EPISODE · Apr 23, 2026 · 10 MIN
Rapport frå Kara-kveld på Vigra
from Radio Sunnmøre · host radiosunnmore
Tysdag 21. april var det karakveld på Vigra med Einar Helgaas i Mannspodden. Ein av dei som var tilstades var Edd Bjørke frå Ellingsøya. Han har fulgt med Mannspodden sidan starten og fekk lyst å dra på arrangementet etter å ha fått ein invitasjon. - Brorskap og vennskap er noko eg set høgt, seier Bjørke. -Einar var flink til å utfordre oss på handling. Ofte seier vi at det er kjekt å ta ein kaffi og vi skulle ha møtast, men så blir det ikkje meir av det. Det vi kan ta med oss vidare frå kvelden er å handle og ikkje berre tenke. Kvelden innehaldt i tillegg til foredrag frå Helgaas i Mannspodden både kjøpekake, pølse med brød og papptallerkenar. Det var også ein konkurranse denne kvelden, som gjekk på å ta flest armhevingar. Denne tok Edd Bjørke på strak arm, og vann heile konkurransen med 70 stykker på eit minutt. Høyr heile intervjuet med Edd Bjørke.
Embed this episode
Ready to play
Rapport frå Kara-kveld på Vigra
No transcript for this episode yet
Similar Episodes
No similar episodes found.
Similar Podcasts
No similar podcasts found.