokken for Trygve – og resten av "Team Pølsa" – på Beitostølen: Odd Gunnar Bjørung. Dette blir stas! Her får du høyre ein kar som har levd livet med både motbakkar og sol i andletet, i samtale med redaktør Roy Myrland i nettavisa www.Langsvegen.no. Bli gjerne abonnent på Langsvegen.no og bidra til fleire slike podkastar her.I denne samtalen får du bli med inn i ei livsreise som har romma både bratte bakkar og varme solglimt. Odd Gunnar er ein mann som har møtt menneske, laga mat med hjartet, og bygd bruer der det trengst – anten det er på kjøkkenet i byen, eller i "Diamanten", høgt til fjells.Dette er historie om levd liv, ekte møte, og det å finne seg sjøl.Odd Gunnar vart fødd i ei lita hytte på Nordstrand i Oslo, og voks opp i Groruddalen – eit område som har forma mange sterke personlegdomar. Gjennom livet har han opplevd store kontrastar: frå å få tillit og jobb hos sjølvaste Olav Thon, til å bruke tida si på å lære opp ungdom og vaksne med tøff bagasje som kokkelærar.Og veit du kva som er det vakraste? Han dømmer ikkje nokon. Odd Gunnar har ein sjeldan evne til å møte folk med opne armar og ekte nysgjerrigheit – og nettopp det har gjort han til ein brubyggjar mellom menneske.I tillegg til alt dette har han nyleg gitt ut si eiga kokebok og vore kokk for Team Pølsa på NRK! Maten har alltid vore ei hjartesak for han – ikkje berre som smak og oppleving, men som noko som samlar folk og gjev meining.Denne episoden tek deg med på ei rørande og ekte reise gjennom livet hans i Oslo – heilt fram til eit dramatisk vendepunkt torsdag 21. januar 2021. Dette er ei historie om styrke, livsglede og det å finne seg sjølv i møte med andre.Neste episode tek vi fatt på kva som skjedde etter denne skjellsettande dagen – gled deg!Du kan bestille kokeboka til Odd Gunnar Bjørung, «Varig ned i vekt – slik gikk jeg ned 60 kilo uten å slanke meg» , frå fleire nettstader: «Varig ned i vekt – slik gikk jeg ned 60 kilo uten å slanke meg» kan kjøpe her: https://www.ark.no/produkt/boker/hobbyboker-og-fritid/varig-ned-i-vekt-9788281633254 Intervju og produsent av podkasten; Roy Myrland, redaktør i nettavisa www.Langsvegen.no. Søkeord:      Odd Gunnar Bjørung, Groruddalen, kokk, livshistorie, mat, menneskemøte, inspirasjon, Oslo, Olav Thon, Team Pølsa, NRK, kokebok, Roy Myrland, Langsvegen.no, brubyggjar, podkast, livsglede, lærar, ungdomsarbeid, ekte historierLangs Vegen No. -Ein podkast frå nettavisa www.langsveien.no og Roy Myrland.

Episode metadata supplied by the publisher feed · Published Apr 11, 2025

Embed this episode

Hei og velkomen til den fyrste av to episodar med sjølvaste husverten og kokken for Trygve – og resten av "Team Pølsa" – på Beitostølen: Odd Gunnar Bjørung. Dette blir stas! Her får du høyre ein kar som har levd livet med både motbakkar og sol i andletet, i samtale med redaktør Roy Myrland i nettavisa www.Langsvegen.no. Bli gjerne abonnent på Langsvegen.no og bidra til fleire slike podkastar her. I denne samtalen får du bli med inn i ei livsreise som har romma både bratte bakkar o...

Distinct summary based on available episode metadata or transcript content.

NOW PLAYING

Odd Gunnar Bjørung – Livet, maten og menneskemøta.

0:00 42:59

No transcript for this episode yet

We transcribe on demand. Request one and we'll notify you when it's ready — usually under 10 minutes.

No similar episodes found.

No similar podcasts found.

Frequently Asked Questions

How long is this episode of Langs Vegen No.?

This episode is 42 minutes long.

When was this Langs Vegen No. episode published?

This episode was published on April 11, 2025.

Can I download this Langs Vegen No. episode?

Yes. Use the download control on the episode player to save the publisher-provided media file.
URL copied to clipboard!