På scenen med Salman Rushdie den dagen episode artwork

EPISODE · Oct 14, 2022 · 33 MIN

På scenen med Salman Rushdie den dagen

from Bok og bibliotek – to av dei beste tinga i heile verda

Gjesten i denne episoden heiter Henry Reese og er ein av grunnleggarane av City of Asylum i Pittsburgh, USA. Opptaket var opphavleg gjort som underlag for det skriftlege intervjuet med Henry Reese, som står på trykk i utgåve 3/2022. Då attentatet mot Salman Rushdie skjedde den 12. august i år, sat Henry Reese rett ovanfor han på scenen til The Chautauqua Institution, klar for å starta ein alminneleg forfattarsamtale. At det var akkurat Reese som skulle intervjua Rushdie, heng saman med at han er involvert i det internasjonale Friby-nettverket ICORN, som mange norske bibliotek og er med i, og som har hovudkontor på Sølvberget i Stavanger. Salman Rushdie sto i front då forløparen til ICORN blei danna i 1993. Ideen var enkel: å bygga eit nettverk av byar som kunne gje ly til forfattarar som blei forfølgde. Det var dette Reese og Rushdie skulle til å snakka om då Hadi Matar storma opp frå publikum og begynte å stikka Rushdie med kniv. For Henry Reese blei denne brutale opplevinga ei påminning om kva det vil seia å vera ein lesar, og om det umåteleg viktige oppdraget til biblioteket og alle som jobbar der. Samtalen med Henry Reese blei teken opp den 14. september i år, over Skype frå Pittsburgh til Skien. Intervjuar er Arne Olav Hageberg. Du finn meir informasjon om Bok & bibliotek på bladet si nettside. Der kan du lesa nettsaker, abonnera, lesa tidlegare utgåver digitalt og senda inn stoff. Ta kontakt på [email protected] med ris og ros, eller om det er noko du vil lufta eller diskutera. Om du ikkje vil gå glipp av ein einaste episode, er det lurt å abonnera på podkasten vår. Og så er vi avhengige av god omtale og mange stjerner, tomlar og delingar for å bli lagt merke til. Så om du fann dette meiningsfullt og viktig, eller gøy, så veit du kva du må gjera. Takk!

Episode metadata supplied by the publisher feed · Published Oct 14, 2022

Embed this episode

NOW PLAYING

På scenen med Salman Rushdie den dagen

0:00 33:48

No transcript for this episode yet

We transcribe on demand. Request one and we'll notify you when it's ready — usually under 10 minutes.

No similar episodes found.

No similar podcasts found.

Frequently Asked Questions

How long is this episode of Bok og bibliotek – to av dei beste tinga i heile verda?

This episode is 33 minutes long.

When was this Bok og bibliotek – to av dei beste tinga i heile verda episode published?

This episode was published on October 14, 2022.

Can I download this Bok og bibliotek – to av dei beste tinga i heile verda episode?

Yes. Use the download control on the episode player to save the publisher-provided media file.
URL copied to clipboard!