PODCAST · religion
Bibelpoden
by Jens Thoresen
Her finn du bibelrefleksjonar, talar og betraktningar.
-
360
Romarbrevet 9,1-5. Bibelskulen
Romarbrevet 9,1-5 er prolog til kapittel 9-11 i dette brevet som omhandlar Israel sin posisjon i Guds frelsesplan.
-
359
Romarbrevet 8,31-39
Ingenting kan skilja oss frå Guds kjærleik i Jesus Kristus, vår Herre
-
358
Romarbrevet 8,24-27
Denne leksjonen handlar om at Den heilage ande ber i oss og for oss. Han kjem oss alltid til hjelp når me kjem i ein skrøpeleg åndeleg tilstand, og det skjer rett som det er. Men han er eit trufast ven som meir enn gjerne fyller alle hol som oppstår i våre bøneliv.
-
357
Bibelskule. Rom.8,18-23
Dette avsnittet er fullt av håp. Ein dag skal me bli reinsa frå all indre vondskap, bli overkledd med uforgjengelegdom og heile naturen skal gjenfødast. Døden skal destruerast, og fred skal råda i heile skaparverket.
-
356
Han gjev den trøytte kraft
Gud er ei oppkome av kraft som han gjerne deler med sine barn. Men ikkje sånn ut frå det blå. Han har gjeve oss nokre kjelder å ausa av, og i denne talen fokuserer eg på Guds ord og Jesu namn.
-
355
Romarbrevet 8,12-17
Når me lever i Guds nåde og kjærleik, får me kraft frå Den heilage ande til å seia nei til synd og freistingar, og til å leva heilage liv.
-
354
Tale 9.august 2026. Jesaja 12
Jesaja 12 er ein takkesong. Jesaja ser at Israel ein dag skal takka Gud for hans frelse, og forplikta seg på å forkynna denne for heile jorda.
-
353
Romarbrevet 8,10-11
Den heilage ande bur i alle kristne, og hans nærvær i oss konstituerer oss som kristne. Det får oss til å orientera oss mot Gud og hans interesser kvar einaste dag, ja, me blir heilt oppslukte av dette.
-
352
Romarbrevet 8,5-9
Kristne og ikkje-kristne har totalt ulike hovudinteresser. Kristne elskar Jesus og omgangen med han, noko som er heilt fjernt for ein som ikkje har hans ånd.
-
351
Romarbrevet 8,1-4
Alle som er i Kristus er utanfor rekkevidden av Guds dom. Tvert om vert dei overauste av godleik og velsigning frå himmelen.
-
350
Tale 14. juni. Salme 37,3-6
Å vera kristen er å tru på Jesus og gjera godt mot andre. Å tru er å overgje heile livet til Jesus. Då kjem den kristne gleda inn i hjarta, og blir der som ei grunnstemning.
-
349
Tale 31. mai. Rom. 12,9-11
Ekte kjærleik er når du hjelper folk utan å forventa noko tilbake. Denne kjærleiken får me hos Jesus. Han er vår varmekjelde, og held oss brennande i ånda.
-
348
Pinse og misjon. Tale av pastor Jens Thoresen
Pinse og påske heng saman. Likeeins pinsedag og misjonsbefalinga som vart gjeven Kristi himmelfarts dag. Alt handlar om å bringa bodskapen om Guds frelse i Jesus Kristus ut til alle folkeslag.
-
347
Bekjennaren Tomas
Tomas er blitt kalla tvilaren. Men få har tvilt så kort tid som Tomas, berre ei veke. Det er uvanleg kort tid. Etter eit møte med Jesus, var han fast i trua og reiste til India og grunnla Guds kyrkje i det som i dag er verdas mest folkerike land.
-
346
17.mai 2026. Pastor Jens Thoresen
Å ha eit statsborgarskap i Noreg er ein stor rikdom som mange av oss ikkje tenkjer over til dagleg at me har. Men flyktningar utan opphaldsløyve veit alt om kor stor denne verdien er. I våre dagar er det krefter som vil frårøva det jødiske folket alle borgarrettar i Israel, og antisemittismen aukar i Europa. Men frelseshistorisk er jødane Guds nøkkelfolk, og me tilber alle kongen over jødane. Men Gud er ikkje berre deira Gud, men alles Gud, difor døydde han for alle, og han vil ikkje koma att på Oljeberget før evangeliet er forkynt som eit vitnemål for alle folkeslag.
-
345
Tale 10.mai. Pastor Jens Thoresen.
Denne talen handlar om at Gud fullfører dei prosjekta han startar på, og han gjer alt skikkeleg.
-
344
Romarbrevet 7,12-25
I eit kristent menneske rasar det ein konflikt mellom det Gud i oss vil sjå verkeleggjort, og dei interessene som vårt gamle menneske hevdar. Denne konflikten varer til me er heime hos Gud.
-
343
Romarbrevet 7,7-11
Guds lov i Bibelen er definerande for kva som er rett og galt her i verda, og kan difor ikkje dømast av nokon
-
342
Shervin Ebrahimian: Åndens frukt
Hva Bibelen lærer om Åndens frukt ut fra Galaterne 5,22
-
341
Shervin Ebrahimian: Guds herlighet
Hva Bibelen lærer om Guds herlighet
-
340
Shervin Ebrahimian. Åndens tjeneste
Hva Paulus underviser om Åndens tjeneste i 2. Korinterbrev
-
339
Romarbrevet 7,1-6
Lova eig ikkje lenger ein som er kristen. Jesus har kjøpt oss fri frå lova ved å oppfylla henne til punkt og prikke på våre vegne, og no tilhøyrer me han.
-
338
Romarbrevet 6,15-23
Den som er slave under synda, opplever slaveriet som fridom, ein er fri frå Gud og alle hans fordringar, og han er så bunden til Herren sin, synda, at han elskar henne, og han syndar på automaten fordi det samsvarar med hans natur å gjera det, slik som det er hunden sin natur å bjeffa. På same måte den som er slave under rettferda. Det opplevest ikkje som tvang. Ein gjer det som er rett fordi det samsvarar med den kristne sin nye, rettferdige natur, hans nye åndelege DNA. Han elskar Gud og sin neste fordi det samsvarar med hans nye åndelege DNA å gjera det, Det går på autopilot.
-
337
Romarbrevet 6,12-14
Alle kristne må leva i samsvar med Jesus sine verdiar og bod om me skal ha nokon betydning her i den nærverande verda.
-
336
Jesu dåp, og din
Denne talen fører deg inn i Johannes døyparen sitt liv, forkynning og gjerning, samt det faktum at Jesus vart døypt med syndaren sin dåp, for at vår dåp skal kunna reinsa oss frå synd livet i gjennom.
-
335
Tale 30.november 2025. Gud er trufast
Det kan godt henda at Gud har god tid, men han oppfyller alltid det han har lova oss som trur.
-
334
Romarbrevet 6,5-11
Gud har ikkje teke synda ut av oss, men oss ut av synda vår. Den blir oss ikkje lenger tilrekna. Snarare frårekna. Dette set oss fri får vår plikt til å tilfredsstilla Gud, slik at me kan konsentrera oss om å leva rettferdig for å æra han og tena vår neste.
-
333
Tale 23.november 2025. Rom.12,1-8
Guds gode planar med liva våre blir realisert når me overgjev oss til han, og stiller oss til hans disposisjon.
-
332
Bøn for verda 19-november 2025
I dag ber me for den iranske kvinna Aida Najaflou som onar ein lang dom for å ha vitna om Jesus og kristisert styresmaktene i landet. No har ho falle og brote ryggen, men blir nekta medisinsk kjelp. Vidare ber med for Thailand og Tanzania, muslimar i Thailand (det er 1,3 million av dei), og Shirakifolket på Zansibar.
-
331
Romarbrevet 6,1-4
Den kristne dåp er ein dåp inn i livssamfunnet med Jesus
-
330
Romarbrevet 5,16-27. Bibelskulen
Denne episoden kan me kalla "den store attreisinga". Det Adam reiv ned, bygde Jesus opp att. All ære til han.
-
329
Romarbrevet 5,12-15
Adam representerte som konge alle menneske, og han drog alle med seg i fallet sitt.Jesus, den andre Adam, representerer som konge også alle menneske, og drog alle med seg i si rettferd. Men ingen vert tvinga over får Adam til Kristus. Det valet må kvar enkelt av oss ta.
-
328
Romarbrevet 5,6-11
Gud synte kor høgt han elskar oss ved å lat Jesus døy for oss medan med enno var ganske arrogante og uforskamma syndarar. Ingen andre kunne elska slike som oss.
-
327
1.Tessalonikerbrev 5,2-5a
Her skriv Paulus om ei levande og tru og eit levande håp.
-
326
Romarbrevet 5,1-5
Fred med Gud er ein objektiv, rettsleg tilstand. Guds fred er ei subjektiv kjensle. Skal me forstå alt det Bibelen snakkar om fred, er det viktig å forstå ulikskapen mellom indre og ytre fred.
-
325
Romarbrevet 4,18-25
Vantru og tvil er to heilt ulike ting. Den som er vantru vil ikkje tru. Han yt Gud og evangeliet aktiv motstand. Den som tvilar ønskjer å tru, og søkjer med iver Jesus for å bli sikker i si tru på han. Den første er fortapt. Den siste er frelst.
-
324
Romarbrevet 4,13-17
For 4000 år sidan fekk vår far Abraham ein global visjon om at alle slekter på jorda skulle velsignast gjennom han og hans etterkomarar. Og det har skjedd. Som kristne er me eit resultat av dette løftet.
-
323
Romarbrevet 4,6-12
Omskjeringa på kroppen gjorde og gjer ikkje jødar kristne. Skal dei vera Guds barn må dei tru på Jesus, og då blir dei forvandla på innsida av Gud, det som Jeremia kallar for omskjering av hjarta. Det er same frelsesveg for jødar og ikkje-jødar. Likevel har jødane ein særposisjon på jorda som me heidningekristne ikkje har. Det har me snakka om tidlegare, og me vil koma attende til det også seinare.
-
322
Romarbrevet 4,1-5
Kapittel 4 i Romarbrevet handlar om trua sine enorme fordeler. Å tru er ganske enkelt å ta imot Guds gode gåver med takk og glede. Dette er ikkje gåver me får fordi med har oppført oss fint, eller fordi me har ytt god innsats for Gud. Det er gåver Gud gjev oss fordi me desperat treng dei, eller vil framtida vår vera uendeleg mørk.
-
321
Tale 17.august 2025. Salme 16
Gud passar på sine barn. Han ser til at trua vår ikkje tek skade. Men han fordrar også av oss av me tek vare på oss sjølve og brukar dei midla han har gjeve oss for at trua vår skal bli verande sunn og frisk.
-
320
Romarbrevet 3,27-31
Når me vel å bli frelst ved å tru på Jesus og ikkje ved lovgjerningar, kjem me til sjuand og sist til å stadfesta at lova er sann, god og verd å følgja.
-
319
Romarbrevet 3,21-26
Vers 21 markerer eit vendepunkt i Romarbrevet. Frå no av og ut kapittel 8 er det Guds rettferd ved trua på Jesus det handlar om, det som me kallar sjølve evangeliet. Her blir alt ein truande har gjort, og strekt seg etter, av det som gale er, annulert, og syndaren får skjula all si skam i Kristi rettferd. Det ei gåve frå Gud utan sidestykke.
-
318
Romarbrevet 3,9-20
Menneska kan oppføra seg fint og vera veldig sympatiske. Men under overflata ulmar vonde krefter. Difor vert ingen rettferdige for Gud ved gjera det lova krev på ytre plan, for skal me vera rettferdige for Gud, må me vera heilt utan latent vondskap. Det er ingen.
-
317
Romarbrevet 3,1-8
Jødane har fått mange fordeler hos Gud. Men med dei mange fordelene følgjer det eit stort ansvar. Det har dei ikkje alltid forvalta på den beste måten, men godt nok til at alle me heidningar kan gleda oss over Guds frelse i Jesus Kristus, og over å få vera Guds barn av nåde.
-
316
Romarbrevet 2,25-29
Jøde i jordisk forstand og åndeleg forstand er to ulike ting. Jødefolket har fått retten til Israels land hos Gud. Dei som har teke imot Jesus som frelsar og Herre, er blitt jødar i åndeleg forstand og har fått retten til Guds evige rike.
-
315
Romarbrevet 2,17-24
Jødane blir ikkje frelst i kraft av å vera det folket som fekk Guds lov. Skal dei bli frelst ved lova, må dei halda henne til punkt og prikke. Jødane tenkte nok at dei var privilegerte som var blitt utvald av Gud som det folket han skulle openberra seg for verda gjennom, og det var dei på sett og vis, men det dei ikkje alltid tenkte på var at Gud stilte høgare krav til dei enn til nokon andre. Difor har deira historie vorten veldig krunglete.
-
314
Romarbrevet 2,12-16
Ingen kan bli frelst ved å følgja åndelege og etiske lovar og reglar. Lovene og reglane kan ikkje forandra eit menneske på innsida. Det kan berre evangeliet om Jesus Kristus
-
313
Romarbrevet 2,7-11
Å vera menneske er å vera ansvarleg for sine handlingar innfor Gud, og ein dag kjem oppgjeret. Då skal alle som har vore gode og søkt herlegdom, ære og udøyelegdom få evig liv, medan naud og angst vil råka dei som har villa klara seg utan Gud, og som har levd for å tilfredsstilla sine eigne behov, ofte på bekostning av sanning og rett.
-
312
Romarbrevet 2,1-6
Alle menneske skal ein dag dømast, og få betalt av Gud etter sine gjerningar. Må me alle leva slik at me blir frikjende denne dagen, og ikkje må lida straff.
-
311
Romarbrevet 1,28-32
I dette avsnittet skildrar Paulus menneske slik det er utan Gud, og kor ille det kan gå med oss moralsk om me blir overlatne til oss sjølve.
We're indexing this podcast's transcripts for the first time — this can take a minute or two. We'll show results as soon as they're ready.
No matches for "" in this podcast's transcripts.
No topics indexed yet for this podcast.
Loading reviews...
ABOUT THIS SHOW
Her finn du bibelrefleksjonar, talar og betraktningar.
HOSTED BY
Jens Thoresen
CATEGORIES
Loading similar podcasts...